torsdag 30. november 2017

Skriverier...

Ja eg har jo gjennom åra krota ned mykje om så mangt og det tek nok ikkje stopp med det første.
Men, når eg er ute i naturen ser eit bilete eller berre har tanka som vandra så dryppe det ned ein god del. Det blir nåkken tima gange i løpet av ei veke og tankevirksomheiten er stor!! 
Ein del krota eg ned, ein del forsvinne, så kjem ein del plutsselig tilbake med ein litt annan vri neste gang.
Hundane, naturen og skriverierne mine er mi form for "terapi" - og når det i tillegg kan kome andre til nytte på eit vis er det veldig kjekt...
I det siste har eg alltid laga to bilde der eit med engelsk, og med det kan andre også forstå litt av kva eg skriv.


 


 Rett før hundane bada i gjørme eller tok eit spa så gjekk eg å tenkte på ting som ikkje alltid er like kjekt og med det kom denne teksten...
 Det uttrykket her har eg brukt i mange år og det vil nok følge meg ei stund...

 


 Eg prøva alltid å sjå positivt, men innimellom er det ikje alltid like enkelt og nokon kan gjere meg også fly forbanna...viktig å også få ut slike følelsar ;)
Når eg får tilbakemeldingar om at folk har hatt glede og nytte av det eg skrive så er det nesten som ein medisin i seg sjølv, eg får veffal litt energi av det...

Det er nok ikkje alt som treffe, men for meg har det ei meining...men om noko kan "treffe deg" så er eg glad for det.
Så det vil nok fortsatt dukke opp bilete med tekst på min instagramkonto sjølv kor sært det er, nokon syns det er greit, andre syns det er rart og nokre lika det heilt klart...
Eg tenke eigentleg ikkje så mykje over kva andre synes men fint om det kan kome til nyttes!
Det er uansett bra for meg og derfor fortsette eg med det.

Ha ein tankefull siste dag i november...
Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...