Berre spør for ein ven, som tilfeldigvis er meg som akkurat no er litt uven med meg sjølv, eller tilfeldigvis berre med SAS 😎 Skulle så veldig gjerne rekt Oslo i morgon ...»
Anja`s ♥ skatter
Anja`s ♥ skatter er mange, og for meg er det eit dekkande ord. I huset her i Runnane – Villa Galskap – har vi mange skattar. Det er alt frå to herlege born på to bein, til sjarmerande, svarte skapningar på fire bein. Som hjå dei fleste andre er det sjølvsagt også nokre "ting" her som ligg hjartet nærast, og som har ei heilt spesiell tyding akkurat for oss. Men så, ein reality check: Eg har plutseleg blitt trebarnsmor, dei to eldste har flytta ut, og i tillegg har eg vorte mormor. Livet, asså!
fredag 13. november 2026
Fredag den 13. !!
Berre spør for ein ven, som tilfeldigvis er meg som akkurat no er litt uven med meg sjølv, eller tilfeldigvis berre med SAS 😎 Skulle så veldig gjerne rekt Oslo i morgon ...»
onsdag 11. november 2026
Eg smelta....
...heilt!! For herlegheit, kor fine dei er! Joda, visst er vel alle kvalpar fine, men eg likte dei så himla godt, og smelta sjølvsagt heilt for disse små hannhundane.
I dag, onsdag 11. november var eg veldig heldig som fikk vere med dei ut for første gang...
Bente berre flira for kvar gong eg spurte «Kven er dette her?» Så går det litt tid før eg spør igjen – og det er den same guten eg ser kvar gong. Er det slik at det no blir ny hannhund i Runnane!? Nei, nei, nei, nei! Det skal ikkje skje, men kanskje berre for ei lita stund...
torsdag 5. november 2026
Namna er klare
Når mamma Kvasneset`s Viva La Vida «Frøya» har vore på besøk med pappa Toffedream Hawkeye «Loke» og resultatet viser 8 svarte skatter, ja då var det heilt klart inne for eit tema-kull. Samstundes vil eg ikkje gå vekk frå bokstav rekkefølgja - dette med bokstava gjer det enklare for alle å følgje kulla.
Tenkjer no at det er litt dumt at Timmen ikkje skal ha ein hund frå denne kombinasjonen. Han som har hatt så stor interesse for Norrøn mytologi - ja så mykje at han fekk 6'ar i munnleg!
Frøya og Loke representerte heilt ulike sider ved gudeverda, men dei var óg to av dei mest sentrale skikkelsane i norrøn mytologi.
Frøya var gudinna for kjærleik, fruktbarheit, sex og skjønnheit, samstundes var ho knytt til krig og død.
Loke var av joteslekt og ingen vanleg gud - jotnar og gudar var ofte i konflikt. Han var ein lygarkonge, luring og ein meister i å skape kaos. Han kunne visst endre både utsjånad og kjønn.
Håpar namna fell i smak med fleire enn meg...
Kvasneset`s Darraðr með Gjallarhorn
«Odin med Gjallarhorn» Darraðr betyr Spydspii eller spydmann og var eit av namna Odin vart kalla. Ein av Odins 150 namn var også Draugadróttin ein tittel ofte nytta om Odin - herre over dei døde, eller draugane. Det var Heimdall som nytta Gjallarhorn til å blåse i når riket var i fare. Men før det vart eit varslingshorn for Ragnarok vart det nytta til eit drikkebeger for visdom, av Mimes brønn - visdomskjelda. For at Odin skulle få ein einaste slurk av denne kjelda måtte han ofre eine auget sitt til Mime. Odin fekk altså sin visdom frå Gjallarhorn...
Kvasneset`s Draugr í Ragnarøkri
«Gjenferd ved Ragnarok»... I norrøn tru var ein draug ein fysisk død person som vokta haugen sin eller heimsøkte dei levande. Loke hadde med eit skip fullasta av døde jotner, monstre og «Hels hær» som kjempa med han i Ragnarokk. «Hel» var dotter til Loke og ho var gudinne over dødsriket.
Kvasneset`s Duneyrr i Yggdrasil
«Hjorten i Livet Tre» Duneyrr er ein av dei fire hjortane som springer rundt i krona på verdstreet Yggdrasil og gnafsar på blada....Ei gamal tolking seier at morgondogga samlar seg i gevira deira og dryp ned på jorda for å danna elvane i verda. Livets tre, Yggdrasil er det eviggrøne gigantiske verdstreet i den norrøne mytologien. Det står i sentrum av verda og greinene og røtene held dei ulike verdiane saman.
Kvasneset`s Dvalinn með Dróma
«Dvalinn med Droma» Dvalinn var ein av dei mektigste dvergane som var ein dyktig smed. Dromi er den andre magiske lenka gudane smidde for å binde Fenrisulven, og sjølv om den var dobbelt så sterk så kunst han den...Fenrisulven var son av jotnen Loke og bror til Jörmundgandri/Midgardsormen og Hel.
Kvasneset`s Dýrr Draumr um Freyju
«Dyrbar draum om Frøya» - Dýrri betyr «den verdifulle». Draumr tyder draum eller visjon, og for vikingane var draumar ikkje berre tilfeldige tankar men ofte helsingar frå gudane og skjebne. Fruktbarhetsgudinna Freyja - Frøya, som stod for fruktbarheit i kjærleik, seksualitet, fødsel, og magi...
Kvasneset`s Drífa með Draupni
«Gull som dryp på snø»...for Drifa betyr mellom anna snøstorm og blir eit vakkert og vilt naturnamn som symboliserar den utemma nordiske vinterkrafta. Draupnir eller Draupne var Odins magiske gullring, som kvar niande natt draup det åtte nye, like store og tunge gullringar frå den...
Kvasneset`s Dís með fálkasjónu
«Frøya med Falkeblikk» Diser var guddommelege, kvinnelege og mystiske vesen. Sjølve ordet dis tyder opphavleg berre «frue» eller «kvinne» av høg rang. Dis vart nytta som ein ærestittel fordi ordet i utgangspunktet bar i seg ein djup respekt for kvinneleg makt, høg sosial status og guddommeleg kraft. Derfor vart det òg brukt som ein ærestittel for store gudinner, den mest kjende disà var Frøya, som vart kalla Vanadís.
tirsdag 3. november 2026
Fofattarmøte med Margreth Olin
Akkurat i kveld vil eg dele dette før eg går til sengs. Eg sit ved bordet og ser rett mot kjøkkenvindauget. Det er mørkt ute, og glasset speglar mest berre lyset frå kjøkkenet bak meg.
Vanlegvis sit eg her og ser på dei vakre fjella og fjorden – eit levande måleri som endrar seg frå dag til dag. Lyset og stemninga på fjorden og i fjella inspirerer meg. No er alt svart, men eg kan berre late att augo og drøyme meg nokre timar tilbake – då vi sat her og åt, og såg på den rosa himmelen.
Eg kjem til Sula bibliotek i god tid. Lokalet er allereie nesten fullt, men det kjem framleis folk sigande inn døra bak meg.
Eg set meg i ein av dei gode stolane heilt bak i lokalet – litt lågt, men eg sit ganske så greitt der eg ser rett over skuldrane og mellom hovuda på dei som sit lenger frammover.
Margreth fortel med stor innleving frå første ord, og ho seier at ho har skrive heile livet. Heilt frå før ho starta på skulen, og som 5–6-åring skreiv ho si første setning: «Lamma lyser». Det var det første møtet hennar med det å fange ein augneblink.
Ho har halde på med filmskaping i over 30 år. Som ho seier så tek ho til å bli godt vaksen – eller som eg meiner, ho nærmar seg ein god vin, og ein god vin kan ha mange slags årgangar, alt etter kven som smakar. Alder er berre eit tal, og vi er så gamle eller akkurat så passe unge som vi ønskjer å vere.
Ein fantastisk, prisvinnande filmskapar der forlaget har hatt ønske om at ho skulle skrive bøker. Hjå Oktober forlag der har ho ein mann som har venta lengst på ho...
I 2024 debuterte ho som romanforfattar med «Song til mor». Allereie før ho var ferdig med den, ønskte ho å skrive ein ny roman. Den skulle vere humoristisk, lett, ikkje for tung, og handle om lyst og vaksent begjær.
Eg tenkjer forlaget vart nøgd, og eg håpar eg får litt tid i haust til å setje meg ned og lese den. Eg har høyrt «Song til mor» som lydbok, og det er heilt supert at forfattaren les sjølv.
Etter ei fin stund går ho over til det vi mest har kome for, å høyre om den ferske romanen «Utan språk for kjærleik».
Det kjem ganske så flirfullt «Dette får bli mellom oss» – eller, det er vel long gone. Så fortel ho om ein mann ho har vore venn med, og innimellom litt meir. Ho har alltid tenkt at kjærleik, det har ho grei peiling på, men det viser seg i ettertid at ho faktisk ikkje har det…og eg undrast då - Kven har vel det?
Ho skildrar så godt det eg set pris på – lyset og stemninga i naturen. Ho trekkjer òg fram at Fedrelandet berre er ein liten del av ein stor heilskap.
Ho fortel at ho skaper det ikkje, men samlar det inn, omformar det og gir det tilbake 🤍
Vi lever i eit eldorado, sei ho – eg håpar så mange høyrde orda hennar, for dei er så mykje sterkare enn til dømes dei eg har brukt før. Orda hennar blir så verdifulle fordi dei kjem frå, akkurat ho.
Det første ho les frå boka, fyller rommet samstundes som det kjem små, fine lydar frå eit lite barn som ligg inntil brystet til mor si...
Ho rundar lett av med å seie at ho har samla alle kjekke menn ho har møtt, og pakka dei godt inn i «Vandrepokalen».
Ho legg til med eit glimt i auget og smil om munnen - Til dei som trur dei kjenner han, og viss han er singel, «Be han ringje meg!» :))))
Så eg gler meg til å lese boka! Og så kunne eg veldig gjerne tenkje meg å gå over Oldeskaret – frå Nordfjord til Sunnfjord!! Turen er alt googla
Med disse orda - hadde eg berre eit ønske om å kanskje gjere nokon merksam på boka...
Klem -Anja-
søndag 1. november 2026
Er vi alt komen dit...
...at vi faktisk skriv 1. november!?
Det er ikkje alle dagar og datoer ein hugsar, i alle fall om vi skal tenkjer på vanlege kvardagar, men akkurat denne dagen trur eg at eg vil hugse ei tid framover.
Det starta med kvalitetstid med det vesle, store menneskebornet mitt - den vesle skatten som allereie er så stor både i ord og utrykk, i det han gjer og det han ser. Det at ein liten gut på tre år ber oss om å sjå alt som er rundt oss, på berget, graset, blomane og steinane. Det er som han ser på detaljane i livet rundt seg. Han ser på landskapet rundt seg som endra seg med vêret og ikkje minst fargane på skyene. Det er ekstra stas å rope «mamma, sjå, himmelen er rosa!» - eg tenkjer at han trur den er farga slik akkurat for meg. Det er som om han i stor begeistring gir det i gåve til meg ♥
Eg tenkjer på det når vi går rundt - om det er i hagen, i skogen eller berre langs vegen. Når han ser to strekar som kan vere røter, gras, pinner etc. sett saman og kan likne på ein L bryt han ut «sjå der er Ludvig sin bokstav!» - Rasmus er stolt onkel Rasmus for vesle Ludvig. ikkje det at han akkurat veit kva relasjon det er, men ein god kompis er og vil han bli.
Så spora eg igjen litt av, ja, nett slik eg har så lett for og for vane å gjere…Men etter ei fin morgonstund åtvi frukost før Rasmus skulle få tilbringe dagen saman med bestemor og farfar ♥
Kristian og eg tok med kvar vår hund for ei kjæraste-tur til min favoritturen min på Sulafjellet - Sulebakkhornet!!
Det å få sitte på toppen og berre ta inn alt, spise litt og verkeleg kose oss - det er verkeleg augneblikk eg set høgt.
For ein dag, for ein natur og for eit vêr!! Vi kunne ikkje ha hatt det betre, og eg er så sjukt takksam for at vi får oppleve slike fine ting som vi kan ta med tilbake til minnebanken...
Vel heime diska Kristian opp med ein fantastisk lutefiskmiddag. Sjølv gjekk eg i hagen med lykt på hovudet for å plukke bjørnebær, som eg kokte inn til pai og is...
Perfekt avslutning på helga!
Måtte vi få til fleire slike stunder! Men no først - Tusen takk for turen kjære ♥♥♥
Klem -Anja-
Fredag den 13. !!
Heilt sidan dette kvalpekullet vart planlagt, har eg hatt planar om å reise til Bergen for å sjå desse vakkerskattane (her er bilder frå ons...
-
Helga for to veke sidan var eg så heldig å få besøk av mi kjære søster frå Bergen og borna henna. Jentene til søstra mi lika veldig godt...
-
Stamtavle, bilde av far «Loke» og mor «Abi», samt kvalpane i midten er Abi’s barnebarn… …Det gleda meg å kunne få planlegge eit siste kull, ...
-
Her er same hund som eg har klipt berre ein gong tidligare... Tidligare hadde eg skrive ein del om klipping i tilegg med detaljerte bi...





