fredag 6. mars 2015

Kva vil skje!??...

Brudebukett, knaphullsblomster og to brudepikebuketter... 
.
...har vi eit binderi til slutt!???...Det er dette som bekymra meg!...

Eg har som mange av de veit hatt svært god tid til tankevirksomhet dei siste vekene og eg har brukt tida på diverse, men det som fanga tankane mine ekstra innimellom, er tankane for eit av dei vakraste og mest unike handverk - blomsterdekoratørfaget!!... Det som bekymra med er utviklinga på plante og blomstersalet rundt om i landet. Då eg starta i 2009 var det knapt ei bøtte på Rema og eg tenkte at det gårnok rett i søpla for ingen kjøper vel blomster her!!...eller kunne eg strekke meg til at kunden fekk den rosa til svigermor som datt å braut lårhalsen i kveld og som sårt trengte slik trøst at dei ikkje kunne vente til i morra...
No vel 6 år seinare bygge Rema om butikken for å fylle på med enda meir blomster!! Eg syns det er trist den retninga det går i, eg syns det er trist at Reitan og co skal ha så makt at dei øydelegge faghandelen rundt om i Norges land...men samtidig som dei øydelegge andre sitt fag, kva er haldninga og kjensla for sitt eige fag, vil dei ikkje at kunden skal få god kvalitet og råvarer til hushaldning!? Hadde dei brukt energien på dette istadenfor å få best mulig avtale med leverandørene i andre bransjar, eg har ein kvalmande følelse at konkurransen mellom dagligvarebransjen er så stor at dei går over lik for at dei skal få litt meir inn i kassa, ja då er det enkelt å begynne med oss "små" for der møte dei liten motstand...
Eg skal ikkje med dikter dåkke kvar dåkke skal kjøpe dåkke blomster til helga eller neste helg, men eg vil berre fortelje kor enkelt det er lagt opp...om utviklinga fortsette for klart med den mengde blomster dei har så må dette selge, så er vi overflødig i sentrum veffal når det gjelde blomster...åsså er det jo det som er mitt hjarte. Men, dette skrive eg ikkje berre for lille Langevåg men for at alleskal vite korleis det her er.

Ja, tenk hadde dagligvarerbransjen tenkt litt meir på å kunne tilby oss godt og breidare vareutvalg innan matvarer, istadenfor å fylle hyllene med alt mulig som føre meg til det store spørsmålet - Kva inni hampen har alle blomstrane å gjer inne med all maten?
Tette rundbunnen krans lagast i forskjellige størrelsa, og så godt som mulig etter kundens fargeval...
 Tett hjarte...
Tett krans med innslag av skog og natur...
Til høgre er ein kistedekorasjon...
Kistedekorasjon ❤️
Eit åpe og eit tett hjarte ❤️

Skal det gå den vegen at vi må vente to-tre veker for å kunne ha begravelse for alt må bestillast i kassa på Rema så kjem det ferdig kanskje nåkke halvvissent frå Holland!? Kan de i kassa då skifte ut eventuelt skada eller visna blomster før de kjører dei til kirka?
Ja for etter hallelujamøta til Reitan og co er det meininga at dei skal ha ganske så stor andel av blomstersalet rundt om i Noregs land... De syns kanskje det er feil at eg retter kritikken mot dagligvarebransjen? Men den vanlige person i gata har nok ikkje tenkt så mykje over kva dette har å sei for faghandelen. Dei tek med seg ein kvast der dei skal heim å lage mat til helga,  for til seg sjølv spilla det ingen rolle med innpakning etc. billig er det også og så lenge det står over helga så er det ofte godt nok. 
Men, om du kun skal bruke "oss" til spesielle anledning har vi ikkje mulighet til å vere der når du treng det ekstra til jubilanten, bruda eller sorgbinderi etc...Nei trist å skrive, men jamnt over er ikkje morsdag lenger ei spesiell anledning, veffal om du ser kva dagligvarene har av utval og eg sjølv såg alle som kjøper der då du står ca 5 min i kø...det er lov for far å legge litt meir i den enn som så ;) Vi hadde veffal i alle prisklasser til morsdag!! ❤️
 
Blomsterbutikken skal ha utval i blomstrande og grøne planta, alt av snitt som kundane skal få "knipe istykker" før dei bestemme seg...vi stelle godt med blomstrane frå vi får dei i butikken til dei forlet butikken, skifte ut og kaste det som ikkje blir solgt fort nok solgt. I dagligvarebutikken  står dei der (stort sett) med minst mulig omsorg før dei havna i ei handlekurv eller tilbake på grossistens tralle for kreditering!!!...Ja du les rett!, dagligvarene får betalt for det dei selge og det som tørka inn i hyllene eller visna i bøtta det får dei betalt tilbake!!...

Eg har lenge sett på utviklinga og det året eg ikkje dreiv butikk, og ikkje trudde eg skulle gjer det igjen sendte eg bekymring til Mattilsynet pga alt det vi får inn med blomstrane det vere snegla, krypdyr og blomsterfluger. Det er her ille med tanke på farlige jordbakteria i handlekurver til  matvarer blant anna ilag med brød som ikkje blir vaska etter at det kjem heim, dette er farlig mest med tanke på gravide og alvorlig sjuke barn og voksne. Det er store grunna for at blomster ikkje skulle vere ilag med matvarer...så om det ikkje er nok med at det her er krise for faghandelen så er det også andre grunna for at Rema, Bunnpris, Coop og Kiwi ikkje skulle hatt blomster i butikk. 
Men, eg skjøna dei jo med minimalt arbeid og ingen risiko er det berre å fylle på å få solgt mest mulig ja og det dei ikkje får solgt slippe dei å betale for!!! Det er vel ikkje rart at vi som faghandel reagera på at dei rassera mulighetene for at faget skal kunne overleve med fordela vi "små" berre kan drøyme om og langt frå kunne klare å konkurrere mot.

Vi har nok av erfaring på at folk går frå oss til "butikken" for å spare 20 kr på ein rosepakke, uten tanke på at vi kan snitte dei og gi gode råd etc. Kan ta med eit ganske så nytt eksempel frå 19.02.2015: I dag kom eit par inn i butikken, kjøpte ei krukke og diskuterte litt ang blomster og såg på utvalet vi hadde av orkideane der dei var oppfylt i to store bokser. Dei kjøpte krukke og fekk tilbud om innpakking...gjekk så på Rema for å kjøpe ein orkide!!...eg måtte berre notere denne episoda då eg ein gang før var sengeliggande og tenkte litt på dette med blomster og greit å ha konkrete episoda å referere til...

Blomsterfaget er handverk som er undervurdert og underbetalt! Ein rørlegger har pr time + materiale, ein blomsterdekoratør kan knapt ta betalt for emballasje, nei vi på Gavehuset Anjasskatter gjer ikkje det, vi spyr ut fleirtallstusen i papir, cellofan og posa gjennom eit år og det er berre service!.. (men vi kan ikkje lenger ause ut med gratis innpakkingspapir til gåver som er kjøpt andre plassa).
Å det gjer meg faktisk irritert kvar gang eg skal betale 1-2 kr for å reklamere for Rema, Bunnpris eller kvar pokker eg handla!! ;)  Kvifor skal eg betale for å reklamere for dei!!?..
Med tanke på rørlegger, elektriker etc. så måtte regjeringa inn å lage endringar slik at folk ikkje kunne gjer ting sjølv lenger for å ta vare på faget og halde folk i arbeid. Det fekk også endring for det å kunne kjøpe ting du treng på langt billigare plassa blei også mykje eliminert med nye reglar...kanskje de snart går inn å ser på hygiena i dagligvarebransjen? Eller er der politikera eller kanskje "dagligvaremafia" som også ønska fint og kreativt blomsterarbeid frå faghandel også i framtida!? Eller synes du det er heilt greit at skuleguten/jenta i kassa skal få utfolde seg kreativt til det storslåtte bryllupet de planlegge eit år fram i tid!?....
 
 Ikkje alltid ein vil kven som helst skal lage brudebuketten!?... 
    Blomster til ei spesiell anledning... 
  

Det er trist å sjø utviklinga...vi selge blomster og får heldigvis stort sett ikkje med oss kva som går ut av dagligvarene, men vi kan berre tenke oss det når vi ser mengdene som står lina opp!!! Sjølv har eg ikkje handla på Rema på mange veker og slik blir det fortsatt så lenge det ikkje skjer endringar der...dattera vår sa for litt sia at det er ein grunn for at det er dumt vi ikkje handla på Rema lenger for dei har så gode rundstykker ;) Jaja då får vi berre bake sjølv!...Nei no har Rema fått alt for masse reklame!!! Men her vi bur er det dei som er værstingane på blomster og det er frå "vekkelsesmøta" deira eg har hørt at dei skal ha stor blomsterandel og det har eg ikkje hørt frå dei andre kjedane...

Eg veit eller veffal vil tru at det er fleire som dele min frustrasjon over blomstersalget i dagligvarebutikkar, men det kan slå feil ut å uttale seg slik...så då tek eg bladet frå munnen!! Eg kan vere skyteskiva, og måtte det her berre nå ut til som mange som overhode mulig!! Vil gjerne at alle dei som ikkje er klar over dette og dei ringvirkningane dette har for ein faghandel som er så sårbar ❤️❤️❤️ 
Då eg starta opp igjen var det mykje på grunn av etterspørselen frå kundane, alle som ville sakne det å ikkje kunne få blomster i sentrum. Men vi kan faktisk ikkje leve med blomster kun til spesielle høve, vi er avhengig av at kvardagsblomstrane også blir handla her...klart skal vi prøve å tilrettelegge for at de får det de ønska og prisane ikkje er for høge.
Så ser eg etterkvart at her er jo flust med blomster i sentrum, men det er heldigvis nåkken som enda ikkje vil handle blomstrane sine på Rema.
Kanskje skyte eg meg i leggen når eg går så krast ut, men eg føle det er på tide at nokon sei frå kva som helde på å skjer rundt om, og det vil vere veldig trist om vi nåkken år fram i tid må bestille brudebuketten i kassa på Rema og få den frå Nederland og lite muligheter for endring og tilpassing dagen før den store dagen!!... Eg set det kanskje litt på spissen, men om berre halvparten må legge ned og de må kjøre ein time eller to berre for å få blomster til spesielle anledningar!?...
Nei, eg håpe fleire blir bevist kvar dei handla blomster også "berre" til seg sjølv. Om de tenker på den 10'ern eller kva det er, så tenk på at til meir Blomsterbutikken omset for til lavere prisa kan også dei klare å ha. 
Eg håpa så mange som mulig får høyre dette og klare eg å få nåkken til å tenke seg om ein ekstra gang før dei handla er dette verdt å skrive og ikkje minst poste det ;) ❤️ om det er i Langevåg, Oslo eller Raufoss dei tenke seg om betyr ingenting, for det som betyr nåkke for meg er at Blomsterfaget består i Norge i åra framover!!...
Eg er nok ikkje av det slaget som sit stille og held kjeft når eg ser kva retning ting tek...men eg er heller ikkje redd for kva de vil tenke om meg ❤️ eg er kun redd for at faget mitt forsvinne. Eg står 100% bak det eg sjølv skriv og det er alltid EG som tala med mine eigne meiningar...
  
Her er jenta vår 9 år gamal då ho satt saman dette sjølv til sin bestefar ❤️❤️❤️

Eg har som så mange andre elska blomster sidan eg var lita, og når vi leika då eg var mindre var eg alltid bloNsterbutikk så blomster har nok lagt hjartet mitt nærare enn eg har trudd...Eit lite spørsmål som kverna; er det mulig for at mine barn kan få jobbe med blomster når dei blir vaksne, ja om dei fortsett ønska det då!?...

Kanskje har eg skote meg slik i leggen at eg etter rekovalens ikkje har jobb å kome tilbake til, men den risiko er eg faktisk villig til å ta...værst er det for dei som jobba i butikken då eg er lite arbeidsfør og bruka blomsterarbeidet som ein av verdas beste medisin!! 
Eg er lykkelig ❤️ og eg føle det her passa så fint til meg, det er kanskje dumt å gå slik ut spesielt når du sjølv driv, men eg vil ikkje sjå kva skade det her til slutt kan føre til... "Heller lykkelig av dumhet enn klok av skade"...

Eg håpe de alle kan ha ein blomstrande dag ❤️ sjølv skal eg kjøpe meg blomster når eg kjem heim...har ikkje hatt lov å ha blomster der eg har lagt, men det har stått ein bukett på dagligstua ❤️❤️❤️
Blomsterklem -Anja-

For nåkken veker sidan fikk vi plutselig fleire klage på rosene!!...det er svært sjelden vi har (hadde litt rundt ei blomsterhøgtid også og grossistens skylda på for mykje blomster som skulle ut og gartneria verda over berre "spydde ut"), men vi vil at kundane skal kome tilbake slik at vi får gjer opp og ha fornøgde kunda... Husk det at vi set pris på skryt og fine ord, men eg set pris på at de kjem tilbake om det er varer som ikkje heilt helde mål!!...

2 kommentarer:

  1. Heilt enig i alt,har vært i mot blomster i butikk fra dag 1!Men dette gjelder ikkje berre blomster,dei store kjedene konkurrerer med dei fleste innan faghandelr og ødelegger for dei som ikkje har så mange føtter å stå på.Rema har jeg ikke handlet på selv,men av helt andre grunner som ikke egner seg på trykk ;)
    Bra du setter fingeren på dette,oppfordrer deg til å ta saken videre til blomsterkjedane og f.eks ei reklamekampanje som bevisstgjør kundene på dette,for jeg tror de fleste ikke tenker over saken! Mykje bra tenking når man er sengeliggende Anja!!!!!!
    Fortsatt god bedring!
    Toveklem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det Tove!!
      Har tatt det opp litt "bak fasaden" og det seiast at drt får vi ikkje gjort nåkke med...eg meine at vi ikkje kan sei det før vi har prøvd ;)
      Eg er jo ikkje redd for å sei det eg meine og spesielt når det er ting som ligge hjarte mitt då nært...
      Ja her må ein få tida til og gå og få engasjera eg meg med masse godt tankestoff ;)
      Tusen takk!! Eg har trua og håpet om å kome meg heim snart!!
      Klem :)

      Slett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...