lørdag 27. januar 2018

Det er med tungt hjarte...

Hjartet mitt!!...åååå det gjer vondt å skrive dette asså!
Men, klart finn eg ikkje "den rette heimen" så kan eg aldri klare å gi han frå meg...
...så det er verkeleg med tungt hjarte at eg no har bestemd meg for å sjå om eg kan finne den rette staden for "Bobby" - Kvasneset`s In Long Desember Night!!
Berre det å skrive det gjer beslutninga mi meir verkeleg, men eg veit at det er det beste både for han og meg.

Pga private endringar så ser eg at ting må endrast og spesielt då med tanke på Bobby...og det riv meg i hjarte å eventuelt ikkje skulle ha han rundt meg 24/7!!...
Men, eg må tenke på hundane og at dei får det dei skal ha kvar dag. Han får fortsatt det han skal ha, men eg ser framover på ting som skjer og endringane som kjem framover her og då er eg redd at han ikkje får det. Då må berre eg legge egoismen min til side og sjå om han kan få det hjå andre.
Eg ser etter ein fòrvert som kan samarbeide godt med oss og ikkje minst nokon med erfaring frå hund. Han er herlig å trene med, men han er ekstremt mammadalt og vore litt for lite sjølstendig dermed ikkje gått så vidt med tanke på søk. Dette er noko vi trent på ei stund og det ser meget lovande ut for no går han både vidare i søket og ikkje minst lengre frå meg på tur.
Eg legg ikkje krav om strukturert trening til konkurranseformål om du ikkje ønska dette sjølv, men at han får brukt hovudet  er viktig.



 Halvbrødrene Bobby og Joey...Joey er på fòr hjå gode vener og det fungera superfint!! Men, dei fekk han då han var valp og derfor ikkje vanskelig på nokon måte. Det er vondt å setje ut ein vaksen og spesielt ein med den personlegheita som Bobbyèn har...
 Han elska å få vere med på tur!...
 Her er Bobby saman med to søstre på Gaustadtoppen i fjor haust...
Vakre Bobby`en min på utstilling i juni 2017...

Vi har ein fin og liten hundefamilie i #teamkvasneset der nokre er meir aktiv enn andre, men vil du vere ilag med oss og kunne tenke deg å overta ein vaksen hund så er det her ei muligheit. 

Er du ein (einsleg eller familie) som er på utkikk etter ein fantastisk gogutt som elska kos og fine tura, nokon som har hatt hund og gjerne erfaring innan positiv hundetrening så er du velkomen til å ta kontakt med meg for å høyre meir!!

Om du trur du kan ha eit samarbeid med meg så kontakt meg gjerne på 90018619 eller anja@kvasneset.com :)
Klem -Anja-


torsdag 18. januar 2018

Ope møte om arbeid med nytt avlaupsrenseanlegg

I går var det nytt informasjonsmøte på Solevåg skule ang reinseanlegget.
Eg burde kanskje beklage framferda mi, men det vil eg ikkje...sorry, men dette er så dårlig behandla at dei faktisk må tåle at vi er så engasjert!!
Som eg sa i går vil eg igjen sei tusen takk til Joakim Sletta som turde å vere ærlig og sei at Langevåg/Eltrane eller Sulesund som stad for å få vatnet til ope hav ikkje har vore eit alternativ.


Veldig glad for at drittpraten vert tatt i det offentlege rom istaden for i det stille som det som oftast gjer ;)

På slutten av innlegget vil eg legge ved lenke til ein del innlegg ang kloakken i tillegg til brevet eg sendte til Fylkesmannen...

Det er så viktig at vi får dette anlegget på den beste plassen. Det at kommuna vil søkje om primærreinsing istadenfor sekundærreinsing gjer dette enda viktigare!!

Største forundringa mi fortsatt er at det ikkje ser ut til at teknisk ser poblemstillinga med å sleppe vatnet ut i ein fjord istadefor ut i ope hav!!...Dei skulle ta det med tilbake, men eg såg ingen noterte seg innspel før eg spurte kven som noterte!?
Dei sa akkurat det same for to år sidan, men dei gløyme fort og då er det greit med eit notat. Det vise seg i form av at innspela vi kom med i 2016 ikkje har vore med vidare i prosessen.


Om det ikkje blir eit prosjekt saman med Ålesund så har eg ikkje gløymd underskriftene eg samla for at kommunestyret måtte sjå på saka ein gang til!

Som eg har sagt så mange ganga før skjøna eg liksom ikkje kva som er best, å svømme mellom kammar og dasspapir eller svømme i dritten ingen ser!? Når vi ser det veit vi at det er der alt vi ikkje ser er faktisk meir skremmande!! 

Elles håpe eg at politikerane tek med seg rådet om å dele informasjon på eit langt tidligare tidspunkt i seinare sake!!

Men, etter fleire møte og telefonar har eg fortsatt ikkje fått eit svar på kvifor ikkje Langevåg og ut mot ope hav har vore vurdert. Dei fleste spørsmåla mine blir besvart med "Kan du høyre kva eg sei!?" Ja eg høyre men det gjer nok ikkje dei...
At dei ikkje ser forskjellen på ein fjellhall med naboar på Kvasnes eller eit ope anlegg ut forbi Sandvika utan naboar er utrulig i seg sjølv. Å når vi igjen nemne å få det i ope hav og ikkje inn i fjorden - ja det er kanskje litt meir forståelig at dei ikkje skjønna det siste då dei ikkje forsto innspelet til min far om at dei skulle slutte å kalle Storfjorden for havet. Eg synest vi kan forvente at dei bør vite forskjellen på ein fjord og eit hav?

Som avslutning i går la eg merke til kva Jørn Agersborg sa: Sula bør kome med plana om anlegg og bør kome med ei midlertidig løysing.
Eg streka under bør for det er forskjell på bør og skal!! 


Eg vil igjen få sei det eg avslutta med i går og eg håpe vi alle kan ta lærdom av denne saka her. Vi må prøve å stå samla om det som er det beste for innbyggjerane og naturen vår. 
Det som ofte skjer er at vi hyle når noko ramma oss og elles er vi stille. Om vi står saman og tenkje høgt kan vi kome med mange gode forslag som kan gjere ting betre for alle, og det utan at det kosta så mykje meir enn litt tid og engasjement.
Kan eg i det høve få spørre om hjelp til å få den midlertidige plasthallen vekk frå husa til oss som bur rett ved ferja på Sunde!?
Om vi veffal får den 100-200 meter lenger inn slik at den blir skjult inn mellom skogen som er der då vil den ikkje vere til så stor sjenanse for nokon.
Eg har "skreke" i denne saka lenge og då ville ikkje eg sett dette anlegget, og eg vil heller ikkje bli direkte råka om det blir plassert på Kvasnes. Det er fjorden VÅR som får støyten og det gjer den fortsatt om det midlertidige anlegget som først var sagt skulle stå i 2-3 år, men i går var oppe i 6 år!! 6 år med ein plasthall med dritt i hagen!!...Ja, då ropa eg fortsatt høgt men då er det også av egoistiske grunna ;)

Vi må ta vare på naturen for dei som kjem etter oss...Vi kan ikkje redde Borgundfjorden med å forureinse ein ny fjord!! Det er ikkje berre å ta fram malingsrulla og pussa den opp om 20-30 år for så enkelt er det berre ikkje.

Eg drite faktisk i om anlegget kjem på Sunde eller Kvasnes for begge alternativa er like dårlig for skatten vi bur i og ikkje minst fjorden vår!!
Eikrem var også nemd i går, men husk at det er fortsatt Storfjorden som blir mottakar.

Eg spurte om administrasjonen kunne svare på ein del av spørsmåla og få dei ut i Sulaposten neste torsdag!? Håpe dei høyrde etter og kjem med tilbakemeldingar til oss...

Litt må eg beklage likevel om eg var ufin...stort sett lika eg å vere positiv og blid, men eg satt nok på meg den morske, ivrige, engasjerte og litt forbanna maska i går...
Men mitt ønskje er berre at vi fortsatt får ha ein fantastisk fin og blå fjord!!
Klem -Anja-

Mitt brev til Fylkesmannen 05.12.2017


Formannskapsmøte mars 2016

Her er eit lite notat eg fann frå mars 2016 då var eg skuffa over tankegangen til folk...
Eg stille meg undrande til at eit par naboar her inne på Sunde(vil ikkje nemne namn) kan uttale at det blir utslipp av reinsa kloakk og at dette anlegget vil ha betre standard enn Åse!? Kvar har de slik opplysningar frå? Då det er tatt utgangspunkt frå at det skal vere eit silanlegg som har fått eit litt finere namn med administrasjon og politikerane.

Eg syns det er trist og leit at de ikkje ser missbruket av ei sånn fantastisk tomt, og er det berre for eiga vinnings skuld at de ønskjer veg til tomter er det litt trist. Brauta og Svensken vil ikkje bli stengd for det bur folk som har behov for å nytte seg av vegen...

Mitt brev til Fylkesmannen 05.12.2017

Anja Roiha Sunde Haugen
Runnane 10
6037 EIDSNES   

                                                                                             
Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkeshuset, Julsundvegen 9
6404 MOLDE                                                                                                            Sunde 05.12.2017



Ang pålegg om reisning av kloakk på indre del av Sula Kommune.


Eg vil med dette kome med mitt synspunkt i saka ang kloakk på indre Sula, og eg ønskjer at de vil sjå på saka og ta omsyn til dei som bur i området. Først vil eg understreke at vi absolutt vil ha reinsing, og då må vi finne den beste løysinga for bebuarane i området, og ikkje minst fjorden og naturen vår!!
I mange år har kloakken gått ureinsa rett i fjorden ved Solavåg ferjekai. For snart 30 år sidan vart alle septiktankane her inne kopla ut då desse skulle knytast til det kommunale reinseanlegget som skulle kome. Lite har skjedd på så lang tid og plutselig får vi høyre at det skal byggast eit stort anlegg for heile kommuna på ein av dei vakraste stadane i området. Vi var mange som kjempa mot dette vedtaket og ønskt at dette anlegget skal leggast til ytre del av Sula. Såleis vil det då ikkje kome i konflikt med folk og ikkje minst vil ein då få ført vatnet frå dette anlegget ut mot ope hav.
Etter kvart kom det eit nytt forslag fram om eit mulig samarbeid mellom Sula og Ålesund, med bygging av ein fjellhall og dermed ute av syn for naboar, men framleis med pumping av vatnet rett i Storfjorden. Eg skjøna ikkje kvifor at dei då ikkje tenke på å få det yts i kommuna ut mot havet når dei først skal sjå på ei anna løysing.
Det er uforståeleg at ein her vil pumpe dette vatnet innover ein fjord i staden for ut av den.
Om ein bygde yts ute kunne ein lagt røyr så langt ut som mulig, for seinare kunne ein utvida det heilt ut i havet. Om ein går innover fjorden vil vi ikkje kunne nå havet som ligg ope og kan takle dette på ein mykje betre måte enn ein smal fjord.
Eg meine at når vi har tilgang til ope hav er det uforståelig at ein skal pumpe vatnet frå eit slikt anlegg innover ein fjord! Vi veit mykje om forureina vatn i dag og kva det kan gjere med ein fjord, det er berre å sjå til dømes på Borgund- og Hessafjorden, og ikkje minst Oslofjorden.
Det vi veit er at Storfjorden har god kvalitet i dag, men det ligg mange kommuner langs denne fjorden som brukar den. Om vi då skal få alt som vi slepp ut rundt Ålesund og Sula ut på same stad, vil det kun vere snakk om år før vi har ein fjord med ugunstig kvalitet.
Spørsmålet om antibiotikaresistens er ofte oppe i den offentlege debatten. Kva for omsyn til problem knytt til legemiddelrester og resistens er teke omsyn til når ein her vil sende ureinsa vatn rett i fjorden? Eg tør ikkje tenke på kva det vil gjer og vi har vel her eit ansvar å ta?
No tenke eg ikkje berre disse 2-3 åra med midlertidig reinsing, men om Sula og Ålesund bygge eit stort anlegg ilag, som skal ha utslepp i ein fjord så må det ha god nok reinsing til for ikkje å sleppe antibiotikarestar rett i fjorden!
Så til det siste store sjokket i denne saka, der kommuna har fått pålegg om å gjere ei midlertidig forbetring med tanke på kloakken på indre. Her vil dei no sette opp ein diger plasthall på denne flotte staden «midt i hagen» til folk!! Det er ikkje berre for turistar og alle som lika staden her, men no er det snakk om livskvaliteten til dei som bur rundt. I tradisjonelle reinseanlegg er ikkje lukt og gassar frå slike reinseanlegg vanlegvis noko helseproblem for naboar, men det kan vere både plagsamt of til sjenanse. Når ein no ønskjer å nytte ein plasthall til slik reinsing stiller ting seg annleis. I tradisjonelle anlegg, med tette veggar og tak, kan gassar vere eit arbeidsmiljøproblem av helsemessig betydning for dei som arbeider inne i reinseanlegg og direkte i tilknyting til luktkildane. Kva skjer så med gassar og lukt frå ein plasthall, rett ved soveromsvindauget til små born? Her snakkareg ikkje berre for meg sjølv og min familie, men også for næraste naboane som også reagerar med sjokk og vanntru for kva «overgrep» ei  kommune kan gjere når dei får «kniven på strupa».
Vidare vil vatnet gå ureinsa i fjorden og vere ein stor trussel mot naturen. Alle bakteriar, kjemikaliar, antibiotika etc vil fortsatt vere i fjorden, men vi vil ikkje lenger sjå forureininga på same måte.
Vi har allereie levd med denne løysinga som er no i så mange år at eg kan ikkje sjå kva problemet med å fortsette 2-3 år til, og då har vi eit anlegg på plass (forhåpentlegvis yts på øya). Det er absolutt større belastning for oss som bur her og folk som er på gjennomreise om vi får ein plasthall her i mellomtida, enn at vi skal passe på kvar vi sette krabbeteinene våre.
Om målet er eit midlertidig forsøk på å minske utsleppet til fjorden er det kanskje like greitt å knyte på igjen ein del av alle septiktankane som ligge nedgravde i mange hagar?
Eg ber om at de må sjå på kravet som er sett fram til kommuna, la dei få tid til å jobbe med det permanente anlegget, og ikkje minst til å bruke pengane på det i staden for å bruke fleire millionar på eit midlertidig prosjekt for 2-3 år.
Ver så snill å høyre på oss som bur her og sjå for ein naturskatt vi leve midt i, la oss saman ta vare på den for oss og alle som kjem etter oss!!
Eg og mange fleire deler bilete frå denne fantastisk flotte plassen og det er ofte eg får tilbakemelding om at folk er stum av beundring for naturen vår. Eg veit det ikkje er lett for dei som bur midt i eit slikt «eventyr» og verkeleg sjå kvar vi bur, men kanskje de kan hjelpe oss til å sjå!?
Då eg la ut eit bilde på Instagram for å letta på hjarte, med tanke på at vi kan få ein plasthall framføre denne utsikta, var reaksjonane mange.  Sidan eg har utalandske følgjerar som berre følgjer meg for naturen sin del måtte eg oversette innlegget til engelsk og eit av svara var som følgjer: That is real bad!
I always take a deep breath when I see the pics of you awesome and lovely nature where you live and would be worse if the hall is directly in the fjord. So hope you find other people to connect and to demonstrate against this place and perhaps then they will go far away to the place you have spoken…a little bit far away! So crossing fingers and paws for you and your neighbours and of course the fjord and anyone who loves your pics from that great place!

Som de ser er det ikkje berre vi som bur her som «ropa» i denne saka, men det er andre som også ser og meina det her er heilt feil.
Det er de som har satt kravet om ei midlertidig løysing og eg håpa verkeleg at de ser på saka slik at vi kan få behalde den livskvaliteten vi har i dag, og ikkje minst at vi får nytta tid og pengar der det verkeleg trengst – kome til eit endelig og godt alternativ for det endelege anlegget!
Det er for seint å tenke på at ting skulle vore gjort anleis etter at fjordkvaliteten er blitt dårlig, og med ein natur i ubalanse.
Det er liksom ikkje berre å «pusse opp naturen» i etterkant.

Eg har eit sterkt ønskje om at vi skal ta vare på naturen vår.
Eg drøyme om ein grøn skog og ikkje minst ein blå fjord!!

Med helsing

Anja Roiha Sunde Haugen

Formannskapsmøte mars 2016

Etter informasjonsmøte i kveld 17.01.2018 tenkte eg at det var på tide å ta fram litt notat...her er frå formannskapsmøtet i mars 2016!

Eg må sei det er spennande plana det som skjer med eit samarbeid mellom Åesund og Sula!! J  Då kan vi puste litt ut og glede oss over at kommuna muligens får tid med Fylkesmannen…
Men, bruken av tomta på Olamyra var det allereie stilt store spørsmålsteikn på av Fylkesmannen (kopi av brev stempla inn til Sula Kommuna 26.02.2016).
Det høres flott ut med ein fjellhall vekk ifrå folk og ikkje minst øydelegging av det flottaste området på Sula/Sunnmøre…
Umiddelbart etter eg las dette tenkte eg  ja dette her er supert, men det er eit MEN!...og det er ikkje for å vere negativ, men eg har sett fleire sake som har endra retning etter ein prosess og dermed tenke eg at her må vi «passe på» slik at vi sikra alle sine interesse. Ja, for dei som trur at eg blir direkte råka av anlegget på Olamyra så er det feil, vi vil knapt sjå det men det handla om området som vi skal ta vare på, det kan ikkje vere slik at så lenge det ikkje råka meg så bryr eg meg ikkje.
Med tanke på interesse er det dei som får dette tett på seg, unik tomt som kan brukast til andre og betre formål, ei heilt unik utsikt til verdas vakraste fjord!, lukt som vil kome frå anlegget, bakteriar og diverse som blir skyldt ut i fjorden med vatnet.
Vi må ikkje gløyme korleis dei har gådd fram på måten om å endre frå eit lite anlegg i fjøresteinane til ein diger koloss på 800-1000 kvadrat, ikkje berre indre men plutselig heile øya!! Det å villede folk med å sei at det blir reinsing også var det kun snakk om det tunge og ikkje noko av vatnet!...
Når kommuna fekk massiv motstand på dette kom dei berre med at området var låst og det var ikkje noko å gjere med, men vi kunne samarbeide om det arkitektoniske!!...Hmmmmm, ei slik framferd var trist å sjå og eg kan ikkje slå meg til ro med dette.
Ja, dette høyres vel og bra ut, men som de skjøna er eg ikkje overbevist over at det blir som dei sei akkurat no og dermed ville eg få med informasjonen som blei gidd av teknisk sjef til Formannskapet i Sula i går…
Teknisk sjef Jørn Agersborg informerte politikarane i formannskapet i går:
18.02.2016 hadde dei møte med Ålesund Kommune (jepp, det var intet nytt for min del) og 19.02 kom det brev frå Ålesund til Sula om annmodning til felles avløpsanlegg.
Det er snakk om ein stor del av Ålesund mellom anna Åse som i dag nytta seg av Borgundfjorden (eg snakka med JS «Åse reinseanlegg» 19.02 og han hadde mykje vettug informasjon å kome med. Åse har den antatt beste reinsinga av mekanisk reinsing (95%) og i tillegg har dei kjemikalsk reinsing og dei vurdera å skifte det ut til det aller beste sjølv om det er bra i dag… Så om eg har skjønt han rett vil det sei at dei sila ut kammaren og tilsett kjemikalier for å få brutt ned ein del av medikament etc. som er i vatnet.» Han sa også at skal du ha det enda reinere må du ha enda fleire omganga med reinsing, altså igjen og igjen før du sleppe det ut. Det er slik at om du tappar i badekaret og hell ein liter vatn oppi så får du ikkje skilt ut melka! Det må x-antall prosessa for å få ut det forskjellige, så det vil bli ekstremt kostbart slik at ingen i landet vil ta seg råd til det.)
Litt rart at nåkken sei du kan drikke av vatnet på Åse (det er langt ifrå og eg ville aldri gjort det sa JS), andre sei at reinsinga på Sunde vil bli så mykje betre enn Åse!! Kvar er vi, kven veit noko i det heile tatt!?
Vi MÅ ha reinsing av avløpsvatnet og det blir det, men kan vi berre slå oss til ro med å høre kva den eine eller andre sei? Eg vil gjerne vite kva det blir av reinsing og kva gjer det med fjorden? Kvifor pumpe det ut i ein fjord når det er så mykje anna dritt i han få før? Kvifor ikkje få ledninga ut i Breisundet (på sørsida av Sulafjellet) og ut i ope hav??
Snakka så vidt med eit par politikera i går og veldig greitt å prate med ein som har «litt» peiling på sjøen og havet!! Einarsen meinte også at det måtte analyser til for å sjå korleis dette vatnet og partiklane vil «gjer seg» i fjorden då dette vatnet er lettare enn sjøvatn (ja, i det første informasjonsmøtet fekk vi høyre at det ville legge seg langt nede på djupet så det ville ikkje ha påvirkning på fiske etc. litt seinare i innlegget kom det til at det ikkje ville ha noko å sei på fiske for det vil legge seg over sjøvatnet – og det var då eg stilte meg undrandes til at vi skal ligge å bade i all dritten vi ikkje ser!!).  Så om vi tek med oss alt som blir sagt (ikkje berre alt som blir snakka høgst) så legg vi to og to saman og kjem fram til at vi er like vis…så då må vi klare å tenke klart sjølv og finne informasjon.
-Så til eit viktig punkt for min del!! – Administrasjonen i Sula var heilt klar på at lokaliseringa som er satt SKAL følgjast, om ikkje akkurat Olamyra med i den sona. «Altså det er administrasjonen i Sula som sei at det eventuelle felles anlegget skal ligge mellom Kvasnes og Sunde!! Ja, då spør eg sjølvsagt undrande kvifor!? Kvifor skal det absolutt ligge der? Eg tenkje ei god begrunning hadde vore på sin plass…
Det har ikkje kome noko klart svar frå Fylkesmannen enda, men det blir møte mellom dei tr rett over påske, så blir spannande å sjå kva som kjem utav det… Så derfor vil  det meste av kostnader etc. bli lagt i ro til dette møtet er over.
Høgre med spørsmål om sekundær eller primærreinsing, og Leirvågfjellet kontra Olamyra?
Det må vurderast sekundærreinsing, men vanskelig å sei i forhald til kostnadar, men det er sjølvsagt betre om Ålesund blir med. Det er fortsatt tidlig å sei konsekvensa av kostnadar om å få det i fjellet men det er det dei ønska. («Det er her vi må følgje med tenkjer eg for kva dei ønska og kva som blir er heilt to forskjellige ting! Etter kvart når prosessen har blitt lang, stor og med kostnader så kjem dei til at å skyte seg inn i så mykje fjell blir for dyrt og dermed blir det daganlegg i staden – ikkje meininga å vere pesimist eg som «alltid» er optimist, men eg prøva berre å vere føre var»).
KRF: Skjønna at eit enda større dagsanlegg der inne vil få enorme reaksjonar, så blir det lagt til fjellet er det bra!!
Så svara JA – Ålesund var positiv til fjellanlegg og det er det vi ønska.
FRP: Vi ville i utgangspunktet ha det på Eikrem, men fjell det er bra for vi m få vekk det fæle bygget på Sulas finaste plass!
Men det må vere sekundærreinsing.
FRP: Må vere storskala så det tek dritten vi ikkje ser!
Høgre: Krysset på Veibust?
JA – Det blir å bruke vegen som var tenkt frå fergekaia (jaaaaa det blir jo bra for dei som tenke kun på seg sjølv og ikkje felllesskapet i første omgang!) og innover. Vegen blir belasta med ca 1-2 containerbila for dag istadenfor  1 annakvar dag.
Eg tenke det er godt det blir diskutert og ikkje minst få ein god prosess…men eg vil vite kvifor vi må forhalde oss til akkurat her inne på Sunde og ikkje lenger ut!?
No har vi anledning til å få anlegget lenger ut med alt det positive det innebere og likevel står dei steil på lokalasjon. Om vi kjem lenger i prosessen og dei ser at kostnadane blir for store ved fjellhall då sit vi der med x-antall kvadrat med problem igjen, og då hadde det vore fint å kunne lagt det i ein skog ;)


Fredagen etter det stod i Sulaposten var dei samla på berga her for diskusjon og såg fort at det var to frå administrasjonen i Sula, to frå Ålesund Kommune, ein reporter og ein fotograf.



Vedrørande reinseanlegget på Sunde


Her er eit innspel eg hadde ang reinseanlegget 18. februar 2016.
Dette sendte eg på mail til politikerane i Sula og til administrasjonen...

Beklaga, men akkurat no finn eg ikkje ut korleis eg får lagt det ut her i PDF fil så difor vart det omgjort til JPG og håpe det er leselig, om ikkje send meg ein mail til anja@kvasneset.com så sende eg det gjerne til deg!!

TRYKK PÅ BILDA FOR Å FÅ DEI STØRRE OG LETTARE Å LESE!!








-Anja-

mandag 1. januar 2018

Godt Nytt År!!

Sula og Ålesund i det vi går inn i 2018...

Då er vi tre timar inn i det nye året og vil derfor ønske de alle EIT RIKTIG GODT NYTT ÅR!!
Har lagt bak oss eit innhaldsrikt år på mange måta...vi gjekk inn i det nye med tur til "gofjellet mitt" - Utrulig nok fikk eg overtalt gubben og Katja til å vere med, ja det gjekk veldig lett så spørs om dei har lyst å begynne å vere med på fleire tura!? Timmen han var ikkje vanskelig å be og fekk store auge då eg spurte han...på veg ned sa han "mamma kan ikkje eg  og du gjere dette kvart år!?"
Sjølv dfor dei to som ikkje er så glad i å gå i fjellet syns det var ei fin oppleving...og nedturen med aking på rumpa over isklumpane var visst artig så uansett om ho mo finn på mykje rart så er det innimellom kjekkare enn ein trudde.
 
 Det var eit fantastisk fyrverkeri i Sykkylven...
 Der er gjengen samla på Leirvågfjellet natt til 1. januar 2018...
 
Sorry, men verken stativet eller kameraet mitt var samarbeidsvillig i dag, så det vart nokre dårlige bilde...men men bilde er bilde ;) 
Fin avslutning og start på det nye året, så får vi berre sjå kva det nye vil gi oss...
Nyttårssjølvfi...også måtte eg ha med bror då ;)


Nyttårsklem -Anja- 

17. Mai 2018...

...Så er igjen ein strålande 17. Mai over og nok ein gang kom den på same tid i år ;) Det har vore ein fantastisk fin dag ❤️ Den starta t...