tirsdag 13. august 2019

For ei helg..!

Ja det vart liksom litt av det meste...fjord, fjell, sjø - ein god del sjø, båt, hund, god mat og drikke, familietid.......
For ei som har ein del bokstava gjømt og til ei kvar tid noko som kravla inni kroppen - samtidig som kroppen ikkje lenger er "bygd" for så mykje er det godt når det skjer litt meir enn vanleg...
Tidvis gjennom grauttjukke skodde, men heldigvis gjekk vi litt til! ...To be continued...
Du kan sjølvsagt hoppe over laurdagen å berre snu til neste side..!

Laurdagen gjekk eg berre ut til brygga for å sjå korleis det gjekk med dei som hadde dugnad der. Dei styra på å då Tim spurte om eg kunne vere med ut med båten tenkte eg det var like greit for jo fleire kokkar dess meir søl!

Vi hadde med Ferdinand og Elliot ut kvar sin tur å alle koste seg, Elliot gliste, flira og skratta godt. Då han skulle på land ville eg også for så interessert eg er i det meste av natur fann eg ut at det var noko som eg ville sjå på, følge med på å verre kjerringa som skulle passe på. 
Ting såg ut til å gå bra heilt til landgangen var kilt fast i brygga som skulle heisast for å få nye flyteelement under. Å her kjem nok fleire kokkar inn å då blir det bokstavelig mykje søl.......

Narve, eg og Tom på landgangen for å få løyst den og samtidig var kontrollfreaken i meg redd for den stanga som stod rett opp så eg ville hjelpe å halde den på plass. Narve og Tom tek i, eg hjelpe litt til medan pappa skal til å sei at vi skal sikre landgangen i brygga så bevega den godt på seg...litt knirk åsså berre splash!! Dissa to gubbane fikk testa reaksjonen sin så Tom hoppa over på brygga, Narve hoppa oppover landgangen, mendan eg, ja eg berre gjekk ned med den :))

Skal tru kven sine "monsterbein" som har gått her...!?
Ikkje så veldig vanskeleg å gjette sidan det var vel berre ei som var klissblaut den dagen ;)
Jaggu godt eg akkurat hadde lagt ut telefonen!! Så stod eg nedi der å bada med kleda på...fikk beskjed om å kome meg opp av vatnet, men når eg først var blaut så kunne eg stå der nede å gjere litt nytte for meg...så då kunne dei bruke meg til det som trengtes under brygga. Vart nokre svømmetura å vi fikk plassert flyteelementa så følte at eg veffal kunne bidra litt sjølv min skakke kropp. 
Då vi tok jernstanga på brygga skulle vi ta i eit tak med pappa...eg var klar for tur før eg havna i sjøen så eg hadde på dei værst tenkeleg sko på ei brygge (Salomon steike god på foten, men dei kan ikkje nyttast på vått underlag!!) Eg skal sjølvsagt hjelpe å haldt på å gli rett i sjøen igjen!! Når eg tenke meg om hadde det sikkert vore betre...men, alle frykta at eg slo meg og var redd for ryggen, men eg er godt på å legge rette sida til så det resulterte i ein skikkelig blå og lilla stor flekk på låret, det var og er faktisk litt av eit kunststykke :)
For å svare spørsmålet - så fikk vi på plass det som skulle gjerast akkurat slik pappa tenkte og dei andre trudde ikkje heilt gjekk...men som regel så er han som meg full på idear og nokre av dei er nok slettes ikkje så dum.

Her prøve eg å dykke etter noko vi mista ned...men å sjå under det vatnet var ikkje lett så irriterande nok måtte eg innsjå at eg måtte gi meg på det...

Elles fulgte eg med på dei som var på helgas utstilling frå oss #TeamKvasneset

Ikkje minst fikk eg ei herlig melding frå Troms der lille "Karma" har vore på grunnkurs i Norske Redningshundar..! Trent ilag med 18 andre hundar, sove i telt med snuten inn til matmor sitt kinn, gått orientering med kart, kompass og GPS. Fikk lukta i nasen å dermed søkte etter figurantane som eit olja lyn. At matmor er så fornøgd med sin 8 mnd gamle valp er så herlig å høyre...
"Karma" Kvasneset`s Quality of a Treasure med eigar Linda Holmgren...

Eg fikk varmen i meg etter ein dusj. Med tørre klede var eg klar for fjelltur ilag med dagens siste solstråla...Når kroppen har gjort noko den kanskje ikkje burde så er det alltid godt å gå den til slik at ein kan ha muligheit for ein betre morgondag.
Det hjelpe ikkje å gå til sengs med ein kropp i ulage, ja då er det faktisk betre å prøve å få balansert den litt før ein legge seg.
Turen gjekk ikkje like fort og lett som den innimellom gjer, men det er godt å kome opp når ein får det synet og den roa som møte ein der oppe..! 


Deilig mat på verandaen oppe med mamma og pappa, å der såg vi opplyste vakre skip segle forbi...
Viktig å nyte alle små og store augeblikk, det innhaldet kvardagen gir med både latter, tåre, glede, blåkula og gode klemmar..!
Etter denne dagen vart det på ny ein innhaldsrik dag...

Etter denne dagen og helga tenke eg fortsatt at dei galne har det heilt greit..! :)
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg stille på val fordi...

...Eg meina at vi alle kan vere med å gjere ein forskjell - "Saman for menneske og miljø" ..!  Eg har ikkje kjennskap til alt så...