torsdag 7. februar 2019

Ikkje akkurat provosert...

...men akkurat nok irritert...
Skreiv eg for nokre daga sidan då eg fikk ein mail via mi annonse på finn.no; Kva er din definisjon på familiehund? Alle hundar bør jo være det.

Eg spør då om kva vedkomande tenkjer på, og om dei kan signere med namn slik eg veit kven eg prata til å då skal dei sjølvsagt få svar, men det har eg enda ikkje fått...

Det har seg slik at eg har prøvd å finne den rette heimen til vår kjære "Bobby"...men, for å vere heilt ærleg så er det ikkje lett å gi slipp på ein vaksen hund spesielt ein som er så unik og god, samtidig med eit par ting å  tenke på. Men, vår plikt som eigera er å ta omsyn til hundane å er der ein hund som for eksempel ikkje trivst i ein flokk så må vi prøve å få det til å funke. Bobby trivst i og for seg, men her er nokre tisper som ikkje er heilt grei å sjølv om han takla det påvirka det han nok. Å når vi i tillegg har ei overkåt tispe som bryte eikvar barriere når ho står ja då er det jaggu ikkje lett å vere hannhund heller.
Bobby er ein bikka 4 år gamal hund som har vore vand med litt forskjellig gjennom si tid her med oss, å då er det naturlig at hundar treng forskjellig stimuli. Når eg sel valpa så er det ein ting, når eg skal plassere ut ein vaksen hund er det noko heilt anna!! Ein vaksen hund ser eg korleis har blitt og kva den trenge å kan då sette "krav" til kva ein framtidig eigar må kunne inneha av eigenskapa slik den kan passe til hunden. Når ein valp skal vekse til har den eit utgangspunkt frå oppdrettar, men det er eigar som forma valpen til den hunden den skal bli.
Grunnen til spørsmålet var nok utforminga av annonsa mi...: 
Vi ønska fôrvert slik at det kan vere mulig å nytte han i for eksempel avl og kanskje ei utstilling. Men, det viktigste for oss er at han kjem til ein stad han vil trivst framføre å ha han i nærleiken og få han med på utstillingar... Han treng nokon som har god kjennskap til hund og bli ikkje satt ut til nokon som kun skal ha ein familiehund. Om du har erfaring med hund og kunne tenke deg å høyre meir om det så send oss gjerne ein mail eller ring. 

Mulig eg er for blond, men eg kan ikkje sjå noko gale i det eg skrive i annonsa. EG skrive det eg gjer, står for det eg gjer å bryr meg ikkje alt for mykje om det som blir snakka om...men, samtidig tek eg meg sjølv i å tenke på det å kjenne innimellom at eg bryr meg litt likevel.
Eg kjenne det er dumt å bruke energi på slikt, men det irritera faktisk ein heil del...å det som irritera mest er at folk ikkje skrive under med namn!

Samtidig vil eg presisere at det faktisk er familiehundar vi avla...Eg ønska familiehundar som leve lenge med god helse, har eit vakkert ytre og ikkje minst at dei skal kunne nyttast til det aller meste som jakt, redningshund, agility, lydigheit og ikkje minst spor...men, no må eg beklage om nokon no fikk ein lys ide om å trene IPO!! For eg kan aldri tenke meg at nokon frå meg kunne bli særleg god på bitearbeidet, ikkje slikt bitearbeit i veffal ;) ÅÅååå no tenke kanskje dåkke som har rundt 10 veker gamle valpa at bitearbeid er dei DRITGOD på!!...Då må eg trøste å sei at det går over, berre ver konsekvent og tålmodig ;)
Artikkelen om meg og oppdrettet til Kennel Kvasneset står på trykk i siste utgåva til Hund & Fritid som er i butikkhyllene no...

Å om "du" ikkje trur meg så kan du lese om at akkurat det ønske om å få fram gode familiehundar har eg jobba med gjennom mange år..!
Ha ei god og lite irriterande natt...
Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Er så enig med deg, og kunne skrevet det samme selv😊👍

    SvarSlett
    Svar
    1. Tuuuusen takk for det Karin!! :)
      Ha ein herlig fredag!!

      Slett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...