torsdag 30. juni 2016

Dummy training

Berta er husets desiderte maskot som er her og gjer stort sett det ho vil.............det er her eg skulle fått med smilefjes med stor munn, himling med augene etc. men har sagt at om eg ein dag ser ho oppå stuebordet halvt hengande i lysekrona og logrande med halen så overraska det meg ikkje ;) 
Men enn så lenge har ho verken ruinert meg eller funne på for mykje gale...ho berre svimsa rundt her som om at ho har livet for sine pota...

Når det er sagt skulle vi bli så flinke å trene så vi møtte opp på Makvis hundetrening...jaja masse skryt om god kontakt etc fikk vi, men blei ei foreløpig kort karriere :/
Noko som er heilt klart er at Berta uttales BErta er som sin mor veeeeeldig glad i bære... 

Tok med dummyar ned til sjøen og skauen for litt trening og ho markera godt og buka nasen gdt, der er det ikkje snakk om å gi seg sjølv om dummyen ligg godt inni einekrattet!!
Sjølvsagt god avlevering så det er berre for meg til å sette ting i system ;)
 Fin fart på den lille maskotten min...


Grasiøse bevegelsa :) meir som henta frå ei disney reklame...
 Her har ho virkelig jobba godt og super fart inn igjen...

Kanskje skal eg finne meg eit fint "dyrefritt" omåde å få trent ho litt mei på ferie...
Må innrømme det hadde vore veldig kjekt å trene litt på skikkelig igjen!!
-Anja-

tirsdag 28. juni 2016

Ny NUCH ☆

Herlig fyr asså...

Ufattelig rørt, stolt og takknemlig 
Er så heldig at eg har fått stille "Chico" nåkken ganga og utrulig nok har han tatt fire cert dei siste fire gangane i ringen!!... Han fikk på laurdag sitt siste 3dje tellande certet og kan titulere seg NUCH - Norsk utstillings champion!!...
G*R*A*T*U*L*E*R*E så masse til Sølvi og Jarle med ein skikkelig herlig champ i huset!! Ikkje berre er han vakker men ein skikkelig going med eit herlig gemytt 
"Chico" - NUCH Kvasneset`s Himmelens Diamant BIM for dommer Jan Roger Sauge...
Tre hunda frå oss vart stilt i helga :)
Laurdag for dommer Torunn Sørbye blei det følgande:
Unghund klasse - Kvasneset`s In Long Desember Night "Bobby" excellent 1konk ck 4bhk res cert.!! BIM unghund...
Åpen klasse - Kvasneset`s Himmelens Diamant "Chico" excellent 1konk ck 2bhk cert- ny CHAMPION!!
Junior klasse - Kvasneset`s Just For Fun "Berta" excellent 1konk BIR og BIS3 junior

Søndag for dommer Jan Roge Sauge blei det følgande:
Unghund klasse - Kvasneset`s In Long Desember Night "Bobby" excellent 1konk ck BIR og BIS2 unghund...
Champion klasse - NUCH Kvasneset`s Himmelens Diamant "Chico" excellent 1konk ck 1bhk BIM
Junior klasse - Kvasneset`s Just For Fun "Berta" excellent 2konk
"Bobby" i ringen...Han er fortsatt ung og har slept masse pels, men godt fornøgd med han i helga!!...
"Bobby" BIS2 søndag...

Veldig koselig med litt sosialt på kvelden!!...Å då måtte vi feire ein champ akkurat slik ein champ skal feirast!!

"Chico" blei sjølvsagt feira slik ein CHAMP skal feirast!!...

Katja stilte Berta i barn&hund på søndagen...å Katja var så flink å få ho til at mulig ho må stille ho i Trondheim :)

Tusen takk for alle som bidro til at vi hadde ei super helg i og rundt ringen og ikkje minst det sosiale på laurdag kveld!! :)
Love "my" dogs!.............berre om nåkken lurte på det ;)
Klem -Anja-

torsdag 23. juni 2016

Draumen om det gode liv

...ein definisjon av det gode liv - livsledsager, barn, hus, stasjosvogn og ein fibeint!! Ja då er du veffal med i gjengen om det gode liv etter mi meining...uansett korleis ein då har det så er utgangspunktet bra ;)
Må innrømme at å ta ei lita pause frå barnedåp å heim til dette er slettes ikkje dumt...isadenfor å drikke kaffi kan eg godt plukke litt dritt ;) Huff...er det dette som kallast hundegalskap!?...

Eg har blitt satt ut av arbeidslivet etter den første store og fatale ryggoperasjonen i januar 2011!!...Men, som sagt har eg fortsatt eit liv å leve så smertene får hard kamp kvar ein dag. Eg når stadig små mål eg sette meg og gir ikkje opp så lett sjølv om det var tanken som streifa då eg ikkje kunne arbeide men ein må prøve å tenke nytt så kva kan eg gjere som har "litt meining"!?...
Hund har vore ein lidenskap dei siste 20 åra og dei har hjulpe meg gjennom dei åra frå helvete starta til eg "innsåg det"...og no har eg innsett ein ting til!! ;)
Er kanskje ikkje så lett å sjå sidene ved det å drive oppdrett sjølv om eg begynte å kurse med då eg var rundt 16 år og enda kun hadde hannhundar ;) Nye ting oppdaga ein kvar dag og gjennom desse fantastiske åtte vekene med valpa i hus har eg innsette ein stor del av det å drive med oppdrett............Det å kunne få gi frå seg ekstremt trygge og goe, vel prega valper med ein frisk start på livet, og det er kanskje ikkje alltid ei sjølvfølge.
Men, noko som igjen har gitt meg energi (sjølv kor trøtt og sliten ein blir etter dei siste 4 hektiske vekene) er tilbakemeldingane frå så mange flotte valpekjøpera 
♥♥♥ De har gitt meg så gode ord at tårene står i augene og klumpen i halsen!!...Eg har aldri vore god på å ta imot kompliment (er veldig flink å sjå mine dårlige sider som mange andre...), men har no begynt å ta det til meg og de skal vite kor mykje de som valpekjøpera og kvar enkelt valp betyr for meg ♥ Hund er ein stor del av livet mitt (det har nok gubben min skjønt, om ikkje trur eg han hadde forlatt meg for tre hunda sidan)...dei gir meg mykje, men den gleda eg har av å kunne berike familiar eller enkeltpersona med slike skatta er ufattelig godt. I ein telefonsamtale med ein av dåkke kunne eg nesten føle på det at eg har ei meining i livet...

For å drive oppdrett handla ikkje berre om å få plassert valper rundt der dei kan premierast på utstilling eller bruks. Sjølv om det er fint å ha som eg kan vise til for å få nye kjøpera ;) Uansett vil det viktigste for meg vere å kunne bruke 8 veker på å gi valpane den beste og tryggaste starten på livet!!...
Det handla faktisk om at du skal tilføre rasen noko når du planlegge og gjer ein kombinasjon, men den jobben frå fødsel til levering er like viktig for at eigarane skal lykkast med sitt nye familiemedlem.
På tur med fine valpekjøpera...

Eg vil sei tusen takk for at alle som har kjøpt hund av oss eller har den på foravtale har valgt oss for å gjere familien komplett ♥ eg set umåtelig pris på dåkke og gleda meg med dåkke om det er familiekos, turkompis, nåkken steike bra venstresvinga, eit godt ettersøk eller i jaktmarka!!...
Så lenge akkurat du har fått "verdens beste hund" veit eg at her skal eg gjere det beste for å få nye gode kombinasjone til glede for nye og forhåpentligvis gamle valpekjøpera...
Tid til å vere mykje ilag både ute og inne, med og utan eldre hundar...
Tid for å sei hade og starte sine nye og virkelige liv...
Fin tid og herlig kose med valper og ikkje minst liv i stua...
 Sosialisering på forskjellige sjukeheimar...
Viktig sosialisering i leik med barn...

Mange av dåkke er langt unna, nåkken har eg betre kontakt med enn andre, men for meg er dåkke alle unik og skulle gjerne gitt alle ein klem...men, det får bli ein ekstra på dei som eg ser ofte (stakkars folk asså!)...
Ha ein herlig kveld!!
Klem -Anja-

onsdag 22. juni 2016

Barnas drøm

Barnas drøm er nok ikkje feil val av namn ;)Det var veffal utrulig flott å kunne få leige dette til barnebursdag!! 
Her var det super stemning med barn i full rulle heile tida...hoppeslott, grilling av pølser og marshmallow, leik på berga og i fjøra, "halli-halla" etc.

Sjekk ut Facebooksida til "Barnas drøm" og bestill dei for å få  halde til ute og barna vil storkose seg!!...
-Anja-

mandag 20. juni 2016

Namna er satt på kvar farge...

Herreminhatt for eit skue vi har hatt her!!...
Vi har jo alltid hatt fine og herlige valper noko anna kan eg aldri sei og påstå, kvar enkelt ar vore unik for sin familie. Men, det vanskelige med dette kullet er likheten (ja Nora sitt kull sist også var mtren like vanskelig), ja dei alle er slåande like og ingen som utmerka seg på ein måte som sei at "den passa ikkje oss" eller "den passa til dei"...Det meste har gått litt på farge og litt bruks, eg har testa dei grundig for optak og avlevering og ikkje minst reaksjon på ulike ting...viktg at den som er "best" kjem til dei som skal brukast i praktisk jakt.

NO41719/16 - Kvasneset`s Keep Me Cool Yoda "brun/blå/Yoda"
NO41720/16 - Kvasneset`s Keep The Faith "grå"
NO41721/16 - Kvasneset`s Keep On Dreaming "rosa"
NO41722/16 - Kvasneset`s Keep Me Hanging On "grøn"
NO41723/16 - Kvasneset`s Keep Your Head Up "mørk blå/svart"

NO41724/16 - Kvasneset`s Keep Talking "oransj"
NO41725/16 - Kvasneset`s Keep On Shining "gul/creme"
NO41726/16 - Kvasneset`s Keep On Smiling "lilla"

NO41727/16 - Kvasneset`s Keep My Heart "raud"

torsdag 9. juni 2016

Må vite!!...

...Jepp, no må eg både vite og snart bestemme meg for kven vi skal ha og kven som skal kor ;)
Heldigvis har det vore til litt forskjellige folk, så då håpa eg å treffe rett. 
Det er godt når vapekjøperane kjem med "ønske" og det gjer arbeidet mitt lettare...men denne gangen har det vore litt vanskelig å velje.

Yoda skulle vi nok alle likt å ha her heime!!...Ein storsjarmør og herlig fyr som tek kontakt heile tida (er vel ikkje så rart sidan Tim Are har gått rundt med han sidan han var liten)...
Mr. Grey - one shade of Grey...Herlig tillitsfull og kan vere ute å snuse rundt, men kjem som eit prosjektil når eg ropa på han. I kveld var han så ivrig at han nesten logra seg i senk. Herlig vesen som virkelig har ein avknapp!
 Frk. Grøn som har hatt eit sesielt forhald til meg heile tida...frå ho låg ilag med meg til no når ho berre sitte å skua over gjengen. Kjenne eg har ein liten knapp på ho. 
Frk. Gul/Krem har ikkje hatt nåkken speiel framtreden, men ho har vore her og vist seg fram på sin måte...ein liten outsider her ;)
 Frk. Lilla har gått "på linje" med raud og har eit heilt herlig vesen og egentleg vore ein av ine favorittar!!...
Men, er nok også den som er den roligste samtidig som ho elska å bere, tok litt tid før eg slo meg med ro til tanken at ho her kanskje skal få reise til Drammen. 
Frk. Oransj fekk kun tre kommentar på blokka mi; uredd, kul og fin!! I tillegg til at skrangle etc. skal utforskes så går ho rundt å bere å ting. Opp i Mo i Rana skal dei bruke hunden i praktisk jakt og det kan sjå ut til at ho kan passe fint til dei!!
Frk. Raud har eg prøvd å la vere å sjå på då vi hadde besøk frå Brumunddal som falt pladask for den Raude!!... ;) 
Miss Pink ho er jo berre skjønn da!!...og når eg har bestemd med (Katja heilt uenig) at ho ikkje skal vere igjen her......Tenke ho skal få reise til Lillehammer ;)
Her er ei til som er med på å gjere valet såååå vanskelig!!...Men no når eg har lagt inn bilda og tenkt meg om så har faktisk sju tisper blitt til tre og det er jo rette vegen ;)

Skal prøve å plassere dei tre siste i morra!!
God natt...
-Anja-



Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...