søndag 8. desember 2013

Restitusjon igang :)

Var tidelig ute med den lille førjulsstemninga, så har det stått litt på kvilestille..

...Det har gått ei veke sidan eg stengde butikken!! Litt rar følelse eg sit med, men godt å slippe å tenke på at der er ein butikk eg burde vore i og kan bruke kreftene mine på barna, hundane, min kjære og huset våra...
Snart skal eg begynne å tenke meir på meg sjølv også!! - Egoistisk tenker du kanskje!? Men det har "endelig" gått opp for meg at når eg er dårlig og ikkje fungera er eg heller ikkje noko tess for dei eg skal vere her for!!...
Eg burde prioritere behandling, trening etc. for å få ein så god kropp som mulig for då er eg meir rusta for å halde ut i kvardagen... ;)

Kanskje fortsatt vanskelug for folk å tru når eg ser så "oppegåande" og smilande ut, men det er slik eg er på godt iog vondt...Eg har vel aldri før vore så sliten og utmatta så det eg har vore no i haust. Det har vore tøffe takpå fleire fronta... Men, no dei første dagane i Desember har eg fått litt meir energi med å ha glede ilag med barna 💙 alt anna er for meg ikkje lenger så viktig!... Eg har kjempa mange "kampa" dei siste åra for andre, men no er det min lille kjernefamilien som er første pri... Vi leve i nuet og det har vore FANTASTISK med ei helg der vi fire kunne kose oss, leike, syssle og kose oss enda litt til 💙
Publisert på instagram - anjasskatter...
På søndagsskolen i dag laga vi julekort, men i bønna var det eit som "fanga" meg...ikkje la dei vaksne stresse for masse til Jul...Det er ein tanke vi skal ha med oss, vi stressa og kjasa så masse at vi ikkje får nyte den og i tillegg er det så viktig at alt er så "perfekt" og det må "ut" at vi endå ikkje får kose oss...
Koselig å dele julehygge, koselig pynta hus etc. men kanskje vi bør tenke på kor fokuset skal vere. Hadde lyst å dele eit bilde av korleis stua vår såg ut for nåkken daga sidan, men må då nesten vege opp med eit litt meir "normalisert" bilde ;)

Elles har dagane gått i ei "tåke" i det siste...Men ute har vi hatt ganske så stormufullt den siste tida at nattesøvn har det blitt lite med, og då er det lett at man midt på natta drøyme tilbake til vår og sommar dermed hive slike bilde på instagram :)



Ser virkelig fram til ei fin jul og måtte den bli "rolig" der vi fire kan få ta vare på kvarandre...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...