fredag 5. juni 2015

Her skal vi finne roa...

...ingenting er viktigare for meg enn å gjere det som er best for meg og dei rundt meg. Vi har lenge snakka om flytting og vi har vore på fleire visningar, men når du heile livet har hatt utsikt tek du ikkje til takke med "kva som helst".
No har vi etter nåkken runde landa ❤️ Vi ville gjerne ha utsikt, litt landlig, og med dette er hovedkriteriane mine med på flyttelasset og vi kunne vel ikkje funne betre plass enn akkurat #favorittplassen ❤️
Bilder frå forskjellige plassa i hagen...De kan kanskje skjønne at eg gleda meg!!?...
Mange har lurt veldig på kor vi skulle, om det var langt unna etc. men det er ikkje lenger enn ca 12 minutts kjøring frå Langevåg, og det er vel inga bombe at det blei på akkurat denne plassen...min #favorittplass der ein får ro berre ein ser ut vindauget ♥♥♥

Elles er det slik at vi no har funne plassen så kan det ikkje skje fort nok!! Herremin eg har det meste rettare sagt ALT klart i hovudet og det kribla etter å bli ferdig med opprydding i Langevåg og berre få flytta på oss. 
Blomster og busker blir det heilt sikkert nok av med #blomstergal og #hagegal mor og datter..
Gjerde og hekk har vi allereie fått opp bort mot naboen...

Vemodig blir det likevel å selge dette huset for oss alle, men mest for Tom som er oppvakse her...trøsta oss med at det er "berre eit hus" og viktigst er trass alt trivsel og livskvalitet...

I forgårs tok eg meg ein time ute i badet og drøymde meg vekk...ja, om ikkje lenge kan vi sitte å nyte badet i herlige omgivelsa med den aller beste utsikta ❤️❤️❤️


Det er sånn ganske så omtrent akkurat denne utsikt vi vil ha når vi sitte å nyte eit bad etter at vi har flytta...så då vil det bli som ei draum kvar gang vi tek eit bad...Sjølvsagt litt gras, blomster og busker i front...

Ser for meg at vi skal få det veldig bra og når ein har roa og kosa seg vil nok skrotten få det enda betre!...Vi gleeeeer oss...
Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Må få sjå bilder av huset Anja...e no såååå nysgjerrig 👍👍👍
    Tove :kr

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja Tove det kjem bilde av huset om ikkje så alt for lenge...men vil vente med det til vi er delvis på plass ;)
      Klem -Anja-

      Slett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...