tirsdag 26. november 2013

Siste veka ♥

Frå utsida ønsker vår koselige snømann deg velkommen inn i varmen...
 
...No er vi inne i den siste veka eg driv butikken ♥ det er vemodig og litt trist, men det skal heilt sikkert snart bli godt å få vekk alt som henger over meg og få tid til å få helsa på rett kjøl, og ikkje minst få bruke all min energi og overskudd på familien...no skal eg bli meir egoist og tenke aller mest på barna våre ♥♥♥

Når tida var inne for å avslutte med eit opphørssal var det full rulle i byrjinga og sjølv no på slutten har det vore mange innom, men litt kjedelig at butikken har vore så rotete og lite fin! Det som folk har satt pris på er den koselige atmosfæra av fine varer, vakre blomster og herlige dufter...


No har vi krympa butikken inn til ein liten blomsterbutikk og eg hadde eit ønske om å avslutte med herlige blomster som kan pynte opp i førjuksheimen!!...
Når seinfredag kjem til Langevåg har vi alltid hatt full butikk med salg av alle "godsaker" til jul og adventstida!!...No håper vi at kundane kjem inn for å kjøpe juleblomster ♥ Det har vi fylt butikken opp med no, så her er godt utval og gode prisar...Ein god kunde kom ut frå frisøren i dag og lurte på kor tid vi avslutta, "eg vil han med meg ein gledelig opptur med blomster før eg avslutta og det må vere fin tid denne helga når folk skal pynte til advent!" Då kjem eg inn til helga sa han...det varma hjertet at folk vil inn å handle ein siste gang ♥  så la huset få blomstre ♥
Hadde vore koselig om du kom inn til oss ein siste gang i løpet av veka ♥♥♥
Klem -Anja-
 
 
 
 

torsdag 21. november 2013

JIPPI det er klart!!...

Sulaposten ute med ei gladnyheit i dag!!...
...Det blir ny drivar på Gavehuset og butikken held fram nesten som før berre enda betre!!... ♥♥♥
Dette må glede dei aller fleste rundt om - butikken vil blomstre som før, men den vil bli enda betre enn kva den har vore dei to siste åra då eg har vore litt "brakk" når det gjelde interiør og i tillegg vil den få ei vakker og koselig "hule" der dei strikkeglade kan kose seg - trur nok eg vil nytte meg av det også...


Eg er berre så spent på om alle dåkke trufaste kundar, bygdefolket og tilreisande vil nytte dåkke av tilbodet!...Eg håper at fortvilelsen dei siste dagane etter at vi måtte slutte blir snudd til stor glede og vi alle set pris på at her er folk som vil halde hjula i gang :)  

Eg ønsker Monica masse lykke til vidare og om dåkke trudde dåkke var heilt kvitt meg er dåkke nok ikkje det ;)  Eg vil bistå Monica der eg kan og er glad for at ho ønsker å få hjelp av meg på blomsteravdelinga!! :) 
Har fått så mange tilbakemeldingar på om eg synes det er bere trist eller litt godt også, men no når brikkane fell på plass er det i bunn og grunn berre glede!!...er så glad at eg har muligheit til å balsamere sjela med blomsterbinderi innimellom :)

Baksida av Sulaposten i dag...

Vi held fram med ei lita blomsteravdeling fram til første søndag i advent, så vi håper du kjem innom å handla juleblomster med oss!!...♥♥♥
Klem -Anja-

fredag 8. november 2013

Uvirkelig...

...veit ikkje om det er eit dekkandes ord for dei siste dagane, men det er nesten som ein draum at eg skal avslutte butikken - ingen behagelig draum asså ;)
Men, eg har bestemt meg og slik er det, men treng ikkje "godta" det likevel!! Det er liksom uvirkelig at eg ikkje skal fortsette å drive butikken som eg hadde sååå store planar for!!...
Men, slik er det og når nåkke dører stenger opnar andre seg, skal bli spennede å sjå kva dør eg skal opne først ;)


Det andre som er så uvirkelig er alle dei flotte tilbakemeldingane eg har fått, koselige meldingar og goe klemma...Har eg fortjent alt dette!!?...
 
Så fikk eg meg ei stor "sjokk" i dag då eg leste bloggen til Tove!!...Blei heilt rørt og takknemlig for den fine omtalen ♥♥♥ Mamma og Aud leste det på jobb og dei satt å sippa på bakrommet goe dei ;) Heilt ufattelig kor dei to står på for at det skal vere lettere for meg
Vi har liksom litt blanda følelsa, greit at det går fort unna når i først har valgt det, så er det leit at det er siste nnspurt både for oss og mange kundar...


Stilige lamper og puter som vi har nåkken igjen av...Lysa for utebruk er heilt suuuuupre!!...

Til alle dåkke som ikje lika å gå på slike salg...Vi vil gjerne at dåkke kjem å nytta dåkke av det, kjøp nåkke til deg sjølv, barna eller julegaver!! Det beste er om det blir tømt så får vi begynne på siste opprydding og gjere klart til eventuelle nye som skal inn...

Skulle gjerne hatt eit klart svar på kva som skjer vidare, men det er ikkje heilt avklart enda...vi håper sjølvsagt her kjem ein liknande butikk eller veffal "li i lokala" slik at det ikkje blir eit spøkelse!!
Butikken er innarbeid så det er ein super sjanse å starte opp igjen...
No har eg fått "roa" og det er tid for å hive seg i seng, opp til behandling i morra, levering av kransar til kirke og på an igjen i butikken ;)Tusen takk til alle våre kundar som har vore innom disse dagane, ikkje minst dåkke som har gått her i mange år...kjem til å savne dåkke ♥ Kanskje er eg så heldig at eg får meg "ein liten jobb" i ein annan butikk...Men sjåast og pratast rundt om vil vi sikkert gjer ;)
Klem -Anja-

tirsdag 5. november 2013

OPPHØRS SALG...

...Trist og vemodig at dagen no er her, men ein kan ikkje lenger gå å tenke at ein skal bli bedre og klare å drive vidare!!
No er vi i straks i gang med salget på Gavehuset her i Langevåg, det starta klokka ti i morra og håper det skal gå greit og fort unna slik at vi skal få konsentrere oss om å "rydde opp" og få begynne å tenke på nye ting...
HEILE butikken har -30 - 70% og det er også lov å kjøpe innreding som bord, stoler, hyller med meir!!...Ikkje gløym alle dei flotte trekassene våra :) Om du går deg nåkken runde vil du finne maaaaange gobita, så ta gjerne med deg ei korg i handa... 


Men vil gjerne få sagt at vi tek inn og selge blomster så lenge dørene er opne!! Så berre å bestille både bukettar, dekorasjoner og ikkje minst skal det vere begravelse tek vi det også ♥
 
Har fått så mange meldinga på telefon og facebook, men klare ikkje få svart alle no...Tusen takk for ale fine ord, det varma sååååå masse meir enn dåkke kan tru ♥
Litt vemodig i dag, men skal smile likevel :)
Klem -Anja-

fredag 1. november 2013

Små glede i kvardagen...

I dag var ein slik dag…det kom ein av våre kjære og faste kunda innom å skulle prøve med seg ein benk heim. Eg og mamsen var så heldig å fikk oss kvart sitt sitteunderlag som ho hadde laga sjølv!! Blei så glad for «fargeklatten» min Vi er jo så heldig at vi ofte får glede folk med blomster etc. men det at vi fikk oss kvar si gave var utrulig snilt…vi var så kjekke sa ho at vi skulle få det!! Det tek eg til meg asså ;)))
Ditte kalla eg glede i kvardagen Tusen takk!!
Klem -Anja-

Allehelgensdag ♥ søndag

Frå tidligere av var Allehelgensdag 1. november dagen etter Halloween eller Allehelgensaften som alltid er 31. oktober… Allehelgensdag er i Norge lagt til første søndag i November og det er dagen vi bør gå til gravene å minnes våre kjære som er gått bort…
Kan vel ikkje heilt sei at eg kan sammenligne disse så masse, morsomt for barna med Halloween, men det fine med å tenne lys og pynte gravstedet er det eg forbinder med «allehelgen».

 
På Gavehuset har vi laga opp masse fint som du kan ta med til gravstedet, mosehjerter, kranser, hjerter med lyng, finte hjerter med roser etc. Vi har også grønt til å dekke med og lys…
Ønsker deg ein fin fredag ♥
Klem -Anja-

Takk, for ei super kurshelg!!

Takk, tusen takk til dåkke alle for ei super kurshelg!! 🤩  Eg har kost meg meg huset fult i flotte «hundefolk» og ikkje minst fått lov å se...