torsdag 27. mars 2014

Treg start...

...sjølv kor masse ej vil opp og hoppe er det ikkje lett og i dag ville eg både vaske klede, støvsuge etc. men det er jaggu ikkje alltid lett å komme i gang sjølv kor sta eg er!..

Men har komt meg på beina og tussla litt rundt og skal no hive i meg litt wokrestar frå i går, så kunne eg sjå litt på bilda eg tok i går. Ingen voldsom tur anna enn at eg og Paul tok med oss småhundane på tur til Kviteberga :)
Der var det mange andre som også ville nyte den vakre dagen i naturen, nåkken hadde skulefri og brente bål, hadde med seg ein hund og fiska, andre hadde med seg niste og kosa seg på berga...
 "Mille" og "Dennis" storkoste seg i skauen og på berga...
 "MIlle" er ikkje redd vatn så ho søke etter godbita også i vatnet...
 Katja`s skjønnhet - ja og stolthet da...
 Her ser vi over mot Hareidlandet...
Blitt ein del tur- og hundebilder i det siste, men det er her eg hentar energien...Har så masse eg har lyst å gjer og det kjem sikkert til å bli snart håpa eg...imens må eg berre prøve å få energien litt over streken :)))

Her på Sunnmøre er det fortsatt fantastisk og må berre prøve å nyte det på foorskjellige måtar ♥
Klem -Anja-

onsdag 26. mars 2014

Alltid like trist...


...når vi får beskjed frå valpekjøpera at dei har mista sin "beste venn" ♥ I dag ringte Eija til meg å sa at ho hadde mista sin kjære, gode og snille Kajsa...
Det var ei virkelig skjønn tispe med herlig gemytt...hadde vore fint om ho kunne blitt enda eldre og kunne fått vore følgesvenn til glede lengre. 

Eg har den siste tida ikkje hatt det overskudde som har trengst for å ha nær kontakt med alle valpekjøpera, men setjast vore kjekt å følge Kajsa og Eija på Facebook og ikkje minst når vi har hattbesøk av dei!!...
Tankane mine går til Eija i kveld...det er så utrulig trist å miste ein firbeint venn ❤ er liksom ikkje mange ord som kan hjelpe, men sjå tilbake på at Kajsa har hatt eit flott liv og spredd masse glede, godt å tenke på at ho fikk slippe no og dermed ikkje leve lenge med smerter...
Tusen takk for at du valgte hund frå oss og at du har tatt så godt vare på ho ❤

Sender ein ekstra klem til Trøndelag i kveld❤❤❤
Klem -Anja-

Muscari

Muscari eller perleblomst er nåkke av det første som kjem i hus når jula er over og eg koser meg med desse skjønne blomstrane så lenge eg kan få dei...
Vakre både på kjøkkenbordet, på lysbrett, i gangvinduet og ikkje minst på trappa. Har planta fleire i fat som eg får igjen kvart år, men i fjor var det så masse regn at nåkken av zinkfata mine blei oversvømt og løkane blei kasta, men litt er igjen og så får man alltid nye og fine i butikken...


Muscari som vi ofte sei får du i kvit og blå, dei står sjølvsagt lengre om dei får stå ute eller ein litt kjølig plass i huset, dei treng ein del vatn i forhald til andre løkblomstra. Så koselig når dei utover våren kjem rundt huset, men før det så berre må man ha det i stua for då kjem den lille ekstra vårfølelsen.

Massevis av lekre vårblomstra å få i butikken no...Kos deg med dei vakre skaperverka ♥
Klem -Anja-

tirsdag 25. mars 2014

Å for ein dag! 25.03.2014

Her eit sikkert vårteikn...Har så mange bilde eg har lyst å dele i dag, håper nåkken finne inspirasjon til å bevege seg ut eller berre blir glad med god følelse av vakker natur ♥
 
...ein innhaldsrik og fantastisk dag starta som svartast og visste ikkje om eg kunne klare å stå oppreist og ei heller gå. Men, staheita mi har vore til hjelp mang ein gang...
Ønske om å komme seg ut ein slik fantastisk vårdag, tok smertestillande og begynte å tussle rundt i huset, ringte mamma og pappa som ville gå på tur ilag.
Tok med meg Sky til Sunde spiste litt mat, planen var Emblemsfjellet, men var lurast å gå i Solavågen slik det ikkje "blei for masse" på meg - ja det kan du tru...Etter kvart som eg kom meg utover, utsikta og veret var på det aller beste så følte eg forma blei berre betre og betre :)))
Vi ville prøve ut å gå litt andre vegar og vi fekk ein fantastisk tur på vel 3 timar!! Kan ikkje sei at det ikkje var vondt men det må ein berre bite i seg, nyte naturen og berre kor deilig å få kroppen med...medisin for kropp og sjel, utrulig kva det gjer med "haude"!!

Frå verandaen til mamma og pappa...
 Fantastiske Storfjorden...
 "Sky" storkosa seg i dag...
 Vakker utsikt, men stupbratt ned!!...Tenke seg til at eg som elska å gå i fjellet er så høgderedd, fekk nesten pusteproblem og fekk hundane i band...
 Hundane "balansera på kanten" av stupet...så bandet kom fort fram...
 Pappa måtte sjølvsagt enda lengre ut på kanten for å få skikkelige bilder, skulla nesten hatt band på han også ;))
 Vakkert er det ved stupet så det måtte bil nåkken bilder der...
 Spadronninga i sitt rette element!! Ho spring i alle grøfter og kan ikkje fått gjørma seg nok inn, så då legge ho seg rett ned, her var det heldigvis litt klart vann slik ho fikk av seg litt av gjørma ;)
 Fangst av mange pinna på turen og "Pekka" vil alltid ha den som "Sky" har funne...
 Vakkert ut mot Langevåg til venstre og Ålesund til høgre...
 Men, INGENTING slå disse fantastiske fjella ♥
 Svartevatnet med Langevåg og Ålesund i bakgrunnen...
 Skjønneste "Sky" storkosa seg med "friheten"...
 Litt isete var det også...
 Perfekt plass til ein sliten liten stomp...
 Herlig turfølge...mamma og pappa
 Blir ikkje metta vettu...Men, litt anna vinkel innimellom skada jo ikkje ;)

Når eg kom heim fekk eg brev frå Oslo, det hjelpe når legen frå sjukehuset her i Ålesund purra!! Har venta på time ved anna sjukehus sidan januar i fjor og då var det LYKKE når eg har fått time om bikka ei veke!!...Blir spennende å høre kva dei sei. Måtte sende ei melding til mine næraste med ein gang ;)
Det måtte sjølvsagt bli vaffel på den store vaffeldagen...her blei det sunne middagsvaffel før eg avslutta kvelden med pårørande skule mange syns det var veldig varmt inne i dag, eg satt med ei stor strikkajakke over meg som tepper ;) blir så fole kald når ein er så låke...Ja, virkelig innhaldsrik dag!! :) 
 

Har litt ekstra vondt og sliten, men likevel så fornøgd no i kveld ♥ Eg elska tura, berre må ha det ;) og det gjer så godt for sjela og humøret...
Vil berre sei til dåkke som slite med å komme dåkke ut, berre begynn, kom dåkke ut å ta kampen for motstanden gir seg til slutt og du vil få det så masse betre i både kropp og sinn...Berre husk å begynne i det små ;)

Klem -Anja-

søndag 23. mars 2014

Vakre Storfjorden...

Barna koser seg på berga...
...no i ettermiddag ♥ Kan ikkje sei anna enn at ditte må vere ein av dei vakraste plassane på kloden!! Det er magisk og forandring for kvar dag...blir ikkje metta av disse fjella her. Spurte Tom ein dag om han kunne tenke seg å flytte inni fjorden her på ein gard!? Han lurte sjølvsagt om eg var blitt enda galnere men tenkte berre på å komme enda nærare denne flotte naturen her, men får jo ikkje sett dei på samme måte då, så trur det beste er å fortsette å reise på besøk til mamma og pappa der vi berre kan nyte det frå verandaen eller gå ned på berga ein tur ;)
Vil berre dele nåkken bilde med dåkke ♥
 Mi fantastiske mamma ♥
 Ferga på veg til Festøy, så ser vi Barstadvik i bakgrunnen...
 Her er det rett i Hjørundfjorden med dei flotte fjella...
Som du kasnkje ser er eg umettelig på denne utsikta her...vakkert og magisk ♥
 Ikkje berre mamsen som lika utsikta, Katja må også fram med kameraet ;)
Bilde av dei to største skattane mine ♥
Med disse bilda vil eg ønske deg ein fin kveld og god start på ei ny veke ♥♥♥
Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...