fredag 31. mars 2017

Puppies * Valpa født 30.03.17 - leveringsklar 25.05.17

Det gjekk "litt" fort med planlegginga og ventinga på valpa denne gangen - (les gjerne om overraskelsen her)!
I går tre veker og to dagar etter eg oppdaga det kom det 11 kraftige og livssterke valpa til verda!! 4 svarte gutar, 4 svarte jente og 3 gule jente blir tatt veldig godt vare på av Berta.
 Her er Berta og tre valper under fødselen...Det er fantastisk å kjenne livet inni magen samtidig så ein høre lydane av dei som er komen ut...
 Fortsatt ikkje ferdig og Berta har lagt seg til ved siden av valpane for å vente på neste som kom...
Å som det ser ei har allerie gjort seg bemerka med tanke på stil...
Eg blir aldri metta på det her *
 Omsorgsfull og veldig flink mor... Perfekt*
 Salt & Pepper *
Ikkje ønskelig å få ein farge som ikkje er godkjend og dumt er det når dei tre største tispene er gul, men sånn er det. Godt å kunne registrere dei slik at ein kan konkurrere i ein hundesport for dei som ønska det, eller er dei faktisk like gode familiehundar som ein svart ein...
Fødsel i går så rekna eg meg 8 veker framover og kjem då til 25. mai som er Kristi Himmelfartsdag og sikkert ei fin langhelg for eventuelt å reise avgårde for å hente valpen med seg heim...
30.03.2017 kom det 11 valpa etter følgjende kombinasjon: 



Kvasneset`s In Long Desember Night
 
 SE U(U)CH JEUW-13 WW-14
Caci`s Hit The Road Jack  
IE CH GB CH Clandrift Dark Legend 
SE U(U)CH JWW-08 Caci's Strip and Tease 
 Kvasneset`s Himmelske Honoria (res. CC)
 SEU(U)H VWW-14
Boppalooza Jungman Jansson
 Kvasneset's Frøken Lisa (CC)
 
Kvasneset`s Just For Fum (CC) 
 

SE VCH NORD UCH INT UCH Inkwells Final Guess 

 Belsud Black Taurus
SE U(U)CH Inkwells Guess My Name 

Lavender Sky Black Brianta 
NUCH NVCH Kvasneset`s Braveheart 
 Multich Carnival Night Black Brianta 


Har nok uroa meg veldig pga at Berta er litt ung, men fødselen var over på 4 tima og 10 minutt og ho var så flink med navling og ta seg av dei.
Ho er veldig lik sin mamma Sky der ho ligg å passa på kvar valp i kassa rett ved senga mi...det blir ikkje masse søvn for kvart lite pip så er eg der å ser om alt er som det skal.
Pappa "Bobby" på fjellet onsdag morgon...

I og med vi ikkje har planlagt dette ned i minste detalj har vi ikkje laga lange venteliste slik det er før kvart kull så dermed har vi ein del ledige valpa til dei rette...så er du interessert i ein herlig familiehund og tur kamerat så ta gjerne kontakt med oss!!
Eg sei at eg alltid står for det eg sei og har gjort!...eg kan ikkje sei at eg står for å ha tatt denne kombinasjonen no, men når den først er her så står eg vireklig inne for at det er gode foreldre med ei stamtavle som eg absolutt står inne for!!...Veldig dumt at eg ikkje har plass til ein valp til heime, men har kanskje ein venn rundt meg som har lyst til å ta vare på ei for meg i fellesskap!? 

De kan kontakte meg på 900 18 619 eller anja@kvasneset.com

Ha ein fin dag!!
Klem -Anja-

mandag 27. mars 2017

Suuuurpriiiise!!....

...og overraska er berre forordet!
Eg har gått her i over to veke som ein liten zoombie og tenkt rare tankar...
Berre slik at de kan sjå for dåkke koleis det er - eg er ein kontrollfreak som ikkje lika å bli overraska ;)


Eg kan sjå tilbake til tirsdag 7. mars - Eg og Berta tek oss ein tur på fjellet ilag medan eg prata i telefon med ein forvert syns eg noko ser rart ut på Berta. Vi har ikkje hatt hunda med innbilt drektighet før så kjenne under buken på ho og der er litt forstørra patta. Legge på telefonen og går siste stykket til toppen i det eg febrilsk prøva å få tak i Tom.
 Klarte faktisk å ta bilde av ho sjølv om eg nett hadde fortått at noko ikkje var slik det skulle...

På toppen tek eg på ho og ser godt etter og pattane er smått rosa.
Til slutt ringe Tom tilbake og ber meg ta det heilt rolig for det er teknisk umulig då vi har hundane skilt så lenge.
Veterinæren hadde fullt, men eg kunne jo ikkje vente til onsdag med å få ho sjekka så han berre måtte ta meg imot...å der står eg å rista litt og ser ei, to, tre ja og litt fleire fine blære. Visste ikkje om eg skulle flire eller skrike så veterinæren sei det så bra - ser ingen problem med dette, ei så harmonisk og stabil tispe klare det her veldig bra!! Det roa jo meg litt og etter mange tanka så er jo Berta berre ei som flyte med og samtidig gjer akkurat som ho vil trygg og stødig.Veterinæren tenke 4-5 veker...det passa sjølvsagt ikkje inn med løpetida så ho har nok stått uhorvelig seint, men eg trur kanskje det kunne vere oppi 6 veker? (Veffal etter tida då ho løpte og ikkje minst så stor som ho er). Så håpe at det skal bli valpa iløpet av dei første dagane...
Då rekke eg å vere med på fødsel og ha kontroll over valpane, Berta og det som er rundt før eg set meg i bilen for eit kontrollert stemnemøte mellom Loke og Nora

Vi har ikkje vore i nærheiten av andre hannhunda så Bobby må vere faren...når og kvar det har skjedd ana eg ikkje, men eg veit ein ting og det er at spermen ikkje svømme gjennom nøkkelholet!!...

Så no gler eg meg til å presentere dåkke stamtavla til det komande kullet vårt:





Kvasneset`s In Long Desember Night
 
 SE U(U)CH JEUW-13 WW-14
Caci`s Hit The Road Jack  
IE CH GB CH Clandrift Dark Legend 
SE U(U)CH JWW-08 Caci's Strip and Tease 
 Kvasneset`s Himmelske Honoria (res. CC)
 SEU(U)H VWW-14
Boppalooza Jungman Jansson
 Kvasneset's Frøken Lisa (CC)
 
Kvasneset`s Just For Fum (CC) 
 

SE VCH NORD UCH INT UCH Inkwells Final Guess 

 Belsud Black Taurus
SE U(U)CH Inkwells Guess My Name 

Lavender Sky Black Brianta 
NUCH NVCH Kvasneset`s Braveheart 
 Multich Carnival Night Black Brianta 

Berta er ei herlig tispe som er både vakker og god å trene med...Vi hadde planer om kvalifiseringsprøva no i år, men vi får ta igjen treninga om nåkken veker.
 
Bobby er ein herlig gut...

Nåkken som syns den ser spennande ut eller!?
Det gjer veffal eg så no håpa eg på veffal ei svart tispe!...

Eg og Katja reiste til Birmingham "nysjokka" - heilt overraska og det er faktisk forferdelig når ein kontrollfreak ikkje lenger har kontroll over situasjonen....
Gler meg no veldig og går her med ein mange som til tide dansa polka rundt ræva......så spent blir ein når ein ikkje heilt veit kva som skjer ;) 
Veldig takknemlig for den jenta vår som klappa mora på skuldra og sei: "Det her går så bra mamma! Søren eg skulle ha stilt ho i år, men no må vi passe valpa!" 
Full pels og skitfin og ikkje minst skulle vi ta treninga til nye høgde, men vi får begynne så smått om nåkken veker ;) 

Eg veit ikkje kva som er værst at Berta er ung, at det er fare for gule valpa som ikkje er ein sjukdom berre ein fargefeil som gjer at du ikkje kan stille dei, eller at eg ikkje har den kontrollen som eg ALLTID har!?... 

Ein lære så lenge ein leve og det her med hund blir eg ikkje utlært på - men det tok 20 år med tispe og hannhund ilag før eg skulle få eit uplanlagt kull! (Har vore med på ei tjuvparing før, men den såg eg og tok sprøyte. Det var før mitt første kull og hadde eg visst betre hadde eg ikkje tatt det vekk den gang. Hadde eg sett det denne gang så hadde eg mulig gjort det samme, eller ikkje turd å ta sjansjen? Men det blir berre synsing)...

Set umåtelig stor pris på dåkke herlige og gode vener som eg har som har komt med så fine ord!! No ser eg med glede fram til fødsel og gler meg til veker med herlige små - det blir nok ikkje marsipangrisa i år, men kanskje har vi levande "påskekyllingar" men like elska uansett...
Kanskje må eg takke Berta og Bobby for at dei sat til liv den kombinasjonen som eg ønskte å ta litt fram i tid (etter det kullet som er planlagt etter Berta i 2018) men som eg sat på vent pga at begge bære gult...

Kombinasjonen er for oss veldig spennande og dei to utfylle kvarandre veldig godt!!
Har du lyst eller veit om nåkken som har lyst på valp så ta gjerne kontakt!

Klem -Anja-

fredag 24. mars 2017

Birmingham - Crufts 2017


Katja på veg inn i flyet på Vigra også flyg vi over Ulsteinvik...
Mellomlanding i Amsterdam...
 Vakre St. Martins church...
 Katja starta bursdagen sin med å vere på Bullring før det opna...og det vart ein lang dag med shopping og kos i Birmingham fredag 10. mars - måtte jo berre følge etter den heilt ferske tenåringen!!
Innom hotellet for å legge frå seg dagens "første fangst" og mamsen måtte kvile litt før det bar ut igjen...


Katja ved oksen utanfor BullRing og Hollister på 13 års dagen sin!!
 Birmingham Cathedral...
 Fredagskveld på veg tilbake til hotellet...

Så var det grunnen til at vi valgte Birmingham som reisemål...Laurdagen tilbragte  vi på NEC Arena Birmingham ved det grøne teppet på Crufts.
CRUFTS verdas største og mest prestisjetunge utstilling med 22.000 hundar påmeldt og i vår rase var der 400!! Beklageligvis var eg meir opptatt av å sjå hundane og følge med i katalogen enn å fotografere. Ikkje var det like enkelt heller då det stort sett kom folk foran oss ved opninga inn til ringen. Men må berre ta med nåkken få bilde sjølv om kvaliteten kunne vore betre.

 Veeeeeldig klar for Crufts...her er vi på veg mot toget ;)
Carina og Rebus...
 BIR Ch Altaflats Ain't I'm A Dog og BIM Ch Feldkirk Fashion
Vakre Lukas endte til slutt som 2 BIG i den store Gunddog Group!!
 Frå finalearenaen...Vi skulle sette oss ned, men det var så trangt og heilt inn til veggen at vi måtte berre reise då mister klaus kom på besøk ;) Heilt greit å ta turen innom Bullring for ein god matbit...Finalen søndag låg vi i hotellsenga å såg på ;)
 Birmingham Cathedral...
 Ei tom gate ein søndag formiddag...
Eg og Katja fotografert av Karin foran Birmingham Museum & art Gallery...
 Å få foreviga ei paring på museumstrappa var ikkje meg imot...Ingen ting er vel meir naturleg enn det!?
Vakre duer med nebb forma som eit hjarte. Kan det bli betre!?...

 Katja på søndagen på Victoria Square - Opna av HRH THE PRINCESS OF WALES 6th May 1993...

 St. Martins church...
Cherry blossom i forbifarta frå bussen...
 Sidan gubben har ansvaret for at Renovasjonen er som den er i dei 12 Årim kommunene. Ikkje minst etter fleire år i avfallsbransjen sjølv så har det blitt ein trend å sjekke ut tilstandane der vi reise...

FEIRING AV ST.PATRICS DAY søndag 12.03...








Vi måtte teste ut bussane og ikkje skjønte vi det med betaling og ei heller kvar vi hamna :))
Men vi klarte å bomme oss ein tur tilbake då vi ikkje hadde meir mynt!

Når vi først finne ein plass (etter nåkken misslykka forsøk) med god mat så berre bruka vi den og her var vir tre daga på rad ;) Å dei som jobba der dei likte det!...

Fredagen var vi på Bullring før det opna og søndag etter stengetid ;)
 Store kontrastar med Bullring Birmingham og vakre St. Martins church...
Innimellom folketomme gate søndag kveld...

Vi hadde ein veldig fin tur til Birmingham...Vart overraska både positivt og negativt, men site igjen med mange flotte inntrykk!!
Neste gang har eg veldig lyst å finne meg ei utstilling ute på sommaren.
Leeeeeenge  vente men vi klarte det utmerket ;)
Snart heime igjen!!...

Klem -Anja-

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...