onsdag 26. februar 2020

Når du får Satan i trynet...!!

...mulig eg kunne kome på ei betre formulering, men det er akkurat det som kom til meg verken meir eller mindre...

Som mange kanskje veit har eg hatt nokre utfordringar spesielt dei ti siste åra. Det føles faktisk som at eg har vore nedom helvete og spasert rundt der ganske så mykje gjennom 8,5 år...Men, no når eg endeleg har krype oppover igjen og ser lyset klarere og det med eit håp om eit liv igjen – Ja eit liv, ikkje berre eksistens og ein kamp om å overleve men eit nytt liv med innhald, godt innhald. Men så skulle jaggu ikkje den karamellen smake godt og lenge før satan dukka opp og gir meg ein rett i trynet, igjen...

Men, eg klora meg fast og har ikkje tenkt å skli så veldig langt ned igjen! Heldigvis har eg hatt og har nokre fantastiske legar å støtte meg til...så godt at dei finn tid til å følgje meg opp med smertelindring i første omgang. Så har dei satt opp time til kontroll med røntgen på Ullevål neste veke og då skal eg vel vere mobil nok til den reisa... 
Nokre daga før den akutte forverringa hadde eg fått på eit par strøk med ny farge på kjøkkenkroken vår...Ommøblert - asså nærare forklaring flytta litt rot frå ein stad til ein ny, og ikkje minst fått ein sofa inn i huset igjen. Skikkeleg digg med sofa her for eit litt meir avslappa rom...
Den her "eska" her med orkideane tek meg rett tilbake til blomster markedet i London ♥ så draumen er å ta turen tilbake dit og gjerne oppleve ein musical!! I tillegg må eg ønske meg eit skikkeleg kortreist villsaudeskinn som kan varme ryggen og så er "hula" mi akkurat perfekt på min måte...

Etter eg tok ut protesa (det er ei lang historie i seg sjølv, men Timmen kom då med; Mamma kunne du ha dødd to gangar!?? 
Kjære Timmen min - eg som alle kan dø kvar dag, men eg er her fortsatt ) i 2018 har det sakte men sikkert gått oppover, men på laurdag sat eg aleine og kunne kjenne på følelsen av at eg faktisk syntes litt synd på meg sjølv...det var heilt fortvilt og eg ville mest skrike, men måtte berre ta meg i det for det hjelpe så lite og då er fallgruva sikkert stor for å legge seg ned, så eg klapsa meg i fjeset og kom på betre tankar.

Men dei siste dagane har eg vore lite mobil, men ein tur for dag med stava utan hund har det blitt, lufta hundane i hagen og elles ligge dei som slakt rundt meg. Men ein uvant situasjon er det med ein del soffasliting...og DET, ja det får eg høyre ;) 
Katja - mamma har du verkeleg tenkt å ligge der å bli feit!!? Ej sei berre...Jaggu godt vi har humor asså 
Ein skrue eller to laus har eg vel visst eg har hatt heile tida og det er nok ein god del samde i...men normal galskap er jaggu godt å han i seg når ein skal gjennom sopass mykje. 
No berre håpa eg at der ikkje er ein mekanisk skrue som er laus!

Timmen då han kom heim frå skule mandag «mamma du skylda meg ein 1000 lapp...» hææææ ka da!? Ej sa du måtte til Ullevål igjen. Men eg har ikkje vedda, eg sa berre neida det skal eg ikkje...Ok, men er der infeksjon så får eg det veffal!!! 
Legevakta søndag, legkontoret mandag, snakka med Ullevål mandag og må tilbake for prøver etc. igjen tirsdag...Såg for meg 2020 med minimalt med legebesøk, men no når vi har kome oss langt uti februar er det vel på tide å nærme seg frikort..!! OMG sei eg berre...

Så godt å ha ein fastlege som ser meg for den eg er...at eg både kan smile og flire utan at han stille spørsmål. For det har vore nok av lega etc eg har møtt disse åra som ikkje trur meg og stille spørsmål med at eg ikkje kan vere så dårleg når humøret er så bra og eg ser "frisk" ut...
Ein må berre prøve å ta med seg det positive i ein kvar situasjon...å då velge eg det glamorøse no for det er svært lite glamour å skimte på ei snart 40 år gammal kjerring som ser ut til å ha passert nitti...men, glamour er det for eg har no faktisk min eigen kjekke privatsjåfør  takk pappa for at du tilføre situasjonen positive vibba 

Eg har ikkje vore så flink å oppdatere på det som har skjedd, men no når eg ikkje får fulgt opp alt eg ønska så er det greit å informere om det...men då eg haldt på å skrive dette innlegget tidligare i dag vart eg avbrutt av rektor ved skulen til Tim Are...
Ho kunne fortelle meg at han har vore i ein slåsskamp, der han kun prøvde å forsvare seg sjølv. 
Timmen min kom heim og kunne fortelle litt av hendinga, og det gjer meg så ufatteleg vondt at skatten min har vore gjennom noko slikt!! Uansett kven det skulle vere så kjenne eg det riv i hjartet når eg høyre liknande historie.

Under handballtrening i går gjekk Tim ut for å ta litt astmamedisin og då ser han ein gut stå å "tukle" med sparkesykkelen hans, og han sei då frå at det må han slutte med.
Då han kjem heim er han sjølvsagt litt lei seg fordi styret er laust og det er noko med ein skjerm. 
Då han møte denne guten som er eit år eldre på skulen i dag sei han at han synes han bør betale for reparasjonen...Då, blir denne guten skikkeleg sint og flyge på han og ikkje nok med det men gutane som er ilag med den guten følgje på der dei slår han ned og går laus på han med spraking og hoppa på han. 
Dette skjer i den lille bygda vår med gutar i barneskulealder...! Kva er det som skjer og kva er det som gjer at barna gjer slikt??
Eg har så vondt i kveld, men det er ingen tablettar som klare å døyve den smerta eg føle for det han har vore gjennom i dag.
Det er kanskje ikkje så rart at han ikkje har så lyst på skule i morra...!?

Smerte vil forandre deg og ikkje minst den smerte du blir påført vil gjere deg sterakre, men det er sjølvsagt ikkje slike smerte eg tenke på...
Samstundes må vi huske på og fortelle til barna våre at eit slag eller spark plassert litt feil vil og kan få fatale følgje for både den som sparka og den som blir utsatt for det.
Tim har smerter rundt om på kroppen som forhåpentlegvis blir betre dag for dag, og merka dei vil nok gå vekk...men, dei smertene og merka han har fått i dag som ingen av oss ser, dei vil ha bære med seg i lang lang tid 

Eg har hatt mange draumar og ønske dei siste åra...ja, eg har eit ønske om å ha det betre med mindre smerter, men mest av alt vil eg berre at vi alle skal vere snille med kvarandre. 
Om vi tenke etter så er det faktisk ganske så lett og det beste er om vi vaksne kan gå føre som eit godt eksempel. Vi må også bli flinkare til å prate fint om andre istaden for å kritisere andre som ikkje er heilt som oss sjølve...
Rett under her har eg og Timmen lagt på soffan å kost oss med hundane...
Han vart dratt i bakken igjen...men, det var med kjærleik frå ein stor dose herlege firbeinte og gledeslatter sat som de høyre i filmen laust...
Måtte vi alle berre sjå dei vi har rundt oss og gi kvarandre eit smil, ja for ofte er det kanskje ikkje meir som skal til 
Klem -Anja-

Valpa hausten 2020..(?)!

Eg ser no veldig fram til nesten kombinasjon vi har planlagt då eg har vore så heldig å få lov å bruke frossen sæd etter Flat Garden`s Eirik...