tirsdag 24. november 2020

U for unormalt aleine...

 ...eller berre Unlimited Love fordi det ligge så mykje godt i disse firbeinte og ei ufatteleg stor glede i å få lov å planlegge nye kombinasjonar, få følge ei tispe gjennom drektigheita, men ikkje minst spenninga rundt ein fødsel og det å få lov til å forme, prege og utvikle nye herlige familiemedlem som forhåpentlegvis får vekse opp til å bli herlige, sunne, sterke, fine og gode hundar som får lange og lykkelege liv. Disse herlige firbeinte har ein eigenskap i å kome under huda på meg og krype godt inn i hjartet så kanskje Under Your Skin kunne passe til eit namn på U...

Eg har aldri lagt skjul på at draumar er viktig å ha og den kombinasjonen vi har glede av å ha gjort er meir som ein Unique Dream...



Fleire namn har eg i tankane, men denne gongen vart namn ganske så overflødig då vi i dag på termin og akkurat ein månad før jul fikk U-kullet vårt etter Eirik og Saga...Resultatet vart ei nydeleg brun tispe (og med det veit eg no at Saga fikk det brunet genet frå sin far) som vil på litt uvanleg vis vere aleine. 

Men, eg har hatt små kull før så heilt ukjend er det ikkje. Farmor til Saga var også einebarn, ei svart nydeleg tispe født 8. mai 2007.


Kryssa fingre for at alt går fint med ho framover og vi skal verkeleg kose oss med ho.

Veldig leit at det ikkje vart valp på alle dåkke som har satt dåkke på liste. Men, det blir snart ein ny vår og for dåkke som fortsatt ønska å kjøpe valp frå meg så skal eg prøve å få det til i løpet av våren 2021.


I mellomtida skal eg prøve å dele film og bilde av frøkna vi har no slik dåkke ser kva som eventuelt kan vente dåkke...



Meldingar vil gå ut til alle saman i morgon...

Klem -Anja-

fredag 20. november 2020

Eg tør å kaste «første» ballen...

...og det er fullt mogeleg den er ganske så kald, og eg ana heller ikkje om nokon tør å ta den imot..! 

Eg er så einig i at vi skal skjerme idretten for barn og unge når vi står midt i ein pandemi det ikkje er mogeleg å sei når tid vi kjem utav. Men, det viktige no når smittetrykket er større må vel vere å få lov å ha litt aktivitet framføre ingenting.?


Eg ber ikkje om at vi skal halde borna våre inne og vekk ifrå aktivitet, men det stride mot all fornuft at vi skal spele med 10-12 andre spelara medan vi i utgangspunktet kun får ha 5 nærkontakter! 

Vi skal ha minst mogeleg kontakt med andre gjennom vekene framover, men borna våre skal likevel kanskje ha oppi 50-70 nærkontakter (6 forskjellege kampar) i løpet av vekene før jul!! 


Eller, kanskje eg har tatt heilt feil, men meina at ei nærkontakt er og rekne på denne måten:

Har ein hatt fysisk kontakt, eller vore nærare enn to meter i meir enn 15 minutt så reknast det som ein nærkontakt...

Så, då er det kanskje ikkje så vanskeleg å tenke seg til at om ein på handballbana er smitta utan symptom (vi høyre fleire borna og andre går med smitte utan symptom) vil alle spelerane på begge lag vere nærkontakter og deira familiar (muleg med nærkontakter). Det vil sei at det faktisk er ganske mange som blir berørt om ein frå ei anna bygd/by dreg med seg smitte på kamp. 

Sjølv om vi alle følgje smittevernreglane så er det slik at handball er innandørs og alle saman tek i same ball, borna tek seg til ansiktet og slik vil smitten få spreie seg.


For eigen del står «mitt lag» oppført med kamp 13. desember mot Molde der det no pågår store utbrot og då stille eg spørsmålsteikn om det her verkeleg er nødvending??

Er det nødvendig å oppretthalde all aktivitet fram mot julehøgtida, for er det ikkje greit om borna våre får vere aktive lokalt og slippe auka fare for smitte akkurat no når trykket er og kan vere stort..!? 

Eg ville sat stor pris på om vi fikk feire jul saman med dei næraste utan at to av oss kanskje må i karantene.


På min tur i fjellet i dag tidleg kom eg til å tenke på at det i periodar med mykje og djup snø kan det hende at hundane får bandtvang, og det for at dei ikkje skal vere til fare for rådyr etc. Det vise at det er naturelg at vi ser an forhalda, og når noko kan utgjer fare så stramma vi inn på reglane...

Eg sei ikkje at vi ikkje har stramma inn for det har blitt gjort, men sjølv kor flink vi er til å halde smittevernreglane utanfor bana så veit vi alle at det ikkje er mogeleg å spele handball utan fysisk kontakt. 


Vi skal sjølve vurdere om arrangement er nødvendig...så, har vi nødt til å spele kamp slik det er akkurat no?

Vi skal også vurdere om reisene er nødvendig...då, tenke eg om det er nødvendig å reise til dei stadane smitta er større?


Eg ønska sjølvsagt at alt skal gå så normalt som mogeleg, men då må vi kanskje stramme inn nokre stadar. Det å fryse kampane i nokre få veker til etter nyttår vil ikkje få store konsekvensar for borna for det er mogeleg å trene nokre få veker utan kampaktivitet...


Mitt innspel før sonemøte i handballen:

«Med tanke på møtet så må eg berre få meddele nokre tankar eg sjølv har...

Eg og heilt sikkert veldig mange andre vil nok at barne- og ungdomsaktivitetar skal foregå som «normalt» slik at dei ikkje blir råka meir enn høgst nødvendig.
Men, og det er eit stort men i den tida vi no er i og eg har tenkt ein del på det med kampar der vi møte folk frå forskjellege stadar...no når vi dei siste vekene har hatt oppblomstring, og vi er få veker frå jul så hadde det kanskje vore lurt å fryse kampaktiviteten slik at flest mogeleg av oss får feire jul saman med dei næraste..!?
Ikkje minst om vi alle tek ekstra omsyn i den tida vi er i så vil vi kanskje unngå kraftig nedstenging igjen slik at vi alle kan samlast og trene som vanleg framover og utover vinteren.

Ei nedetenging vil kanskje føre til at det tek lengre tid før vi kjem igang med trening igjen og enda lengre tid til kampaktivitet.
Det er sjølvsagt ikkje med lett hjarte eg kjem med forslag om å fryse kampane før jul, men det er kun med ønske om å kunne få behalde alle i trening og sosialt felleskap framover...

Jula er viktig for så mange av oss, og om vi tek små grep no kan den kanskje få lov å vere eit stort høgdepunkt for det elles så spesielle året 2020»

Mest av alt kunne ein tenke tanken om å grave seg ned i snøven til denne hersens pandemien er over...våkne til ein ny varm vår der vi kan få gå tilbake til ein litt meir normal kvardag, men enn så lenge så har vi mange rundt som vi må nødt til å tenke litt ekstra på...


Så når vi no faktisk står få veker frå jul midt i ein pandemi så skulle det ikkje vere så veldig vanskeleg å sei at vi no kan kaste ball, trene og få vere fysisk aktive saman med dei vi omgås til vanleg. Vi treng rett og slett ikkje kontakt på tvers av heile fylket!! 


Eg har no igjen klart å kaste ein kald ball, men eg vil presisere at det ikkje er mot nokon for eg digga å få vere med borna på kamp...men, no kasta eg ein kald ball for alle dei som ikkje er rusta for å få dette viruset og om fleire vil ta imot så blir ballen varmare og vi kan saman verne om dei som treng det.

Trur dei aller fleste av oss vil ha ei fin jul saman med dei vi er glade i, og då må vi kunne ta litt kjipe avgjersle slik at det er mogeleg for dei aller fleste!!


Eg meina for all del ikkje å vere ein skikkeleg festbrems, men akkurat no synest eg det er nok med eit glas vin til maten så kan vi ta noko sterkare når det passa betre... ;)


Pandemien er her og den tek ikkje omsyn til nokon, men det kan VI - du og eg gjere...
Jula kjem og om alle tek ekstra omsyn framover så kan vi få smitta ned slik at flest mogeleg vil få ei fin jul trass ei rar tid 
 

Klem -Anja-

torsdag 29. oktober 2020

20 år og nokre generasjonar seinare...


...Det er utrulig kor mykje som kan fyllast inn i 20 år med normal galskap..! Ja, sjølvsagt også sett litt til sida, fram, tilbake, opp og ned så då er det litt meir enn det som er normalt også ;)

Men, i dag er det 20 år sidan det første kullet eg planla kom til verda - 1 hannhund og 6 tisper der eg huska fødselen nesten som den skulle ha vore i går. I 3-4 år hadde eg studert genetikk og avl så det var knytt store forventningar og spenning til det første fødselen som eg stod ovanfor, og ikkje minst få lov å følge valpane framover i 8 veker og på den tida finne gode heimar til dei alle. 

I ein alder av 20 år leverte eg min første valp i Bergen, med flyskrekk sat eg meg på flyet og på fanget hadde eg lille skjønne Fanta - ja då kunne dei rope Faaaaa(e)nta og på papiret var namnet sjølvsagt Kvasneset`s Anja Fanta. Kvar og ein valp har si historie, nokre har eg fulgt tett, andre litt mindre og nokre har kjøpt sin valp og leve livet saman med den utan anna kontakt enn når dei eventuelt treng råd og veiledning. 

Dei fleste hundane eg leverar leve som vanlege familiemedlem og er med på turar, nokre blir trent til diverse søk og andre er på utstilling og aktiviserast på fleire vis. Dei aller fleste er sunne, friske og sterke hundar, men som alle sider ved livet kan hundar bli råka av sjukdom og skade...det er veldig leit, men eg vil sjølvsagt prøve å veilede og innhente all den kunnskap eg kan få av det som skulle oppstå. 
Flat coated retrieveren er heldigvis ein sunn rase som fylle familiar i inn- og utland med særs stor glede!! 

Eg har vore så heldig å få kome i kontakt med så mange flotte folk gjennom over 25 år med denne fantastiske rasen. Det er valpekjøpera, supre hannhundeigarar og ikkje minst flatfolk rundt om i heile verda!! Eg håpa at eg skal få jobbe vidare med linjene mine både den tispelinja de ser i fem generasjonar, men ikkje minst har Nora gitt meg fleire avkom eg kan nytte i avl, og ikkje minst linja etter B-kullet som var født i 2002...

Det var vanskeleg å plukke ut nokre bilde og ord som skal beskrive reisa og arbeidet som er lagt ned, men kanskje burde eg skrive ned litt frå kvart kull(?)...

 

Gøy er det at Saga - Kvasneset`s Love Don`t Bother Me som blir den første tispa eg går vidare med der eg har linjeavla stamtispa mi!! Ho er dotter av Kvasneset`s Himmelens Diamant og Lavender Sky Black Brianta, Sky som eg tok igjen som parringsvalp trå Tsjekkia er datter av Kvasneset`s Braveheart "Bajas" som sikkert fleire har fått med seg var ein heilt spesiell hund for meg  Valpa forventast rundt 24.11.2020...

Her i huset kan absolutt det aller meste hende... ;)

Klem -Anja-


torsdag 1. oktober 2020

Valpa hausten 2020..(?)!

Eg ser no veldig fram til nesten kombinasjon vi har planlagt då eg har vore så heldig å få lov å bruke frossen sæd etter Flat Garden`s Eirik XVIII. Å få lov å bruke han på Saga - Kvasneset`s Love Don`t Bother Me er for meg spennade...Det skal bli kjekt å forhåpentlegvis gå vidare med Saga då det er her begge linjene mine møte kvarandre og er linjeavel på Kira som var mi første tispe. 

Saga vart inseminert 22. september og vil vente eventuelle valpa rundt 24. november. 
Om eit par veke vil kanskje dei første teikna på drektigheit begynne å synes, ja om ho er drektig...I og med Saga ikkje bur her heime til dagleg vil eg og eg er usikker truleg ta UL rundt 4 veker etter inseminering. Saga budde her til ho var 2 år så ho går heldigvis uproblematisk, fint og trygt inn i huset saman med resten av flokken når ho kjem hit.  

Her er dei sunne og vakre foreldra med stamtavla...

 
Fleire har spurt om det kjem brune valpa, men det veit eg først når det eventuelt kjem valpa for eg har ikkje gentesta ho. Faren er brun så det vil sei at alle valpane vil bære brunt, faren til Saga gir også brunt så mulegheiten er der. 

Elles kan du sjå oversikt over valpa vi har hatt på heimesida vår Kvasneset.com 
Vi har også ei side på Facebook Kennel Kvasneset og ei ei gruppe for valpekjøpera. Ein god del bilde er der på vår Instagramkonto Kvasneset , og om du i tillegg #teamkvasneset vil du sjå mange hundar frå oss.

Vi håpa alltid å få fram gode sunne og fine familiehundar, med eit god og rasetypisk lynne. 
Ta kontakt med meg om du vil høyre meir på anja@kvasneset.com eller tekst/ring meg på 900 18 619 :)

Kjem med flerie oppdateringar etterkvart som eg veit meir...
Nyt hausetn og ha ein fin dag..!
Klem -Anja-

onsdag 27. mai 2020

Noreg, kva skjer eigentleg..!?


Norsk natur...er det dette noko av det vi vil rassere og selge ut av landet..!?

Ja, kva er det eigentleg som skjer her til lands??
Skal vi berre øydelegge store delar langs den fantastiske kysten vår for kva, Vindturbinar!??
Kva godt vil dette føre til for folket som bur her og livet langs kysten? 


Det kjem ikkje godt nok fram kva miljøkriminalitet som ligg i slike stor monster...det å produsere dei, men kva når dei skal skiftast ut, vi kan ikkje gjenvinne dei så då må vi brenne dei eller grave dei ned?
Det vi veit er at dei drepe fugl og innsekter, dei laga støy for dei som bur rundt og øydelegge store naturområder for oss alle.
Men, kva med oljen dei skal forbruke og kva med lekkasje?
Kva med slitasje som plast/fiber som fyke av vingane er ikkje det skadeleg for naturen?

Kva med vedlikahald av desse, er dette miljøvennleg?
Eg trur her er for mange side som ikkje er belyst som gjer at dette er noko av den værste miljøkriminalitetn vi ser i Noreg i dag..(?)
Det er faktisk nok av artiklar der ute som vise at vi må tenke litt meir, ja som denne om avisingEg vil samstundes vise til ein artikkel på Forskning.no - og denne ang fare for oljelekkasje

Gå inn på Motvind for å sjå alle prosjekta!!
Her har de direktelenke til Haramsøya på Sunnmøre, i Ålesund kommune.

Elles må det nemnast at eg berre digga å sjå videoen der lastebilen ikkje kunne kjøre i land frå ferga i går!! Alle aksjonar som har forseinka arbeidet, så til alle dåkke ute på Haramsøya - de gjer ein strålande jobb og skulle ønske eg og sikkert fleire kunne stille opp. Men, i dag måtte dei på fjerde forsøk med politieskorte gå til side...
Det er leit, veldig trist å sjå at eit demokrati som Noreg ikkje er det demokratiet vi burde vere så stolt av. 

Eg lika lokalt engasjement, men igjen er det eit stort problem at vi ofte bryr oss når noko kjem nær oss, og eg meina faktisk alle som brukar naturen og landet våra har ein rett til å bry seg om det som skjer. 
Ja sjølv turistane som besøke Noreg har rett til det og difor kontakta eg media rundt om for å sjå om dei vil vise Noreg sitt sanne ansikt utad...men, problemet er kanskje at dei håpa på akkurat denne vindkrafta så difor ser dei berre vekk ifrå det(?). 
Eg meina at Noregs sanne ansikt bør visast utad for eg har ein kjensle av at politikerane ikkje bryr seg om det som skjer i dei små samfunna rundt om i landet (arrester meg gjerne om eg tek feil, og eg håpa at eg gjer akkurat det!). Ja for vi ropa høgt korleis vi vil andre skal styre i sitt land og brukar miliardar på regnskogen, samstundes som vi rassera vår eigen natur!!! Det er vel på tide at dei som styre snart må sjå galskapen i det dei gjer!? 
Det er heller ikkje berre vindturbinar som øydelegge norsk natur, berre sjå til andre stadar på Sunnmøre og spesielt til Ålesund og Sula som vil øydelegge naturen i og ved fjorden. Vi som innbyggjera har eit ansvar og vi må vise at vi ikkje kan godta slik dårleg forvaltning av landet vårt. Ja for det er vårt på lik linje med dei som trur dei veit kva dei gjer, men heilt sikkert ikkje har satt seg nok inn i ei sak før dei røysta...

Fugl og fauna er ikkje ivaretatt med tanke på alle dei prosjekta som er planlagt langs norskekysten!!
Rasseringa av naturen som folk skal bruke i generasjonar framover får store ubotelege sår. 

Eg, du og vi bur i eit land med ein slik fantastisk natur, ja det er den vi er kjend for og som dreg så mange turistar hit kvar år.
Akkurat no er eg faktisk skjemd over at det såkalla demokratiet vårt vil rassere akkurat NATUREN VÅR!! Å det er eg mest truleg ikkje aleine om når vi ser motstanden rundt om.

Ærleg talt, kva vil eigentleg de på stortinget gi til alle dei som kjem etter oss, er det berre å bruke og rassere mest mogleg slik at minst mogleg er igjen..!?

Vindturbinar er farleg for fuglelivet og ikkje minst for innsekta som vi er avhegig av...når det er sagt så gjer vi mykje for å verne om humle og bia, kanskje dette også er til stor fare for dei..?
 Sulafjellet som lett kunne blitt eit offer for denne slags miljøkriminalitet om ikkje her var for stor motstand...
 Norsk natur på sitt vakraste..?

Dette er ei sak for alle i regjeringa og på Stortinget, vis at de har ryggrad til å bokstavlegetalt stå i vinden og tek ei avgjersle på vegne av det norske folk og landet vi er så heldig å få bu i og forvalte. Vi er ikkje her for å øydeleggje det, vi skal ta vare på det og forvalte det til det beste for naturen og vi som bur her i dag og for framtida...
Så difor burde det her engasjere ganske mange departement på Stortinget som kanskje
Helse-og omsorgsdepartementet - burde absolutt kome på bana då dette råka helsa til mange involverte både psykisk og fysisk.
Kommunal-og moderniseringsdepartementet - Vakn opp!! Med dette vil de øydelegge dei små bygdene og samfunna langs kysten!!
Kulturdepartementet – Natur og friluftsliv er også kultur!! Noreg sin vakre og uberørte natur er ei kuliss for det eventyret vi leve og regissera kvar dag!!
Klima-og miljødepartementet – Det er på høg tid dåkke kjem på bana for å redde naturen langs kysten vår!! Det er miljøpartiet Venstre som har denne ministerposten så eg oppmoda de til å handle no før det er for seint! Såra i naturen er vanskeleg å gjere opp for når dei no begynne arbeidet ute på øya...
Olje-og energidepartementet – De er ei skam for Noreg for å ha gitt klarsignal for eit slikt overgrep mot folket og naturen. Det er eit overgrep som ikkje er mogeleg å bote på i overskueleg framtid, og de som sit der i dag har gjort ein elendig jobb for Noreg, folket og demokratiet!!
Å gi løyve til å øydelegge vår arv for så å selge straumen ut i verda!! Eg er skjemd av å vere norsk etter slike handlingar...


Det her burde få konsekvensar, det å øydelegge lokalsamfunn og den norske naturen som er ein resurs for oss alle for så å forsyne Europa med straum!? 
Dei som eventuelt treng straumen burde ha vindturbinar i eige land. 

Om du som lese det her ikkje skjønna frustrasjon over noko som dei sei er bra for naturen og økonomien så ta deg knappe 20 minutt å sjå på denne filmen så kanskje den gjer det lettare å forstå...

Når eg engasjera meg så er det med heile meg og hjartet kjem på utsida med alt av kjensla det kan kome med. Så muleg eg bevega meg litt på kanten, men det er naturen og kva den har å sei for framtida det er snakk om, men kanskje det er på tide eg ser at "lille meg" ikkje får gjort noko med dette, så får eg gå meg ein tur i fjellet å nyte naturen på Sunnmøre medan eg fortsatt kan...... 

Husk at det faktisk ER MIN, DIN OG VÅR NATUR, IKKJE MINST VÅRT VAL OG VÅR FORVALTNING!!! 
Men, kva kan vi gjere for å bevare den..!?
For Norsk naturresurs trudde eg vi skulle verne om, og nytte til god fysisk og psykisk velferd til folket... 

Eg må sjå tilbake på eit innlegg frå i fjor og Husk at når naturen og kloden vår er øydelagt så kan vi ikkje berre pusse den opp igjen!! Det gjeld så absolutt etter at annleggsmaskinen har gjort sitt inngripen i naturen.
Pengar og makt er ikkje alt her i livet...Utan eit hjarte på rett stad er du fattig..! 
Bileta er tidligare posta på Instagram

Vi må stå saman om å ta vare på kloden vår 
Vi får ikkje ein ny natur med hjelp av pengar eller eit malingsstrøk etter den er øydelagt. 
Urørt fjell...
Evebtyrleg og frodig skog...
Reint hav...
Reine og friske fjordar...
Det gir oss betre helse og oppvekst...

Bruk hovudet og hjarte å tenk kva som er viktig for oss ALLE..!!

Sende ein styrkeklem til alle som blir direkte berørt av denne galskapen!!
-Anja-

torsdag 7. mai 2020

Valpa planleggast sommaren 2020..!!


I år har eg 20 års jubileum som oppdrettar av flat coated retriever 
Om alt går etter planen vil vi få valpa i løpet av sommaren 2020 og med levering tidlig i september.
Sjølvsagt vanskeleg å sei om det blir valpa enda, men om du har lyst å høyre meir om valp frå meg må du gjerne ta kontakt. 
Du kan sjå oversikt over valpa vi har hatt på heimesida vår Kvasneset.com 
Vi har også ei side på Facebook Kennel Kvasneset og ei ei gruppe for valpekjøpera. Ein god del bilde er der på vår Instagramkonto Kvasneset , og om du i tillegg #teamkvasneset vil du sjå mange hundar frå oss.

Vi håpa alltid å få fram gode sunne og fine familiehundar, med eit god og rasetypisk lynne. 
Ta kontakt med meg om du vil høyre meir på anja@kvasneset.com eller tekst/ring meg på 900 18 619 :)

Ønska alle to- og firbeinte ein herlig vår 
Klem -Anja-

onsdag 29. april 2020

Hund = helse, kultur, idrett og frivilligheit..!!

...Hund er så utruleg viktig på mange område i samfunnet vårt der under alle former for tjenestehund, som idrett og kultur, men ikkje minst også i den fysiske og psykiske helsa. Ja, den er ofte mykje viktigare enn kva medisin kan gjere, så då spør eg kvifor er det ingen som slår ring rundt «hunden» i den her Koronatid..!!!??
Herlige, gode og minnerike opplevingar på ei NKK utstilling 🖤
Kven hadde trudd at «lille oss» skulle bli «Best in show» oppdrettar i ein slik stor, flott og hard konkurranse..!? 
Når denne krisa er over vil eg håpe at vi kan skape nye gode augeblikk og herlig minne.
Men, først av alt håpa eg at vi fortsatt har Norsk Kennel Klub som vår nr. 1 organisasjon i Noreg ✔️

Det har vore snakka mykje om dugnad og at det ordet kanskje blir litt misbrukt...
Men, vi kan ikkje sei anna enn at HundeNoreg som er bygd på dugnad, bruka no ein enorm dugnadsinnsats på å redde sin eigen dugnad!!
Ein slik samfunnsressurs som hunden og det organiserte hundemiljøet står for er det ufattelig trist at det enda ikkje har blir sett på av regjeringa...ny opplysing no i kveld er at regjeringa jobba med denne saka!! 

Så no har eg fortsatt tru på at Regjeringa ser samfunnsnytta hunden har, og viktigheita med å ha ein organisasjon som NKK i Noreg!!!
Spesielt etter at Abid Raja svarte meg i ein kommentar på Venstre sine Facebook-side om at regjeringa jobba også med denne saka!! 🙏🏼

Om NKK treng rundt 10 mill for i første omgang å kome seg gjennom denne krisa så er det knappe kr. 140,- frå kvar medlem (om eg ikkje tek feil). Det er fleire som ikkje ser at vi kan gjere den store forskjellen, men eg trur at nesten alle medlemmar kan sette av dette beløpet for å kunne redde dugnaden vi har hatt gjennom godt over 100 år!!

Når regjeringa er så sein med å handle ovanfor slike liknande organisasjonar så må vi som er avhengig av eit sterkt NKK handle. Så difor set eg i dag av ei god flaske vin i kontanta som mitt bidrag til Norsk Kennel Klub.
For eg ønska at NKK fortsatt skal vere her neste gang eg skal registrere valpa, når eg skal delta på utstillingar og/eller prøver.
Korleis kan vi få reise ut i verda med våre hundar om vi ikkje kan få registrere dei i NKK??

Kanskje kjem regjeringa med ein krisepakke innan tida blir for kritisk, eller kanskje ikkje...
Kanskje kjem dei med ein god pakke, men er det nok(?)...om så er det greit om vi alle er klare til å handle på vegne av alle medlemmar som er i dag og dei for framtida. 
Det viktige er at vi alle står saman og hjelpe der vi kan!! 

Det blir bra ein dag, og då håpa eg NKK står støtt 🖤
Klem -Anja-




I og med dette innlegget vart påbegynt for nokre dagar sidan tok eg med ting som muleg ikkje er heilt relevant i og med regjeringa no jobbar med denne saka 🖤🖤🖤

Eg melde meg inn i Venstre for at det var det partiet hjertesakene mine i kommuna låg nærast...eg såg ikkje til den sentrale politikken i valet mitt. Men når vi no har Venstre i regjering og når dei på så lang tid ikkje kan imøtekome NKK og HundeNoreg på nokon måte må eg sjølvsagt sjå at ei av mine sentrale hjartesake ikkje er forenleg med det partiet eg skal tilhøyre lokalt.
For som medlem i Venstre si Facebook-gruppe har eg tatt opp denne krisa eit par ganga, men eg kunne ikkje la vere å prøve ein gang til å ta diskusjonen inn der og med det delte eg denne lenka sist torsdag 23.04.2020 og skreiv:
Prøva ein gong til å få Venstre og ikkje minst Abid Raja til å sjå denne saka..!! 
Då eg posta eit innlegg for nokre veke sidan var det ingen som bemerka seg det. Rekna med at her inne er det ingen som har hund i familien? Ingen som ser nytta av ein politihund, narkohund, ruinsøkshund, redningshund, ettersøkshunder, blindehund, hjelpehund, besøkshund...? Eg kunne fortsatt, men må berre ta med ein til - Coronasøkshund?? Ja for det jobbast med å få hundar til å oppdage viruset. 
Hundar kan brukast til det meste og er fantastisk med tanke på psykisk- og fysisk helse!!
NO treng HundeNoreg den hjelpa dei kan få og eg håpa at mangfaldet i Venstre ser dette.

Av dette vart det sjølvsagt diskusjon (heldigvis!), og når eg brenn for noko så kjem nok det meste av hjarte utanpå og fingrane flyte over tastaturet........å ja, det blir litt sakleg men ispedd ein stor del kjensla!!
Eg kan ikkje ta med alt eg skreiv og sjølvsagt ikkje det andre skreiv på denne sida, men eg kan ta nokre utdrag: 

- Dessverre er det folk i diverse miljø som ikkje alltid er einig i det som skjer innad i ein organisasjon.
Men, vi er faktisk avhengig av eit sterkt NKK som ligge under FCI og eit stort og breit samarbeid med ein stor kennel union.  
- Sjølv om eg sjølv kan stille spørsmål til noko så håpa eg inderleg vi fortsatt har eit sterkt NKK når vi er «på potane igjen»...!! 
- Korleis skal vi klare å ha eit samarbeid mellom landa utan NKK!!?
Trist er det, ufattelig trist er det om regjeringa ikkje snart kjem med ein krisepakke til organisasjonar som verkelege treng det.
Noreg har anna aktivitet enn ballsport, sang og teater...
Så håpe Venstre kan vise at dei er bygd på anna enn luftballa............... ;)
- Vi kan jo prøve å finne ein organisasjon, ei gruppe, ei forening der alle er lik, tenke likt og ønska likt...det trur eg neppe fins. 
- NKK er så veldig viktig for oss alle, og eg kan sei at eg ikkje er einig i alt, men kor kjedelig hadde kvardagen vore om vi alle var det...(?)

I dag delte eg enda eit nytt innlegge... 

onsdag 1. april 2020

Så rørt og stolt i ei elles så veldig rar tid...

Ein god pust i bakken med tur på Aksla...
Den digge og supergode «Guttaburger» av Tim..!

Ikkje alt er så gale denne tida for vi har plutseleg kanskje fått litt meir tid til det vi ikkje har hatt så godt tid til før...
Vi får brukt tida til å reflektere litt over livet og tida vi er i, kvar er vi no, kva skjer og kvar vil vegen vidare gå. Mykje er trist og leit, men vi må alle prøve å ta med oss det positive som kvardagen gir oss, kanskje berre dei små tinga som vi elles tek for gitt.

Til dagleg er det skulegang der barna våre har innhaldsrike dagar, ja dei som klare å kome seg til skule for det er ikkje alle som gjer...dei er borte av ulike årsake men eg håpe dei får god hjelp til godt innhald i sin nye kvardag. 
Lei meg er eg for alle dei som ikkje får dette lille «friminuttet» eller pusterommet dei treng i kvardagen sin, vi må alle prøve å gi omsorg akkurat der og sjå litt ekstra rundt oss om det er nokon som treng at vi bryr oss.
Det er mange forskjellege barn rundt om i landet som no skal ha heimeskule der nokon er sjølvgåande og skulle hatt litt meir å gjere, medan andre kanskje har for mykje...(?)
Variasjon trur eg er ein viktig nøkkel for å halde motivasjonen til barna og foreldra oppe.

Vi har vore så heldig å kunne ha litt praktiske oppgåver då Timmen i sist veke lagde vafler, denne veka jobba han med den yngste hunden i huset for å vise preposisjonane han hadde skrive. 


 Utrulig fint å sjå dei jobbe så godt for å få til dette...Timmen ville prøve med katta Kurt først for han var enklare å løfte, men han leve heilt klart sitt eige liv 🙀
Teksten er på engelsk då vi publiserte dette på Kvasneset sin Instagram og der er det mest følgjera frå utlandet...

Timmen jobba supert ilag med "lille" Emil som bli 6 månader førstkomande laurdag...

Ikkje minst utrulig gøy for han og digg for våra gane då han laga til «Guttaburger» heilt på eigen hand 💙 For nokon er kanskje dette ei sjølvfølgje, men for meg gir det ein klump i halsen, tåre i augene og den aller største kjensla av stoltheit...
Vi har streva oss gjennom to og ei halv veke med heimeskule. For søstra byr det på ingen problem og ho får tilbake arbeid med høg måloppnåing og veldig ofte alt rett...men, for broren som slite med lærevanskar der han også har både dysleksi og dyskalkuli sei det seg sjølv at dagane blir strevsam for både foreldre og ikkje minst guten 💙 
Men, det å få sjå den gode meistringa på alt det praktiske er heilt fantastisk!! 💙💙💙
Han dekte bordet før han klargjorde kvar tallerken...
Han laga burgeren heilt frå botnen av og den var minst like god som
den  ser ut...

Sjølv om eg veit at han er veldig flink på praktiske ting er det så godt at han får vist det på ein slik måte. Det å få gode tilbakemeldingar gir litt ekstra energi til resten av oppgåvene som ligge framføre han.
Han er ein utadvendt moroklump som legg om stemma alt etter kva dag han er på ;) Kjem gjerne med nokre morosame kommentarar og små «gullkorn» innimellom, sa brura...Personlegheita får han bruke under arbeidet for her er det ingen han treng å ta omsyn til. Med det er også kreativiteten på plass og oppgåvene blir besvart på ein fantasifull måte...

Herlig er det å ta langfri ute i den flotte naturen vår, med turar saman med hundane i alt slags vêr. Det har for tida vore mest storm og regn, men vi ser fram imot deilig vårvêr der vi kan nyte det på ein anna og god måte...
Nokre dagar har skulearbeidet teke ekstra tid og då har det blitt litt seint før fjellturen kunne takast...men så godt å få lufte hovudet godt etter ein slik dag.

La oss alle både foreldre og barn få lov å kjenne på ei viss form for meistring og la oss på den måten kunne ha ei triveleg tid og få behalde familieroa.
Med det oppmoda eg eigentleg alle lærerar til å putte litt meir praktiske oppgåver inn i skulearbeidet til elevane, gjerne slik at kvar elev på nokre oppgåver gjennom veka kan velje mellom teori og praktisk oppgåver...dette kan godt gjerast i det daglege, men spesielt med tanke på resten av dette skuleåret om det vise seg at dette vil vare ei stund. 
Ja at det vare ei stund veffal ut april er faktisk noko eg håpa på, for sleppe vi for tidleg opp kan vi få tilbakefall og det er ikkje ønskeleg. Samstundes vil kanskje alle desse tapa som har vore gjort desse vekene vere forgjeves om vi må tilbake og starte med innstrammingar på nytt.
Det er sjølvsagt fortvilt å ha kjenslen av å ikkje strekke heilt til med oppgåvene elevane har. Men det er betre enn at vi skal få «fri flyt» og ikkje lenger ha kontroll på kven deig vi  har kontakt med. Dette er snakk om nokre få veke av eit heilt liv og det klare vi så lenge det er med på å redde liv, for vi har ingen å miste...

Vi må alle vere «aleine» denne tida...men, sjølv om vi skal ha minimal kontakt med andre folk no så er det for meg ei sjølvfølgje å inkludere mi kjære søster og henna tre barn. For med ein far som er på sjøen i denne uverkeleg tida så kan ikkje ho bli sittande inne aleine med tre aktive små barn...og vi tek sjølvsagt våre førehandsreglar.
Eg oppmoda til å ta kontakt med folk i familien eller vener for å høyre om dei har det dei treng, eller berre ta ein telefon for å høyre om ting går greit. 
På telefon synes eg det er utrulig godt å få snakke med storesøstra mi om korleis dagane går, og saman kan vi planlegge kva vi skal gjere når det vårast, og legge planar for kva tur vi kan ta når dette ein dag blir litt enklare å gjere og gjennomføre.

Elles håpe eg vi alle lære litt av denne uverkeleg tida slik at vi kan gjere små endringar i kvardagen som kan vere til nytte for oss sjølve, dei rundt oss, samfunnet og ikkje minst har vel dette gitt oss ein vekker med tanke på naturen og klimaet. Eg er ingen fanatiker, berre ei som er utrulig glad i den fine og flotte naturen vår. Eg har eit ønske om at vi skal kunne overlevere det magiske vi bur i og ved i god stand til dei som ein dag kjem i generasjonane etter oss...

No er verda råka av noko som er avhengig av kvart enkelt menneske for at vi saman skal kunne få kontroll. Om du er president, konge, skomaker eller renovatør spilla inga rolle for dette viruset stoppa ikkje av sosial status men av god hygiene og at vi følge dei retningslinjer som er satt.

Husk å seink skuldrane, ro ned og kjenn på at livet er greit i ei litt lågare hastigheit...
Ta vare på deg sjølv og kvarandre, hald hovudet kald og hjartet varmt ❤️

Klem -Anja-
April ein deilig vårmånad som valgte meg 🌸
I hagen har eg nett tatt vekk blada som datt til bakken i fjor. Dei same trea som bar dei vil igjen vise si styrke ved å la det spire igjen i år. Samstundes vise alt seg å vere eit år sterkare enn april i fjor...
Eg gler meg til energien blomstrane vil gi til alle små og store som ferdast i hagen, etter stormane si herjing har eg eit stykke arbeid igjen før vi kan nyte til det fulle, men i mellomtida har vi minne og bilda frå ein tidligare vårdag...
Sjølv kor vanskeleg ting kan bli så ikkje mist håpet for husk at det er så mange vakre ting som ligg der frame å venta på deg 💖
Uverkeleg og rart så kjem det uansett ein vår å glede seg til 🌸

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...