torsdag 22. august 2019

Kva er viktig for deg..!?

...når du skal ut å legge igjen ei stemme om nokre veker!?
Er det å tenke på kva som er best kun for deg og dine, eller tenke du heilheit for alle..!?

No er det lokalpolitikken som skal stemmast for...å då må ein tenke kven som ønska å bidra til lokalsamfunnet, men samtidig kan sjå på dei store sakene i Norge og rundt om i verda.
Eg tenke at dei to vala er heilt forskjellig å derfor tenke eg lite på kven som vise ansiktet sitt og ropa høgst i tvruta...Uuuuups kanskje ikkje heilt rett, men litt satt på spissen. 

Det som er viktig for meg lokalt er kven som engasjera seg i sakene, kven har evne til å sette seg inn i ting og ta avgjerelsar på "lik linje" og ikkje for å male si eiga kake..! 

Då eg igjen fikk spørsmål om å sette meg på ei politisk liste og kanskje engasjere meg litt måtte eg tenke kva som var viktig for meg. Det var ikkje enkelt for det er mykje å tenke på...ja, eg kunne huka av dei spørsmåla som er viktig for meg og min familie for å sjå korleis vi kan få det best mulig akkurat no. Men eg meina og trur at den forskjellige politikken ivaretek forskjellige ting til forskjellig tid.

Alle skal bli sett og hørt...! Det er viktig at vi tek vare på alle i samfunnet vårt  

For meg er det utrulig viktig at vi har ein natur, eit miljø og ein klode vi kan gi vidare i god stand til dei generasjonane som kjem etter oss. Derfor må vi stå saman om å ta vare på den 
Med forureinsing, antibiotikaresistens, forsøpling av havet og avskoging av regnskogen så står vi framføre den aller største klimakrisa ever!!... Å den, den må vi ta på alvor å det hasta NO!!!
Husk at når naturen og kloden vår er øydelagt så kan vi ikkje berre pusse den opp igjen!!
Kloden vår er den vi leve på og av å då skulle det ikkje vere nødvendig å sei så mykje meir!

I tillegg har eg eit ønske at alle skal føle meistring og ha lik rett til læring. 
Alle skal få ha tilgang til god og riktig helsehjelp uansett kvar dei er i livet...
Eg har sjølv hatt store draumar om å skape ting og eg meina vi skal ta vare på alle som ønska å skape noko og på den måten er med på å bidra til fellesskapet.

Omsorg er eit viktig ord...det er ikkje berre eit lite ord, men eit digert tema som burde fram i lyset igjen. Omsorg for dine næraste, dei rundt deg og ikkje minst der du jobba.
Det å kunne ha tid og overskudd nok til å kunne bry deg om andre samtidig som du tek vare på deg sjølv. 


Pengar og makt er ikkje alt her i livet...Utan eit hjarte på rett stad er du fattig..! 



Faktisk litt engasjert i at vi alle skal ha det bra nok så du finn meg på ei liste. Lista som eg meina tek vare på mange av dei tinga vi bør prioritere i samfunnet i dag...


Eg vil faktisk oppmode de alle i Sula til å lese partiprogrammet til Venstre/MDG..!
Det er faktisk ein politikk som tek vare på alle i samfunnet der vi alle er...

Det er så utrulig viktig å høyre dei lokale stemmene, det er dei som kan jobbe for ting som berøre oss lokalt! Så bruk litt tid på å lese partiprogram å sjå kva som kan ligge ditt hjarte nærast...

Frå Instagram: Vi må stå saman om å ta vare på kloden vår Det grøne hjartet vårt brenne og det blå hjartet drukna i plast...! Akkurat no har eg ein draum om at alle går saman om å redde det grøne hjartet som vi er så veldig avhengig av.

Vi er alle menneske som er avhengig av den same skogen dei grøne lungene som no lide for at vi saman ikkje tek vare på dei å ser nødvendigheita av dei...

Det er lokalval no, men vi skulle alle kasta inn klutane å gjere det til eit «verdensval»!!! Nokon vise makt og barnslig oppførsel istadenfor å vie tida til det som trengst mest for oss som er her i dag og for dei komande generasjonene...!

Vi får ikkje ein ny natur med hjelp av pengar eller eit malingsstrøk etter den er øydelagt. 

Ting har allerede gått for langt, vi må ha handling i dag..!

La kloden få friske lunge, godt hjarte utan forsøpling og bakteriar...! Vi bør heile kloden stå samla i den krisa klimaet vårt står ovanfor!! Rein skog...
Reint hav...
Reine fjordar...
Det gir oss betre helse og oppvekst...
Bruk hovudet og hjarte å tenk kva som er viktig for oss ALLE..!!



Bry deg om litt meir enn akkurat det som krinsa i bobla di, og ikkje minst tenk fram i tid...
God val!!
-Anja-

tirsdag 13. august 2019

Tur til Høgevatnet 713 moh...

Ein fantastisk tur frå Ytre Standal..!
Etter ein innhaldsrik gårsdag var det terrengskifte i dag søndag 11. august :) 
Sjølv med fare for både regn og skodde etter vermeldingane så kjørte vi ombord i ferga å tenkte vi skulle ta ein tur til Barstadvika å gå mot Masdalskloven. Men, då vi sat i bilen på ferga så spurte pappa kva eg tenkte om å kjøre motsatt veg når vi kom på land. Kva med å kjøre innover Hjørundfjorden til Ytre Standal å gå oppover dalen der? 
JA! Kom det raskt frå meg, så mange ganga eg har kjørt forbi å sett oppover dalen der å aldri gått derifrå å tenkt at ein gang skal eg gå der, men av ein eller anna grunn har eg liksom ikkje komt på det når eg planlegge tur...
Pappa var sjølvsagt velkjend med alle sine tura på jakt i området. Å det her var eit nytt og godt bekjentskap for meg også...å eg kjem snart igjen!!

Vi vart kjørande bak ein heil gjeng med geite å måtte berre ta det i deira tempo. Når ikkje alle såg ut til å heilt ville gå utav vegen så gjekk eg ut. Å for nåkken herlige dyr asså!! Eg måtte sjølvsagt helse på eit par eg syntes var så fin og hadde heilt fantastiske fargar...då var eg så heldig at det kom ei som syntes eg såg ganske så grei ut å ville då gjerne ha ein liten klem ♥

Det var liksom berre noko veldig klokt over den geita her...
Kor vakker kan eit kje berre bli..!!?

Heilt nydelige å nesten så eg ønska meg eit par slike saman med eit par Alpakka...! :)

Oppe på sætra tok vi oss ei lita pause og sjølvsagt litt bildetaking. 

Utrulig flott veg fram til sætra å etter den ein fin og god sti med jamn stigning. Ein utrulig herlig tur å gå for både to- og firbeinte. Skodda spilte fram og tilbake i sin eigen melodi mellom fjella...Å regndropane litt meir intense ei lita stund, men vi gjekk på å kom oss opp til vatnet, det var ikkje eit mål i seg sjølv, men greit å ha vore der når vi først var sopass høgt oppe.
Då vi satt ved vatnet å spiste litt så dansa fisken ivrig over vassflata så her frista det å reise tilbake med både telt og fiskestang...! 
Det var null sikt nokre meter lenger opp så Molladalsskaret tenkte vi fikk berre vente til ein dag med litt meir sikt og mindre regn.
Så dansa skodda litt vidare å vi fikk sjå meir av herligheita som kom til syne...
Å kor eg gler meg til neste tur..!
Vil berre presisere at sjølv om eg snakka til Keesha så var ho i band, men ho måtte vere inntil meg når eg filma og tok bilde. Slik at ho ikkje plutselig eventuelt skulle begynne å gå slik at eg berre datt etter ;)  

Det var magisk å gå rundt slik i skodda...å med godt turfølge blir det så nær perfekt så det kan bli..!

Å her vart eg ståande å nyte og sjølvsagt knipse nokre bilde...Å då låge eg nesten på alle fire så eg hørte pappa rope for å spørre om eg hadde døtte, men eg hadde berre med å inrømme at eg knipsa litt..! Veldig greit å gå på tur med nokon som ikkje blir "irritert" over at det blir tatt "litt" bilde...


Vi gjekk tidvis gjennom grauttjukke skodde, men når det innimellom lett å vi får sjå den gli mellom fjelltoppane er det berre magisk å vi får ei herlig belønning for å innimellom ikkje sjå noko...
"Keesha" asså ♥ Ja ho er både kleggen min, hjartet mitt og den særaste av dei alle å eg elska den her hunden så utrulig mykje..!

Takk for ein super tur pappa...!

"Grindaguten" slepp oss ut av dalen og passa på at dei firbeinte helde seg inne til han fekk den igjen...

Vi begge, eller alle fire var nok samde i at det var ein flott tur..! Eg gler meg til å ta den igjen med sol og sikt slik vi får sjå alle dei vakre fjella omkring oss...
Klem -Anja-

One puppy still avalible...

...for the right home ♥ We have a puppy here who is ready to go if the right people are out there looking for him...(?) The puppies ...