fredag 3. oktober 2014

Kjellerstua = "barnas rom"

I januar tok vi eit aldri så lite skippertak der vi fekk rydda, tømt og vaska ned leiligheta i kjelleren. Det blei ein del maling, fiksing etc. så etter ein del tima med godt arbeid blei den "ny", lett og lys...her har vi brukt alt av gamle møbla og diverse ting som vi hadde ståande. Mangt ein samla på, men utrulig kjekt å berre kunne plukke av det ein har frå før og vips har du nytt opphaldsrom.

Det bere nok preg på at det er "barnas univers" med spill og tvsjåing, men sjølv om dei får halde på her synes eg det er greit at det er  ryddig med litt interiør som gjer det heimekoselig. Ja, sjølv om eg gjerne skulle hatt nytt og kanskje litt andre ting kan ein ikkje berre nytte seg av "kast og kjøp"... 
 
I karnappet passa den store kurva som eg kan fylle med pute og tepper...
Her er inngangen til kjellerstua og hundesenga rett innfor døra ;)
 Stor og god kurv til å fylle med mjuke tilbehør...
Det eine fugleburet har ikkje funne plassen sin enda, men eg veit det kjem til sin rett ein dag ;)
 Barnas univers med tv- og spillstola foran skjermen.
Som eg skreiv i det eine "før og etter" var eg veldig godt nøgd med tvbenken og det er eg fortsatt ;) 
 
 
 
 Det var nåkken som lurte på korleis prosjekt kjellestue gjekk, etter at dei har sett "Første del før og etter" og "Andre del før og etter" :)
Det skulle altså ei nyinnkjøpt stor kurv i dag for at eg skulle ta bilder å få lagt ut. I dag kjøpte eg ei stor kurv som eg har sett på fleire ganga, men det har tidligare berre vore med tanken for eg har ikkje ant kvar eg kunne ha den. Når den ikkje passa der eg hadde tenkt oppe blei den flytta ned i kjellerstua ♥ Så godt fornøgd eg blei for å kunne samle teppe og puter på ein plass. Så om du også treng ei har Anne på Emmas Verden har sin siste dag i butikken og selge alt med -70%
Måtte sjølvsagt tenne litt stearinlys når eg først skulle ta bilde, det blei ein tanke varmt og kanskje litt masse os så vips begynte brannalarmen å pipe...jadda der stod eg å vifta med armane og ropte på Tom for å få ut batteriet...

No blir det ein lun kveld ilag med barna ♥♥♥
Klem -Anja-

1 kommentar:

  1. Kjempekoslig og ikkje minst kjempekjekt rom!!!! Her tror jeg det er flere enn ungene som vil trives tipper jeg!!La merke til kurven hos Anne selv,GEDIGEN - ikke verst at du fant en plass til den !!! Og tøft blei det!!! Må flire av dinna brannalarmen da...typisk ;)
    God helg Anja!!!
    Toveklem :)

    SvarSlett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...