søndag 30. juli 2017

Hovud- og ståbilde av valpane...


Det er jaggu ikkje enkelt å få skikkelige bilde av disse skattane, og derfor blir dei ikkje heilt slik eg ser dei, men her er veffal slik ein kan sjå korleis dei nesten ser ut ;)
Her er jenta i gjengen...

Kan ikkje få sagt kor betatt eg er av valpane...kosa oss skikkelig og må berre beklage at eg har vore aaaalt for slapp med tanke på bildetaking!!...
Er sjølvsagt avhengig av litt hjelp og i dag har vi kost oss i hagen. Katja spurte kven som var på besøk då eg kom med to kaffikurs i gangen?? "Eg har besøk av mannen min i hundehagen min!" :)))
 Kvasneset's Now just a dreamer...


Kvasneset's Not gonna lose my dream... "Blå"


Kvasneset's Never stop dreaming... "Turkis"
Kvasneset's Never leav your dream.... "Beige"
Kvasneset's Now you start dreaming... "Grøn"

Vil ønske alle ein fortsatt herlig søndag...
Klem -Anja-

mandag 24. juli 2017

Tur mot Langenestinden...

Heilt under tekst g bilde kjem bilda eg tok med mobilen og brukt på instagram på #anjasskatter og #kvasneset...
...skodda har lagt grauttjukk i to daga, eller det letta ei stund i går og i dag (søndag) fikk eg lyst å ta ein tur sånn på ståande fot. I går kveld verka eg så hinsides at Katja til slutt sa "mamma ta deg eit glas raudvin til for det hjelpe!" - ingen ting såg faktisk til å hjelpe så eg klarte ikkje vere i ro og og låg i ein stol med beina til slutt mot taket. I dag etter alle fribeinte hadde fått sitt fekk eg lyst å sjå sola smile til meg og då måtte eg over 7-800 meter. 
Skifta, pakka ein ransel og tok Berta i bilen, kjørte på ferga og innover Hjørundfjorden, opp mot fjellet etter Standal og parkerte ved anlegget til Tussa...
Herlig temperatur men grauttjukk skodde med varierande sikt. Eg og Berta begynte å gå utan å heilt vite kvar det bar oss men det er trass alt betre å gå enn å sitte/ligge still og kjenne på kor vondt ein har det.
 Måtte stoppe å ta bilde av geitene langs fjorden...
 På veg oppover grusvegen...
Traff på ein del rype også...var ei stor med mange barn som sikkert lurte på kva i helsikke eg gjor oppi den bratta der!? Går nok normalt ikkje folk der så eg får beklage at eg skemde dei litt med å ta bilde av dei...

Eit stykke oppi traff eg ei dame der eg spurte om vegen og sikta...var veldig fint på toppen og pass på å ikkje begynn å gå for tidlig oppover! Ja det var det da!!!...
Skodda begynte å lette ved Fladalsvatnet og skifta fort for putselig var det skodde lenger opp igjen. Det var vanskeligg å finne sti så eg skulle gjort litt meir undersøking før eg gjekk for eg tok av for fort oppover og hamna i feil renne!!...Å herreminhatt for ein tur og eg skal jo sjølvsagt ikkje gi meg med det første, så fortsatte klatringa og det passa nok best for dei som er glad i klatring og skulle sikkert hatt sikring også ;) Oppi der ringte Katja og lurte på kor det gjekk, og eg sa bra så langt men måtte legge på for det var så bratt. Like etter så fikk eg kjenne på bratta utan å få skikkelig grep deiste kjerringa i bakken og sklei 10-15 meter nedover...godt Beta er spretten så ho fauk nedover og til sides i det eg kom :)) Jaja ei erfaring og ein del skramme rikare!!
Det stoppa heller ikkje meg for eg ville opp for å kome meg ned ei anna renne, og slik gjekk det sjølvsagt!! g gjekk eit stykke til før vi satt os ned å beskua naturen på skikkelig - bittelitt mat på oss begge før vi gjekk vidare...
Fantastisk å finne sola over tåka!!
Men, det er ein grunn for at eg ikkje tek med hundane på luftige plassa for eg bli så innmari redd for hundane som går for nære kanten og vips er høgdeskrekken min tilbake for fullt!...
video
Eg såg det eg etterkvart satt som dagens måle Langenestiden 1206 moh borti der, men etter å ha komt med 1-2 renne bort så valgte eg å gå ned då Berta heile tida gjekk for nære kanten ned mot Hjørundfjorden. 
Stort for meg å ha hatt med meg ein firbeint på ein slik luftig plass!! Har utfordra eg sjølv eir enn eg tenkte akkurat der ;)
Det var ingen store "berg" å gå ned der, men bratt med lyng etc. så vi sklei nedover fleire plassa og var verre enn på snøven ned frå Rokken, men plutselig var vi nede ved vatnet igjen så vi kunne gå litt mer avslappa. 
Ein utrulig fin tur opp til vatnet og slettes ikkje dumt oppover også så har lyst å ta turen igjen med kjentfolk eller at eg studera ruta litt betre og samtidig ha alle firbeinte heime ;) 
Litt forslått men utrulig godt med ein tur og lufte kropp og hovud når det er som værst! Tok 12.55 ferga over fjorden og 18. 25 tilbake så brukte ikkje så gale langt tid på turen...
Måtte vente 25 min på ferga og når eg kjøre ombord betala eg for bil og når fergemannen sei "bil og ei blid dame" var det ekstra kjekt å høyre på ein vond dag ♥♥♥ Samtidig vise det at eg klare å halde litt humør sjølv om det er ekstra vondt...
Herlighet!!...Sjølv kor vondt eg har det no så er eg glad det her ikkje var min siste tur med tanke på alle knall og fall, og ikkje minst skjelvinga på kanten. Eg har blitt enda litt sterkare i dag, og gler meg til neste tur!!
Tuuuusen takk til Katja som passa dei firbeinte heime ♥ og tusen takk til dåkke som har sndt meg så fine meldingar i dag 
Klem -Anja-


Bilde frå telefonen
 Ein av mine favorittar rett bak - Sylvkallen!...
Faktisk ein heil haug med dårlige bilde av oss, men det måtte faktisk dokumenterast på ein slik dag!...

Ferie er ferie...

Seint på natta var vi veldig klar for å reise heim og eg var igjen "påkledd"...her sit Katja i senga med meg og resten på ven...