lørdag 31. desember 2022

Keesha - ein heilt unik hund...

...Ja det var akkurat det ho var, ein særs unik hund som fikk fram alt av kjensla i meg, for eg har aldri før kjent så mykje på ein gong og noko som kan nemast er glede, redsel, irritasjon, varme, frustrasjon og omtanke. 
Om eg ein gong skal menneskleggjere ein hund noko som eg ikkje er så veldig fan av! så er det nok vere akkurat ho, ja for ho viste meg omsorg sjølv når ho var på det svakaste. Der eg sat i redsel for å miste ho la ho poten sin på meg og såg på meg med dei varmaste augene.

Keesha var frå I-kullet vårt som var født på julaftan 2014 og saman med bror Bobby vart ho buande igjen her hjå oss.



Keesha i Geiranger på veg til parring, og på Vågå 2019 på veg heim...

Keesha digga å springe venstresvingar og har mange fine resultat frå utstilling...litt surt at siste utstillinga i Norge enda med res.Cert altså plassen bak storCertet som ville utløyst championatet.

I mars 2021 venta Keesha sitt tredje kull, og der måtte alle dei 11 valpane ut med hjelp etter at ein sat fast i fødselsvegen. Det vart litt romstering der inni og samstundes som ho fikk feit mat for melkeproduksjon til valpane var nok det ein kombinasjon som ga ho Pankreatitt, det kan forenklast med å sei Akutt Bukspyttkjertelbetennelse... 
Dette er ein tilstand som ikkje kan medisinerast på anna måte enn å gi dei feittfattig kost, smertelindring, væsketilførsel og ro. 

Etter keisersnittet vart ikkje Keesa betre og vi merka at ho etterkvart vart dårligare og kvalm. Det var inn til veterinær for å eventuelt få medisinering for melkekrampe, men blodprøvene viste ikkje dei tinga eg først frykta for der stod vi med høge verdiar på Pankreatitt.

Ho kom seg utrulig nok gjennom det og tok godt vare på gjengen på 11 små svarte herlige skatta. 
Tida gjekk og vi fikk ei lang fin tid med turar og opplevingar. I mai var ho på to utstillingar i kampen om det siste certet for championatet kom ho på plassen bak på si siste utstilling i Norge...

Keesha fikk tilbakefall av Pankreatitt der ho hadde enda høgre verdiar enn sist. Eg merka lite til at det kom krypande og invaderte kroppen henna før ho vart skikkelig dårlig med oppkast, lite slapp for på tur ville ho, men når eg såg skikkelig etter så hadde ho eit spesielt drag i blikket.

Etter grundig undersøking hjå veterinær der vi vart einige om kva vi skulle gjere tok eg ho med heim og hadde ho på intravenøs i stua. Der fikk ho rikelig med veske, kvalmstillande og smertelindring. 
Ho slutta etterkvart å spy, veskebalansen var god og smerte hadde ho ikkje, men å sjå den til vanleg så energiske hunden berre ligge der var heilt forferdelig. Vi prøvde å få i ho mat utan hell og på kort tid gjekk ho ned bikka 6 kilo!! Ho slikka litt av våtforet men då ho fikk ein liten klump i munnen spytta ho den ut. 
Etter eit par dagar var vi inne igjen til kontroll og med råd om å prøve "siste triksa i boka"...eg gjekk her saman med Keesha heile tida og passa på at ho hadde det bra, tirsdag då vi låg på gulvet kvilte igjen augene godt på meg, men det her var eit heilt anna blikk - "No må du gi slipp på meg..."
Så etter to daga etter sist veterinærbesøk reiste eg og borna til kontrollen som var satt opp for vi visste kva som møtte oss der. Der diskuterte veterinærane og det var ikkje meir vi kunne gjere for ho 

Berre knappe tre veker før ho vart sjuk, eller vi merka at ho var sjuk sprang ho venstresvingar i Sverige og storkoste seg i ringen!! Eg og Barbro på Kennel Brynje hadde med oss tre generasjonar på "husmorferie" til Östersund, der vi var på utstilling søndagen.

 

Det er alltid tøft å miste disse firbeinte som ein blir så uendelig glad i ♥ men innimellom er det tøffare enn andre gongar...
Det at Keesha var knappe 8 år då eg måtte gi slipp gjer det nok verre, for eg hadde verkeleg sett fram til mange fine år framover.
Men, sjukdom/skade er ikkje noko ein rår over og då er det berre vår plikt å gi slipp når tida er inne. 

30. august 2022 lot ho igjen augene kvile på meg, men denne gongen sa dei til meg med tomt blikk "denne gongen klare eg ikkje å kome meg gjennom det, og det er på tide at du gir slipp på meg..." 
Onsdag 31. august fikk ho gå over begnbogen og ut på dei evige jaktmarker 


Tre generasjonar dotter Abi, Keesha og mor Nora...

Tre generasjonar: Abi, mor Keesha og lille Xo…

I huset sit vi igjen med to generasjonar etter ho, og skulle sjølvsagt fortsatt gjerne hatt den tredje generasjonen. Keesha gav oss tre flotte kull..!!

Hadde du moglegheit så var du alltid der eg var, gjekk dit eg var, la deg der eg haldt til, gikk og hoppa etter meg der eg tok vegen…

Skulle så veldig gjerne ønske at eg kunne gå inn i 2023 med Keesha ved sida mi, for i bunn og grunn så berre treng eg ho 
Klem -Anja-


Eit av dei siste bilda av Keesha og dotter Abi på favorittsatden vår, Leirvågfjellet med utsikt rett i Hjørundfjorden...



London, Birmingham og Crufts 2022..!!

Birmingham og Crufts 2022

 

Det heile starta Juli 2021 då «Cava» vant juniorklassen på NKK Trondheim og dermed kvalifiserte seg til Crufts 2022.

Lite visste vi om det skulle bli utstilling og ikkje minst om det vart mogeleg å kjøre gjennom og innom så mange land for å kome fram til England og få delta på Crufts.

Men, vi starta forberedelsene med å ta rabiesvaksine og lille julaftan som var fristen søkte eg om ATC, og etterkvart fikk vi melde ho på.

Når eigaren av hunden sit på Sunde ved Ålesund og hunden bor hjå deleigerane i Harstad er det sjølvsagt litt logistikk som skal til. 

Eit par veker før utstillinga kom Marte flytande til Trondheim medan eg kjørte dit for å hente ho. Det gjekk så veldig bra og «Cava» vart glad og fornøgd med meg til Sunde og hadde det fint saman med husets firbeinte i tida før avreise. Spennande vart det då det var valpefødsel berre få daga før turen…ekstra spennande for oss på to då melkeproduksjonen ikkje kom igang og eg var usikker på om det vart nokon tur.  

Av alle ting fikk bilverkstedet problem med å få tak i sein del på ein slange (om eg ikkje tek feil) og dei kunne ikkje anbefale meg å kjøre så langt. Vi skulle ha bilen til søstra mi frå austlandet så då fikk eg låne bil av faren min dit. Utrulig nok kvelden før avreise begynne motorlampa på henna bil å lyse…så her var det nok av ting som ringe om at eg kanskje burde halde meg heime.

Eg måtte til veterinær like før avreise for å få ekstra hjelp til ho mjølkelause som resulterte i at det vart litt ekstra stress etter at vi vart påkjørt ved eit fullt stopp skilt…jaja fikk utsette båtreisa frå Larvik og tenke enda ein gong om det var siste teiknet eg trengte for å bli heime..!?

Men neida, vi stoppa ikkje der eg fikk beskjed av valpevakta om å reise…sjølv då eg satt på FaceTime, såg flaskematinga og skalv fikk eg beskjed om å kjøre vidare.

Vi hadde ein fin båttur over Skagerak - utrulig å tenke på at sist sommar seile eg over det i ein 27 fot seilbåt!! 

Kjøringa gjekk fint gjennom Danmark, så på autobanen i Tyskland fikk bilen lufta seg skikkelig, har eg sagt at vi endte opp med å ta faren min sin bil?? Joda, han stilte med bil når vår fann ut at dei ikkje gadd å vere med på langtur 😉

Vi hadde nokre stopp på bensinstasjoner både fram og tilbake…eg treng vel ikkje sei at prisane på diesel er høg..?

Vi kjørte inn til Hamburg der vi fikk spise ein god middag for å feire Katja som hadde 18-års dagen i bilen!! 

Litt små pauser undervegs og vi kjørte inn i Nederland og Belgia, før vi på fredag morgon kjem til Calais og klar for Pet-Check og Eurotunellen. Frå Dover suste vi oppover til London der vi skulle bu med gode vener.

Fin tid i Ealing før vi tek ein liten kveldstur inn til London…Etter ein god tur fikk Cava slippe av i huset medan vi såg på bylivet og fikk bobler i glasset, ja for det er vel vi flatfolk stort sett flinke til? Å då må det sjølvsagt lærast tidleg…

tirsdag 23. august 2022

Septembervalpa 🤩

Det har vore stille, veldig stille på bloggen her…ikkje akkurat mangel på noko å skrive om, men berre kva eg skal dele.

Til venstre «Lina» Kvasneset’s Reason to Shine og bror «Emil» Kvasneset’s Release Your Fantasy…

Det har vore eit spesielt år med tanke på valpa så no håpa vi at dei som ønska valp frå oss skal få seg ein liten skatt i november for det er heilt klart at herlige, ukompliserte, glade og vakre «Lina» Kvasneset’s Reason to Shine er drektig!! Ja, utrulig nok har eg ikkje eit negativt ord eller kommentar å gi den hunden - jaja om ein leita lenge nok så finn eg noko og då kan det nemnast at vi har meldt ho på nokre få utstillingar (elles lite grunna covid) men pga sår på ein pote (trakka i noko etsande) og watertail vart ho ikkje stilt før i år. Det vart ein VG grunna lite pels og litt slank, og ein Excellent og gode kritikkar som står i stil til hunden…

Er så veldig glad for at vi har fått låne vakre «Darin» Caci’s Hey I’m Mr. Green..!! Han utfylle «Lina» så veldig fint og eg gler meg utrulig mykje til å få sjå kva denne kombinasjonen kan gi oss…Det er ei fin stamtavle med ein kombinasjon av skandinavisk, engelsk og amerikanske linjer 🤍 


Eg var på Crufts (verdas støsrste hundeutstilling i Birmingham) i 2019 og der såg eg farfaren til dei komande valpane, ein ung «Ernie» Lizzlog Grammy Wont Like It ta CC og bli BOS!! Farmora «Riri» Caci’s Shine Bright Like A Diamond fikk reserve-CC på Crufts i 2020 og i den forbindelse vart the «Green Carpet» kullet til Caci’s til. Der er fleire gode hundar i det kullet, både tispe og hannhundar, og eg har trua på at «Darin» er den som står best til «Lina».

Det er fleire herlige hundar i vårt R-kull som er gode å arbeide med, ser vakre ut men ikkje minst har dei eit herlig lynne som er fantastisk å ha i hus.

Gler meg veldig til denne kombinasjonen og har du interesse av den så send oss ei melding eller ring..! Kontaktinformasjon på heimesida vår… 

Ønska deg ein innhaldsrik dag..!

Klem -Anja-

lørdag 14. august 2021

Ut på nye eventyr...

Det var ei diger hamn med mengder av seglbåtar (og litt andre) var det som møtte meg då vi kom fram...Kristian hadde jo vore her før og fann fort rette staden å gå. Vi gjekk forbi forskjellege båtar nokre større enn andre, men dei aller fleste var ganske så stor, og då eg kom bort til båten som eg hadde sett på bilde sa eg, «Jaha, så det er den her lille båten der som skal ta oss over Skagerrak? Det går nok heilt sikkert veeeldig bra!!»...

Det her blir første del av historia mi med avreise frå Sunde til Göteborg, før vi starta på det skikkelege eventyret som er reisa i seglbåt frå Göteborg over Kattegat og Skagerrak opp langs Norskekysten til Sunde i ein Allegro 27..!!

På formiddagen søndag 1. august starta vi på ei litt uvanleg reise, ei reise der vi ikkje ante kva som ville møte oss anna enn at det her var noko heilt nytt. Eg kan sikkert leggje til at det mest truleg er ganske så uvanleg at nokre skogstroll legge ut på ein så lang segltur utan å ha vore ombord i ein slik båt før..!! 
Riktig nok skal det seiast at Kristian har vore ombord i båten ein gong tidligare, og samstundes hadde han seg nokre dagar i Danmark der dei testa den ein dag for så finne ut at dei skulle segle frå Gilleleje (nord for København) og over til Göteborg neste dag. Det var også dit første etappe på turen vår vart lagt til. 

Vi starta på Sunde der pappa kjørte oss til flyplassen, eg som «alltid» ganske så reisesjuke laurdagen og best under press var eg ikkje heilt ferdigpakka før vi kom oss ut av døra…

På med munnbind og få avgårde alt av viktig og kanskje noko heilt uviktig utstyr…Flyturen gjekk fint til Gardermoen der vi hadde litt tid til frukost og såg på alle folk som gjekk forbi. Der kan vi kanskje til mi store overrasking innsjå at vi ikkje er så superrare som vi i utgangspunktet trur, eller berre vil ha det til. Ja for «normal» er ikkje noko som eg passa under og ein god dose galskap lika eg heilt klart!! Reisa vår som de skal få lese meir om har vore eit magisk eventyr og ei fantastisk oppleving, men det må også kallast galskap!! Herlig at du ville ha meg med på den galne reisa Kristian, og som eg sa - om det er mogeleg er eg enda meir glad i deg etter det her 


Bussturen frå Oslo til Göteborg gjekk fint i ein ganske så full buss hadde vi og to andre på munnbind heile vegen...Ufatteleg lang kø inn til Norge så vi var glad vi var på veg i andre retninga. 
Kjekk bussjåfør som prata litt undervegs, elles lite som hende bortsett frå då vi høyrde eit skikkeleg poff og merka noko kom susande i lufta...vi snur oss å ser ei eldre dame med eit litt forfjamsa uttrykk - ho skulle berre opne drikkeflaska si som det heilt klart var litt trykk i :))

På sentralstasjonen i Göteborg var det lite som kunne sjå ut til at vi fortsatt er i ein pandemi, men vi tok våre førehandsreglar og fann raskt ein taxi som tok oss og pikkpakket våra ut til Långedrag dit den verkelege reisa skulle starte to dagar fram i tid. 

Vi kom ned og begynte å ordne og vaske litt i båten, og på kvelden tok Kristian meg med til Långedrag Värdshus og ein fantastisk middag med god drikke...etterpå avslutta vi kvelden med ein fin tur der vi såg på den fine naturen, vakre hus og hagar i Långedrag. 

Mandag var innkjøpsdag der vi kom to stopp med kollektivtransport opp til Frölunda Torg for litt frukost medan vi venta på bussen vidare til Sisjön...Etter nokre timar med innkjøp på dei store varehusa der så måtte vi ha Taxi tilbake til Långedrag, og der vi klarte å fylle ei heil stasjonsvogn.

Mandag kveld reiste vi inn til Göteborg og Tripadvisor førte oss inn til ein Indisk Restaurant - Daawat..!! Fantastisk mat før vi rusla litt rundt og tok banen tilbake og det sendte meg nokre sekund sikkert 30 år tilbake i tid med den "ringereima" som var på bussane før i tida...


Tirsdag formiddag reiste eg på litt innkjøp av matvarer med Kristian tok siste finish i båten før Ole ankom. Ein ladar vart øydelagt - dagens lærdom, husk å ta ut landstraumen før vi starta motoren! så då tok eg meg ein ny tur mot Frölunda Torg medan karane gjekk gjennom det som trengtes...ein liten ekstra tur vart det då eg hadde tatt ranselen med meg og der var det eit kort dei trengte å oppdatere.

Etter eg kom tilbake var vi så og sei klar for å starte på evenyret, og berre innom ei hamn for bunkring av diesel før vi var klar på å sette ut mot Kattegat. 


Siste kveld i Göteborg/Långedrag...og vi er straks klar for det store eventyret..!!

Eg trudde eg skulle få oppdatert undervegs, men eg tok meg ikkje tid til meir enn å nyte den magiske eventyrreisa og ville heller fortelje i ettertid når vi hadde gjennomført og kome trygt heim, og difor vart det kun ein del instastory og snappstory undervegs...

Men, no vil det kome litt frå reisa for dei av dåkke som ønska å høyre og sjå litt meir er det velkomne til det. 

Vil berre minne de alle på at det er så viktig å leve livet!! Berre grip dei moglegheitene som kjem din veg slik alt ikkje seglar deg forbi...

Tusen takk for opplevinga Kristian, den tek eg med meg for alltid!! 

Klem -Anja-


Eg har no i ettertid tenkt litt på om eg kunne klart å gjennomføre dette for 1-2 år sidan, og er usikker på det, men som eg alltid har fokusert på så er det å kome seg gjennom ein dag i smertehelvete og håpe at det ein dag skulle snu. Barna mine har vore grunnen til at eg har haldt meg oppe og dei firbeinte har vore ei utrulig hjelp gjennom det. Smerter har det vore også på denne turen, men opplevinga og denne reisa overskugga alt som har vore vondt - sjølv europakartet av blåkular eg har i hovudet, og det må det berre flirast av :) Med alle blåkular på dei mest utrulege stadar, ja korleis leggane har blitt tapetsert ana eg rett og slett ikkje...så har det her vore ei reise som vil vere vanskeleg å toppe!!


onsdag 30. juni 2021

Tur frå Ljøen…

Mandag var eg så heldig å få gå på tur saman med Katja igjen og den dagen gjekk turen på den Trondhjemske Postveg oppover til Ljøsetra og vidare oppom Sætrenibba 859 moh.

Etter det gjekk vi vidare på vegen mot Herdalen, men istadenfor å gå nedover mot Strandadalen så gjekk vi opp til Båsenibba 910 moh. 

Katja på Sætrenibba...
Frå Sætrenibba ser ein rett mot Båsenibba som ligg opp til venstre for Nykkjevatnet...

Siste stykket opp til Båsenibba var det lett klyving som ga mor sjølv lett «hjarteflimmer» når mi kjære dotter skulle kome seg opp. Fikk tilsvar om at eg har gått verre stadar før, men måtte då skjelvande fortelje ho igjen kor glad eg er i ho og at ho ikkje måtte drible så ho datt utføre..!

Katja på toppen av Båsenibba der ho ser mot Strandadalen...
Rett fram til venstre oppom Nykkjevatnet er Sætrenibba...

Den toppen var fin å gå oppå og vi vurderte å berre fortsette mot Kjerringane, men vi hadde ikkje lagt opp til noko lengre tur i varmen så det vart til at vi returnere. Vel nede frå det brattaste partiet seinka eg skuldrane og med det var det eit lite glepptak der eg henta meg inn, men det var ikkje mange stega til før eg seilte på rattaten nedover…jaja litt blå, lilla og gul passa alltid inn, og eg kunne atter ein gong børste støvet av meg og konkludere med at eg står for ein støyt…

Igjen har eg hatt ein superfin tur saman med mi kjære dotter, og igjen så gler eg meg alt til neste gong skatten min

Måtte vi alle kunne få deilig vêr med mange flotte turar framover…

Klem -Anja-

Keesha - ein heilt unik hund...

...Ja det var akkurat det ho var, ein særs unik hund som fikk fram alt av kjensla i meg, for eg har aldri før kjent så mykje på ein gong og ...