lørdag 22. mars 2014

Fart i skrotten i kveld...


Klokka 18.21 i ettermiddag skulle eg til å gå i dusjen mens Tom og Katja skulle ut å handle, men eit stopp på vegen for å ta telefonen................... "Er det Anja Haugen og har du nåkke med Gavehuset å gjer?" - "Det er frå brannvakta og der er røykutvikling i butikken, så har du nøkkel så vi kjem inn?" - "Kor lang tid tar det til du kan vere der?" "To minutt!!" Ut av døra før eg la på og var der på 20 sekund........Åj så den gamle bilen til mamsen fekk kjørt seg, måtte bråbremse for å sleppe brannfolka forbi...Berre så det er sagt, eg kjørte ikkje over fartsgrensa asså!!...
Ingen som kommenterte farta heldigvis...sa det her heime og Tim Are sa; "klart dei ikkje kunne sei nåkke, du måtte jo hjelpe brannmannane!!" :)




Fekk opp døra og røyken velta ut...Røykdykkera inn for å sjekke lokala, så sakte tida går når man står på utsida og ikkje kan gjer ein einaste ting!!...
Heldigvis blei røykkjelda funne! Tenkte at om nåkke brann såg dei det, så skulle ikkje blande meg...men, klarte ikkje halde kjeft og måtte sei dei skulle sjekke lykta på benken. Hell i uhell at røyken ikkje var nådd til verken frisøren eller leiligheten oppe, kun i felles gangar og bossrom...

Utrulig kor fort røyken måtte ha utvikla seg for 20 minutt før eine brannmannen var på plass hadde han og si kjære kone gådd forbi butikken og sett gjennom vindua og då såg sei sjølvsagt ingenting.

Eg har ikkje tal på kor mange ganga eg tidligare har kjørt tilbake til butikken for å sjekke forskjellig, som om lys er slukt og døra låst...Det har liksom hengt som eit mareritt om nåkke slikt kunne skje i butikken med alle varene!!
Har ein gang hatt nedstøva lokale av fint murstøv og alt måtte vaskast ned, varer kastast og ikkje minst alt som måtte selgast ut med store rabattar. Så har liksom hatt "marerittet" sjølv når eg dreiv, så føle så veldig med Monica no...Men, trøsta må vere at det kun er materialistisk, så får vi berre håpe at alt ordna seg raskt!!...

Eg for heim til Tim Are etter at politiet var gådd og brannmannskapet hadde pakka sammen slangar etc. Tom måtte vere igjen enda lenger for å sjekke og brannmannskapet held på med utlufting med vifte...Ja dåkke som huseigera må vere her sa Arild i brannvesenet...Ja han kan berre få heile greierne for eg vil ikkje eige nåkke bygg!! Sjølvsagt sagt litt ironisk, men vil egentlig ikkje vere utleigar det er det gubben min som vil, ja og andre som har råda oss til, fin sparebøsse får eg høre!... Sparebøsse meg midt i r... vil fortsatt ikkje eige nåkke, så vil du kjøpe eit lokale med utleige så hyyyyyyl ut!! :))))

Så syns faktisk eg at når eg først skulle få ein overraskande telefon ein laurdag så kunne det jaggu vore frå NORSK TIPPING!!...

Ditte blei ein laurdag utanom det vanlige...Mannen er i sving på kjøkkenet, eg tek meg ein dusj og håpa vi får tatt oss eit glass vi og eit bad når barna har søte draumar...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Convoy

Turens første stopp på Åndalsnes der Cecilie satt frå seg bilen sin... Det har vore så mykje eg skulle og ville fortelje om, men med f...