Det er faktisk det eg tenkjer etter ei verkeleg magisk festivaloppleving i fjellheimen ♥ Foten av Besseggen var hovudarenaen for helga.
Opplegget var eineståande og viser ein god del av det Noreg er. I hovudsak veldig mange bra folk, fantastisk natur, herleg mat og ikkje minst skikkeleg bra musikk!!
Jotunheimen levde opp til forventningane og vel så det. Fredag formiddag møttest vi, ni personar som var klare for fjelltur. To av dei var frå DNT, og dei losa oss trygt til Knutshøe (1517 moh.) med rundtur via Leirungdalen.
Etter dusj, middag og gode samtalar vart det for meg ei verkeleg magisk oppleving med Gåte!! Vi fekk med oss mesteparten av quizen før senga ropte på oss...
Laurdag, og vi var igjen bergteken av omgivnadane...
Laurdagen starta på heilt fantastisk vis med eventyrleg stemning då det var klart for brevatnsbading og badstove kl. 07.00 – her var det ei fin stund ein times tid, og vi sette agendaen for dagen.
Herleg frukost i muntert lag før vi tok turen nedom peisestova – utan peis om eg ikkje hugsar feil, men kjellarstova leverte med foredrag av Helge Kaasin – her fekk vi overveldande informasjon om naturens innverknad på svartmetallen.
Vi hadde 10 minutt for å få turkleda på :) Her var vi ein gjeng som følgde AK Teigland på ein lett tur opp til alteret – Alteret er rett nok berre ei informasjonstavle, men på rockefestival har det sjølvsagt forvandla seg med hjelp av AK, til eit alter dekt av eit Slayer-flagg.
Då vi gjekk oppover, kom det plutseleg opp frå venstre nokre magiske tonar – det var Pål Svinland på saksofon som gav fleire enn meg gåsehud. Då vi kom til alteret, tok han fram fløyta, og då var korkje auga eller andletet mitt tørt. Magisk, ei heilt magisk oppleving i naturen...
AK, ikkje det at han kjem til å lese det her, men det må bli sagt – eg er frå Vestlandet og eg skriv på nynorsk, men eg likar ikkje gamalost, kanskje muleg ein dag...
AK serverte oss herlig ost og fenalår, gamalost - ikkje akkurat min favoritt, til slutt fekk vi fyrstekake med majones. Dette har han visst brukt leeenge som ei kjelde til god energi, der majonesen gjer visstnok at den tørre fyrstekaka glir lettare ned...Vi held nok fram med fyrstekake på lange turar, men majonesen let vi liggje att heime ;)
Tilbake på Gjendesheim rakk vi ei fin markering av Stig som feira 50-årsdagen sin!! Med ein god champagne og noko attåt før vi var tilbake i kjellarstova for live-podkast til Jernverket - Helle Stenkløv.
Det å høyre på desse fengjande og fine folka var gøy, og ikkje minst skjønne Agnete i Djerv – og eg veit fortsatt ikkje korleis ho får fram det ho gjer på ei scene!!? Etter spørsmål frå Mari Monsson, godt besvart av Agnete, kom det sjølvsagt tårer her også.
Godt levert av Agnete i Djerv, Jernverket/Helle, Marius frå Gjendesheim og Jarle frå Vreid...
To fine eg var heldig å nytte helga saman med...
Det gjekk altså slag i slag heile laurdagen - ein rakk knapt å summe seg igjen før Hoztile stod på scena, tett etterfølgt av Backstreet Girls. Eg må berre sei, for når 15 og 16-åringar kjem og viser så utruleg bra kunnskap og formidlingsevne, blir ein berre glad – Hoztile, dette her er noko for framtida!!
Under Backstreet Girls kom reinsdyra innom for å helse på – det såg ikkje ut til at musikken plaga dei stort!
Hoztile med Jarle Kvåle i Vreid og eit med Hoztile og ein av deira største fan - søstra mi...
Foreldra til disse her på 15 og 16 år må vere dritstolt!!
Deretter var det klart for ei middagspause, før Djerv overtok scena!!
Vreid kom inn og sette tonen med «Kraken» – mystisk og vakkert i det mørket rullar seg inn over fjellheimen. Det er nok ikkje mykje som kan måle seg med å sjå Vreid ein laurdagskveld i haustmørket i Jotunheimen!
NRK sin Olav Viksmo-Slettan og DNT-vert ved Gjendesheim Marius Haugaløkken...
Denne helga har eg smilt og flira så mykje at det verkte i kinna – ispedd litt tårer har det vore ei oppleving eg tek med meg og lagrar i minnebanken.
Takk til naturen som sette ekstra fargar på opplevinga, takk til så mange fine folk – nye folk eg helsa på og prata med, takk for godt kjennskap og gode ord.
Tons til Fjells ♥ Asså, eg er sett ut av energien dette ga meg, tusen takk!! Eg vel å sjå det positive i situasjonen, for dei ekstra smertene er heilt sikkert forbigåande...I helga var eg meg sjølv med smerter godt kamuflerte av smil, latter, tårer og pur glede - herleg!
Takk for korleis de har sydd helga ihop med natur, kultur, underhaldning, matopplevingane, musikken og ikkje minst det at noko av musikken har fått ei heilt ny meining...
Takk for livet og energien i helga!!
Takk for livet og energien i helga!!
Håpar - at eg kan halde fram med å glede meg til neste år! ♥ Vi bookar veldig gjerne Musebolet omgåande!!
...Eg veit at tittelen på dette innlegget kanskje høyrest ut som ein klisjé, ja, men det er faktisk ikkje overdrive å seie at dette var ei magisk helg!! På veg heimover søndag verkte kroppen etter innlevinga og alt engasjementet – men eg kunne ikkje anna enn å seie at dette var den beste «tullehelga» eg nokonsinne har opplevd!
Tusen takk til foreldra mine som tok imot oss på hytta si i Uksfossen i Vågå med middag torsdag kveld – og ikkje minst for at dei passa og tok seg så godt av Rasmus gjennom heile helga. Takk til borna heime som passa dei firbeinte!
Eg går no inn i hausten med ein særs god energi, som eg ikkje hadde før denne helga..!
Ønska de alle får ein sterke fargepalett når vi no går inn i hausten ♥♥♥
Klem -Anja-
Klem -Anja-
.jpg)
.jpg)
.jpg)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar