lørdag 8. mars 2014

Soverom NIB`s utfordring

 ...NIB`s utfordring for mars.
Fikk ikkje heilt med meg kva som var månadens utfordring før no for eg har hatt så alt for masse å "styre med" så dermed har det ikkje blitt verken datatid eller anna...
Men når eg var innom no så tenkte eg at her måtte eg slenge meg med!! :) Vi har hatt mange soverom her i huset, men no er vi tilbake i det første vi hadde...
Har for litt sidan malt bakveggen med Pure & Original kalkmaling i fargen Cold Lava, dette var ingen planlagt farge då eg fekk ei feil boks frå butikken og den skulle tilbake men så tenkte eg at den kunne jo berre brukast :)
Eg var ikkje ferdig før min kjære kom heim og han lurte på om eg hadde gådd frå vettet!? Om han ikkje huska feil har det rommet vore svart før!!...Det stemme og då var det herlig, men tilbake dit skal eg ikkje, ja veffal ikkje enda for no nøye eg meg med ein mørk vegg og rommet blei heilt nytt og nøgde blei eg :)))

Fekk ein skjønn bukett med snøklokke av Katja i dag...har masse herlige blomster på stua akkurat no så då var det godt å kunne sette denne på soveromet...så deilig å kunne komme på soverommet å legge seg med ein bukett friske blomster på nattbordet ♥♥♥
Nyvaska hus og senga redd...er så enkelt med mobilen, men akk så dårlig kvalitet, blei litt dårlig lys i skumringa i dag men legg inn bile likevel...
 
Nesten så eg fekk lyst å legge meg, men først "Hver gang vi møtes" på tv`n så må man ha kontroll på dei fire nede for her er det overnattingsparty i kveld :)
Søvnig klem...

-Anja-


2 kommentarer:

  1. Fint soverom.
    Det er ikke hvitveis, der er snøklokker :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk!!
    Hahahaha...det er heilt klart :)))
    Har nok tatt kvelden litt tidlig i dag...kvitveisen må vi nesten vente eit par mnd på enda ;)

    SvarSlett

Namn og bilde av m-kullet

Å hjelpes kor fort tida har gått!!...Skulle sjølvsagt tatt skikkelige bilde av kva enkelt valp før, men det har berre ikkje blitt. Må ha hje...