fredag 9. august 2019

Anja gjer ting ho...

...meina kan bli dritbra..!! 
Eg har igjen vore ute på ein liten biltur med nokre daga på hytta vår i Laupet, og i tillegg eit par overnattinga på vegen fram og tilbake på Sundebu.
"Keesha" ved Ørnesvingen i Geiranger på veg nedover...
Alltid kjekt å kunne kjøre andre vegar enn den vanlege over Bjorli...! 


Med denne turen var det ikkje berre fine dagar på hytta, men med nøye planlagt og ønske om ein ny veffal for meg spennande kombinasjon som eg håpa og trur kan bli veldig bra
Vi har ein rase vi skal ta vare på og då er det viktig å nytte fleire individ og linje i avl. Det er heilt klart til det beste for rasen og det er sjølvsagt godt for framtida til hundane, og mitt eige oppdrett...

Ein må berre våge å gå litt andre vegar enn akkurat der straumen går, ja det er forfriskende å kunne gå i motstraum innimellom.
Eg har vel fleire ganga sagt at ein ikkje bør avle titlar og gjere same kombinasjonar som «alle» andre. 
Vi som forvalta denne fantastiske rasen må våge å følge hjartet å gjere ting som bevara rasen som ein sunn rase også for framtida...

Ja kven vil vel ikkje kun bruke dei flashy og digge hundane som flyge rundt i ringen...??
Eg vil også det og ser for meg ein og to kombinasjonar fram i tid.
Men, om alle skal kun bruke dei som er på toppen då blir det lite igjen å bruke i seinare tid. Med det vil eg med glede vise stamtavla til den kombinasjonen eg håpa det kan kome valpa utav i begynnelsen av oktober 2019!!

Kjekt å kunne vise til ei slik stamtavle med ei herlig blanding gode skandinaviske, egelske og amerikanske hundar..!
Det her har eg både trua på og gleda meg veldig mykje til. Blir fint å sjå kva resultatet kan bli etter denne kombinasjonen.
Som type er dei litt ulike men dei utfylle kvarandre likevel på ein utrulig fin måte!!
Han er litt meir den gamle korte typen med god konstruksjon og pels, godt lynne, avbalansert og med ein god nase har han gode kvalitetar. Samtidig som ho kjem inn med sine kvalitetar både arbeidsmessig og ikkje minst eksteriørt som fullføre elegansen...
"Noah" er både ein fin og ikkje minst herlig fyr å stifte bekjentskap til...!!
Mamma hjalp meg å stille opp Keesha slik eg kunne få tatt nytt bilde av ho som kanskje kan rettferdigjere ho litt meir enn tidligare bilde. Ja, ho er sannelig ikkje ein enkel hund å få eit godt bilde av!
Keesha etter at ho tok Cert i 2017..!
Ho har fleire res. cert og ck`ar etter dette som vise at ho er ein god hund.

Nokon vil nok sei at eg er gal som går å bruka ein hannhund som ikkje har satt sine bein i ein utstillingsring..!!? Men, eg veit eg har ein dose galskap i meg så det går heilt fint, men samtidig er det kanskje den galskapen som gjer at eg våga å gå den vegen..(?)
Så lenge ein bruka dei rette hundane ilag der dei kan komplimentere kvarandre er det absolutt det viktigaste. 
No kjenne eg godt til fleire av hundane som ligge bak hannhunden, og dei eg ikkje kjenner til så gjer oppdretter av hannhunden det.
Bak ligg det hundar som har levd lenge med god helse, der er gode resultat frå utstillingsringen som utstillingschampionar, men ikkje minst ligge det veldig dyktige arbeidshundar der som er verdt å ta med seg vidare!!

Bogart var den aller første hannhunden eg brukte, og det kullet som vart fødd for 19 år sidan minnast eg godt!! Det var også eit kull eg var veldig godt fornøgd med den gang, og når eg ser tilbake på gode hundar eksteriørt og mentalt, saman med god helse og ikkje minst dyktige apportørar så er det med stor glede eg no skal linjeavle den hunden som gjorde godt inntrykk på meg...

Fredag for ei veke sidan møtte eg Kristine og Noah på Gjøvik for augelysing av hundane. Då begge var fri og han fikk testikkelattest kunne vi la dei få hilse på kvarandre, og det resulterte i eit ganske så rask og langt heng. Ny parring søndagen på prestegården som tok i overkant lang tid syntes Noah så då berre la han seg ned og så fikk eg dytta Keesha over ende... :))

Slettes ikkje dumt å ta med ei parring tilknytt prestegården... ;)
På veg mot Vågå igjen stoppa eg ved Heidal Kyrkje for å sjå litt nærare på det vakre bygget...Godt vi tek vare på slike bygg!!
Så då håpe eg parringa er velsigna å at det kjem noko godt utav den. Samtidig som at eg i mitt arbeid for å ivareta rasen kan få tilgivelse for at han ikkje har sine premieringar frå ringen ;)

Om du synes dette er ein spennande kombinasjon og du kanskje kunne tenke deg ein valp må du gjerne ta kontakt med meg!!
Ta vare på fredagen din!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...