tirsdag 14. mai 2019

Utvida Bandtvang i Sula Kommune..!!

Er faktisk ingen problem med fem lause lydhøre hundar når du har grei oversikt...! 

Jadda, her har eg nok søve i timen å burde kome med eit innspel til høringa - men då eg høte om det for nokre veke sidan så trudde eg at eg hadde meir tid på meg.
Men, i morgon skal dette røystast over i kommunestyret å eg håpe og tur at vi har rett folk på plass.(?)

Eg skjøna godt at dei som driv med bufe vil verne dyra sine og det vil vi som driv med hund også...Riktignok så kan vi ikkje som bonden leve av dette å det blir heldigvis heller ikkje matauke om vi ser vekk frå det den kan bidra med under jakt eller arbeidsplassar. Men, hund er eit nyttedyr som vi er sterkt avhengig av innan politiet, tollvesenet, dei som driv med redningshund, blindehund, hjelpehund, teapihund, ettersøk etter skada vilt, og elles alle mulige forme for søk å ikkje minst hjelpe det å bygge både fysisk og psykisk helse for alle oss vanlege folk!!

Hundelova er satt for å ivareta vilt, bufe, folk og faktisk hunden så den skulle vere god nok for oss her i Sula også.
Eg vil minne de alle som skal stemme i Sula i morgon at bandtvang er for å sikre bufe og ikkje minst dei ville dyra våre i den mest sårbare perioda i løpet av året...
Eg har sjølv fått ein hund "øydelagt" av andre hundar, men desse var ikkje laus, men folk som beklageligvis ikkje hadde kontroll og respekterte andre hundeeigera...

Vi hundeiegera blir alle slådd over ein kam heile tida...dei få som ikkje plukka opp etter seg får vi svi for og elles alle som ikkje oppføre seg i tråd med det meste av folk ser på som "normalt". Så skal vi no også få stramma inn tvangen av å ha hundane fri...å då må eg spørre kven dette råka!???
Jo det er dei som følge reglane og pøva så godt det let seg gjere å vise omsyn til andre turgåera med eller utan hund. 
For dei som ikkje er ansvarlege hundeeigera vil ikkje bry seg med den nye lova, men det vil mest trulig dei fleste andre.

Elles må eg sei det er så uendelig trist at de skal legge beslag på Leirvågfjellet!! Eg går der stort sett kvar dag gjennom heile året så lenge eg er "oppegåande" - eg har på rundt 500 tura som eg kan rekne mellom dei to episodane eg hadde der ein ung hund gjekk bort å hilste på ei dame som bur her på indre då ho kom ned "Petterløypa". Å ei episode no i vinter då det var eit forferdelig regnver å eg ikkje var heilt obs under hetta då ein hund gjekk bort til han vi møtte...! Beklaga meg sjølvsagt men fikk til sva at sjølvsagt skal dei få lov å gå fritt!! 
 

Her i denne saka må de tenke på alle som har hund for både behov og glede!!
Om alle har lykkelege lydige hundar og vi tobeinte er veloppdragne så kan vi alle få nyte naturen saman...!


Om vi skal fortsette å kunne ta nytte av hunden og alle dei gode sidene med den så må vi få lov å halde hund på ein god måte..!

Eg kjenne det bruse innvendig av at vi faktisk tenke tanken på å måtte legge ned forbod...vi kunne heller nytta informasjonskanalar betre om å vise korleis vi ønska naturen nytta med og utan hund til glede for oss alle!!
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...