fredag 2. november 2012

Grur meg...



Jepp…eg grur meg litt til i morga fredag 2. november – då er det ny kontroll på sjukehuset med røntgen og inn til legen/ortoped, er spent på kva han vil sei til meg no...Er det nye 3 månader med venting på å håpe på litt bedring!??
Eg vil så gjerne ha svar - skjønna at det kan vere vanskelig, men det hadde vært så steike bra med eit svar eller to akkurat no!!...
Eg undrast - Er eg verkelege eit mission impossible!?.

Ja, reklamere har eg også gjort…men der var det jaggu ingenting å hente, va`kkje snakk om nåkke garanti der i garden nei!! Eller?? Eg har ein fantastisk familie rundt meg og har ei mor som jobbar i butikken, kan hjelpe med barn og husarbeid når det knipe på…og ein pappa som er der på sin måte, Timmen gleda seg kvar gang han skal inn om dei kanskje skal snikkre eller kva dei skal finne på, så – Takk for eit supert bord i går ;)))

Anja`s skatter er fakstisk mange – om ryggen min er ein skatt kan eg nok ikkje sei, men man er så forbaska avhengig av den så på min rare måte får eg kanskje kalle det ein skatt det også, kanskje blir det skattejakt snart!!...Ein ny ein hadde gjort seg då dei har problem med å få skikkelege delar til den, først prøvde dei Ebay, sist kanskje Finn.no men ser ut til at det var like håplaust resultat der og…


Bloggtørke har det og vært!! …men skal tru om den er over no!?? Etter at eg har vore i godt sig ei stund håpa eg det ikkje er over!! No har eg problem med å få lasta opp nye bilder då eg må kjøpe meir lagringsplass og det har eg ikkje orka å sett meg inn i enda, så er det nåkken som har eit godt råd så tek eg gjerne imot det!! ;)) 
Prøvde no å laste inn disse bilda i dette innlegget og det gjekk plutselig bra.

Eg har i fleire år hatt «ryggvondt» innimellom dårlege periodar og til tider ikkje så gale plaga berre «vanleg låkt i ryggen»…
Etter 1 vekes sjukehold opphald i september/oktober 2009 der eg ikkje kunne gå på grunn av ein liten prolaps har eg blitt stadig verre.
I eit år gjekk eg på rygg/pol. på sjukehuset med trening tre gongar i veka. Dette var trening basert på å styrke dei indre musklane langs ryggsøyla som man til dagleg ikkje trenar, i tillegg til all den andre fysiske aktiviteten eg har (hundar, trening etc.) trudde eg at eg skulle få bukt med ryggen og få den tilbake til «normalen». Men slik skulle det ikkje gå og i januar 2011 blei det operasjon der eg blei «lovd» ein god rygg og endelig tilbake i godt gjenge ;)
Men…………., slik skulle det sjølvsagt ikkje gå!! Det virka bra med det same, men etter nåkken daga heime begynte eg å få problem med høgrefoten, her fikk eg nervesmerter som gjor at eg ikkje klarte å stå stille med foten ei heller sitte. Det blei inn og ut av sjukehuset i lange tider med medisinering og lovnad om at det raskt skulle gå over, slike smerter varer ikkje meir enn normalt 3-5 dagar…Her blei det 3-5 månader og dei begynte å avta ut i mai.
«Gløymer ikkje ein gong der stod ei seng i gangen medan eg venta på legen, måtte berre hive meg oppi den for smertene blei for heftige!!».
Etterkvart gjekk det so langt at huda i foten blei overfølsam – når vann dråpane frå dusjen traff hud overflata på foten var det som å få elektrisk støyt. Når eg begynte å trappe ned bruken av smertestillande som ikkje hjalp meg begynte eg uheldigvis  for alvor å kjenne kor dårleg ryggen var…

Etter god oppfølging blei det etter kvart beslutta å forsøke ein ny operasjon då dei såg at det ikkje var danna nytt «bein» i avstivinga…Det var satt inn «krystallar» som skulle gro og stive av. Dei har på underleg vis forsvunne frå ryggen min - kvar dei har tatt vegen må andre enn eg og legane svare på (kanskje skal eg sette inn annonse; "Krystallar på avveie!") Altså ingen groing/tilheling og det hadde sjølvsagt ingen erfaring med slikt då produsenten heller ikkje hadde erfart dette tidligare…

Håpet var at det ikkje skulle skje «komplikasjonar» slik som operasjon 1!!

Operasjon 1 gjekk dei gjennom magen men no skulle dei operere gjennom ryggen og for å ikkje få «kunstig» bein tok dei mitt eige bein av hofta for å sette inn i ryggen…
No har det gått rett i overkant av 6 månader etter operasjon 2 og det har ikkje vært så veldig oppløftande månader. Store smerter som eg må leve med, det er tungt både for meg men sjølvsagt også for resten av familien!!
Etter at eg i løpet av juli fekk "nervesmerter" i hovudet som gav overfølsame kinnbein måtte eg til med ny medisin…Heldigvis kom det raskt under kontroll :))

Eg har ingen gips som viser ei broten arm eller fot - derfor tok eg eit bilete av korleis eg ser ut inni ryggen sist eg var på sjukehuset…
Når eg såg på bilda på sjukehuset kom det sjølvsagt litt ymse frå meg...«Litt av eit kunstverk da!» - «Ja eit verk er det, men dei fleste ville vel kanskje kalle det eit byggverk» sei legen – «Ja, eller for mitt vedkommande eit MAKKVERK!»
Eg er liksom ikkje så fin verken foran eller bak………….så kanskje betre i profil!???

Eg har vel ingen forklarelseplikt over alle som lurer på korsen det går med meg, dei fleste vil berre vise omtanke og eg bestemme sjølv om eg vil svare eller ei, litt kjipt å sei det går forjækli kvar dag, så svara som regel «jo takk, berre bra» det dei sjølvsagt ikkje veit er at det er på min sære rare måte det er bra. Akkurat passe til å stå på beina atter ein dag og foreløpig nåkke lunde oppegåande i haude – JA veffal etter meg sjølv å dømme!! Resten får ta meg så eg er ;))
Det som er verst er dei som eg kan sitte å prate med, folk som kanskje står meg nærare og eg har ein følelse av at dei ikkje trur meg, eller har forståelse for at eg kan ha så store smerter sjølv medisinering, og forståelse for at eg ikkje lenger har det overskuddet eg ein gong hadde.
Det er til tider svært tungt og sårende å svelle det at ein blir behandla så forskjellig no enn kva eg gjor før eg blei så redusert.
I tillegg til ein fantastisk familie må eg takke for støtte frå gode venner – det er i slike tider ein ser kor godt det er å ha slike venner 
 

Her er ryggen før stinga blei fjerna...Magen er fortsatt ikkje "grei nok" til å visast...men "den fremre rumpa" (som det ser ut som) blir nok bedre etterkvart...

Eg skulle så gjerne kunne gått ein dag, berre ein dag utan smerter!! Kunne legge meg i senga og kunne slappe av i muskulaturen utan å kjenne intense smerter. Her ein kveld la Tom handa si på hofta mi akkurat i det eg skulle slappe litt meir av i ryggen…………..for å sei det slik trur ikkje han gjer det igjen med det første ;)) Han kjipte seg av hylet mitt og meinte han var forsiktig og det var han jo, men korsen kunne han sjå at ikkje heile ryggen var skikkelig spent…Så måtte vi le litt – godt å kunne sjå litt humoren i det.
Mamma sei ofte til meg at: «Anja – humøret ditt er ofte din verste fiende!» Kanskje har ho rett i det…for det er ikkje så lett for folk og helsepersonell å sjå kor jævlig ditte faktisk er...Heldigvis har eg oppfølging av folk som kjenner meg ;))

Men, så kjem eg til det at vi har kun eit liv – eg vil bruke det, prøve å gjer det aller beste for meg, barna våre og familien min…eg vil at vi skal ha det så bra som overhode mulig  

No håpa eg berre at eg ikkje har plaga nåkken med for masse negativ lesing!!
Skal love (håper eg klare å halde det) at det ikkje kjem så masse negativt frå meg fleire gongar ;))

Eg har min dag i handa og skal gjere mitt beste for å forvalte den så godt eg kan! Dei skikkelige dårlige dagane skal ikkje ta kontroll på mitt liv…dei SKAL eg fortsette å flire vekk!!

Ønska dåkke ei god natt, ein fin fredag og riktig GOD HELG!!    
Klem –Anja-



5 kommentarer:

  1. Offa Anja...får aldeles låkt av deg og dinna ryggen din,og kjenne selvfølgelig igjen mykje av det du skrive!!!Skulle virkelig ønske du kunne i det minste ha gode daga innimellom,sånn at du fikk litt "fri" !!!! Sjøl liggen ej no våken midt på natta sånn ej bruka å gjer...herregud kor kjedelig!Du e vel borti d du også!!!Ej synes humøret ditt må være din beste venn for hadde du ikkje hatt det trur ej ting hadde vært myyyykje verre!!!Lykke til med legen seinere...skal sjøl bort og trene igjen i morra...men kanskje e det det dummaste ej gjer for ej blir berre låkere av det og det he dei visst begynt å forstå.Skal heldigvis til ny legeundersøkelse snart der borte.Utan ¨nevne navn har den danske "superlegen" min søkt mej bort på revmatologisk avdeling og konstatert at ej he fibromyalgi i søknaden,slik ej ikkje fikk komme bort.Fyren he'kje engang undersøkt mej for det!!!!!Irriterende.Men uansett skal ej ikkje klage,min situasjon er peanuts i forhold til din men likevel fole trassig.Heldigvis gjer ej det beste ut av situasjonen og faktisk kosa mej heime som best ej kan...får sjå på det slik at ej e heldig som får sjå ongane så mykje,he tid å lage skikkelig middag og sånne kvardagslige ting.Aldri så gale det ikkje e godt for nokke!!!!Kjekt du klarer å laste opp bilde igjen,håpe d ordna sej med bloginga :)
    Toveklem:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Tove!!
      Ja godt å kunne vere i litt "godt" humør er redd eg hadde lagt på eit svart rom om eg ikkje var så sta (som gubben akkurat sa...)
      Savna faktisk den treninga på sjukehuset, for då hadde eg nåkken treninga sosialt og ja fole låkt etterpå men eg trur at det hjelpe i lengda :))
      (Kanskje eg skal sjå om eg klare å luuuure meg inn en dag!)
      Uansett ka en står oppi sjølv og kanskje er det verre med andre (det har jo eg alltid sagt - "Det er nå folk som har det verre enn meg!") så kan det vere gale nok fo akkurat den det gjelde.
      Eg hadde det vondt før og trudde ikkje det gikk an å ha det slik det er no, men en må berre gjer det beste utav dagen ;))
      Kjekt med litt blogging så då kan en ligge med beina høgt...
      Klem -Anja-

      Slett
  2. Uff, ikke greit....
    Ikke så lett når det ikke er synlig for alle...
    Var selv i en alvorlig sykkelulykke i sommer og er full av skruer og plater i armen som ikke vil gro....
    Får bare tenke at man er glad man lever!
    Ønsker deg alt godt :)

    Livet er utrolig, men sant.
    God helg og lykke til ;)
    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for hilsen!!
      Lykke til du også og god bedring, håper det gror seg til med deg.

      God helg!!
      Klem -Anja-

      Slett
  3. Hei Anja :)

    Vet ikke om du husker meg, jeg hadde en flat som her Era, har truffet deg mange ganger ved utstillingsringen, bl.a stilte jeg ut Svein Tores Kia.
    Velger å skrive en liten hilsen til deg her, uavhengig om du husker meg eller ikke :)
    Trist lesning, men "gode" ord for meg som er akkurat i samme situasjon selv... Venter på min andre ryggoperasjon nå i januar 2013. Selv om lesingen ikke gjør verken din eller min rygg bedre gjør det godt for meg å se at noen har fått ned på "papiret" det samme som jeg strever med/tenker på selv!
    Håpet kontrollen du var på var oppløftende :)
    Takk for god lesing, ønsker deg og dine god jul.
    Klem, Linda

    SvarSlett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...