søndag 27. oktober 2013

Har du stilt klokka!?...

...Ja i dag er dagen for å endre frå sommar til vintertid, er du kanskje ein av dei som blir like forvirra kvar gang og ikkje alltid veit kva veg den skal stillast!? Ja, kan hjelpe med vegen - den skal alltid stillast mot sommaren ;)
Våkna aaaaaalt for tidlig i dag, ekstra tidlig når klokka skulle ein time tilbake!!...Låg ei stund å las så kjem Katja med det glade bodskap om at ein hund hadde væt dårlig!! Det skjer heldigvis ikkje ofte, men når det skjer er det nåkke skikkelig, ja D R I T T!!...

Ferdig vaska, lufta hunda og ordna litt, god søndags frukost og litt filmkos på soffan før vi tok turen inn til besta og besten for deilig lunsj, fersk og lunken hummer og krabbe!!...
Tom vinter klargjorde båten og så fikk vi mors heimelaga kjøttkaker og barna plukka bjørnebær til dessert...
Vel heime var barna kjapp i dusjen før dei stupte i badet...papsen fekk ikkje komme inn før lokket på badestampen ute var av ;) 
Kva kan vel vere betre enn at barna plukka bjørnebær i hagen til besta og besten!... Mmmm deilig varm og god bjørnebær over kald vaniljeis...

Når eg først er inne på det med klokke kunna eg tenkt meg ei slik stor ei som vi har fleire eksempla av på butikken...Men ikkje har eg egna plass og veit heller ikkje kva eg eventuelt skal velje ;)

Bilder frå eine kråa i butikken...

Håper du har hatt nytte av ein time ekstra i dag, det hadde veffal eg...
Klem -Anja-

lørdag 26. oktober 2013

Ei herlig perle...

...på Sulesund!!..
Barna var spent då vi tok til høgre i krysset i Mauseidvåg og kjørte forbi parkeringa til Sulafjellet og fortsatte ei stund...Katja speida og til slutt kjente ho igjen huset langt der framme...

Vi var spente, men det tok ikkje mange minutta inne der før barna ropa ut om vi ikkje kunne kjøpe huset!!
Huset var fantastisk med herlige, sjarmerande rom med sjel og særpreg. Skeive tregulv, malt panel, vindu som gav ekstra romfølelse, ein fantastisk kakkelovn, gamle dører bevart akkurat som eg lika og som Tom sa når vi gjekk ned trappa "akkurat eit Anjahus ditte!"...

Velkommen inn på "grønnerommet"...

Det diskuterast om kven som skal ha kva rom...
I det vi går ut igjen døra for å sjå på at ute spør barna om vi ikkje kunne flytte inn i dag!? ;)
Vi forklara dei så godt som mulig at det er fleire ting å tenke på og at vi i dag kun er for å sjå på eit hus som vi likte godt...

Nede var ein "stilig" kjeller som eg sg for meg både slik og sånn, med flotte vinduskarma og grue...
Ute er det store muligheter for å lage til uteplass, plass til å gjerde inne for hunda, på nedsida kan vi gjerde inne maaaaange mål til alpakka!!...
Garasje/uthus var utrulig flott tillaga og her kunna vi hatt hobbyrom fleire av oss ;) Løa står for litt oppgradering, men her er også massevis av potensiale!!...
Hagen oppom huset måtte sekkast ut av minsten...
Hagen mot vest som Tom har lagt plana for kva vi kunne gjort her...
Katja på veg frå uthuset til løa...
Løe med stort potensiale...ser for meg sommaridyllen og julepynta til dei kvite julene...

Timmen måtte sjekke ut alt, så han var i fjøra å sjekka naustet og ikkje minst det gamle uthuset med den gamle utedoen bak...
 
No er vi tilbake i stua vår og har litt tenkepause...barna er fortsatt lysten på å flytte dit, men det er masse som tenkast igjennom spesielt med den plassen huset og den fantastiske tomta med stort potensiale ligg...eg ser liksom for meg fargar, plassering av møblar og ikkje minst ute med hage og dyr, men det må tenkast grundig gjennom fleire punkt, men lysta er der...
Grublande kveldshelsing frå sofakroken...
Klem -Anja-

tirsdag 22. oktober 2013

Vaffelkos på ein tirsdagskveld

Etter ein deilig kveldsmat er det natta for barna og litt avslapping med beina i soffan for ho mor og eit blad gjer stunda ekstra hyggelig...

Det lukta herlig i huset mens eg «prøvesmaka» dei første hjerta...
Bestemte meg på butikken for at i dag skulle vi ha ein litt ekstra god kveldsmat, åsså på ein heilt vanleg tysdag diska ho mor opp med nystekte vaflar…Vi har liksom gjort det slik at ein kan kose seg litt når ein kan og det spilla ingen rolle om det er tysdag, torsdag eller laurdag ja, så lenge det ikkje blir for ofte!.

Deilig vaffel med ein klatt rømme og heimelaa jordbærsylte...

Gode vafler, kanskje verdt å prøve!?...
6 egg

1 dl sukker jaja, 1,5 dl for «godtemumsa»
180 gr. smør
1,5 ts. vaniljesukker
1,5 ts. bakepulver
200 gr. kveitemjøl
200 gr. lettkokte havregryn
5 dl. melkeblanding her tek eg alltid det eg har i kjøleskapet
1 dæsj med lettrømme

Har vore litt meir innom butikken i det siste, det tek ekstra på kroppen...Tom ville eg skulle ta igjen vaffelsteikinga, men måtte gi barna litt ekstra kos i dag. Alltid kjekt når eg kan klare å gjer det lille ekstra for dei 
Det er ikkje allid like lett å vere mamma med store smerter, det er ein del av kvardagen å prøve å skjule det for barna...Men, Timmen satt å spiste her ein dag og i det eg reiser meg frå sfaen legg han gaffelen ned og ser litt bekymra ut på meg
«mamma, går det bra med deg!??» ♥♥♥ Det er til tider litt sårt at barna skal «bekymre seg» for meg...men alt blir bedre etterkvart!! Viktig å ha trua veffal!! Den har eg og så er det viktig å lette på nye dører for nye draumar...

Akkurat no angra eg på at eg tok det siste …«stappa» helsing frå soffan…
Klem -Anja-

onsdag 16. oktober 2013

Fin kveld

Ingenting kunne gjort kvelden betre...enn at ei god venninne kjem på besøk og vi skravla i soffan med kvar din store gode tekopp...Neste gang skal eg dra den litt lengre, eg skal sitte oppreist og så litt til...


Vil ønske alle som titta innom her ein fortsatt fin kveld og ein herlig ny og fresh morgondag!! Eg er litt oppglødd i dag...med tanke på planar for framtida, eg er der at eg no må opne nye dører for nye draumar og er litt spent på kva dør eg til slutt opnar...Uansett skal eg farge den reisa på akkurat min måte og håpar det ikkje tek lang tid før den reisa kan begynne :)
Uansett status, livsgnist, hemningar eller ei, må ein sette sitt merke og sin farge på sitt liv, leve livet medan du er her, kjemp imot urett og vanskeligheter - ein dag håper eg du ser at det er verdt det. Håpar mitt neste kapittel skal inehelde masse latter, livsgnist, omsorg, glede og ein god posjon pågangsmot for eg trur det blir nåkken prosjelt!...Eg har måtte avskreve nåkken dramardei siste par åra, så då må eg bunkre opp nåkken nye :) eg har ogdå folk rundt meg som eg gjerne vil ta med og oppleve det nye kapittelet ilag med!!...


Tusen takk kjæraste Janita for at du sitte så lenge og "holde ut" at eg ligge og rista i soffan ;))) Det var ei herlig avslutning på dagen...ekstra Nattaklem...
Klem -Anja-

tirsdag 15. oktober 2013

Varm Kyllingsuppe

Deilig suppe som skal vere rykande varm spesielt i litt småsurt haustvêr  :)

7 dl vatn
2 terningar med kyllingbuljong
2 bokser kokosmelk
2-3 finhakka chili
1 pressa lime
4-5 kyllingfillea
2-3 løk
Til slutt smaksett med litt salt og pepper...


Kok opp vatn med buljongen, tilsett kokosmelk, chili og lime - la det småkoke. Striml kyllingen, steik den lett og tilsett sammen med løken som kun skal bli litt mjuk.
Her kan du sjølvsagt bytte ut lauken med for eksempel poteter, nudlar eller liknande...

Håpe det smaka!...det syns veffal eg at denne suppa gjer kvar gong :))
Klem -Anja-

torsdag 10. oktober 2013

Haustglede ♥

 
Det er er kva ein kaller kvalitetstid ♥♥♥ Vi storkosa oss i og rundt hytta både to- og firbeinte. Bajassen som liksom skal ta det litt med ro hopper og springe rundt så snart han får gå ut døra, så her må vi holde han mest i band…Men under er her ein del bilder av dei firbeinte fri i skauen :))
Vi har hatt nåkken fine skogstura med niste med nystekte boller og litt anna godt.

 Jippi.......vi kooooosaoss :))

Mille passa på nistekurva...

Åsså skal vi prøve  stå fint, funka dårlig for det er kjekkere å springe laus og kose seg...


...Så ditte gidd eg faktisk ikkje, demonstrera litt så får eg gå!!.. ;)))

Her springast det om kapp, ikkje så lett for ein femåring å halde følje med ein firbeint som brukar skitne triks ;)
Ein pust i baken og påfyll av energi...

Lille skjønne Mille...
 

Sky klarer å bade dei mest utrulige plassa og under den rota her var det ein akkurat passe dam...
Sky ventar på at alle skal kome etter...
 
I dag har vi hatt koselig besøk her på hytta :)) I morra skal vi ha oss ein «bytur» - eg og barna stikke inn til Oslo fr å vere turistar og ta med oss papsen heim so har hatt to dagar med kurs...

Det er ikkje alltid så masse som skal tl, litt ekstra tid med barna i skogen gir energi så det helde
♥♥♥

Haustglede…Klem -Anja-

tirsdag 8. oktober 2013

Varm, gnistrande haust

Det er haustferie og hyttekos...I dag var vi ute på tur i skogen både to- og firbeinte :)  NIB's utfordring for oktober er "Varm, gnistrende høst"...
Inn på hytta til fyr i omnen, levende lys og god mat...
Hytta er som du kanskje har fått med deg "ein liten sjarmerande skatt" som etterkvart skal få seg ein ny ildstad...men dinne duge så absolutt inntil vidare!
No tulla vi oss opp i sofaen og er klar for ein film så no blir det Snehvit...
Hauststemning på hytta ♥
Klem -Anja-

Ikkje berre vi tobeinte som lika oss foran varmen ♥♥♥


Tur til hytta

Dinne gangen var det eit "ork" å begynne på turen...men berre ein kjem seg i bilen går det greitt. Opp i romsdalen kunne vi skimte godt vêr i det fjerne :))
Det var ulykke nær Bjorli, såg ut som ein "smuglerbil" då det låg eit svært lass med Lidlposa uti grøfta...på nettet såg vi det var ein bil lasta med øl og personen var "forsvunne". Politihelikopteret med varmesøkende kamera "møtte vi" på Dombås.
Litt morsomt å sjå seg til sides og bak der skattane mine søve godt, men berre ei som ligge å lure bak solbrillene ;)
Måtte ta bilde av dei vakre fargane når vi kjørte "over Lena" på toten...tenker alltid på herligste Lena når vi kjører her, sjølv om henna "stamplass" er Dombås :))
Vegarbeid er det masse av på denne strekninga...og rett før Hønefoss viste disse vakre fargane seg...
Som regel er det natt når vi kjem ned, så godt å komme midt på dag til ei forandring. Det blei stopp for middagshandel på Galaxy i Hønefoss :))
Godt å komme fram, sjølv om Katja syns eg tok ein alt for tidelig kveld når eg la meg før nyhetene kl. 21...men etter nåkken tima på sofaen etter bedring er senga best ;)

I dag har vi hatt oss ein liten skogstur og det er alltid like kjekt å skå kor vi havna på retur :))) Ser fram til fine daga ilag med familien...
Klem -Anja-

søndag 6. oktober 2013

Fin og heilt "ordinær" laurdag...

Hei og hå for ein dag!! :))
Starta dagen med kos og "avslapping" så måtte eg ta meg ein tur ut for å handle litt god bakst for Mandel og Melis opna i dag!! 
Då blei det lunsj og kaffimat på butikken...reiste ned til mamsen som holdt fortet, prata med koselige kundar  kjente og ukjente, ordna litt blomster, drakk kaffi og "menga meg" :)) Små, men veldig betydelig glede for meg...
Det gjekk kjapt å stenge butikken så heiv vi oss rundt å for bort på Devoldfabrikken der hadde søskenbarnet mitt Cornelia offisiell opning av Celsius Glasstudio!! Åååå der blomstra kreativiteten og du finn dei vakraste, mest sjarmerande glassvarene du kan tenke deg, fine, også litt rar...
Du tenke at det er det samme som eg ofte sei om nåkke av blomsterbinderiet våra, men slik er det når man skal vere kreativ, då blir det ofte litt forskjellig ;)  Her er det vel verdt eit besøk for alle og ein kvar!!...
Har sett meg ut litt som eg skal fylle inn på ønskelista mi og det er faktisk praktisk og brukervennlig i tillegg og då må sjølv gubben bli glad :)
Litt handel til kveldens mat etc. så var "skrotten" klar for utstrekking...men å du å du kor herlig å få lov å gjer så små enkle ting i kvardagen da!! Livet er herlig :))
Til slutt etter ein del masing kom eg meg på beina for å laga kveldsmat........MONSTERBURGER i ordets rette forstand ;)  etter første streika gjekk eg ned ei tre fire siza og fikk ein passelig greie. 
Utskreka etter nok ei økt med lauken...kjempegoe og saftige hamburgera - syns det liksom var litt bedre enn gubbens forslag av amerikansk gryte...

Så er man utskreken og ser vakrere ut enn ever, mett og lykkelig etter ein "innhaldsrik" dag og litt ekstra glad for å ha kunne vore på butikken "min" i dag...
Vi fortsette å krysse fingrane for at ikkje fleire i huset skal bli sjuke etter at Katja har vore det nåkken daga, så kan vi kanskje sette kursen mot hytta og Vikersund!!...
Tårevåt kveld...løk og spysjuka blir eg liksom aldri heilt kloke på ;))
Klem -Anja-

Gaustatoppen 1883moh

Tilbakeblikk på oktober så har eg litt lagra i minnebanken...Det vart nok ikkje heilt den hausten eg såg fram til i fjella og som eg alltid...