fredag 24. mars 2017

Birmingham - Crufts 2017


Katja på veg inn i flyet på Vigra også flyg vi over Ulsteinvik...
Mellomlanding i Amsterdam...
 Vakre St. Martins church...
 Katja starta bursdagen sin med å vere på Bullring før det opna...og det vart ein lang dag med shopping og kos i Birmingham fredag 10. mars - måtte jo berre følge etter den heilt ferske tenåringen!!
Innom hotellet for å legge frå seg dagens "første fangst" og mamsen måtte kvile litt før det bar ut igjen...


Katja ved oksen utanfor BullRing og Hollister på 13 års dagen sin!!
 Birmingham Cathedral...
 Fredagskveld på veg tilbake til hotellet...

Så var det grunnen til at vi valgte Birmingham som reisemål...Laurdagen tilbragte  vi på NEC Arena Birmingham ved det grøne teppet på Crufts.
CRUFTS verdas største og mest prestisjetunge utstilling med 22.000 hundar påmeldt og i vår rase var der 400!! Beklageligvis var eg meir opptatt av å sjå hundane og følge med i katalogen enn å fotografere. Ikkje var det like enkelt heller då det stort sett kom folk foran oss ved opninga inn til ringen. Men må berre ta med nåkken få bilde sjølv om kvaliteten kunne vore betre.

 Veeeeeldig klar for Crufts...her er vi på veg mot toget ;)
Carina og Rebus...
 BIR Ch Altaflats Ain't I'm A Dog og BIM Ch Feldkirk Fashion
Vakre Lukas endte til slutt som 2 BIG i den store Gunddog Group!!
 Frå finalearenaen...Vi skulle sette oss ned, men det var så trangt og heilt inn til veggen at vi måtte berre reise då mister klaus kom på besøk ;) Heilt greit å ta turen innom Bullring for ein god matbit...Finalen søndag låg vi i hotellsenga å såg på ;)
 Birmingham Cathedral...
 Ei tom gate ein søndag formiddag...
Eg og Katja fotografert av Karin foran Birmingham Museum & art Gallery...
 Å få foreviga ei paring på museumstrappa var ikkje meg imot...Ingen ting er vel meir naturleg enn det!?
Vakre duer med nebb forma som eit hjarte. Kan det bli betre!?...

 Katja på søndagen på Victoria Square - Opna av HRH THE PRINCESS OF WALES 6th May 1993...

 St. Martins church...
Cherry blossom i forbifarta frå bussen...
 Sidan gubben har ansvaret for at Renovasjonen er som den er i dei 12 Årim kommunene. Ikkje minst etter fleire år i avfallsbransjen sjølv så har det blitt ein trend å sjekke ut tilstandane der vi reise...

FEIRING AV ST.PATRICS DAY søndag 12.03...








Vi måtte teste ut bussane og ikkje skjønte vi det med betaling og ei heller kvar vi hamna :))
Men vi klarte å bomme oss ein tur tilbake då vi ikkje hadde meir mynt!

Når vi først finne ein plass (etter nåkken misslykka forsøk) med god mat så berre bruka vi den og her var vir tre daga på rad ;) Å dei som jobba der dei likte det!...

Fredagen var vi på Bullring før det opna og søndag etter stengetid ;)
 Store kontrastar med Bullring Birmingham og vakre St. Martins church...
Innimellom folketomme gate søndag kveld...

Vi hadde ein veldig fin tur til Birmingham...Vart overraska både positivt og negativt, men site igjen med mange flotte inntrykk!!
Neste gang har eg veldig lyst å finne meg ei utstilling ute på sommaren.
Leeeeeenge  vente men vi klarte det utmerket ;)
Snart heime igjen!!...

Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppbygging av heimesida igang......IGJEN!

Eg som trudde eg ikkje hadde tålmodigheit i det heile!!......I dag/kveld har eg sett at det faktisk er litt likevel, så om du trur meg ell...