søndag 31. januar 2021

Mission not completed

...men sjølv om det vart eit litt vanskeleg oppdrag torsdag kan ein ikkje furte av den grunn. Men, det er jaggu ikkje ofte eg gir meg så lett, og det er ikkje alltid tid avgjer lengda på det ein prøva på. For etter ca. 35 minutt i stiv kuling (eller ka pokker det var som for over fjellet) der eg prøvde å få fyr på faklane måtte eg berre sei til meg sjølv at det her får du berre ikkje til!! 

Eit flott bilete som vise alle båla og faklane langs Veibuststranda til Kvasnesodden. Lyset på Leirvågfjellet er ei helsing frå meg...

Eg prøvde å lage godt skjul frå vinden, men det var jaggu ikkje enkelt der den kom frå alle kantar. I det eg trudde faklane fikk god fyr så skulle det berre eit litt friskare vindpust til før det vart mørkt igjen. Ideen om å tenne på faklane under Jervenduken vakje så dum og det varma godt, ja neste litt for godt så det vart ganske kort før eg fann ut at det kanskje ikkje var det luraste eg har gjort...På med hovudlykta, godt planta på stolsekken min under fjellduken var det heilt klart greit med ein varm og god solbærtoddy med eit hint av svovel! For oppi toppa låg nokre av den enorme mengdene med brukte fyrstikker. 

Så vart det ikkje eit stort brennande hjarte frå fjellet, men hjarte mitt har brent lenge for ein sunn og frisk fjord og det vil det fortsette med..!! 

Torsdag var det tid for at folk skulle trekke ned til fjorden for ei stille og fin lysmarkering mot reinseanlegget som dei planlegg i området. Det vil ikkje berre gå utover naturen og fjorden vår, det er samstundes mange folk som blir råka av dette. Folk møtte opp med eit brennande engasjement langs fjorden på begge sider av Vegsundet, og eg er så heldig å fått låne bilde som er teken frå begge sider av Øyvind Kåre Sunde, tusen takk!





Håpe alle opna augene sine og ser galskapen ved å få eit slikt anlegg inne ved ein fjord. Dette skulle heilt klart ha kome så langt ut mot ope have som mogeleg...

-Anja-

tirsdag 19. januar 2021

Mange små tankar...

...og idear om temaet har eg hatt i lang tid, ein del har kome ut og ein del blir på ein måte liggjande, men til slutt blir dei til tosidig kommunikasjon med meg sjølv og dei firbeinte på vår daglege tur langs, ved og over fjorden...Tidleg, seint stort sett kvar dag gjennom heile året og sjølvsagt i alt slags vèr går turen opp til det lille flotte fjellet med den fantastiske utsikta.


Etter ein del tidligare innlegg så skulle ein kanskje tru at eg ikkje hadde så mykje meir å sei, men det har eg sjølvsagt og muleg noko av det har eg sagt tidligare, men ein god ting (for meg) kan ikkje seiast for ofte. MEN, det er mange som sei mykje og ein del meina eg ikkje er heilt rett, og usannheiter har ein lei tendens til å bli forvridd til sanning når ein høyrer det ofte nok...

Det som uroa meg mest i denne saka om reinseanlegget er at vi snakka om at vi skal reinse minimum 70% - vi reinsa vel eigentleg ingen ting for det er snakk om å ta ut det faste stoffet altså slammet. Men, når vi pumpa avfallet lange strekningar for å få det til anlegget og uti fjorden blir det meir og meir finmalt etterkvart som det blir spylt gjennom røra, og det igjen føre til at vi får plukka ut mindre av alt det faste avfallet og dermed går meir av det i fjorden saman med vatnet. Ja, vatnet er også vaskevatn, virus, kjemikaliar, antibiotika, bakteriar, urin og bæsj med alt det består av...Ein slags reinseprosess med luft og plastikkuler vil sikkert (det her veit eg for lite om) plukke med seg nokre bakteriar, men skal ein bryte ned alt av ulumskheiter i vatnet må det kjemikalia til.


Langs Storfjorden bur og oppheld det seg mange folk...
Strandsona blir nytta heile året til mykje forskjelleg aktivitet av både barn og vaksne. Her ser de bilete av ei enkel skuleoppgåve for sonen min under nedsteninga våren 2020...
Eg undrast korleis vi kan nytte oss av fjorden og ikkje minst nyte den i framtida..!?


Eg meine at vi burde få eit anlegg og utslepp vekk frå fjordane, og dermed bruke tid på å finne ein stad nærare havet. Mellombels kan vi 
godt nytte oss av løysinga som har blitt brukt på Sunde fleire stadar rundt om i kommunene i ei periode før vi finne ei god nok løysing for alle innbyggjerane. 


Bilete til venstre er teken frå veranden min og er rett ved der ein stor septiktank ligg og som samla opp mykje av slammet frå innbyggjerane her i bygda. Fleire slike løysingar plassert rundt om i kommuna vil hjelpe på medan vi finn eigna stad til eit nytt, stort og flott anlegg. 
Til høgre er det tøming av tanken, og ja det er ein del luktproblematikk innimellom og spesielt når det tømast!! Heldigvis var teknisk i kommuna grei å snakke med slik at når dei no tøme tanken kjem det to bilar slik at jobben går raskare. 

I den tid vi ikkje reinsa (tok ut det faste) her på Sunde så kunne vi sjå syndene våre på fjordbotnen ja og ein del kunne også sjåast på vassoverflata. Problemet med avfallet vil ikkje forsvinne frå fjorden berre fordi vi ikkje ser det, for alt av antibiotikarestar, bakteriar, virus etc vil berre spre seg inne i dei flotte fjordane våre så lenge vi ikkje nyttar kjemikaliar for å ta knekken på dette før vi slepp det ut. 

Når vi pumpar olje og gass i store røyr langs havbotnen har eg store problem med å skjønne kvifor vi ikkje kan legge eit slikt stort anlegge på Hessa eller yst i Langevåg der det ikkje ligg rett ved bustad, samstundes kan ein pumpe vatnet rett ut i havet...med det vil ikkje dei trange og flotte fjordane våre ta så stor skade. Når vi no skal utbetre avløpa våre så burde vi tenke på å få reinare fjorda på alle kantar!!
Vi skal huske at vi etterkvart 
skal overlevere naturen til dei som kjem etter oss i minst like god stand som vi overtok den og då er ikkje dette måten å gjere det på. 

Vi kan ikkje berre velje ein ny fjord å dumpe avfallet vårt i fordi ein eller to andre er så dårlege...klart Storfjorden er ein betre resipient i dag, men korleis blir den etter 10 år som avfallsdeponi?? 
Vi skal legge ned forbod for turistskip grunna utslepp i fjordane, ja då må vi vel også tenke på dagleg slitasje, eller.!?


"Gler meg" til utsmykkinga av ein luktande installasjon midt i mitt daglege rekreasjonsområde...!! 
Om den pipa ikkje kjem på toppen (Burde blitt det nye flymerket) så vil vi veffal gå i ei skikkeleg drittlukt!!

Ein telttur her vil nok vere ganske så lite sjarmerande med ei pipe som skal leggje eit teppe med dritlukt som truleg vil leggje seg som eit slør over dette flotte fjellet!!
Ein kald desembermorgon blir nok lite magisk om der kjem ei slags pipe med dritlukt i nærleiken..!!

 
Eg undrast korleis folk i prosessen med reinseanlegget på Kvasnes kan sei at eit utslepp ikkje vil gjere skade på fjorden, men at den kanskje blir betre med så stort utslepp!!?
Korlies kan dei sei det når Borgundfjorden er så dårleg med eit så "lite" utslepp. 

Det er også fagmenn i denne prosessen som seier at Storfjorden ikkje er ein terskelfjord...då vil eg berre vise til kva som står i "Store Norske Leksikon":

Terskelfjord, fjord med grunn terskel ved innløpet og dyp indre del. Er dannet i løpet av istiden ved iserosjon, som for en stor del foregikk under havnivået. I Norge er mange av fjordene (for eksempel. Sognefjorden) terskelfjorder.

Eg vil då også ta med Sognefjorden er en fjord i SognVestland fylke. Den er Norges lengste og verdens nest lengste fjord; 205 kilometer lang inklusive Sognesjøen målt fra Ytre Sula til Skjolden ved botnen av Lustrafjorden. Sognefjorden er også verdens lengste åpne fjord. Den er 1303 meter dyp utenfor Vadheimsfjorden og med det Norges dypeste fjord. Det er høy terskel ved munningen, der fjorden er 100–200 meter dyp.

Storfjorden er en fjord på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Den danner den sentrale delen i et sterkt forgrenet fjordsystem. Storfjorden målt fra Flisnes til Geiranger er 86 km. Målt fra Geiranger til Breisundet er den 110 km, og inkludert også Breisundet 115 km lang.
Største dyp i Storfjorden, som er 672 meter, er målt nord for Stranda.

Terskeldjupna ved Godøya er på ca. 250 meter og med det vil eg vel sei etter mi oppfatning av ein terskel at det her kan definerast som ein terskelfjord...

Her står vi på Sulabakkhornet og bak her ser de ut til Norskehavet som blir forbi terskelen inn til Storfjorden...

Vi bur i noko som likna eit måleri frå ein draum, ein stad mange berre drøyme om å få kome å sjå og få lov til å oppleve...
Å dette, dette vil "vi" faktisk øydeleggje!!
Dette bilete vise litt av den fantastisk utsikta som er frå Leirvågfjellet, det fjellet som det skal kome ei pipe med dritlukt opp av og øydeleggje dette flotte området!!


Frå Leirvågfjellet og Skiheisa i Spejlkavik ser vi ut på dei fjordane som er omtala som dårlegare resipient enn Storfjorden, ja dei er nok nesten øydelagt etter mange år som deponi for kloakk...
Det er heilt klart at vi no må prøve å rette opp skaden, men vi kan ikkje gjere det med å angripe ein ny fjord for så om x-antall år måtte prøve å redde stumpane til ein av verdas vakraste fjordar.
Vi kan ikkje gå rundt å tru at det ikkje vil påvirke fjorden...trua får vi ta med oss til dei romma det passa betre! 
Eg kan ikkje sjå for meg vakrare stad...ikkje berre er det vakkert, men så lett tilgjengeleg for så veldig mange...

Desse bileta er teken på toppen av Leirvågfjellet og vise området som det store utsleppet skal ut i, og det området på fjellet det vil bli vanskeleg å nytte grunna lukt...

Vakkert mot Vartdals- og Sulafjorden som også er ein del av Storfjorden som vil bli råka av dette utslippet...
Frå Kviteberga ser ein mot munninga til Hjørundfjorden "verdas vakraste fjord" som ligg midt i utsleppsområdet...!!


Den lille vakre staden Sunde som tidligare har vore ein stad det var ønska å leggje eit midre anlegg til. Eg vil då berre minne om at den saka må opp igjen grunna feil behandling og ikkje minst mengde med underskrifter som ligge på kommunehuset (eg har sjølvsagt tatt kopi!). 
Der må alt eventuelt opp igjen, og eg kan sei at det er heilt uaktuelt å få det til den staden sjølv i mindre skala for det er fortsatt same fjor som blir råka.


Sula og Ålesund har ei fantastisk beliggenheit og det er flott at ein kan sjå mot kvarandre og finne gode løysingar for eit samarbeid, men då må pri 1 vere at løysinga er god. 
Vi er så heldig at vi har tilgang til ope hav så difor bør de alle bruke sunn fornuft, tenke bærekraft og ikkje minst tenk på dei som er her i dag og dei som kjem etter oss og få dette ut av fjordane og vekk ifrå folket...

Det er fortsatt ikkje for seint å høyre på folket og snu i denne saka, men gjer det gjerne før de bruka enda meir pengar!!
-Anja-

Lenger oppe la eg ved ei lenke til eit tidligare innlegg, her leggje eg ved enda fleire for dei som kanskje er interessert ;) 


Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...