onsdag 17. mai 2023

17. mai - Gjer det beste for deg og din firbeinte!!

GRATULERER med dagen..!! 🇳🇴

...er heilt klart barnas festdag!! Men, sjølv meina eg det er ein festdag for oss alle, og då tenkjer eg dei på to bein.

Våre kjære firbeinte har ikkje behov for å vere med oss på verken festen eller i toget. 


Tenk over korleis dagen kan vere best for akkurat din firbeint og husk at alle inntrykk blir mykje større for dei. Mykje av det akkurat denne dagen innheld kan vere veldig skremmande for hundane…ta difor omsyn til hundane 

Istadenfor å ta hundane med i toget og alt styret rundt, så ta de heller ein god tur på fjellet eller i skauen når dagen går mot ein ende…


Håpe de alle får ei strålande fin feiring..!! 

Klem -Anja-


tirsdag 16. mai 2023

Tim Are sin dag 🤍

I dag har vi satt ut flagget og det er deg vi feira…!!

Kjæraste, gode, fine og flotte sonen min 💙 det er litt over ei veke sidan du stod der som ein flott, stilig, morosam, fin og stram konfirmant..!!

Etter seremonien på Parken Kulturhus i Ålesund tok vi eit lite stopp i Brosundet, for litt bilder…

Fine guten min ved Brosundet i Ålesund etter seremonien…

Mine to kjæraste skatta...


Tim Are, Katja og Kristoffer i Brosundet - 6. mai 2023...

Etter litt kjørte vi innover for å feire den flotte konfirmanten med ca. 50 gjestar på Veibust Grendahus...
Tusen takk til Nina og Bjørn som hjalp oss på kjøkkenet 



Kjære Tim Are...

Gratulerer så mykje med den store dagen din!!
Tenk at du no alt er 15 år og står her som konfirmant...
Alt har du rukke å vore førstereisgut med 4 veker i Barentshavet, ja og det som 14 åring! Åååå tenk, det med ei mamma som då enda ikkje lot deg reise aleine på Moa!!


Du har frå du var liten vore ein underhaldar med godt humør, eit digert smil og ein smittande latter.

Mamsen kjem aldri til å gløyme første dagen du var i utstillingsringen «barn og hund» for den utstrålinga og latteren er lagra godt i minnebanken!

Eit stort hjarte for både folk og dyra rundt deg har du alltid hatt, som liten og omsorgsfull då farmor og bestefar var sjuke. Under valpefødsel på Julaftan 2014 kunne du ikkje pakke opp julegåvene dine då du sat godt i valpekassa for du måtte «passe på familien din».

Du er ein tøffing som innimellom har litt sære interesser, du er heldigvis også tøff nok til å gå din eigen veg...
Kvardagen kan vere litt røff og gi deg nokre utfordringar, men du er flink til å sjå moglegheitene og ikkje minst bruke dine gode, sterke og praktiske resursar...

Innimellom kan ting ta litt tid, så husk å ikkje stå akterutseilt den dagen du igjen skal ut på havet ;)

Vi gler oss til å følge deg på dine eventyr gjennom livet, og ikkje minst kva målet blir neste gong du «kaste loss»

Glad i deg skatten vår..!!



På veg heim etter festen stoppa vi ved fjorden rett ved huset vårt for å ta litt fleire bilder...
Herrangud, er det rart eg er stolt eller..!!? 



Mi kjære lillesøster som er fadder på Timmen hadde nokre fine ord som ho avslutta ettermiddagen med...:

«Kjære Tim Are, i dag samles du her i lag med dine nære. Konfirmant har du blitt, så får vi prøve å gi dej råd på veg i livet ditt. Heldige mej som har fått være fadder, det betyr også at det må komme nokke sladder. Ser du e på veg til å bli en bra mann, men på sjøen fikk du onkel til å bruke mopp og vann. Vi andre, vi lo, og vi lo, menst du hang over do. Dagane gikk og fart blei det gitt. På sjøen og fiske he du fått prøve, vi synst du e like tøff som ei løve. No skal ej ver litt meir seriøs, men det betyr ikkje at du trenge å bli nervøs.


Ej e veldig glad og takknemlig for å få ha fått fulgt dej så tett siden du va liten. Når Anja og Tom ga mej den tilliten å få passe dej, sellom at ej aldri kommer til å glømme den eine gangen ej ikkje hadde kjent godt nok på flaska di med melk å ej brant dej. Tru mej, det skjedde aldri igjen. Meina også på ej fikk inn klage på bleiebudsjette med Tom. Pampers lurte mej å ej trudde bleiene dine va tissevåte litt for ofte. Du va en sjarmør fra starten av, fantastisk hærlig og det vise sej no at du e somoftest ganske ærlig. Du e i ferd med å vekse i fra oss, men takk for du tar dej tid til å "henge", i dag håpe ej du får inn litt ekstra penge. Rolig, avslappa, hjelpsom og godhjerta e nokken ord som ej meina beskrive dej godt. Så har du humor da. Ta med dej det på vegen videre. Vi e veldig glad i dej Tim Are og ønska dej en fin og minnerik dag. Å husk, uansett kor vanskelig livet synes å være, e det alltid nokke du kan gjør å lykkes med det. 

Gratulere med dagen 

Tante Eirin, onkel Adrian, Ferdinand, Elliot og Kanutte.»


Tusen takk til alle flotte folk som var med på å lage ein slik flotte dagen for den kjære sonen min 
Klem -Anja-

onsdag 3. mai 2023

Stell av øyrer

Det er mange hundar som kan slite med voks og sopp i øyrene, og det er spesielt dei med hengeøyrer som våre rasar…

Ei heilt klar gjennomgåande likheit med dei aller fleste er mykje pels i, på og kring øyrene.

For å spare hunden for mykje ubehag, deg sjølv for lukt og ikkje minst store utgifter til veterinær, så oppmoda eg alle til å sjå etter i hunden sine øyrer og stelle dei godt 🐾


Her er Nelia før klipp, og de ser at her er mykje pels kring øyrene som bør vekk...

Ikkje berre ser hunden meir stelt ut, men øyrene er lette og får betre tilgang til luft. Dei vil ikkje vere så varme og fuktige som dei vil vere med all pelsen...


Veldig mange tobeinte lika å kose med øyrene til hunden, og når "vi" tek litt ekstra i og gnura dei så høyre vi at hundane digga det!! 
Men, du gjer deg sjølv ei bjørneteneste for den "kosinga" kan før til ekstra varme og trigging av øyregangane som igjen gjer at dei produsera meir voks. 
Øyrene skal kun gnis når vi rensa øyrene til hundane...!!


Eg ønskja at de legg dåkke til merke at fukt, varme og mykje pels er rota til øyreproblema til hundane, spesielt dei med hengeøyrer.


Etter veterinærbesøk grunna voks og sopp i øyrene er det mange som får påvist allergi med komplisert utredning, store utgifter og ekstra bekymring for eigar...ikkje minst vonde øyrer som får utvikle seg er ikkje godt for hunden!!


Eg vil råde alle til å få bukt med problemet kring øyrene før ein begynne med all utredning. I tillegg kan det vere nyttig å ta vekk kylling frå maten vi gir hundane, og ikkje minst sjå at det ikkje er for mykje protein i foret.

Det vise seg både på dyr og oss mennesker om vi har ein infeksjon eller ulumskheiter i kroppen har vi dårligare imunforsvar og ting kan lettare påvisast. Så for å unngå mykje ekstra er mitt råd å få øyrene reine, tørre, fine og utan raudheit før eventuelt utredning for andre ting...


Klipp av hunden...
Det er nok fleire som ønska å ha ein hund som ser stelt ut, og det er faktisk ikkje så vanskeleg som ein trur...og øving, øving, øving det er det som må til...

Her vise eg med strekar kvar flatten skal klippast, alle andre stader skal pelsen vere som den er...

Eg har ved fleire høve vist korleis eg klippe flatten, og fint om de vil prøve dykk fram. Men, har de plana om å melde på utstilling så spør om hjelp og veiledning første gongane. Det du kan gjere er å klippe under og mellom potane, men husk ALLTID å klipp i pelsen si lengderetning. 

Her er eit innlegg ang klipping av flatten som du kan sjå på...


Lykke til!! 

Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...