fredag 30. mai 2014

Eit lite eventyr ☆

Her blei ikkje innlegget posta før i dag...skulle ut i går ;)

Etter ein kjøretur som starta i går kveld kom vi på hytta nåkke mindre våkne...så vi tre vaksne prøvde å ta  ein cowboystrekk med tre barn som innimellom ønska litt oppmerksomhet.
Kosa oss utover formiddagen i det fine veret før eg og mi søster Eirin og dei tre barna hadde oss ein super dag på Blaafarveverket på Åmot og medan vi var der var papsen asså Tom på hytta å klipte plen...

Mine største skatta i livet ♡


Vi storkosa oss som alltid i dei flotte omgivelsane der og spiste som alltid pannekaker med blåbær og is, nåkken spiste vaffel med jordbær og is. Barna leika seg og ikkje minst så kjekt inne med alle dyra!! Har vore der før med masse folk, men i dag var der utrulig mange men der er godt med plass så merka det ikkje anna enn når skulle spise ;)

Litt mobilbilder...kjem bedre bilder litt lenger ned ;)

Katja, Tim Are og meg...
Katja så flink å rydde av bordet våra...
Tim Are på "fototur" og tok bilde av alle dyra han skal ha på garden sin...
 
Inne med dyra vart lille Ferdinand både mållaus og nesten trollbunde ;) Ja han vart heilt satt ut av at han fekk sjå og kunne ta på alle dei dyre han laga lydar til...Ja det blei rett eit lite eventyr.
Herlige dyr er der og det e jo kjekt for både store og små...
Her er det vår kjære Tim Are som var ute å knipsa...

Tim Are "stakk av" med fotoapparat mitt og begynte å knipse og han skulle ta bilde av alle dyra han skulle ha på garden sin og litt til. Den guten drøyme fortsatt om sin eigen lille gard så det skal bli artig å sjå etterkvart.
I den forbindelse ønska eg å få tak i "gammal" teglstein...har liksom igjen berre eit lite prosjekt eg ser for meg i hovudet :))) det er vel no eg må håpe at min kjære ikkje lese ditte for eg trur han ikkje Bør vite det før eg dit å rensa all den steinen ;) Har eg sagt det er sunt og godt med mange idear og nye prosjekt!?? Ja, for det er det nemlig...

Men tilbake til vår lille sjarmerande skatt her i skauen...vel tilbake på hytta med herlig Kina takeaway og ikkje minst planting av ein del avleggera som eg fekk med meg frå ho mor og litt til ♡ eg håpa det meste vil trivst og at dei kjem seg litt i år og at neste år er her enda meir blomster..."det skal bli" det er sikkert, eg må berre ha litt tid på meg. Eg skal ikkje lage det slik at det kun er arbeid når vi kjem, men at eg kan pusle rundt og ta vekk litt ugras og sjå på alle fine farger og kjenne nydelige dufter ♡ Ser for meg kor det kan bli, nåkken år vil det ta men det er kjekt for kvar nye ting eller endring ein gjer og då treng det ikkje gå så alt for fort...

Tim Are sprang rundt med hageslangen og leika som planta og busker stod i fyr...kjekt å bruke hagekanna etter eg var ferdig å plante ned også.
                             
Eg trakkar for ein fantastisk dag, dei små glede i livet som betyr så masse ♡♡♡
Ingen hytteluksus kunne få meg til å bytte vekk dinne lille sjarmerande skatten her...i år er det 19 år siden min første ferie her og det er faktisk så lenge sia Eirin og var her på ferie første gang...Ho var 6 år då eg hadde ho med på tur hit...utrulig kor tida he blitt av!!

Dagen i dag var alt eg kunne drøyme om og meir til ♡
Klem -Anja-

søndag 25. mai 2014

Kven danna baktroppa!?...

Dette sku vere ein selfie, men det blei av GP som snusa på sola...

...Jau, det kan eg på det sterkaste påstå og med sikkerhet kan eg for første gang sei at "den firbeinte danna baktroppa på fjelltur"!! JIPPI!! fredagskvelden kunne eg skilte med at eg var i betre form enn bikkja ;) Hjelpes kven blir ikkje stolt av det!? Veffal eg med mine forutsetningar med "fullstendig ødelagt rygg og ein kropp i forfall" er det heilt greit. Eg fekk også eit inntrykk av korleis det å vere for mi spreke søster når ho "dreg på meg" opp fjellsida....men, kjære søster du må veffal ikkje fysisk dra meg slik eg gjor med "GP" opp råsa. Ho snudde seg og ville ned igjen til sofalivet, tenkte eg skulle berre sette ho igjen og gå resten sjølv, men kom på at det var for gale det også...men når vi kom til grusvegen mot Blåfjell vart ho litt piggare :)
På veg opp møtte eg naboen og eit par til og ho syns sikkert det såg greit ut at eg var på veg oppover med stava...Eg sei då berre "Det e idioti og vilje" ;) Kanskje ikkje så  mange som skjønna den - men Vilja mi er stor for å gå på fjellet og trossa det meste, idioti for det er så innigranskauen helsikke låkt eller vondt da på fint...men, følelsen av å kunne få vere ute i naturen og ikkje minst komme litt høgare op er verdt ekstra smerter!! Det er jo slikt som gjer at eg ikkje bura meg inne og blir liggande :))))

Hive med nåkken bilde frå turen...he berre telefonbilder asså :/
 På veg oppover råsa...
 "GP" på Blåfjell...
 Selfie!!...meg og GP...
Vakkert på fjellet og det måtte nytast litt før vi tok turen ned igjen...

Eg har jo alltid hatt hunda full av energi og klar for det meste og ikkje minst er det då eit problem å klare å halde dei "tjukk nok" for utstilling...Så godt når eg kan ta med meg "GP" som til daglig bor med forvert eller mamma og pappa sin "Pekka".
Ja GP bodde her berre dei fire(?) første mnd av livet og vore på besøk innimellom så må nok berre innrømme at ho ikkje er belasta av den "miljøfaktoriserte ADHD" som er på meg og bikkjene i huset. Det er vel fleire som har nevnt meg og hundane mine sitt "humør" og slik er det berre...Ikkje så lett å skru av men prøva innimellom ;) Men, det er så godt å sjå at hundane som kjem ut av huset her er rolig og avbalanserte alle sammen veffal dei eg har møtt og hørt igjen frå, kanskje tek eg feil av ein hund? Godt å sjå at Bajas si ro går igjen på avkom, de har eg veffal sett. Vi hadde ein som kan eg kalle det "feillært og påført stress" her starta eigaren frå null igjen og med ein god dose arbeid fekk dei ein fantastisk og harmonisk hund!!! Alle ære til familien der, men alt skal lærast og det fekk dei erfare...

I går kveld fekk eg ikkje gå på Sulafjellet då det var for masse skodde...Gubben va sikkert litt gretten ;) Neida, han er berre redd ryggen og skrotten skal slå seg vrang og "redningstjeneste" i skodda er jo ikkje beste sort :)

No er det litt meir "husjobbing" før vi tek turen til mine foreldre og då lure eg meg sikkert til ein liten fjelltur...eg dreg deg med kjære søstra mi, men du må "dra på meg" ♥
Klem -Anja-

torsdag 22. mai 2014

Dei glade maidagar

Her er vi, meg og min lille familie
 
Går så utrulig fort og dei går alltid ekstra ort når vi har det så bra!! Det har vore så kjekt å hatt besøk frå Bergen og med fint ver og kjekke barn er det berre fryd ♥
17. mai var ein flott dag...dog må det seiast at forma mi til å begynne med ikkje var så god, men den gjekk seg til kan jo ikkje bestemme kor tid dei "dårlige dagane" kjem så berre litt dumt dei kjem ein slike dag men det gjekk seg som vanlg til og vi fekk ei flott feiring med tog i Langevåg, oppom Solevåg skule for litt spiserier og ikkje minst litt aktivitetar som skyting på blink ;)
Til slutt tradisjon med herlig koldtbord og det blei sjølvsagt litt i meste laget...
 Her går eg og Katja forbi heile familien i toget...mine flotte og kjære foreldre
 Toget tek oppstilling ved skulen med Sulafjellet i bakgrunnen...
 Skjønningen Ferdinand og mi gode lillesøster...
 Her skal luftgevær prøvast...
 Luftgeværskyting har det vore på Solevåg skule heilt sidan eg var lita og her ser du storesøstra mi i aksjon...
 Tim Are og dei andre barna våre avslutta den sosiale biten med dissing før det bar heim til Sunde for familiekos...
 Flottaste fjella med gardar o vatn kring seg...
 Litt kyssing må vere lov når vi har vore kjæresta sååå lenge ;)
 Våre to flotte barn og stolthet...
 
Den flottaste bukett eg kunne få tatt bilde av...her er alle seks søskenbarna samla i finstasen
 Dei tre jentene...
 
Håpa vi får mange sånne flotta daga ilag, er så godt når heile familien er samla ♥ mangla kun nåkken få for å få den komplett!!...
 
Med disse maibilda vil eg øsnke deg ein fin kveld
Klem -Anja-

mandag 19. mai 2014

Beste turfølge ♡

Har vore nåkke fine daga med besøk av søstra mi med familien frå Bergen!! Vi har vore samla nesten alle sammen og hatt det fint ilag ♡ så koselig med tura ilag med massen og begge søstrene mine!
Tim Are har også vore med på fjellet og han er berre supersprek og eit herlig turfølge full av liv!!

Tim Are på veg opp bratta i dag... "Viss ej rulla ned her håpa ej at ej brekke ein fot eller nåkke, for vist ikkje så kan ej kanskje dø og då ligge ej der, og liksom ingen vits med sjukehus om ej e dø da".........
Han sei så masse dinna skjønningen der og burde hatt med meg båndopptaker slik eg fekk spilt det inn med ein gang ;)
 
 
Eg elska å gå på tur rundt om og fjella lika eg ekstra godt ♡ håpa eg snart er god nok i ryggen til å begynne på dei flottaste fjella i Hjørundfjorden!! :)
I går lånte eg Pekka på fjelltur og det var greit slik at mine firbeinte fikk kvile...høres sprøtt ut, men Sky må klare å opprettholde vekta - ja det er nåkken som har det!!
Trass min svært dårlige rygg må eg prøve å komme meg på fjellet så ofte eg klare ♡ Det er viljen det kjem an på...klare eg det, så kan også du klare det!!! Alltid tyngst å komme seg ut døra, etter det går det som ein leik ☆ 

I morra er et dugnad i barnehagen så då får eg ta turen på dagtid...
Har du nåkken gang hatt behov for å sortere tankene eller rett og slett hatt behov for luft!?   Det har dei fleste og derfor er det berre å komme seg ut 😉
Ha ei avslappende natt ♡♡♡
Klem -Anja-


 

onsdag 14. mai 2014

Savn på ein annan måte

...kan vel sei det slik, er ikkje det savnet som når eg mista mine næraste og mine trofaste fantastiske firbeinte, men eit savn på ein annan måte. Savnet er stort etter "butikken min" ja å du og du kor savnet kjem innimellom...berre det å få sette bestillingar med alle levrandørane, blomsterdekorering og stell av blomstrane, vareplassering, møte med kunder og ikkje minst ommøbleringskaoset på nattetid ;)
Berre det å kunne gå ned til alle døgnets tider for å gjere litt småting på den tida eg er mest kreativ...

Har innsett at eg ikkje kan drive ein butikk her i sentrum og dermed bestemme eg meg for å selge lokalet som kan vere ein, to eller kanskje tre herlige butikk i ein............

Savna "butikken min" ♡ men er faktisk inne i ei svært så positiv periode...så eg har som ei tru på at alt ordna seg for dei som prøva å vere snille $) 
Det vil altså sei at eg ein gang fram i tid skal kunne få lage min eigen butikk igjen Anjasskatter skal inneholde diverse, rart at eg alt ser for meg varene og innredning, eg kjenne alt lukta av verdas beste duftlys eier frå Love is green som ilag med alle skattane skape ei unik atmosfære ♡ åååååå eg
skulle skreve det ned i detalj...men eg skal halde det litt til
hjerte og lova å komme meg litt meir etterkvart som helsa blir bedre, ja for det skal den bli!!


I kveld begynte eg på enda ein ny salgs "medisin/tablett", eg håpa det kan hjelpe på så eg kanskje klare å tenke klarere om eg skal ta ny operasjon eller ikkje. På tirsdag er det telefonmøte med ortoped/overlege i Oslo og blir då kanskje litt klokere ;)
Inntil videre skal eg no bli enda flinkere å porsjoner dagen, "slappe av" og følge det dei sei på sjukehuset...ikkje alltid like lett for ei ivrig og utålmodig kjerring,  men trur det er best og skal virkelig prøve så godt eg kan...

Så utrulig koselig å sjå tantebarna mine frå Bergen i dag og sjølvsagt store søstra mi ♡ familie er viktige og verdifulle band å ta vare på...
Familie og små draumar å sjå fram til - det gjer den lille forskjellen...Love my family ♡♡♡
Klem -Anja-

mandag 12. mai 2014

Små ord ♥

Dei "små ord" kan utløyse litt av kvart og med meg utålmodighet!!...Har jo lenge ja, alt for lenge drøymd om eit småbuk eller ein fin stad der vi kan finne roa og ha dyra rundt oss, og no i det siste har det komt mange små ord frå mine næraste som gjer at eg ikkje elnger har tid å vente. No må vi vel finne plassen snart slik at vi kan ta fatt på "resten av vårt liv"...eg skal prøve å ha så masse tålmod at eg finn den plassen vi skal bo for alltid...
Å plassen eg skal finne til meg og mine kjære skal sjølvsagt ha mange forunderlige ting...ja ideane er det så mange av at eg bobla snart over av alt eg kunne tenke meg å lage til!!...
Men her må vere "blingbling", natur, litt nytt og gammalt, masse lys, blomster, traktor og dyr, ja dyr må det vere fleire av ♥♥♥

Er det nåkke dissa barna våre er god på så er det ord...ja, spesielt Tim Are har veldig masse å fortelle og ikkje minst eit svar til det meste har dei begge to og det kan til tider vere ei utfordring ;)
Men, dei er så omtenksom, snill og god ditte har eg vel sagt før!? og dei vise stor omsorg for alle rundt seg og det er så godt når vi hører alt det fine dei sei...


I går var Katja på overnatting og plutselig tikka det inn ei melding på telefonen ♥♥♥
Eg og Tim Are slappa av, og plutselig kom det "mamma, ej kjem til å bli veldig lei meg når du dør...........men, det blir bra for deg, ingen smerter i ryggen lenger!" Klump i halsen, eg veit at dei tenker på mamman sin, men eg gjer det beste ut av dagen og prøva å skåne dei... "Men, mamma når smertene dine går vekk vil du begynne med butikken din  igjen!? Ej savna butikken din og du likte så godt å jobbe der og det gjor ej også"...
Jepp, savna den veldig masse og skulla så gjerne hatt den...men, hadde eg berre latt vere å ta den forbanna operasjonen for bikka tre år sidan!!! No når dei orda er sagt skal eg legge dei vekk, for eg kan ikkje gjere noko med fortida og velge å sjå lyst på framtida og glede meg over det den kan by oss men fokus på familie, dyr, natur og rekreasjon...............så eit ørlite håp om litt bedring ;)

Eg legg ikkje vekk trua og håpet heilt endå...håpa på bedring og då hadde det vore fint om vi hadde funne roa på drøymeplassen og hadde klart å fått meg eit rom eller ei lita "hytte på tunet" der eg kunne skape mitt lille hjørne.........jada, alpakka i hagen utanfor med "Anjaskatter" inne til glede for meg, familien og ja, kanskje kundar ♥♥♥ Eg ser det for meg og eg håpa eg ein gang kan gi liv i disse "skattane" mine...og i mellomtida drøyme eg ;)
Gjennom tida har eg hatt mange idear og laga til, gjort endringar og gjort endringar igjen før det andre er ferdig...men du kor eg har kost meg!! Eg har holdt på slik i to hus og gleda megtil mitt tredje. Trur ikkje eg klare å overraske gubben like masse lenger, men skal aldri sei aldri ;)
Kanskje skal eg ta fram litt av mine små prosjekt...hadde vore kjekt å sjå litt tilbake også, kanskje kan eg ta fram igjen idear som eg hadde før...

I skrivande stund putra middagen og i tillegg er eg og Tim Are på flytur til Bangkok med KLM...Vi høyre motorduren og piloten som snakka, litt forsinka men berre litt venting før vi kjem fram ♥
Så då skal vi nyte "reisa" og alle dåkke som er innom her må for all del ikkje slutte å drøyme ♥♥♥
Klem -Anja-

torsdag 1. mai 2014

Hytta ♥ her finn vi roa...

Beste plassen...heimesnekra kjøkken som er slik eg lika det og sjarmerande på sitt vis, ekstra kos med friske lavendel i vindauget...
 
Det er vel slik at vi alle deltek veffal litt i "ein hektisk kvardag" og treng litt ro innimellom...
Er det ein plass eg finn roa så er det på hytta vår i skauen ved Drolsum på Vikersund ♥ Eg har omtrentlig frå første dag storkosa meg der sjølv kor gammalt, utslitt og shabby det var har det alltid vore nåkke spesielt med denne plassen! Tok litt tid før eg kom over skrekken for utedassen, men det gjekk det også! :) Men, no har vi gjort masse her opp igjennom åra, prøvd å holdt det ved like, lett oppussing og beskjæring rundt.
Då vi i 2009/2010 tok over hytta blei det litt meir gjort, då kunne eg begynne å sette mitt preg på hytta. Tek litt tid, men litt etterkvart blir det meir og meir eg som set preg på det.



Her kosa eg meg kvar morgon før hytta vakna til live...då er det meg og dei firbeine rundt føttene mine, men her har jaggu "Sky" lånt plassen min ;)
 
Vi har no pussa opp alt den er jo ikkje så stor, så det var igrunn fort gjort, men vi har igjen vindu etc. Vårt ønske no er å få bygd på eit soverom og ein god gang slik at det blir litt meir romslig og ikkje minst bedre plass for klede etc. Etterkvart blir det nok eit anneks for å ha meir plass, men i første omgang får vi ta rommet slik at det blir meir behagelig i sjølve hytta :)
No i påska fekk vi ta vårreingjeringa og elska det!! Tom og naboen rista godt på hovudet når dei såg meg gå i dusjen på kvelden...men det gjer så godt for sjela å få gjer litt, så får heller kroppen svi "litt" ;)
 Hytta på nedsida...her har vi begynt så vidt med beskjæring..
 Her ser dåkke forvandlinga vår...Skulle berre spa vekk litt grastusta og røtter og lage bedre mark, men når vi la ned så masse arbeid så måtte eg og Katja på innkjøp av blomster ♥
 Syns du det blei fint!??...Her planta vi Azalea, Helleborus, 2 roser, Muscari og buxbom..

Eg har alt gløymd den fæle turen heim i påska, då eg vrei meg i alle retningar og stod å kjørte, det kom frå Tom "jaja, blomsterbedet ditt blei nå fint det!!" Han syns jo det er heilt tullete kor eg styra, men om eg ikkje hadde gjort det dei tre siste åra hadde eg "bikka over og tapt" og det har eg jaggu ikkje tenkt å gjer enda :)
I og med alzheimerlight slo inn har eg meld på utstilling i Drammen 1. juni og vi får oss ei langhelg på hytta der vi reiser onsdagen :)) JIPPI ein tur til fø sommarferien!!... 


No er gubben snart ferdig dusja, så då skal vi og ei småsjuke Katja snart reise på Sunde å spise middag..Tim Are har lagt der i natt og er sikkert klar for ny fjelltur i dag ♥ ja, det håpa eg også at eg blir når skrotten har blitt varm :)

Ha ein fortsatt flott 1. mai ♥
Klem -Anja-

Kunstgrasbane - Skal ein idrett ha råderett?...


Min gode skatt Katja på ein av Sunnmøre flottaste stader 30. april 2014...Uansett kva retning ein tek bilde vil man få fantastisk utsikt

Jaja, eg har det med å ytre meg kanskje til forargelse for andre og komme med mine meiningar og dei er til tider rare, teite, gode og fornuftige men mest av alt - heilt ærlige...
Men, det er første gang eg har trykt på "send knappen" på emailen til avisa...eg tenkte no at det var på tide at eg eller nåkken andre viste ei anna side i saka og kva konsekvensa det vil få for dette området!
Eg har sikkert fått meg nye "uvennar" men det må eg berre tåle...eg står 100% bak det eg har skive og meina dette er til det beste for heile bygda...
Eg undrast meg opp fjellsida i går etter at eg såg fleire prata i Sundsmyra i går.........er det ein grunn til at dei no samlast for diskusjon skal tru? Tenkte først om eg skulle slå av ein prat, men ville dei snakke med meg om mine meiningar hadde dei sikkert gitt eit vink når eg kom istadenfor å virke "totalt overlegne" :)) sjølvsagt satt på spissen, for det er jo ikkje sikkert dei såg meg!..

Så i går kveld blei det ein fin fjeltur igjen!! Ein herlig og sein kveldstur for store og små, to- og firbeinte ja, kanskje litt seint for barna, men 1. mai og fridag i dag så kjekt å vere ilag på kveldsfjelltur...
Men at det skal smertast så inninannigranskauen i ryggen har eg inga forståing for, og stå heller ikkje 100% bak den avgjerelsen der!!... :)




Mitt lesarinnlegg i Sulaposten 30. april 2014...

Eg tek meg friheita å beklage til dei eg trakkar på tærne før eg gjer det. Av denne grunn har eg også dratt det ut med å legge meg borti debatten pga alle sure miner og drittprat. Men, eg vil tillate meg å minne alle på at vi har ytringsfridom i dette flotte landet og ikkje minst sak er ei sak og ikkje person.

Mange vil nok undre seg for kvifor eg som bur i Langevåg kan og vil engasjere meg i denne saka, men det er så enkelt at eg har heile livet nytta meg av denne flotte plassen i Sundsmyra. Her har eg trena både friidrett, fotball, hund etc. Rekreasjon er også viktig i denne samanheng, for eg trur det er ingen andre stader på Sula vi har eit så allsidig område der vi kan halde på med så mykje på ein plass og nyte roa samtidig.
Sundsmyra vart ikkje seld for at ei gruppe skulle ha einerett, det skulle vere ein plass der alle kunne samlast og kunne få nytte området! Hovudbodskapen om eit areal for heile bygda fell vekk om kunstgrasbana kjem…
Som mange av dei som ønskjer bana velkommen bur eg ikkje langs vegen opp Lervågdalen og difor bryr det meg faktisk ikkje så masse… Ja, slik er vi vel med oss alle - litt egoistiske, så lenge det ikkje råka meg så spela det inga rolle?


Eg må seie at eg vart veldig overraska då eg kom opp i Sundsmyra rett over påske og såg bana rasert. Ja, eg blei lett irritert og ikkje minst blei eg skuffa og kjente eit sårt stikk i brystet, rart? Ja, det er det heilt sikkert for mange, eg men synest liksom hjartet av Sundsmyra er rivd ut og det blir ein rar og heilt feil setting å komme opp dit når det har kome kunstgras, med gjerder, reklameskilt og netting rundt…

Eg undrar meg kva som skjer. Først er det eit stort spørsmålsteikn for meg korleis ei slik sak først skal kunne gå gjennom i kommuna og ikkje minst at dei kan starte prosjektet før det er kome eit endelig svar frå fylkeskommuna.

Ein ting som bekymrar meg er at kjem det kunstgras er dette ikkje lenger eit fellesareal for alle. Her kan vi ikkje lenger gjere som vi vil for her vil det bli restriksjonar for kva fottøy man har og kva man kan ha med inn på bana.
Eg har sjølv barn som elskar å spele fotball og likar det godt sjølv, men eg kan overhode ikkje sjå kva som har vore rett i denne saka.
Kven får bruke området etter kvart? Her i Langevåg har barna kome skuffa heim etter at dei no både på skule og barnehage ikkje får nytte området rundt Langevåg IL sitt anlegg, dette på grunnlag av at dei no må betale leige for bruken.
La meg få gjenta meg sjølv… eg kan ikkje sjå at dette som blir gjort kan gagne andre enn fotballen og Sundsmyra skulle vere ein stad for ALLE!!!
De kan gjerne komme med argumentasjon som at alle andre skal bli plassert bort i hjørnet (der froskedammen var), men den er ikkje god nok. Korleis skal man for eksempel kunne springe ein tilnærma god 800 meter eller kunne kaste spyd, slegge eller diskos på bana?
Eg veit at det er mange i Sula som trenar friidrett eller ønskjer det, men det blir beklageligvis ikkje lagt til rette for slik trening. Interesse for ting går i bølgedalar, og når noko ligg brakk kan man ikkje øydelegge muligheitene for seinare bruk.

Eg synest vi skal tenke på kva vi har rundt om i kommuna, for i dag har vi ikkje mindre enn tre kunstgrasanlegg og er ikkje dette nok når vi per i dag kun har tre idrettslag?
Kan ikkje vi halde nokon anlegg fri for kunstgras slik at alle kan nytte dei?
Kva vil dei gjere med 16. mai leikane som alltid har vore i Sundsmyra?
Kva skal dei gjere med den flotte sankthans-feiringa som brukar å vere i Sundsmyra? Det er vel ikkje så populært om man tenner opp eit stort bål og gnistrane flyg rett på kunstgraset?

Trur det er mange som burde tenke seg godt om i denne saka! Eg meiner, og sikkert mange med meg, at det ikkje er rett at det blir kunstgras i Sundsmyra.

Håper verkeleg at det kan skje ei endring i denne saka.
 Vennleg helsing
Anja Roiha Sunde Haugen


Så vil eg berre vise dåkke her som kanskje ikkje har hørt om saka før bilete av området sett frå fjellsida...
Bana sett frå fjellet...Som du ser er det eit fantastisk området som ikkje burde ekskludere alle andre enn berre fotballen...Den som trur at du kan drive friidretstrening på den lille firkanten baki kråa der må tru om igjen!!
Det skal ikkje bli lagt ned store treningsmengda frå mi side før eg kasta over den lengda der...........oj, kan det vere eg må bite i meg orda mine, eller må eg kanskje begynne å trene igjen for å få det til!????
Skal nok få til eit litt "koseligare" blogginnlegg ein 1. mai...men først vil eg dele dette, og håpe maivåren varma alle harde fotballhjerter rundt om slik at det ikkje berre er ei sak som tala til dei, men at dei kan klare å sjå fleire side av denne saka...
Ha ein herlig 1. mai!!
Klem -Anja-

Oppbygging av heimesida igang......IGJEN!

Eg som trudde eg ikkje hadde tålmodigheit i det heile!!......I dag/kveld har eg sett at det faktisk er litt likevel, så om du trur meg ell...