tirsdag 31. desember 2013

Dronningens Juvel...

...eller heilt enkelt Banankake!! :)
Det var min kjære svoger som sist eg fekk egg frå Emblem og laga deilig "sukkerbrødsjokoladekake" sa at det skulle vore med banan, for han lika så godt banankake.
Til Ferdinand sin 1 års dag prøvde eg meg for første gang og den var visst vellykka :)

Så når eg no i romjula fekk nye egg frå garden der Nora bor måtte eg bake igjen - Tusen takk!!...med slike eksklusive varer må man bake nåkke ekstra godt! Berre så synn at Adrian er på jobb igjen...
Ekstra godsaker til nyttårsfesten blir altså ei lita rullekake med nøtter, banan og sjokolade.

4 egg
1,5 dl sukker
1,5 ss potetmel
2 ts bakepulver
100 gr. hasselnøtter
50 gr. kokesjokolade

Nøtter og sjokolade raspes i mandelkvern, pisk egg og sukker til eggedosis, sikt i potetmel og bakepuler og vend forsiktig inn, vend så inn nøtter og sjokolade.
Røren bres utover eit bakepapir og steikast på 230 grader i ca. 8 minutter. Vend kaka på eit sukra bakepapir og avkjøl med langpanna over...

Fyll og pynt
4-6 dl kremfløte
litt sukker til kremmen
2 - 3 bananer
50 gram kokesjokolade (litt ekstra om ønskelig)

På avkjølt kake smørast det på eit lag med krem, skjær opp bananane og sjokoladen legg det på kremen, så ruller du kaka sammen og til slutt krem oppå kaka med litt raspa sjokolade på toppen...

Enkel og grei kake som er nydelig til kaffen...
Ha ein flott nyttårskveld ♥
Klem -Anja-

lørdag 28. desember 2013

Sjarmerande "romjulsengel"

...I går var vi så heldig å få passe Ferdinand nåkken tima og då tenkte eg at det var på tide med litt nye bilder ;) Men verken lys eller motiv jobba med meg og det er ikkje alltid så lett å skulle ta bilde samtidig som å få oppmerksomheta der ein vil. Men, fikk akkurat nok til at eg kan dele denne sjarerande skatten med dåkke ♥ Kvaliteten er nok ikkje så god, men motivet kan ingen sei nåkke på ;)
Ikkje vanskelig å sjå at han lille engelen her sjarmera dei fleste, men akkurat i går var det berre ei ekstra forkledning...han har full fart og veit kva han vil, til slutt sovna han i tante sine hender og tilbrakte ei lita stund på hundemadrassa nyvaska og med teppe over ilag med Katja før han skulle reise.
Herlige barnehender så leppe ei fjør...
Med det vil Ferdinand sei takk for seg for dinna gang...så då snur vi ryggen til te neste gang tante tek fram kameraet - Er så glad i å ta bilde, så kanskje blir det meir av det etterkvart også...
Ha ein fin romjulsdag...
Klem -Anja-


 

torsdag 26. desember 2013

One size fits most...

...måtte le godt når eg las det på pakken, for først trudde eg at det var ein slags tights og min kjære bror meinte på at det var nåkke som skulle forbedre rumpe og lår...
Som regel er det "One size fits all" - men ikkje her nei, med "One size fits most" tenkte eg at dinne kjem til å sprekke :))) Men etter litt latter finn vi ut at det skal på føttene...
Hadde eit lite innlegg i tida før jul med julegaveønsker
...kan vel ikkje sei anna enn at alle blei oppfylt og litt til!!...Så heldig eg er ♥ er takknemlig for det eg har fått og skal glede meg over dei lenge...

Her er den julegava som spredte god latter og som var meeeeget passende til meg...i dag har eg brukt den første gang og føttene har ein herlig følelse...Fås kjøpt på Enklere Liv - Tusen takk Eirin og Adrian, den var super!! :)

Ha ei fortsatt fin julehøgtid ♥♥♥
Klem -Anja-

torsdag 19. desember 2013

Klebrige Sjokolademuffins

Seint men godt og no er kjerring i gang!!...
I går natt var det litt bakst og begynte med Klebrige Sjokolademuffins :))  Men advara mot sukkerbombe til dei grader!...
Dinne oppskrifta på herlige konfektkaker fekk eg av ei klubbvenninne for nåkken år sida, eg bukta å  Eg avkjøle dei og pakka dei i bokser for så i fryseren, best å ta rett på fat for å servere dei kalde og god til ein kopp sterk kaffi...



Klebrige Sjokolademuffins
2 egg
3 dl sukker
1 1/2 ss vaniljesukker
1 krm salt
100 gr. smelta smør
1 1/2 dl mel
4 ss kakao

Alt rørast godt sammen og ei god ss røre i kvar muffinsform. Bakes i 20 min. på 160 grader...
Så laga du topping medan muffinsane bakes...

Topping
1 dl fløte
1 dl melk
2 ts Mel
4 ts kakao
3 ss sukker
100 gr. smør

Kok opp alt inkl. smør under stadig om omrøring. Småskoler i ca. 10-15 min. 
La muffinsen synke litt før du tar på topping! - og  muffins og topping bør vere varme når topping takast på.

Laga (verdens hjerte) pepperkakedeig som får stå ekstra lenge før vi i dag skal lage store fine hjerter.

Kom seint i gang i år, men det har vore så masse dom har skjedd siste tida at vi har kosa oss på andre måta.

Ha ein overdosesukkeraften...
Klem -Anja-

mandag 16. desember 2013

Dårlig samvittighet...


...Ja, det er vel ikkje nåkke nytt og har slette med det alt for lenge og spesielt dei siste tre åra. Alt har liksom komt "dettende ned på oss" disse åra og det har ikkje tatt nåkken ende. Har fortsatt trua på at 2014 vil bli eit bedre år der vi kanskje kan få "ein ny start"...
Kan høres svært så sytende ut og som eg alltid har sagt "det er mange som har det verre enn ditte" men fann til slutt ut at det ikkje er nåkke trøst for oss!!...
Har så ekstremt dårlig samvittighet ovenfor barna våre og mange andre, men har no funne ut at "alle andre" får komme når det kjem for no er det det viktigste som gjelde!!
Har innsett at mitt største problem er å sei nei...og det blir det beklageligvis ei endring på veffal inntil videre. 

Lese frå fleire på Facebook at dei skal holde på leggerutinene i jula...er jo kjempe bra det!! Før har vi kunna drøye det ein time utan problem og det har fungert fint for oss, og det er vel det som er poenget å finne det som passa seg sjølve og barna best...

Men det er jo her mi dårlige samvittighet kjem inn, for det er ikkje alt vi klarer å styre sjølv!...Du skal vere så inderlig glad for at akkurat du klare å ha rutiner i kvardagen, at du kan klare å styre alt sjølv og ikkje bli styrt av andre rundt deg!!...
Få ha din kvardag og di fritid akkurat slik du vil og ønsker det, er du så heldig å ha det så skal du huske å sette pris på det for det er faktisk inga sjølvfølgje...
Alt skal vel kun vere fint og flott i disse juletider...men det kjem då også inn tankar som ikkje alltid er like lett og ingen har sagt at livet skal vere lett. Vi er alle forskjellig og forskjellige meiningar og oppfatningar - men, "meiningane mine er dei eg står for, korleis du oppfatta dei er avhengig av korleis du ser dei!"...

Kos deg med barna, ikkje la dei minste tryggheten sin og tenk på at kanskje alle ikkje har det "like enkelt" i kvardagen før du "rakka ned" på dei som ikkje tek dei samme valga som deg...
Bilde som eg la ut på Facebook 30. Januar i år med tekst om at eg hade draumar om å bli bra og alle planar for butikken...er glad eg klarte å gi slipp på dei og "kun" få konsentrere meg over det som er viktigst i livet...Føle eg snart kan gå inn i eit nytt år med nye auge på ting, nye mål og draumar å strekke seg etter. Vite kva ein skal prioritere...så vil det vise seg om eg klarer å gjennomføre det ;)

Klem -Anja-

fredag 13. desember 2013

Går det an!?...

...Å skrive Ønskeliste!??...
Det er visst eit problem å kjøpe gave til meg, kan eg eigentlig ikkje skjønne for eg blir jo så glad for alt!!
Men, når eg får høre det frå fleire måtte eg sette meg ned å tenke litt, og har no plukka ut ein del :)


Det er jo så masse fint å finne på Celsius Glass Studio her i Langevåg ♥ mest og ikkje minst disse fine saltbegera! Du kan sjå meir av alt det fine dei har her... 
 Nye handklede på badet i lekre lilla nyansar...her kan det vere alle størrelsar og i tillegg vaskeklutar.
Veffal ikkje så dumt med ei deilig dusjsåpe eller badesåpe i herlig Lavendelduft no når eg skal begynne å ta de litt meir med ro...Lilla og lavendel får eg vel aldri nok av!!...Her er den økologiske serien til Greenscape, men må ikkje vere den for det er mange gode rundt om på dei forskjellige badebutikkar etc.


Dusjsåpe med Økologisk Lavendel

Lavendel dusjsåpe er en mykt skummende dusjgele med nydelig lavendelduft. Vasker huden ren uten å tørke den ut. Lavendelduften roer sinnet og gir huden en beroligende og legende effekt. Mild mot sensitiv hud da den inneholder ekstrakter av den beroligende og vitaminrike Kamomillen, den balanserende og rensende Prestekragen, samt den reparerende Echinacea. 500 ml.

Vi skulla kanskje hatt oss ei lilla baderomsmatte, ikkje for lys men ikkje for mørk heller, rund eller rektangulær er vanskelig men begge kan passe...
Ein ryggskrubb skulla eg ha hatt meg...såg ein fin lilla ein på Blaafarveverket som eg glmte å kjøpe, men det treng jo ikkje vere ein slik da! Her er eit par variantar...
Denne typen fann eg her...Men, "du" finn slike overalt det skiller seg litt i fasong, farga og pris...Ikkje dumt med lilla sjølvsagt, men trur ei lys ei skal kunne funke også ;)
Har nåkken bøker eg kunne tenke meg - Kanskje Sanselige Rom...Skal snart begynne å lese "slapp av bøker", men dei kan eg sikkert låne med mamma etterkvart...
 
Så har Terri på Belle Bijoux mange fine hjertersmykker i butikken...ikkje det at eg treng, men dei er veldig fine ;)

Det er ingen must å kjøpe nåkke av det som er her, berre eit lite verktøy på vegen ;)
Berre å vere kreativ og kjøp det du ønska og husk det er "tanken som telle" ♥♥♥
Klem -Anja-


I morra skjer det!!...

Det blir så UTRULIG BRA!! I morra opnar Gavehuset igjen dørene sine og denne gang Monica som kaptein av skuta!!...

Her er det fylt opp med massevis av gøyale leiker til dei minste, og kreativ inneaktivitet til familien i jula. Lekre juleblomster som er du kan fylle heimen med, fine sammenplantingar som du kan gi i gave...så vil det komme enda meir herlighetar over helga!!...

Det har blitt ei magisk forvandling på gave og interiør avdelinga ♥ Dei lekraste utstillingane med flotte varere som du både må kjenne og ta på...så må du i tillegg berre kjøpe med deg litt heim, for du klare ikkje dy deg!! Huset vårt er fylt til randen, men her er det mang ein godbit eg har satt høgt opp på lista...

 
Ein stor del av denne avdelinga har blitt forvandla til det kreative hjørnet, med eit stort utval av herlige garn i dei mest fantastiske fargar og super kalitet ♥ stort strikkebord som man kan kose seg rundt...No er det klart for nye stormar - så når det susar i døra kan vi sitte rundt bordet å bla i strikkeoppskrifter, kroppen få slappe av og la hendene jobbe ;)

Anbefala dåkke alle ein tur innom Gavehuset i morra, søndag og kvar dag før jul ♥ Det vil nok også bli eit tilbod eller to ;)
Takka nå eg...Tusen takk for fantastisk hjelp med å "lage ny butikk" Pål og Finn frå Herregård!!...


Vil ønske Monica lykke til med butikken og gratulerer så masse med ditt gavehus ♥♥♥
Klem -Anja-

onsdag 11. desember 2013

Ny butikk!!...

...Alle ♥ gleder seg har eg skjønt!!...Det vil bety ein ting, butikken vil som eg trur blomstre som aldri før!!  For vi hadde "skriking" i to veker etter eg bestemte å avvikle om kor trist det blir utan Gavehuset i sentrum!! Butikken har jo vore her i fleire titallsår og sjølvsagt vil det vere eit stort tap for bygda og tilreisande å ikkje kunne ha dette tilbodet lenger...

Med den etterspørselen at butikken må fortsette, så MÅ det her berre bli SÅ bra vidare!!

I vår hadde eg sjølv planer om å reise til Herregård i Larvik, gjere litt om på konseptet. Men, ettersom eg ikkje fekk dei ønska svar frå legar var det berre å snu...

Gleda var stor når Monica skulle i gang og ho ville ha meg med til Larvik og gå for ein liknande plan!! :))
Her kjem litt bilder eg tok i Larvik for nokre veker sidan...
Ein favoritt er BC, serviset er jo bere herlig, men det var jaggu den puta her også!!...
Å du og du for ein butikk ditte her blir ♥♥♥ Her har litt av herlighetane komt inn i butikken og er klare for å bli prisa...Det er dei no og i morra kjem dei frå Herregård for å dekorere :)
Eg er glad eg kan bruke butikken som "sosialisering" rundt strikkebordet, men mest av alt at eg kan bidra med litt på blomsterfronten...berre å bestille så skal eg komme innom å lage bukettar, dekorasjonar og kransar ♥ ;)
Har hatt Monica som "elev" og ho er veldig flink!! Ikkje lenge før alt sitte og ho ikkje har behov for meg lenger...


Håpe butikken igjen blir godt mottatt og husk, for å ha eit levande sentrum - MÅ VI BRUKE DET!!... ;)

Elles vil det nok framover bli enda meir blogging om alt mulig...gleder meg til forma er stigande og eg kan å komme meg ut å ta bilder igjen :)
Klem -Anja-

søndag 8. desember 2013

Restitusjon igang :)

Var tidelig ute med den lille førjulsstemninga, så har det stått litt på kvilestille..

...Det har gått ei veke sidan eg stengde butikken!! Litt rar følelse eg sit med, men godt å slippe å tenke på at der er ein butikk eg burde vore i og kan bruke kreftene mine på barna, hundane, min kjære og huset våra...
Snart skal eg begynne å tenke meir på meg sjølv også!! - Egoistisk tenker du kanskje!? Men det har "endelig" gått opp for meg at når eg er dårlig og ikkje fungera er eg heller ikkje noko tess for dei eg skal vere her for!!...
Eg burde prioritere behandling, trening etc. for å få ein så god kropp som mulig for då er eg meir rusta for å halde ut i kvardagen... ;)

Kanskje fortsatt vanskelug for folk å tru når eg ser så "oppegåande" og smilande ut, men det er slik eg er på godt iog vondt...Eg har vel aldri før vore så sliten og utmatta så det eg har vore no i haust. Det har vore tøffe takpå fleire fronta... Men, no dei første dagane i Desember har eg fått litt meir energi med å ha glede ilag med barna 💙 alt anna er for meg ikkje lenger så viktig!... Eg har kjempa mange "kampa" dei siste åra for andre, men no er det min lille kjernefamilien som er første pri... Vi leve i nuet og det har vore FANTASTISK med ei helg der vi fire kunne kose oss, leike, syssle og kose oss enda litt til 💙
Publisert på instagram - anjasskatter...
På søndagsskolen i dag laga vi julekort, men i bønna var det eit som "fanga" meg...ikkje la dei vaksne stresse for masse til Jul...Det er ein tanke vi skal ha med oss, vi stressa og kjasa så masse at vi ikkje får nyte den og i tillegg er det så viktig at alt er så "perfekt" og det må "ut" at vi endå ikkje får kose oss...
Koselig å dele julehygge, koselig pynta hus etc. men kanskje vi bør tenke på kor fokuset skal vere. Hadde lyst å dele eit bilde av korleis stua vår såg ut for nåkken daga sidan, men må då nesten vege opp med eit litt meir "normalisert" bilde ;)

Elles har dagane gått i ei "tåke" i det siste...Men ute har vi hatt ganske så stormufullt den siste tida at nattesøvn har det blitt lite med, og då er det lett at man midt på natta drøyme tilbake til vår og sommar dermed hive slike bilde på instagram :)



Ser virkelig fram til ei fin jul og måtte den bli "rolig" der vi fire kan få ta vare på kvarandre...
Klem -Anja-

Oppbygging av heimesida igang......IGJEN!

Eg som trudde eg ikkje hadde tålmodigheit i det heile!!......I dag/kveld har eg sett at det faktisk er litt likevel, så om du trur meg ell...