fredag 29. september 2017

Hilse!?...Nei for faen!!

Jadda, litt av eit "kraftuttrykk" men det er kanskje det som må til for at infoen skal nå fram, og at vi alle blir merksam på korleis vi føre eigen hund og ikkje minst tek hensyn til andre...

Er første gang eg har satt meg ned, tatt fram telefonen å blogga frå fjellet, men i dag måtte eg berre!...
Eg tenke ofte når eg høyre om valpekurs så skulle vi meir enn gjere hatt kurs for folk før dei får seg hund, og mulig ei oppfriskning (ja det treng vi vel alle!)...
Har tenkt på eit liknande innlegg sååååå mange ganga så legg eg det frå meg. Men i dag må eg berre få det ut for å ikkje irritere meg grøn på veg ned!
Skulle til å sette meg ned i fem minutt oppe på Vardane då eg såg ein mann kome med ein hund 10 meter foran seg i ei flexiline...Tek sekken på ryggen og tek hundane inntil meg og går i ei bue nedom han...ååååå likevel let han hunden kome mot oss. 
Eg har ein som "passa på" om det kjem "laushunda" inni oss pga for mange episoda der vi vart overfalt når han var unghund. Aldri problem elles eller om han går bak meg ned for då treng han ikkje forsvare flokken sin...men nok om det. (Han er Forøvrig ein herlig hund på alle måta og slettes ingen problem ovanfor andre hannhunda etc om folk no skulle gamlefar fristelsen om å snakke om at eg har ein hannhund med dårlig gemytt!!)...
Då hunden var 1 meter frå oss vart han litt småhoppete i bandet og det kom eit lite bjeff. Mannen sa at det aldri blir betre om dei ikkje får hilse!! Då måtte eg stoppe opp å fortelle at det er tull!! 
"Problemet er faktisk at det er så mange hundeeigera som ikkje har verken peiling eller kontroll at sjølv kor store teikn eg gir til å ikkje hilse så sleppe folk hundane bort til, og det gjer at ting ikkje blir bra når vi som førar mista kontrollen og hunden får belønning ved å hilse kvar gang den "skape seg" og då blir ein verken kvitt problemet eller får trent på å ikkje hilse på alle!!!"
Kor tydelig må vi vere som hundeeigar på at vi ikkje vil hilse på alt på fire bein!!????
Når eg snurra inn mine til mi venstre side og nærast skjerma hundane så skulle vel det vere nok, eller må vi begynne å bli ufin!??
Kvar har det blitt av skikken om å spørre om å hilse?? Det var ei for nåkken veke sia som spurte og då hadde eg lyst å sei ja berre for at ho spurte, men med valpa heime prøvde eg å redusere eventuell smitte...

Det skal heller ikkje vere nødvendig å kome med unnskyldninar på kvifor eg ikkje vil la mine hilse. Dei har ikkje behov for å hilse og ikkje gidd eg å stå med x-antall band å greie opp heller.
Det er ikkje om hunden din får hilse på alle som avgjer om den er sosial eller ei, men har du eit stort behov for at hunden din får hilse så oppsøk plassa dei drive med slikt...

Det er så viktig at vi tek hensyn til kvarandre både til to- og firbeinte!!
Eg kan fortsatt ta på meg rolla om å vere ho sure hundedama som ikkje lar hundane henna hilse på andre om du ønska det...
No har eg forhåpentligvis lagt frå meg irritasjonen og skal ned frå fjellet...så ha ein sosial dag 🐾
-Anja- 


Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...