onsdag 11. juni 2014

Ubeskrivelig følelse


Eg har for første gang sia eg opererte ryggen i 2011 og 2012 vore på ein "topp"...ja, eg kalla Varden på Sulafjellet topp i dag, sjølv om eg ikkje ser på det  som ein av alle dei toppturane som eg drøyme om...Det er ikkje viktigheta av det å ha gått på toppturane, men det å få gå i fjellet og den magiske opplevinga og den spektakulære naturen!!...
Eg greide det endelig, det skulle i dag berre vere ein kjapp tur på Blåfjell, så ville eg gå derifra og opp til Vonhytta, og då ropte rett og slett fjellet til meg og eg måtte prøve!

Turen var fantastisk og eg var glad eg hadde tatt med litt fjellvatn i den lille flaska som ligg i taska på ryggen ;)
Då eg var nesten oppe kom tårene og eg hulka nesten...tenkte eg måtte ta meg sammen for der kom nåkken akkurat rett før meg, men gleda over å klare å komme opp er fantastisk, og ja eg innrømme at det var "litt" vondt også.
 Vi ser mot toppen...
 "Sky" nyte vinden på toppen...Ålesund i bakgrunnen :)
 Veret på veg frå Hareidlandet...
 "Sky" kosa seg i snøven men de var bratt og ikkje lett å rulle seg utan å gli...Fleire ganga sklei ho nedover og det var greit ho var festa i meg ;)
 Skreiv meg inn i boka, tok nåkken bilde og starta på heimvegen...kom meg ikkje langt bortover før regnet slusa ned, og kjente eg var nærare vårherre ettersom regnet var store dråpa som traff godt ;)  Så då var det berre å komme seg nedover med godt mot. Men, må innrømme at det blei verre og verre, gjekk Steinelvråsa ned for å sjå om det kunne bli betre, men det var så innigranskauen vondt at eg hadde mest lyst å berre legge meg ned.......men, ærlig talt Anja - det går jo ikkje an!
Nede ved bilen blei eg møtt av denne herlige fargeklatten...
 
Kan ikkje sei anna enn at det var godt å komme til bilen av to grunna, eg har hatt ein herlig tur og to ENDELIG nede!! ;)  På veg oppover gjekk eg forbi fleire og er faktisk i veldig god form, men nedover er eit kapittel for seg sjølv...Tenkte på det, før i tida blei folk flygd opp til von, om nåkken skulle opp no for tida så kan vel eg kanskje få sitte å ned igjen!?...
Eller sei som eg gjor då eg var på Lauparen "skule hatt fallskjerm å hivd "meg" utføre" - den gang "før i tida" var det hundane eg skulle sende ut for fjellet ,for då hadde eg ikkje problem med å komme meg ned...

Eg er berre så fantastisk lykkelig over at eg klarte dette og har ein draum om å klare nåkken "gode turar" før eg må operere igjen og ikkje minst etterpå...
Om eg går fire år tilbake i tid var det utenkelig at eg skulle ha slik følelse for å komme meg opp på Sula!!...Men, sånn kan livet endre seg og eg set så utrulig pris på det eg kan klare.

Det er ingen sjølvfølge at vi for alltid kan få gjer som vi vil, og spesielt dei flotte turane i fjellet har vore eit ekstra stort savn i over tre år...
video
Måtte berre dele dinne lille videoen av ho når ho prøve så godt å få rulla seg :))
Eg er på gang og håpa på fleire fine tura, men eg helde på å lære meg å posjonere så det skal eg fortsette med...
Ha ein turrik dag for den som har mulighet for det...

Ei litt stiviyggenkjerring avslutta dagen med grilling ved Vassetvatnet der vi hadde sommeravslutning for Katja si klasse :)
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ferie er ferie...

Seint på natta var vi veldig klar for å reise heim og eg var igjen "påkledd"...her sit Katja i senga med meg og resten på ven...