lørdag 30. mars 2013

På stabburstrappa…

«Gromguten min» passa for meg perfekt på dinne trappa her...

Eit herlig ver igjen påskeaftan og vi storkosa oss her oppe i Laupet  Vi har i dag lånt stabburstrappa til naboen for å ta nåkken bilder av barna og dei firbeinte. Nydelig ver og sjølvsagt enda betre motiv, men ikkje alltid ein fem år gammal gut vil ta «fine» bilder for det er nok litt artigare med litt ablegøyer :) Sette berre inn ein del bilder frå dagen under her...
Ablegøyer, tull og tøys med ørene tetta...jaja, sjarmere meg kan han likevel ;)
To goinga og bestekompisar…
Dagens#store#lille#sjarmør#klovn...
Søtnosa...
Skal tru kva dei såg eller hørte her?...
 Som ein venn skreiv på facebook «The mafia» :)
Fine#store#lille#jenta#vår...

Ønska dåkke ein fortsatt fin og koselig påskeaftan ♥♥♥
Varm klem -Anja-

Godt å kunne sette pris på...

…det enkle!! Herlig ro i skogen med ein herlig familie ♥ lykke berre det å få vere ilag dag etter dag, ingen jag, kjas og mas…Berre oss heil enkelt ♥ ja, og enkle det er vi også…
Gutane mine ♥

Eg fikk ein elles så frisk start på dagen med ein iskald dusj……..brrrr…sjølvsagt måtte vi få trøbbel med varmtvannstanken midt i påska!! Jaja, ein må berre gjer det beste ut av det ;)
Alltid godt å få vaska håret så då er det berre å koke opp ein masse vatn og sette i gang :) 
Klargjering av stampen for ein herlig vask...Heilt greit ditte vel!??
Katja søtnosen min fikk vaska håret og etter det jumpa ho rett i storstampen – funka jo bra ditte!!
Eirin fikk vaska håret i vasken og tok ein iskald dusj etterpå…

Vi er på «skikkelig hyttetur» så då kan ein regne med litt av kvart ;) Nåkke luksushus er ditte ikkje, men det er den avslappa og herlige luksusen ein treng i ein elles så travel kvardag.
Skal vere den første til å innrømme at vi skulle hatt litt større plass både her og der, gjerne hatt litt ekstra soverom, men vi har akkurat det vi trenge for å ha kvalitetstid  Om vi smøre oss med litt tålmodighet kan det vere at vi kan få satt opp eit lite anneks der vi kan huse litt gjestar i…
Ei lita pause midt på dag er greitt…mens dei andre «kvila» laga eg Brownies til glede for store og små…Is, jorbær og blåbær er jo veldig godt til...

Vi avslutta ettermiddagen med skitur…under «oppvarminga» klarer sjølvsagt Eirin det mest utrulige!! Det å kjøre skia inn i eigen skistav for der etter flyge rett på trynet er nok berre ho som kan klare ;)  Å få skia ut var visst heller ikkje så lett, så då er det godt å ha ei lita tantejente som kan trå til…

Utrulig bra......eg fikk meg veffal ein god latter og det gjor dei to som satt på bakken også...

Etter oppvarminga var det i dag igjen klart for «kappløp» og i dag heiv gutane også seg med!! Først ut i dag var Tim Are som med ein latter som runga over heile Drolsum fikk han tida 2.27.00 vi fortsetta med gut nummer to og Tom fikk tida 1.04.03  Så var det klart for at jentene skulle gjere ein innsats og Katja kom i mål med tida 1.19.09 Vi må igjen innom dagens «klovn» hihihihihihi herlig å kunne kalle ho det innimellom og ho er nok einig denne gangen vil eg tru! Eirin begynte bra men hadde eit elegant fall og flira slik at ho ikkje kom seg opp og dermed blei det dagens dårlegaste tid på 2.29.08 Ho fikk sjølvsagt starte på nytt og forbetra tida frå i går og fikk  0.59.04 til slutt var det eg som for alle som ikkje veit det har eg eit syyyykt konkurranseinstinkt på somme plan så då var det berre å gli på ;) Etter litt «panikk» for å ikkje klare å slå dei kom eg i mål med tida 0.55.03 og dermed dagens beste tid igjen!! STEIKE asså…fornøgd og heilt greitt å avslutte etter nåkken litt rolegare runde.
Supert å vere på hytta vinterstid så vi gleda oss allereie til neste år ;) jada, vi vil ha vår, ein herlig sommar og fin haust først!!...

Påske#stemning#helsing#frå#Laupet
Klem -Anja-

Ein herlig dag ♥


Herlig når hundane kan springe laust ilag med oss, så bestemme dei sitt eige tempo og ikkje minst kven dei skal henge seg på! Her er det «Bajas» som har slengt seg etter Katja :)

Skjærtorsdag..........på alle måta ein fantastisk dag!! Beste dagen på det eg kan minnast ;)
Tidlig opp til god frukost…ut på verandaen med strikketøy, eit glas med rødt i til medisinsk bruk for å nyte litt sol før skidagen begynne…
Vi måtte finne på litt ekstra i løypene i dag og då skulle vi sjå kven som var raskast rundt «lille løypa» og det måtte sjølvsagt gjerast på tid!!
Først ut var Katja som flira seg gjennom løypa på 1.16.79
Eirin var neste kvinne og der satt også latteren laust og ho kom i mål på 1.00.09
Eg var siste på startstreken for i dag J Flira sjølvsagt og litt problematisk å holde seg godt på beina når det plutselig kom tre bikkjer «inn i beina mine» men, det gjekk bra og kom i mål på tida 0.58.01 . JUHUUUU…gamle#skakke#operasjonsfiaskoen#av#ein#slappfisk fikk best tid!! Jada, overhode ikkje nødvendig å nemne at den eine var datera mi på 9 og andre søstra mi som fikk baby for 3 ½ mnd. sia…

Etter lang oppvarming er her Katja og Eirin godt i gang med si runde…
Tom og «Bajas» tek seg ei lita pause...
Katja og Tim storkosa seg med selskap av dei firbeinte i løypa…dei satt pris på å slippe strekklinene som vi som regel brukar ;)


«Nora» storkosa seg med «friheten» her på hytta…
Timmen er ein raser på ski og han er nok best for han klare å reise seg raskast ;)
Han måtte også bytte til skibukse for å sjå om han blei enda bedre...

Kan nesten ikkje bli bedre enn å kunne lufte dei firbeinte på denne måten...



Etter eg tok nåkken bilder av «Bajassen» blei dagen avslutta med ein betre middag og til slutt litt avslapping på sofan før køya ropte igjen…
Måtte dei siste dagane på hytte bli halvparten så bra ♥♥♥
Klem -Anja-


fredag 29. mars 2013

Dei «galne» he det godt ♥


Her er det Eirin og Katja som «trimma»...
Her er det «Bajas» og «Nora» som ser på at «Sky» fyker rundt med ei leike...ikkje like lett for «Nora» å berre sjå på...

Onsdag etter handling til påskedagane var vi klar for å tilbringe resten av dagen ute på ski…Kosa oss som resten av dei andre dagane så slenge berre med nåkken bilde frå den seine ettermiddag…På slutten er sola i ferd med å forsvinne bak tretoppane etter nok ein herlig dag 


...og på slutten av utetida kan det passe at vi roer litt ned...to- som firbeinte ;)
Ønska dåkke alle ein koseleg kveld ♥♥♥
Klem -Anja-

«Jentene» på Oslotur

Eirin ville gjerne ein tur innom Oslo når ho først var her nede…Tom og Tim ville vere igjen på hytta så dermed blei det ein jentetur til byn ikkje heilt jentetur da, men nesten!  - for sjølvsagt måtte lille Ferdinand vere med oss :)  Vi hadde ein koseleg tur etter at den begynte litt stressande då vi fauk forbi oblat automaten, men vi ordna den biffen med en telefon etc.

Skjønnaste Katja vår foran slottet...

Vi tok en herlig lunsj på Egon Karl Johans gt. Så tok vi turen oppom slottet…Vi gjekk derifrå til Yogurt heaven for ein veldig god dessert ♥ nesten himmelsk…
Litt shopping, kaffipausar og ikkje minst hyggelig å treffe kjekkaste Finn Arild!!
Egon#YogurthHeaven#Latte...

Etter ein fin dag i Oslo tok vi med oss kvelds tilbake til hytta ♥ så synd at ein slik fin dag slår meg heilt ut, men det må eg vel berre finne meg i så lenge…eg kan ikkje legge meg til restitusjon når vi skal koooose oss i påska, så det får eg ta når vi kjem heim!!

Koseleg#litt#kanskje#berre#litt#travel#dag som vi ikkje har så veldig ofte…
Klem -Anja-

To «late» dagar…


Katja i fint driv på jordet nedanfor hytta...

Skigåing, leik, aking, hundeleik og avslapping…sjølvsagt innlagt handletur til Vikersund – en tur i gata for litt shopping først så handling av matvarer ;)

Påskeharen kom på besøk i år også, men utan skattekart og var sikkert veldig forkava der eg såg han runda hyttehjørnet…Eg sprang inn å gav beskjed til Eirin og Tim at eg såg eit eller anna bortom hytta, ropte til Tom og Katja som var på veg bort i akebakken!!

Barna var litt skeptisk til å gå først, men gleda var stor når dei såg han hadde «mista» så mange egg og ein liten pose!! MEN, Eirin blei såååååå skuffa!!! Ikkje for egget da, men at ho ikkje fikk sette ei gaupe eller nåkke ;)

Utrulig flott å ha «marka for seg sjølv» for her fikk vi oppkjørt to spor på jordet og vi går runde både med og utan dei firbeinte…

Herlig aking...Her gikk det kjapt :)


Hundane storkosa seg når dei berre kan springe rundt her akkurat som dei vil ♥ PÅ det samansatte bildet ser du på første bildet «Sky» så «Bajas» det til høgre er det «Nora» først og «Sky» etter ho...

Utrulig flott og eg sette umåtelig pris på dei flotte dagane vi har hatt!! Til tider er eg svært  lite mobil og då verdsette man dei «små» gleder ekstra ♥♥♥ før var det ei sjølvfølgje at eg kunne fyke rundt kor enn eg ville slik er det ikkje lenger…så dette er gull verdt ♥♥♥

Det er «aktive» dager og då holde eg beklageligvis ikkje så lenge, dermed blir det korte varme kvelder ♥

Håper andre rundt om også kan få slike gleder, store som små…
Klem -Anja-

torsdag 28. mars 2013

Påska godt i gang :)


Hmmmmm...men, kor skal ein begynne no som påska er så godt i gang ;)
Vi begynte ferien «tidlig» glad det ordna seg med jobb så vi kunne ta fri heile påskeveka!!
Vakre Trollveggen - alltid like magisk å kjøre forbi her...

Tom og Tim tok med seg hundane og begynte på turen ei god stund før oss andre (Eg, Katja, Eirin og Ferdinand) slik at dei kunne begynne å varme opp hytta til lille Ferdinand skulle komme…Turen nedover gikk veldig bra, vi stoppa kun for matpause og på Gjøvik hadde vi ei lang ei……….I tillegg til tanking av bil og Ferdinand ;) fikk vi ein fortvila telefon frå Tom – vegen opp til hytta var ikkje brøyta, for dei som har vært her var det heilt frå vegen som går vidare oppover mot tjernet etc. halv meter med hardpakka snø og ingen plass å parkere!
Etter fleire telefonar fikk eg tak i Gerd på nabohytta og ho kunne fortelje at vegen i år gjekk over jordet for det var så vanskelig oppi bakken ;) Gleda var stor!! Tom kjørte opp til hytta og fikk fyrt opp og vi kunne begynne å kjøre igjen…Hadde vært surt om vi måtte snu no…

Vi kom på hytta og fortsatte med oppvarming, sprengfyring og ikkje minst stearinlys i store mengder!! Mi lillesøster Eirin er «livredd» levende lys og fikk nesten litt panikk, men vi passa godt på…det gir jo så steike god varme :)
Viktig med ekstra varme første døgnet, så då bruka vi store brett til telys...effektivt, varmt og ikkje minst koselig...


Vi var «tidelig» etter kveldsmaten(som sjølvsagt var ein kebab frå Tippen Galaxy Grill i Hønefoss) klar for senga. Herlig å stå opp etter litt for treg morgon til herlig ver og skikkelig påskestemning!! Vi handla diverse på Dombås så vi kunne nyte ny stekt brød med godt pålegg...
Mmmmm...herlig start på påska, måtte det berre vare!!

Ditte lova bra for resten av påska – eg lova at det kjem meir ganske så snart!!
Fortsatt gooood påske ♥♥♥
Klem -Anja-

torsdag 21. mars 2013

Fin og kreativ kveld ♥

Åååååååå for ei fin avslutning på dagen!! Eg og Katja kjørte på butikken for å køyre ut blomsterleveringar, men mamsen som hadde seinvakt i dag tok seg av køyringa medan eg og jenta mi begynte å binde saman blomster ♥ Når mamma var tilbake var vi tre generasjonar som stod ved arbeidsbenken å jobba! ♥
Besta og Katja konsentrerar seg og let kreativiteten blomstre...

Ikkje berre er blomstrane vakre, dei duftar godt også...


Katja ville vere igjen etter stengetid å «jobbe» meir men eg hadde ikkje med meg nøklar, spilte ingen rolle når ein berre kan låne mamsen sine så kan ho plukke dei opp på veg til jobb i morra ;)
Skjønne skatten min under arbeid med sin for kvelden første dekorasjon  

Katja har fleire ganga laga dekorasjonar og bukettar ein av dei første gangane ho laga såg eg det ikkje før vi kom heim, for eg var så opptatt at ho fikk styre seg sjølv...
I dag ville ho gjerne lage dekorasjonar det fekk ho sjølvsagt så eg fortalde korleis ho skulle begynne og ho gjekk på med friskt mot. Eg er overraska kor flinke denne 
«lille» jenta mi er ♥ kan jo berre håpe og tru at det fins ein liten blomsterdekoratør i ho…

Kosa oss har vi gjort og at klokka blei litt meir enn vanleg når ho skal på skule i morra får så vere, ein gang i blant må ein berre nyte tida og det gjor vi absolutt i dag!!
Er ho ikkje flink vel!?? Ho har jobba godt med disse og enda en til laga ho, jobba godt og lenge med det grønne snitta blomstra på sin lille#rare#måte og resultata blei utrulig bra syns nå eg da!!...Mine første dekorasjonar var veffal ikkje så fin!! og ho er bare 9 år ♥ er vel ikkje så rart at det smeltar og gjer eit mammahjerte stolt 



Mange dekorasjonar og bukettar er klare for ny heim i morra ♥ stolt mamma...no skal eg berre nyte kvelden med ein kopp te og legge saman  klede ♥♥♥
Klem -Anja-

Nye Langevåg skule

Endelig fikk eg ta i augesyn den masse omtalte på godt og vondt NYE Langevåg skule!! Onsdag 20. mars frå kl. 09.00 var det åpen skule for at alle som ville sjå den nye skulen skulle få det. Undervisninga i klasseromma gjekk «som vanleg» så vi fekk sjå kor elevane jobba og skulle konsentrere seg med så mange vaksne som gjekk rundt…
Begynte i første etasje der det er administrasjon, helsesøster (ein gang i veka), personalrom etc. og ikkje minst har Kultur Skulen fått det flott!! Skulen har fått eit flott musikkrom/allrom huska ikkje kva det heite ved hovudinngangen men som brukast ved framføringar etc. flott tillaga og utrulig å få sjå dette på ein barneskule!!

Lyst og herlig med vindaug innvendig til alle rom, nede jobbar rektor etc. dei har også fått seg eit flott personalrom – dette unner eg dei verkeleg, det var flott og ein fekk lyst å slenge seg nedpå å ta ein prat ;)
Eg såg flotte og brukarvenlege rom overalt!! Eit supert skulekjøkken – nesten så eg fekk lyst å begynne å lage mat med ein gang…Nemnte på omvisinga at eg kunne tenke meg å gå opp igjen barneskule :)) Kanskje en skulle hive seg på dei siste to åra så fikk eg friska opp litt så har eg litt meir å gå på når eg skal hjelpe Katja med leksene, kanskje er det fleire som vil joine meg!??

Klasserom, garderobe og toalett var upåklagelige!! Rolig og ikkje ein lyd kunne høyrast gjennom veggane/vindauga...


Tok meg ein tur ilag med fleire rundt på uteområdet, har høyrd forskjellig om dette frå andre foreldre men eg syns veffal dette var utrulig bra!! Fint med skog å leike seg i, svææær fotballbane, leikeapparat og fleire er på veg så fort tela sleppe taket…
Eg spurte Katja igjen i dag morgon om korsen ho likte seg i friminutta i uteområdet? Svaret var med begeistring i stemma…«Det er kjempe kjekt, vi har to skoga å leike oss i, forskjellige leikeapparat, slåball og så kan vi finne på masse anna kjekt, det er masse betre enn på gamle skulen!!»....Så då undra eg litt på kva «vi» vaksne «gnelle» om, er det ikkje barna våre som skal vere fornøgd, så lenge dei er det så trur eg debatten om «det eine og det andre som ikkje er bra nok» kunna leggast brakk til det blir eit reelt «problem»…
Det skal seiast at eg ikkje har tatt ein aktiv deltagelse i den debatten og difor ikkje så godt informert, eg har berre høyrt ein del av det som er blitt sagt...
Kvifor ikkje slåball på stativa? Katja sa at dei spilte slåball i friminutta men kanskje den ikkje var komt opp for dagen enda…«Det er slik for at folk ikkje skal ta dei da mamma»

Eit anna «problem» er kva gjer man med gamle Sula vgs bygget…
For meg ser dette ut som eit fint bygg med teglstein som skal vere lett å vedlikehalde, ein kan vel ikkje berre rive eit slikt i mine øyne for nytt bygg!?
Kanskje om 5-10 å er Langevåg skule igjen sprengt og det er behov for ekstra klasserom, kva er vel då betra enn at bygget står der «klart»...Heldigvis er dette ikkje opp til meg, men her må vi tenke på fleire måtar ;)
Her håpar og trur eg dei fleste vil trivast ♥♥♥
Vil gratulere elevar og foreldre med ein fantastisk skule og ikkje minst alle lærarar og assistentar med ny arbeidsplass!!
Sola skinne og med eit lite glis om munnen vil eg ønske heile skulen lykke til med den offisielle åpninga i dag!!

-Anja-

Tur mot Langenestinden...

Heilt under tekst g bilde kjem bilda eg tok med mobilen og brukt på instagram på #anjasskatter og #kvasneset ... ...skodda har lagt gra...