onsdag 30. juni 2021

Tur frå Ljøen…

Mandag var eg så heldig å få gå på tur saman med Katja igjen og den dagen gjekk turen på den Trondhjemske Postveg oppover til Ljøsetra og vidare oppom Sætrenibba 859 moh.

Etter det gjekk vi vidare på vegen mot Herdalen, men istadenfor å gå nedover mot Strandadalen så gjekk vi opp til Båsenibba 910 moh. 

Katja på Sætrenibba...
Frå Sætrenibba ser ein rett mot Båsenibba som ligg opp til venstre for Nykkjevatnet...

Siste stykket opp til Båsenibba var det lett klyving som ga mor sjølv lett «hjarteflimmer» når mi kjære dotter skulle kome seg opp. Fikk tilsvar om at eg har gått verre stadar før, men måtte då skjelvande fortelje ho igjen kor glad eg er i ho og at ho ikkje måtte drible så ho datt utføre..!

Katja på toppen av Båsenibba der ho ser mot Strandadalen...
Rett fram til venstre oppom Nykkjevatnet er Sætrenibba...

Den toppen var fin å gå oppå og vi vurderte å berre fortsette mot Kjerringane, men vi hadde ikkje lagt opp til noko lengre tur i varmen så det vart til at vi returnere. Vel nede frå det brattaste partiet seinka eg skuldrane og med det var det eit lite glepptak der eg henta meg inn, men det var ikkje mange stega til før eg seilte på rattaten nedover…jaja litt blå, lilla og gul passa alltid inn, og eg kunne atter ein gong børste støvet av meg og konkludere med at eg står for ein støyt…

Igjen har eg hatt ein superfin tur saman med mi kjære dotter, og igjen så gler eg meg alt til neste gong skatten min

Måtte vi alle kunne få deilig vêr med mange flotte turar framover…

Klem -Anja-

fredag 11. juni 2021

Valpeplana sommaren 2021..!

Når ei dør lukkast opna det kanskje ei ny dør...Etter eit hektisk valpekull det stoppa sjølvsagt ikkje berre med det heller var det kanskje greit at Maya gjekk tom og då skreiv eg samstundes at eg ville kome med nye planar. Så då er det kanskje på tide å fortelje om dei no gjennomførte planane, og berre håpe at dei har gått som ønska etter vellykka parring...
Så langt ser det bra ut og Abi vise no fleire teikn på at ho er drektig.
Gler meg veldig og håpa det kjem valpa etter «Abi» no i sommar - rundt 21. juli! 
Her er ho som valp våren 2018…

Har vel sagt at livet ikkje berre skal dreie seg om hund, men det å få finne nye for meg interessante kombinasjonar som eg håpa kan tilføre rasen gode individ, ei hektisk men fin tid med valpa og ikkje minst få berike nye familar med disse herlige firbeinte er ikkje akkurat så lett å berre slutte med.!! 
Treng kanskje ikkje skrive at eg får lov å bli kjendt med så utrulig mange fine folk for det er veldig mange flotte folk som ønska seg akkurat disse herlige og sosiale firbeinte meisterverka, ja dei er jo nesten som den flottaste kunst å rekne…

Vi har venta at «Abi» skulle begynne å løpe og no er tida her, samstundes så opna det snart for å delta på utstillingar igjen og det hadde sjølvsagt vore kjekt...men, no har ho bikka tre år og det er greit å ta eit første kull slik vi kan sjå kva ho kan gi og tilføre rasen.

Eg har ett og tenkt på fleire linjer til ho, og landa til slutt på ein staselig kar, Filip og eg er takknemeleg for å kunne få lov til å nytte han på ho. 

Grunna stor pågang og ein del komplikasjonar rundt Keesha då ho hadde kull har eg ikkje hatt kapasitet til å svare alle som ønska valp.

Sjølv om mykje av livet dreia seg om hund har vi som familie også behov for litt tid til andre ting.

Difor har eg ikkje lagt ut planane eg har hatt for den forhåpentlegvis komande kombinasjonen...men, om denne kombinasjonen virka interessant for deg så ta gjerne kontakt..!

Valpane er forhåpentligvis venta rundt 21. juli 2021.

Kan nemnast at muleg ikkje alle har fått svar ang sist kull grunna komplikasjonar og i tillegg viste telefonen seg frå ei mindre bra side like før 17. mai og det vart litt problem med å få ein ny igang, men no er den på plass men e-post på maskina er fortsatt vrang. Tekniske duppedingsa er heilt klart ikkje mi sterkaste side ;)

Nyt dagen berre slik du kan..!! 

Klem -Anja-

fredag 4. juni 2021

Tur til Klovetinden

…på 949 moh som er eine toppunktet av dei to som utgjer fjellformasjonen «Masdalskloven» og for så ein tur innom Lyngetinden ✔️

Super måte å starte helga på med ein tur i det vakreste eventyret eg veit om i perfekt turvêr saman med mi kjære dotter.

Vi sat tidligare i veka av fredagen for ein litt lengre tur, men kvar vi skulle ante vi ikkje. Fleire turmål vart snakka om, men tidleg i dag bestemte vi at Klovetinden sikkert var snøfri og på tide å besøke. Katja kjørte så utrulig godt å ha ho som sjåfør, kjedelig at det er høgrefoten som er nerveskada ombord i ferja og var superklar for tur ho også.


Eit godt stykke oppi traff vi ei superkjekk bygdedame som kunne fortelje kvar beste vegen opp var, og ikkje minst tredje personen eg spurte ang Lyngefjellet som eg har hatt så lyst å gå men ikkje funne rutebeskriving på. Då fikk vi tips om å gå bort på det på veg ned frå Klovetinden og det tipset var veldig bra..!

Vi gjekk inn til Klovevatnet før vi gjekk bratt oppover mot Klovetinden…Vatnet såg fristande ut å hoppe uti, men etter å få skylt hendene og kjent på det vart det meir fristande å berre gå visste mot toppen.
Midt oppi bratta tok eg eit lite «glepptakt» og kom litt i ubalanse der eg lente meg litt bakover…ser då at Katja heilt inntil meg hive opp hendene. Åjåjåj sa eg……så kom det frå Katja «hadde eg fått deg over meg der så hadde det vore uaktsomt drap..!» Å hjelpes kor vi flira og heldigvis vart det ingen fall der…
Litt bilde vart det sjølvsagt og for dei av dåkke som veit kor glad eg er i både blomster og rosa, ja og ikkje minst fjelka og naturen skjønna sikkert at eg vart særs nøgd med eit par av bilda som festa seg på telefonen.
Katja nyte utsikta med Sulafjellet i bakgrunnen…
Her ser vi heim baki der og ned, bort og opp på Lyngetinden som vi ønska å gå bort på…
Heilt til Venstre kan de sjå heim til Sunde og Ikkje minst det «storelillefjellet» - Leirvågfjellet som eg er på stort sett kvar dag, Lyngefjellet, Romestrandhornet/Festøykollen, Svinetiden, Rametinden, Jønshornet/Ramoen, Molladalstindane, Middagshornet, så fjella rundt Romedalen, Grøthornet, Åvasstinden, og ein del fjell baki der før heilt til høgre ser Masdalshornet…
Her ser vi rett ned på Klovevatnet…
Her er utsikta på Lyngetinden ned mot Barstadvika og bort til Romestrandhornet/Festøykollen…
På veg tilbake…Eg lika når det er variasjon i opp-og nedturane og det fikk vi idag med å gå bortom her. Vi gjekk også den litt slakkere stien ned men å finne den rette stien nedi forbi vatnet igjen kunne vise seg å vere litt vanskelig for den ukvalifiserte stifinnaren Anja..!! :))
Igjen vart det mykje fliring og litt småskliing og Katja som sa at eg var dårlig til å finne sti og eg som innrømme når eg har feil måtte sjølvsagt sei meg einig ;)
Katja sat humoristisk ned foten og lurte på om eg no ikkje hadde tatt nok bilder…!?
Vel heime på verandaen kunne eg sjå bort på dagens to turmål før eg tok med meg Keesha og Abi ein tur på Leirvågfjellet…

Så glad for at eg får gå i slik vakker natur og Ikkje minst at mi kjære dotter dele same turglede. Igjen har eg vore så heldig å hatt eit supert tursekskap..!
Tusen takk for ein utrulig fin tur skatten min og eg gler meg alt til neste 


Ønska de alle ei innhaldsrik helg..!
Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...