fredag 29. januar 2016

Vi må tenke oss om...

Ein ting er sikkert og det er at dritvatnet våra får dtitfin utsikt før det blir skylt i havet...

...ein, to og gjerne tre fire ganga før viktige beslutninger takast. Spesielt når ein skal anlegge eit renseanlegg for morradagen og framtida, er dette noko som vil ha virkning på heile lokalmiljøet og det burde takast særskilt hensyn til beliggenhet og kva utslepp dette vil gi.
Kloakk er ikkje berre kloakk, men ein del som naturen ikkje klare å bryte ned sjølv!!!
Sulaposten sist veke...

Så om eg berre kan klare å sjå forbi at kommuna vil nytte ei slik perle til eit kloakkrenseanlegg så er det ikkje berre området, utsikta og det at naboar blir berørt som tala dette rett imot.
I dag har vi ca. 1500 menneske sin kloakk som går urensa rett i sjøen på Sunde!! Det er jo gale nok og tala klart om at her må det rensast. Men, om vi les og høyrer riktig så er det ikkje eit fullskala renseanlegg som vil kome men eit anlegg med ca. 50% rensing!! No når dei ønske å få heile Sula inn på dette anlegget så vil det tilsvare ca. 9000 personar i dag (og husk at kommuna aukar) som med 50% rensing vil det sei at bakteriar og drittvatn til ca. 4500 persona vil havne i Storfjorden her på Sunde...det gir ei tredobling i utslepp for oss som bur her!!. Då vil eg påstå at det handla om meir enn berre nåkken naboa som bli råka av anlegget, då er det heile indre som blir råka med tanke på badeplassa og tur på sjøen for hygge og fiske. Alle som bruka fjøra til hygge, barnahagane og andre som er ned ved sjøen og skal leve med dette.
Kva det gjer med den flotte fiskeplassen og livet under overflata tør ikkje eg å tenke på. Kva med dei fine badeplassane i Solavåg, og spørsmål frå runda i går "vil bakteriar etc. følge strømningar mot Valen og danne grobunn for lukt etc. der?". 

Så til plasseringa som er tragisk nok...men, dette ligg sopass lavt i terrenge rett ved Storfjorden at det er i faresona til Åkernesrenna, ja kva om denne går ei tid etter anlegget er i gang og set dette ut av spel. Når bølga har roa seg og oppryddinga starta vil vi ha behov for å gå på do og då vil altså kloakken til 9, 10 eller 11000 gå urensa rett i fjorden. 

I går bytta eg ut dei firbeinte (og dritposane) med ein pose med ark og penn...Frå dør til dør gjekk det, dei fleste skreiv velvillig på, nokon måtte få litt meir informasjon, andre måtte eg diskutere litt med for og imot, så var det nokon som ikkje ønska å skrive under og det må vi også ha forståing for i eit demokrati. (sjølv meina eg det skjer pga feil informasjon).
Mannen min ringte meg heim og eg noko uvillig måtte innsjå at eg måtte bli med då folk begynte å låse dører og slukke lysa...Men, eg sprang til neste hus som eg kunne kome på den tida og fekk meg litt latter og to underskrifter til. Kunne ikkje heilt gi meg så eg fekk gubben til å stoppe ved eit siste hus.......to lunkne pizzastykker og eit stort glass saft har vel neppe smakt betre nokon gong, to underskrifter blei det også :))
Det å bruke ei av dei flotteste naturperlene vi har i Sula og Sunnmøre (eg er ikkje rette til å sei det, men ein av landets flotteste utsikt!!) blir for meg heilt ufattelig å berre sjå på at dei gjer. 


Eg måtte litt sukkande innsjå at målet med 300 underskrifter ikkje var lett på ein ettermiddag og kveld...
No har eg fått meg ein kaffikopp og beskua stormen som er under opprulling rundt verdas vakraste fjord, skal ein tur på behandling og forhåpentligvis får eg stå litt i døra å butikken her i håp om å få fleire namn på arka våre :)


Stormen kjem snart til Sunnmøre og Sula, og samtidig håpa eg på at arka fyllast slik at vi saman kan få ein skikkelig gjennomgang av denne saka slik at alt av informasjon kjem på bordet. 
Vi må stå saman om å verne om naturperler og nærmiljøet våra!!
-Anja-

mandag 18. januar 2016

Herlig vinter

Kan ikkje anna enn sei at det er herlig ver for tida med kulde og kvitt ute :) Det er fantastisk å gå ut med dei firbeinte og dei får kost seg skikkelig og ikkje minst dei er reine når dei kjem inn.


Her i huset er nok Keesha akkurat ferdig å løpe medan Sky er i gang...Med ein ung herremann i huset har det gått veldig bra "bank i bordet" og håpe det fortsetter. Så derfor er det Bobby og Berta som for det meste får leve det frie gode livet :)

Kryssa fingrane for fleire slike fine daga før eg begynne på rett å glede meg til våren ♥♥♥
-Anja-

lørdag 16. januar 2016

Miljøtrening

Ayla på Eid i 2006!!...

Miljøtrening, sosialisering og utstillings trening tenke eg vi kalla den biten der ;) 
Vi kjøre i gang litt trening for Kvasnesethundane på torsdaga...no når det går mot vår med diverse kurs og utstillings sesong er det litt greit å ha omgjengelige og litt trente hunda. 
Eg er sjølvsagt med å hjelpe der eg kan på utstillingane, men om vi begynne no å få litt trening er det så masse lettere å handtere hundane når det skjer mykje rundt.
Med slik trening håpe vi at fleire ønska å vere med på utstilling med hundane sine!! :) 
Vi trena ikkje kun for å vere med på utstilling etc. også for å ha ein ok hund i kvardagane.
Dei som ønska ei utstilling eller fleire rundt her er det utstilling:

7. mai 2016 i Ålesund!!
25. og 26. juni i Nordfjordeid!!
 "Chico" NKK Ålesund i fjor...
 "Nemi" sprang inn til BIS veteran 2!!...
Her litt bilder frå Ålesund 2015...
Strålande helg i 2011!!
Må berre ta med nåkken bilder frå 2011 ♥ hadde ikkje Ayla vore trent her så kunne dette sjølvsagt ikkje gådd an...
Tim Are med Ayla i barn & hund...
Torsdaga er en fin dag for oss då barna ikkje har aktivitet denne dagen, og med det kan vi sette den inn til videre som hundedag. Kanskje innimellom når tida strekke til kan vi ta ein fellestur på fjellet/i skogen etter trening.
Disse dagane skal det trenast i band og ikkje "galematias" slik at dei blir vand med å omgås andre...Det kan vere greit å trene litt kontakt rundt andre hunda då det er nøkkelen til all form for trening - Ingen kontakt ingen trening så det legge vi god vekt på, også vil det sjølvsagt bli ein god del ringtrening. 
Ein god hund kan få ufortjent dårlig kritikk om ein ikkje blir presentert på ein god måte, og vi vil derfor trene ein del på det. 
 Ei herlig helg på Nordfjordeid i 2010!!...
Eg har hatt mange fine venstresvinga med ho her og flotte opplevingar i utstillingsringen ♥ Ayla hadde ikkje hatt så fine svinga i ringen om vi ikkje hadde hatt så god kontakt...
Steik kor eg gler meg til fleire oldebarn etter ho her i løpet av våren!! Interessert,? ta kontakt :)

Eg håpe mange av dåkke som bur rundt her vil ta turen!! Sjølvsagt om nåkken bur lengre vekk og plutselig er forbi så blir vi veldig glad ;)
Ha ein fin fin lauradag :)
-Anja- 

torsdag 7. januar 2016

Drittbikkje*...

...Jepp, vi har ei skikkelig drittbikkje!! ;) 
Etter ein herlig tru nedi Storhaugen og på berga der Berta fikk springe rundt å snuse og kose seg aleine, med godbitsøk der nasen fekk brukt seg litt ekstra.
I det vi går opp igjen så springe ho rundt og kjem plutselig stolt tilbake med noko som først lika ein liten kjepp som ligge fint på tvers i munnen og skal avlevere noko til meg...eg nedi lomma og finn fram ein godbit og i byte for den får eg ein frossen drit!! Jepp, slik er det med hunda som finn ting og lika å avlevere...eg berre takka for at det er fem minus slik at den var gjennomfrossen så med andre handa nedi lomma for å ta fram ein skitpose og vekk med den.
Herligste lille jenta vår er full av små påfunn og med ein nase som jobba iherdig - Drittbikkje* = BERTADENKREATIVE ♥♥♥ 
Ein dag fylt med tura og firbeinte, Tim Are har med ein klassekamerat heim og Katja er med ei venninne så dagen har med det flott innhald!!

Herlig ved sjøen i dag...
Som eg har sagt så er vi ikkje akkurat A4, men eg trur resten av husets tobeinte hadde fått hetta om dei måtte ta imot alt dei kjem med :)))

Ha ein innhaldsrik dag!!
-Anja-

mandag 4. januar 2016

Stille...

Ja det er så stille...så stille at forklaringa ligg mykje i teksten på bildet og mykje i eit eldre innlegg.
Er mykje eg både vil skrive og sei men eg er ikkje heilt klar med det. Innimellom er ting berre tungt og vanskelig, men det er vel kanskje værst når det er skikkelig vestlandsver, så 16 grader pluss og plutselig 4 minus!! Ein skrott som min skulle då gjerne vore i Thailand for lik varme heile døgnet. Men, akkurat no med litt diverse å gjer er det best å vere heime.

Eg ser fram imot å få rydda vekk jula (den er her enda!!) etterkvart gå våren i møte og med den litt hundeaktivitetar som alltid gir meg påfyll sjølv om eg blir liggande nåkken daga ;) 
Eit valpekull helde meg i akkurat passe ånde og gir sååååå ufattelig mykje, så håpe det kjeme i løpet av våren/sommaren.

Med positive ting kjem det nok positive ord!!

I morra mandag skal Tim Are begynne på ny skule, så har han bursdag på tirsdag...vi har ikkje så stor familie rundt oss her men håpe å få til ei koselig stund for han likevel.

For all del til alle rundt om - sjekk mykje rundt før du let deg operere!!
-Anja-

Oppbygging av heimesida igang......IGJEN!

Eg som trudde eg ikkje hadde tålmodigheit i det heile!!......I dag/kveld har eg sett at det faktisk er litt likevel, så om du trur meg ell...