søndag 29. juni 2014

Go with the Flø

Herlig dag på Flø der vi avslutta med tur på sanden...
 
Litt impulsivt tok vi tuen til Flø i dag...torsdag svimsa eg med tanken for tur laurdag, men då hadde vi to selskap vi skulle i så då la eg det vekk. Men, i går kveld fekk eg lyst til å ta turen til fantastiske Flø for å sjå kva dette "Go with the Flø" er.
Overraska over kjekke aktivitetar til og for barna og når ein kan tussle rundt i strålande ver på ein vakker plass ilag med dei beste folka så kunne det ikkje blitt betre...
 Tim Are foran "the car"...
 Her er barna på sirkus skule eller var det "drop in sirkus"...
 Sitte på i traktorvogna var kjekt og det blei nåkken tura :)
 Laga og mala skulptura i tre...
 Eg og mamma kosa oss i solveggen å ser på barn mala...
 Så blei det stopp på sandstranda og så fantastisk vakkert det er!!...ein av dei største for grunnane til å kunne kjøpe hus og flytte til Flø...kan jo vere i tankan e då veffal ;)
Her kjem det mange bilde av herlige glade barn
 Dei "galne" har det godt ♥ besta i bølga...
 Katja og Tim Are i farta...nesten så eg høyre skrattinga når eg ser bilda
 Tim Are erfarte at han måtte holde på hatten...
 Spørs om "showet" er ferdig for denne gang...
 Tom ute med kameraet utan vi visste det...her nyte vi berre plassen, veret og barna...Skjørtet måtte inntullast i beina ;)
 Besten tok seg ein cowboystrekk...
 Lille familien min

Dette trur eg vi må prøve å få med oss fleire ganga og ikkje minst håpe vergudane spilla på lag atter ein gang...

Ein fin dag blei avslutta med ein fjelltur ilag med mi "heimkoma" lillesøster, og då gjorde eg også dagens gode gjerning i det eg klatra nåkken meter opp i eit tre for å redde ein katt!!.......Det må vel seiast at eg, Eirin og "Pekka" kom springande ned frå fjellet og der sprang katta foran oss og sjølvsagt klatra høgt opp i eit tre!! Redd så berre det,  men kjære lille pusen du kan jo ikkje klatre opp om du ikkje klare å komme deg ned!!...
Ser ikkje så høgt ut, men ej måtte klatre og søstra mi var redd eg skulle dette ned, om det var ferdighetane mine som klatrer eller sjølve ryggen ho var redd for veit eg ikkje...Men, ingen lett jobb å få ein skrekkslagen katt ned frå eit tre...Ikkje klarte kan å snu seg utan å nesten dette ned, eller klatre ned på handa mi, men det gjekk til slutt :)
 

Så i dag har eg gjort ting eg ikkje har gjort på 25 år og jaggu klarte eg det også :)))
Sprek klem -Anja-

tirsdag 24. juni 2014

Fin Sankthansfeiring

I går hadde eg ein fin aften - Sankthansaften i lag med mine aller kjæraste!!...Eg, Tom og barna var inne med mamma og pappa for å feire ilag med dei. Vi grilla, brente bål og kosa oss på berga...Herlig, stille, og rolig med sola som skinte dust i bakgrunnen, godt å kunne ha ei slik fin stund ilag i fine omgivelsar og firbeinte som kosa seg...
Må vere ein av verdas flottaste plassa og fint å berre gå nåkken meter frå verandaen til denne flotte plassen.
 Bålet brenn godt...
 ♥ Katja
 ♥ Tim Are ♥
 Nåkken som leika seg på fjorden...
 "Mille" nesten så vi ikkje ser ho, mamma, "Sky" og Tom...
 Katja, Tim Are og besten...
 Tim Are laga restaurant på berga der han serverte Marshmallows og grillpølse...
Så blei bållukta vaska vekk og senga neste stopp...berre badet som er ei "stinkande katastrofe" som må takast i løpet av kort tid for det lukta surt bål, ja til og med fotoapparatet mitt lukta brent.

Det er så koselig å kunne nyte slike kvelda på berga, men kjenne no at bål - ja det er heilt greit at det kun er ein gang i året ;)
Håpe mange har hatt ei fin feiring på akkurat sin måte...
Klem -Anja-

søndag 22. juni 2014

For ein dag!!...

Eit av dagens høgdepunkt!! Tim Are med Barbro sin Labrador "Bolla" og Katja med "Nora" i Barn & Hund konkurransen... Begge to var veldig flinke!! Katja viste "Nora" utrulig bra og blei nummer 1 i konkurransen, Tim Are blei nummer 2 ilag med alle dei andre...
Fleire bilde av glade barn og lekre hunder lengre ned!!
 
...Å for ein energi det gir til sjela som berre vil fortsette med akkurat ditte!! ♥
"Nora" har vore her sidan mandag for litttur og sosialt for oss og barna som elsker å ha ho her innimellom..."Tommy" henta eg fredag og han sklei fint inn i gjengen etter han fekk hilse på alle etter han blei klipt og det vart ro og harmoni. Så hade eg DEN FØLELSEN!!......Eg står ved vasken på kjøkkenet fredag kveld, så ser eg meg over skuldra og der stod "Tommy" (Bajasson) med dekkenet på...vips, det var som å sjå "Bajas"!! ♥ gåsehud og hjertebrist...

Opp tidlig lørdag for å ta 07.10 ferga frå Sunde...eg hadde godt med tid, to hundar som skulle med, 3 barn Tim Are gjekk det radig med, to trulte Katja og venninna Ingeborg hadde litt mindre fokus på tid, tross alt første dag etter siste skuledag før ferien ;)
Men i bilen kom vi oss, då var det verre når eg såg bak bilen og Tom hadde problem med kontakta til hengeren som hadde låst seg...sukka og blei nesten grinete når det var 11 minutt til ferga skulle gå!!...Ej tok tak og vrei på nåkke og vis kunne Tom sette den på plass og eg fyke nedover vegane...Rakk heldigvis ferga, snakka med Janita undervegs og trur ho lurte på korsen eg fekk det til...Har for lengst funne ut at eg er "best under press" og det blei det i dag også ;)

Mellomstastjon nummer to då vi venta på ferga i Volda måtte Janita til pers å fjerne ein død liten sak som flaug seg på bilen min...satt jo eit hyl i bilen når eg såg ein vinge, men trudde ikkje den låg igjen...Stakkar...
Huffda...stakkar :(
 
Herlig å vere tilbake på Eid og hundeutstilling!!
Men, merka at "Tommy" sin familie ikkje var med for eg hadde NULL kontakt med han slik var det ikkje sist han var med, og det var faktisk flaut å stille han...men, gutten er fin og blei 4 BHK med ck og reserve cert!!... 
 Kvasneset`s Great Pretender etter NUCH NVCH Kvasneset`s Braveheart og Gunways Flying Butterfly - "Tommy" i ringen...Ser ut som eg har litt kontakt på bilde to...men det er nok berre slumpeflaks ;)
"Nora" som eg har trekt fleire ganga pga manglande pels for ho har det med å slippe den når utstillinga nærma seg...Har stilt ho il ufortjent VG pga manglende pels og slank hund. Men, blei derfor overraska når ho blei satt som nr. 1 i AK med fine tisper!!...Har lovd fleire å ikkje vere så kritisk til eigne hunda og skal pøve!!
 Kvasneset`s Himmelske Honoria "Nora" etter Boppalooza Jungman Jansson og Kvasneset`s Frøken Lisa i ringen...Tusen takk til Janita som knipsa bilde medan eg var i ringen ;)
Så bytting av hund og inn med vakre Nemi i vteran og ho har eg ikkje stilt sidan ho var heilt ung...Vi kosa oss i ringen og eg berre elska spreke vetrana ♥♥♥ Ho fekk super kritikk og CK. Dermed begge tispene inn igjen i beste tispe og eg og Janita bytta hund, der ho spring inn til seier med "Nemi" og eg nummer to med "Nora"!!...
Kennel Kvasneset nr. 1 og 2 beste tispe med cert og reserve cert!!...
 Kvasneset`s Catch Me If You Can "Nemi" etter NUCH SUCH Almanza Urgent Message to Stormy og Kvasneset`s Ayla  i ringen...
BIR Covenstead Catch The Point og BIM Kvasneset`s Catch Me If You Can på NRK avd. Sogn og Fjordane si utstilling 21. juni for dommer, og rasespesialist Lena Hägglund...Spreke veteraner

Fik fine kritikker frå dommer og rasespesialist Lena Hägglund og fleire rundt ringen som kom med fine kommentara om hundane!! Veldig kjekt å høre at nåkken sei at "hunder frå deg har så flott steg og viser seg så fint!!" Så utrulig fint sagt og kjekt å høre ♥
"Nora" ikkje i beste pels...men men ;) Tusen takk for bildetaking Janita!!...
 "Nemi" herlig dame på 10 år og 1 dag...
Vi venta lenge i går for barna ville stille "Barn & hund" i mellomtida blei det slått av finrat med forskjellige rundt ringen og litt bilde av hundane...når vi er på tur er det viktig å få med det som barna også lika så godt.
 Tim Are i fint driv ilag med "Bolla"...herlig ekvipasje ♥ Var fleire som huska Tim Are når han viste "Ayla" i ringen her for 3 år sidan då han skratta seg rundt ♥♥♥ men smilet og latteren var der i går også...
 The moment................då dei tok seg ei pause...
Barbro dømte Barn & Hund...
 
Katja og "Nora" og her kjem jaggu hunden til sin rett også ;)
 
Tim Are og Katja i aksjon... 
 Katja viste "Nora" å ein super måte!!...Kankje er det ho som skal i ringen neste gang!?...
Herlig dag på utstilling, måtte det bli fleir av dei!!..Utrulig stolt mamma og oppdretter i dag!!...Er så godt når ein kan kombinere hobby og familieliv, flinke var barna som oppføra seg fint rundt alle hundane...

Avslutta Eidturen med det faste besøket innom kinarestauranten før vi for heim... i og med vi ikkje fekk overnatting så blei det retur samme dag. Godt å komme heim til ein mann som hadde støvsuga og vaska medan vi var vkke og godt i gang med pizzalaging...

Prøvde meg opp i halv sekstida i dag, men ryggen ville ikkje på tur i dag så fekk berre ta det med ro og sjå resutata via facebook, sjølv om eg gjerne skulle vore der å stilt "Nora" igjen ;)
Men, det kjem heldigvis fleire muligheter...

Det som er problemet med å få dette ut på nettet er at hovudet til Nora ligg oppå tastaturet her ;)
Vi skal snart mobilisere oss ut av sløvemodus, levere "Nora" - så tur etc...

Ha ein innhaldsrik søndag rundtom...
Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...