torsdag 18. januar 2018

Mitt brev til Fylkesmannen 05.12.2017

Anja Roiha Sunde Haugen
Runnane 10
6037 EIDSNES   

                                                                                             
Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkeshuset, Julsundvegen 9
6404 MOLDE                                                                                                            Sunde 05.12.2017



Ang pålegg om reisning av kloakk på indre del av Sula Kommune.


Eg vil med dette kome med mitt synspunkt i saka ang kloakk på indre Sula, og eg ønskjer at de vil sjå på saka og ta omsyn til dei som bur i området. Først vil eg understreke at vi absolutt vil ha reinsing, og då må vi finne den beste løysinga for bebuarane i området, og ikkje minst fjorden og naturen vår!!
I mange år har kloakken gått ureinsa rett i fjorden ved Solavåg ferjekai. For snart 30 år sidan vart alle septiktankane her inne kopla ut då desse skulle knytast til det kommunale reinseanlegget som skulle kome. Lite har skjedd på så lang tid og plutselig får vi høyre at det skal byggast eit stort anlegg for heile kommuna på ein av dei vakraste stadane i området. Vi var mange som kjempa mot dette vedtaket og ønskt at dette anlegget skal leggast til ytre del av Sula. Såleis vil det då ikkje kome i konflikt med folk og ikkje minst vil ein då få ført vatnet frå dette anlegget ut mot ope hav.
Etter kvart kom det eit nytt forslag fram om eit mulig samarbeid mellom Sula og Ålesund, med bygging av ein fjellhall og dermed ute av syn for naboar, men framleis med pumping av vatnet rett i Storfjorden. Eg skjøna ikkje kvifor at dei då ikkje tenke på å få det yts i kommuna ut mot havet når dei først skal sjå på ei anna løysing.
Det er uforståeleg at ein her vil pumpe dette vatnet innover ein fjord i staden for ut av den.
Om ein bygde yts ute kunne ein lagt røyr så langt ut som mulig, for seinare kunne ein utvida det heilt ut i havet. Om ein går innover fjorden vil vi ikkje kunne nå havet som ligg ope og kan takle dette på ein mykje betre måte enn ein smal fjord.
Eg meine at når vi har tilgang til ope hav er det uforståelig at ein skal pumpe vatnet frå eit slikt anlegg innover ein fjord! Vi veit mykje om forureina vatn i dag og kva det kan gjere med ein fjord, det er berre å sjå til dømes på Borgund- og Hessafjorden, og ikkje minst Oslofjorden.
Det vi veit er at Storfjorden har god kvalitet i dag, men det ligg mange kommuner langs denne fjorden som brukar den. Om vi då skal få alt som vi slepp ut rundt Ålesund og Sula ut på same stad, vil det kun vere snakk om år før vi har ein fjord med ugunstig kvalitet.
Spørsmålet om antibiotikaresistens er ofte oppe i den offentlege debatten. Kva for omsyn til problem knytt til legemiddelrester og resistens er teke omsyn til når ein her vil sende ureinsa vatn rett i fjorden? Eg tør ikkje tenke på kva det vil gjer og vi har vel her eit ansvar å ta?
No tenke eg ikkje berre disse 2-3 åra med midlertidig reinsing, men om Sula og Ålesund bygge eit stort anlegg ilag, som skal ha utslepp i ein fjord så må det ha god nok reinsing til for ikkje å sleppe antibiotikarestar rett i fjorden!
Så til det siste store sjokket i denne saka, der kommuna har fått pålegg om å gjere ei midlertidig forbetring med tanke på kloakken på indre. Her vil dei no sette opp ein diger plasthall på denne flotte staden «midt i hagen» til folk!! Det er ikkje berre for turistar og alle som lika staden her, men no er det snakk om livskvaliteten til dei som bur rundt. I tradisjonelle reinseanlegg er ikkje lukt og gassar frå slike reinseanlegg vanlegvis noko helseproblem for naboar, men det kan vere både plagsamt of til sjenanse. Når ein no ønskjer å nytte ein plasthall til slik reinsing stiller ting seg annleis. I tradisjonelle anlegg, med tette veggar og tak, kan gassar vere eit arbeidsmiljøproblem av helsemessig betydning for dei som arbeider inne i reinseanlegg og direkte i tilknyting til luktkildane. Kva skjer så med gassar og lukt frå ein plasthall, rett ved soveromsvindauget til små born? Her snakkareg ikkje berre for meg sjølv og min familie, men også for næraste naboane som også reagerar med sjokk og vanntru for kva «overgrep» ei  kommune kan gjere når dei får «kniven på strupa».
Vidare vil vatnet gå ureinsa i fjorden og vere ein stor trussel mot naturen. Alle bakteriar, kjemikaliar, antibiotika etc vil fortsatt vere i fjorden, men vi vil ikkje lenger sjå forureininga på same måte.
Vi har allereie levd med denne løysinga som er no i så mange år at eg kan ikkje sjå kva problemet med å fortsette 2-3 år til, og då har vi eit anlegg på plass (forhåpentlegvis yts på øya). Det er absolutt større belastning for oss som bur her og folk som er på gjennomreise om vi får ein plasthall her i mellomtida, enn at vi skal passe på kvar vi sette krabbeteinene våre.
Om målet er eit midlertidig forsøk på å minske utsleppet til fjorden er det kanskje like greitt å knyte på igjen ein del av alle septiktankane som ligge nedgravde i mange hagar?
Eg ber om at de må sjå på kravet som er sett fram til kommuna, la dei få tid til å jobbe med det permanente anlegget, og ikkje minst til å bruke pengane på det i staden for å bruke fleire millionar på eit midlertidig prosjekt for 2-3 år.
Ver så snill å høyre på oss som bur her og sjå for ein naturskatt vi leve midt i, la oss saman ta vare på den for oss og alle som kjem etter oss!!
Eg og mange fleire deler bilete frå denne fantastisk flotte plassen og det er ofte eg får tilbakemelding om at folk er stum av beundring for naturen vår. Eg veit det ikkje er lett for dei som bur midt i eit slikt «eventyr» og verkeleg sjå kvar vi bur, men kanskje de kan hjelpe oss til å sjå!?
Då eg la ut eit bilde på Instagram for å letta på hjarte, med tanke på at vi kan få ein plasthall framføre denne utsikta, var reaksjonane mange.  Sidan eg har utalandske følgjerar som berre følgjer meg for naturen sin del måtte eg oversette innlegget til engelsk og eit av svara var som følgjer: That is real bad!
I always take a deep breath when I see the pics of you awesome and lovely nature where you live and would be worse if the hall is directly in the fjord. So hope you find other people to connect and to demonstrate against this place and perhaps then they will go far away to the place you have spoken…a little bit far away! So crossing fingers and paws for you and your neighbours and of course the fjord and anyone who loves your pics from that great place!

Som de ser er det ikkje berre vi som bur her som «ropa» i denne saka, men det er andre som også ser og meina det her er heilt feil.
Det er de som har satt kravet om ei midlertidig løysing og eg håpa verkeleg at de ser på saka slik at vi kan få behalde den livskvaliteten vi har i dag, og ikkje minst at vi får nytta tid og pengar der det verkeleg trengst – kome til eit endelig og godt alternativ for det endelege anlegget!
Det er for seint å tenke på at ting skulle vore gjort anleis etter at fjordkvaliteten er blitt dårlig, og med ein natur i ubalanse.
Det er liksom ikkje berre å «pusse opp naturen» i etterkant.

Eg har eit sterkt ønskje om at vi skal ta vare på naturen vår.
Eg drøyme om ein grøn skog og ikkje minst ein blå fjord!!

Med helsing

Anja Roiha Sunde Haugen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...