onsdag 27. mars 2019

I-landsproblem...!?

...Å dei er det faktisk til tide til å spy av spør du meg!!
Nei, det er ingen som har spurt meg, men uansett kvar eg eventuelt måtte sjå på Facebook er det nokon som er ute å slenge med leppa. Å eg må berre sei at fleire av oss er ute å reagera på mobbing og haldninga mot folk i media, men kvar er oppdragelsen, moralen og normal folkeskikk når de alle omtala dei som jobbar i selskapet som har med renovasjonen vår i alle kommunene rundt Ålesund å gjer???

Eg er nesten rysta over kor mykje de klare å få slengt ut av dåkke..! 
Alle vi i Sula som klare å gå vi skal klare å trille dunken «nokre» meter vekk frå husveggen. Om du har 100 eller 500 meter så er det ingen som tek skade av å gå denne strekninga ein gang for veka. Istaden for å heile tida henge seg opp i det negative å surre seg meir og meir inn i det når de slenge med leppa i sosiale medier så kan de berre sjå litt annleis på det å det er at det hjelpe på vår fysiske helse. Jaggu litt på den psykiske også for om de ikkje har merka det så har frisk luft mykje å sei for akkurat det. Å med tanke på korleis det «skrikast» rundt om så trur eg det er mange som treng hjelp til akkurat den psykiske helsa ❤️

Om vi tenke litt utanfor boksa så meina eg på at det er 12 kommuner i Årim - det er kun Sula kommune som har henting av avfall på dørene...!!! Asså så av dei 11 andre så er det kun på Sula det blæs, ja nei ikkje på Giske sant??? For å sei det slik der er det vel ikkje mykje le heller?
Om det er problem opp og ned bakkane så er det vel mulig å finne ei løysing med å feste den på bilen, eller kanskje det er mulig å trene litt...??
Trur faktisk fleire av kommunene har bakka som Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal for å nemne nokon.
Å om dunken skal vere framme til kl. 06.00 ein morgon eg føle det blir for tideling så kan eg nok berre få den ut kvelden før..?
Vi snakka om at det blir fælt å måtte ha dunkar langs vegen...kanskje smalt for skulebarna å gå, men eg trur dei klare å lkome seg forbi nokre dunkar på fortauet til og med.
Men, kva med disse store tunge bilane som må rygge på dei smale vegane i kommuna for det gjer dei å er det greit..!? 
«Vi» sei vi kan betale litt meir for henting slik det er i dag - ja det er kun Sula som klaga på dette 1 av 12 kommuner. 
Men, har vi råa til ei fatal ulykke langs vegen der disse kjøretøya skal rygge.!?? 
Skjer det noko vil debatten heilt klart endrast...som mykje anna i dette landet blir ting dårlegare å spesielt vegane å dårlege vegar ser vi mykje av på Sula, å med dårlege vegar kjem fleire uhell.
Eg har veffal ikkje råa til å miste nokon eller klare å sjå på den sorga som kjem om ei ulykke skulle skjer!! 

Eg synes vi alle skal gå litt i oss sjølve å tenke kvifor vi skal vere så mykje latere enn dei andre 11 kommunene rundt oss..!? 
Er det greit at dei andre skal betale lik pris som oss som har ei mykje dyrare løysing?? 
Eg kjenne at livet mitt vil vere det same om bosset fortsatt vert henta på døra eller om det blir den nye ordninga, men eg kan garantere at eg ikkje har vondt av å måtte gå nokre meter ekstra ein gang for veka.

Eg kjenne eg til tide bobla over av engasjement men samtidig skal eg halde litt igjen fordi eg «uheldigvis» bur saman med ein av disse arbeidarane i Årim. Men, eg har faktisk noko meir erfaring enn å berre vere gift meg ein som drive med gjenvinning. 
For, eg har jobba i  avfallsbransjen i rundt 10 år så derfor engasjera det meg litt meir enn berre som ei av kjerringane til ein av disse miljødustane!!
Pga mitt tidligare arbeid blir det derfor gjerne tatt diverse bilde av mellom anna avfallsløysingar når eg er ute på tur også bossbilar, dunkar etc. 
Renovasjonsbil midt i Londaons gater...
Ein annan type renovasjonsbil i London... 
Thailand...
Container i London...

Vi har alle ulik interesse, men eg har nok bildemani så det blir litt av «alt» så du kan sikkert kalle meg «miljøskada» å mulig du har rett...men sjølv kalla eg det for «Normal Galskap» å eg digga galskap så lenge du står inne for det sjølv..!

Håpe gemyttene roa seg å at vi alle tenke litt på at vi kun har ein klode å den kan beklageligvis ikkje gjenvinnast! 
Om vi ikkje tek grep no så er det ikkje så mange reserveløysingar å gripe etter.
Vi skal forvalte naturen og kloden vår på ein god måte slik at den kan overlatast til dei som kjem etter oss på ein god måte.
Til politikerane våre - eg håpe de høyre like mykje på innbyggerane i andre viktige miljøsaker i framtida.
Ha ein grøn kveld 💚💚💚
-Anja-




fredag 15. mars 2019

BlåFredag...

...Det kan sikkert kallast så mangt, men det var det første, beste og mest dekkande ordet for her kan ein pakke inn ein heil del. Ja som blå himmel, nyansar av blåe fjell og blå fjord...sikkert mykje meir å ta med, men det var akkurat det som gjorde ramma rundt formiddagen.
Blått med sjølvsagt eit innslag av rosa...
Når eg begynte å pakke ut alt eg hadde tatt med så fikk dei litt meir forståelse for kvifor min sekk var så stor og full :)
Når eg og to gode venninner med ein del av den firbeinte gjengen går på tur så er det stort sett alltid koselig. Men, det er ikkje så ofte vi kjem på å kunne gå ein liten tur å bruke så lang tid! Vi hadde pakka med oss frukosten eg skjønte ikkje korleis dei kunne gå med ein liten sekk og ei rumpetaske, samtidig skjønte sikkert ikkje dei at eg hadde så peise full sekk. å gjekk bortover i Solavågen, ned til Kviteberga å der vart vi verande ganske så lenge. 
Sjølv om eg er vand med å sitte ved kjøkkenvindauget å sjå ut på disse fjella og fjorden så blir eg aldri mett av akkurat det...! 

Dette her er intet mindre en "frukost med utsikt i det fri"...
Jaggu har ho mykje rart dinna mora di Ipa...men lykte og dukar har ho vanlegvis ikkje på gulvet eller bakken..!
Gjengen var samla kun på eit bilde i dag!!
På bilde til vendtre frå venstre ser de Lille, Troja, Ipa, Embla, Berta og Joey...
Ipa smiska seg inn med Cecilie...jaggu er ikkje denne sjokoladen steike gode...
Gutta krutt vegra bilde i dag...eller kanskje kjerringa bak telefonen ;)
Men her er veffal dagens firbeinte jenter..!
 
Kvikk Lunsj var akkurat på sin plass i dag...den ilag med ein miks av kaffi og kakao i koppen var inner tiar, det er jo freddan i tillegg så litt må ein kunne unne seg;)
Nesten det beste med slike turar er at ein har muligheit til å legge seg litt nedpå å samle all energien i naturen...fantastisk herlig!!
Ipa asså - ho er berre heilt herlig!!...Men, som den einaste brune å når ho er brun frå før kan ho sjølvsagt gå i alle gjørme for det synes liksom ikkje heilt på ho, men tru meg eg både såg, kjente og lukta det...

Cecilie dele clementinen sin med Joey og Berta...Å når Berta har fått ein båt har ho den forsiktig i munnen før ho går vekk for å nyte denne lille båten...
Janita og Embla avslappande og nyte naturen...
 
Dei galne har det godt...å med oss får det tre kvinnfolk fylt med variert galskap...å saman kan det eksplodere så vi må sile det ut med omhu... 
Hundane fikk søke og springe fritt medan vi koste oss med mat, latter og fjasing...Joda vi har alle blitt litt eldre, men vi har ikkje tenkt å bli skikkelig vaksen enda ;)
Då vi skulle gå viste det seg at Janita hadde med lukt som kunne hjelpe oss å halde dritlukta etter hundane på avstand :))

Utrulig flott dag og forfriskande dag der vi samla meir energi, minnebanken påfylt, latteren kjem ut og livet er faktisk ganske så herlig...!
Ha ein energi givande kveld 
Klem -Anja-

torsdag 14. mars 2019

Posering...!?

...hmmm folk spør meg ofte korleis eg får hundane til å posere slik eg gjer. Stort sett finne dei utav det sjølv, men innimellom kan det bli litt forviklingar. Spesielt når eg først har funne ut at hundane passa perfekt, eller berre dritfint inn i landskapet då kan det by på litt sirkus. 
Å når eg ser for meg hundane og fargane i naturen....akkurat den dagens farge på fjella så er det alltid litt kluss før eg eventuelt får eit bilde!! :D
Som regel sei eg sitt å plassera ein hund eller to, så kan eg knipse i veg men så enkelt var det ikkje i dag. Forkjølt som eg er svimsa eg meg med ræva inn i ei einebuske å vart sittande der litt for å sjå på Cecilie som på finurleg måte fekk dei firbeinte til å sitte. 


Dagens første bilde å eg er eigentleg dritfornøgd med det...
Hundane følge med på det som skjer...berre sekund før var ein hund under ræva på ei, og ein med snuten i øyret på ei anna...Ei eller to dame som lukta så utrulig godt...
 
Dei følge med kvar godbitane bevega seg...

Kan ikkje noko for at eg synes slik underhaldning er dritgøy :)
Å at latteren min er forkjølt er berre slik det er...

Eg var bortom å hjalp ein gang for det vart visst for mykje for hjartet henna sjølv om ho såg tålig roleg ut...Etter nokre bilde så måtte eg filme kaoset å flira så eg haldt på å tisse på meg, å det nemnde eg sjølvsagt og med det fekk eg eit kvast svar "det he du nettopp gjort!!" :D 

Morosamt å sjå kor forskejllig vi er å kva som kan få pulsen opp, ja rett og slett kva vi kan rekne som trening...for eg trente magemusklar å forsåvidt nokre knipeøvingar også som vi kvinnfolk oppi alderen bør gjere, å Cecilie fikk pulsen oppi 120 for å stå stille å prøve å få "eit par" hundar til å posere.


 
Fine og herlige hundar som jaggu klarte kunsetn å posere fint i dag også!!...


Så tilbake til spørsmålet mitt om posering...nei, det er ikkje alltid like enkelt men som regel alltid innhaldsrikt...å i dag var det for meg dritgøy og eg fekk meg ein god latter :)

Alltid kjekt på tur små som store Cecilie å eg må sei eg gler meg til den store tursesongen er igang...
Ha ein poseringsfri aften...
Klem -Anja-

Eg stille på val fordi...

...Eg meina at vi alle kan vere med å gjere ein forskjell - "Saman for menneske og miljø" ..!  Eg har ikkje kjennskap til alt så...