søndag 28. september 2014

Ikkje kresen!...

Avslutta laurdagen med eit glas god raudvin ♥ levande lys ♥ ein god film ♥ Taken 2...
 
...joda, eg innrømme at eg er litt kresen da ;)
I dag var det eg og Katja som skulle på tur, etter frukost var vi klar for tur til Hatlane Idrettshall og dei to første kampane på stor handballbane til Katja og LIL 2.
Kjekt at dei er i gang med kampa igjen, det tok litt tid før dei blei vand med det nye opplegget, men du og du kor dei vaks gjennom dagen!! Utrulig flinke jenter som det er kjekt å følgje :) 
Må jo få med at eg virkelig lika "gul og blå" på handballbana ;)
Vi er gul og blå, sterk og rå.
Tida går, og det er vi som rår!
Ja, vi er stolt gul og blå...
Katja på bana i si Gule og blå Langevågs drakt...eg er ikkje, og har aldri vore fan av gul, så etter "lynnet" mitt no velgje eg å ta bort den fargen i dag ;) Men gult er kult og eg kan til tider ikkje unnvere den...
 
Mellom dei to kampane for vi til Moa for lunsj og litt handel, tilbake i god tid før neste kamp og etterpå tilbake å møtte mamma, Eirin og Ferdinand igjen. Litt småhandel og så måtte vi legge dagligvarehandelen innom Coop Obs! Ja, litt greit innimellom å handle i betre utval, sjølv om det er butikka eg lika betre!!.
Stå på tåa er viktig når ein skal ha tak i det som er øvst ;)
Det blei litt smågodt til laurdagskvelden.........ja, kvar gang det er snakk om smågodt undrast eg over, kvifor dei ikkje berre kan ta vekk dei neste hyllene slik at det kun er store barn og vaksne som rekk desse hyllene!? Klart ein klare ikkje å luke ut alt av uhygieniske folk, men ein del er faktisk borte og vi kan med litt betre samvittighet gi det til barna, ja også stappe litt i eigen munn også ;)
Kunne tenkte meg nåkken år tilbake i tid då vi stod å sa vi ville ha så mange av det og sånn av den!...Ikkje minst sei eg ja takk til mindre godteriposar!!
Katja meina på at eg er i overkant kresen...kan faktisk ikkje skjønne kva ho meina? Er vel ikkje kresen for at ho må leite etter det godteriet ho finn på dei neste hyllene lengre opp, og at ho må græve oppi boksa slik ho ikkje få med det som ligg nedi?...
Jaja, ho får nå meine det og veit eg på hygeniske punkter er litt sær...ja, for nåkken er eg sikkert sær på langt fleire punkt også ;)

Etter ein for meg "slitsam" dag va det fantastisk herlig å komme heim til rydda hus med ei herlig duft, ekstra godt når gubben min veit kor godt eg lika lys og lukt ♥
Etterkvart diska han opp med eit nøyta godt måltid...litt samarbeid på kjøkkenet og det blei så bra eg kunne tenkt meg ein laurdagskveld.
Så godt om ein skikkelig biff tilberedt av min mann ikkje "lenge" sidan eg begynte å spise biff/kjøtt, fløtepoteter, peppersaus og gulrot og broccoli wokka i olje med chili og maldonsalt...
 
Etter ein slik dag var det godt å senke skuldrane med eit glass vin det hjelpe på...I morra vil eg ligge lenge det gjer eg aldri, jaja alt er sjølvsagt relativt og berre sløve meg litt, før eg og dei firbeinte får kroppen i gang med å ta oss ein frisk tur ut...
Eit glas vin ♥ levande lys ♥ ein god film så lenge eg held ut ♥ blæsten som susa rundt husveggen og regnet som piska mot glaset = haustkos ♥♥♥
Klem -Anja-

fredag 26. september 2014

Verdas vakraste!!(?)...

...stad og fjord ♥ Som så ofte nemd før så får eg aldri nok av denne staden her, og den viser seg så forskjellig frå dag til dag...
Etter ein tur på røntgen igjen i dag føle meg sjølvsagt strålande etter å blitt umerkbart bestrålt var eg til lunsj med mamma og pappa, tenkte å ta meg ein tur ut før eg for heim men vêret var så sinnsykt at det beste var å halde seg inne.
Henta barna på skulen og etterkvart for vi innover igjen til middag, barna for inn døra og eg tok med dei firbeinte over marka og ned på berga...

Vêret er spanande og i dag var det eit fantastisk lys med regn, hagl, sol, storm og bølgjer...det var magi i lufta i dag, og dagens herlig "rekovalens", ja for det kan ikkje bli betre avslapping og oppfrisking når eg kan ha hundane springande rundt meg i slike omgivelsar!! Berre prøv det - eg veit det funka!!

Elles er det også kjekt å tussle nedi fjøra å sjå kva ein kan finne...men med mi litt vågale lille snuppe måtte eg avslutte for å følge med ho 100% så meir leiting vil det bli etter stormen har løya ;)

Eg klarte ikkje bestemme meg så måtte berre dele "alle" bilda med dåkke!!...er så forskjellig sjølv om det er nesten samme motiv, kvart bølgeskvulp er ulikt...Jaggu er det vakkert når veret ikkje er strålande her
Herlige "Sky" alltid like sprudlende og elska turen ved fjøra i dag...
 Her kan de tru lille "Mille" blei våt av denne bølgja...Nesten så eg burde tatt ho i band for eg var "litt" nervøs over kor tøff dinne lille billa her er...
 

Dette er mykje av det som gjer at eg held meg "oppegåande" og fortsatt har litt humør ;) Treng ikkje alltid gå så langt, berre frisk luft for å klarne sinn og tankar, alt blir heilt sikkert litt betre enn før du gjekk ut ;)

Tusen takk til papsen som hjalp oss med å få ny seng i hus, ikkje heilt ny men understellet og madrasser som er meir tilpassa ryggen og skrotten min...no trur eg at eg skal klare å få meg opp av senga kvarmorgon gjennom heile vinteren ;)

Ha ei spektakulær helg!!
Klem -Anja-

torsdag 25. september 2014

Ommøblering ☆

Bilde delt på instagram - "Anjasskatter"...
 
Snudde om på stua for litt sia og eine kroken blei bra, men den andre vart eg ikkje heilt nøgde med...så medan vi eigentleg skulle stormsikre ute så blei det 5 minutt til snuing av sofa, stol og småborda/kistene :)
Her har eg trua på at eg kan knørve beina inn under meg og kose meg med ein kopp te og ei god bok, og berre nyte det når blæsten riv i hushjørna og regnet piska mot vindauga i haustruskeveret!!

Tenke ditte blei meir rett enn så lenge ☆☆☆
Den laveste kista har eg hatt i mange år og ei som eg fekk av morfar...
 Nøgde med "kosekroken" vår...men snart på tide å fylle på med enda fleire puter og skinn ;)
Denne kassa er fyld med bøker og blad...
Då eg tok ut kasser leita eg etter årstal med betydning, og her er fødselsåret til mi kjære mamma...

No er eg klar for ein liten tur...utrulig nok skal eg, mamma og lillesøss Eirin på tur i kveld...forma er toppa til "Damenes aften" på Bohus, håpe det blir kjekt og innhaldsrikt.
Klem -Anja-

mandag 22. september 2014

Kanelsnurra med havregryn

Varm te, levende lys, kanelsnurredingsa, god veninne og skjønn søster kan vel ikkje bli betre ein haustkveld...

Gode, lune og saftige kanelsnurra/knuta/bolla...

2 egg
130 gr. sukker
7 dl melk
300 gram temperert meierismør
1150 gr. kveitemjøl
250 gr. havregryn
2 pakker tørrgjær
4 ts kardemomme

- Rør saman sukker og egg, tilsett fingervarm melk og litt av melet (mel, havregryn, kardemomme og tørrgjær blanda eg sammen i ein bolle før eg tilsette det i bakebollen), etterkvart tilset du litt etter litt det tempererte smøret og tørrvarene...

- La deiga få gå lenge i kjøkkenmaskina og den er ikkje klar før den slippe lett bakebollen. Eg set den så lunt og gjerne i varmt vatn om det skal gå kjapt  med plastikk og handkle over til deiga har fått dobbel størrelse.

- Den er klar for utkjevling og tek så på passe mengde med smør, sukker og kanel for det er litt etter smak. Som regel rulla eg den sammen som ei rullekake og skjære den opp i passe bita og legge dei på bakepapirkledd langpanne. Eller som det eg gjor denne gangen kan du legge deiga dobbel og flat den ut, skjær tynne strimler som du knyte sammen.

La snurrane heve i ca. 30 minutter under kjøkkenhandkle, pisk sammen eit egg og pensle snurrane like før steiking. Ha dei i forvarma ovn 200 grader varmluft der du steike dei ca. 13 minutter.
 Dagens deig ferdig for snurring...
 Her er dei ferdig heva og klar for pensling...
 Ser lite delikat ut akkurat no, men dei får så mykje finare finish når dei er ferig stekt om dei får litt egg pensla på...
Litt melisglasur for å gjer litt ekstra utav det, men det er overhode ikkje nødvendig...Klar for servering og det smakte visst bra også ;)

Du kan godt ha i meir havregryn for her har eg berre prøvd meg fram, og neste gang tek eg nok litt meir ;)

Så herlig når huset er fylt med dufta av bakevarer og det gleda barna stort når dei kjem inn døra heim frå skulen...Kjekt å overraske barna og venner med nåkke godt. Det er berre å variere litt og kanskje ta vekk litt sukker og fylle på med litt grovt så blir det sunn kos i kvardagen. Vaffler er ein sikker vinner - litt usikker på om dei grove vaflane i forige veke fall i smak til 6 herlige barn som var ute å leika, det var dei beste vaflane dei hadde smakt og alt gjekk unna!! Det vil sei at det ikkje alltid er mengda med sukker det kjem an på ;)


Håpe ditte kan felle i smak for nåkken...
Klem -Anja-

torsdag 18. september 2014

DET her blir berre FOR dumt!!

Ja pinadø, her hadde eg ein fantastisk tur mandag, skal ha meg ei lita avslapping og hiv  meg på soffan og treff armlenet og dermed "litt" vondt i halebeinet...Ja ja, det blir jo berre eit litt ekstra trykk der eg har vondt i utgangspunktet, så litt til eller frå spilla vel ingen rolle.
Ein dag kvile og eg tek meg ei runde ut på morrakvisten i går, herlig ver og nydelig rundt vatnet, ja så enkelt så rundt Vassetvatnet så klare eg å tråkke over!!

Tok meg eit par stopp der eg brukte min lille telefon for å ta nåkken bilder rett før uhellet inntraff...


Kom joggande inne i skauen bak skytterhuset og med eit tråkkk poff så var det gjort.................................så irriterande!!
Har liksom sagt det til meg og mitt turfølge at vi må vere forsiktig så vi ikkje skada oss, ja slik at vi får nåkken ekstra fine tura i haust spesielt før eg skal "inn" men så skjer DET asså.
Heilt vanlig, irriterande og den vanligste skaden som fins!! Har aldri tid til skade, men ikkje akkurat noooo da!!...

Så no treng eg asså alle gode råd eg kan få for rask heeling!!...

Tim Are kom heim etter eg henta han på skulen og besta var her..."nei og nei, du mamma du mamma - først skada ho ræva og no foten!!" :)
Tom han berre ser fortvilt på meg og sei, "du og den kroppen din, du får det til!! Syns du har nok frå før og slike smågreier er heilt unødvendig"...Ja kjære du har heilt rett!
Ja sei eg, skulle nesten tru eg har begynt med sjølvskading!!...OMG så langt ifrå det, så hjeeeeeelp meg og få ditte overstått ♥♥♥
Det eg har gjort er avkjøling, har på trykkbandasje og held foten heva så ofte som mulig, skal prøve å halde meg så masse i ro som mulig - for det er jo eg veldig flink til!!...

Nåkken som veit om eg kan gjere nåkke meir!!???
 Hadde i det minste fine omgivelsa å stå i...
 "Sky" koste seg i vatnet først, så skjønte ho nok at alt ikkje var heilt "normalt" og nesten så eg såg at hunden var fortvilt over den klumsete mora, ja nesten så ho rista på hovudet...
Der stod eg rett og slett med foten i gjørma...men, avkjøling er viktig!!...
 
Veit det blir for dumt å "skrike over" eit overtråkk, men er så frustrerande om eg skal ha dette over meg "lenge" akkurat no...eg treng å få lufte hovudet og vere i best mulig form til neste operasjon ;)
Det her skulle ikkje vere syt og klag, meir som at eg vil ut og hoppe...eg veit det er mange i samme båt som meg, men akkurat no trengte eg ikkje ditte i tillegg, ja akkurat som alle andre som har idiotiske overtråkk!! ;)

Beklager sytet, men i det store og heile er det overhode ingenting å klage på for slik må ein nesten rekne med, det er berre tidspunktet det skjer på...

Super♥duper♥fortsatt♥godt♥humør♥klem♥frå Villa Kaos
-Anja-¨
 
 
NB! Eg "hata" soffan!!....

mandag 15. september 2014

Sulafjellet`s Créme Brûlée...

...tur til Eltrane er det og då tek eg ikkje i, det er i mine auge Sulafjellet`s finaste turmål!! Det er berre ein vanvittig fine tur som er dessert for sjela det er er medisin for både skrott og sinn...
På morrakvisten såg det ut til å bli ein fantastisk dag der Sulafjellet bada i haustsola, og den berre låg der å venta på oss i dag. Eg og mamma med tre firbeinte, ein liten tursekk og kameraet fekk oss ein fantastisk tur og vil sjølvsagt dele nåkken bilde med dåkke...
Turen gjekk frå vasskummen til Blåfjell, vidare opp og utover mot Eltrane, tilbake rundt og opp til Grøthornet, til Vonhytta så Steinelvråsa ned igjen til Vasskommen...
Vakkert mot Ålesund...
Mamsen testa høgdeskrekka...
Vakkert innover mot Langevåg...
Breisundet ♥ herlig å sitte på kanten å nyte utsikta, lydane og roa...
Eg og mine to firbeinte...
Fargane om hauset er berre så fantastisk ♥ kjenne eg har lyst både å binde blomster, male og disverse andre småting...
Millemaskotmus 
"Sky" mi sosiale søle/klinejente...

På Grøthornet kom vi på at det måtte til med "ein" aldri så liten sjølvfi...
Må vere den vakraste, flottaste og kjekkaste trollkjerringa som fins ;)

Elva ved Vasskummen markera at turen vår i dag har kome til ein ende...
 
Nok ein fin dag med massevis av bilder, inntrykk og gode opplevingar til minnebanken
Etter 5 tima i fjellet var det heil greit å gå heim til litt sushi.
Men, DEN FØLELSEN då eg skal slenge meg litt nedpå soffan...eg hiv meg ned og treff kanten på det lave armlenet, sjølvsagt rett på det berømte halebeinet og du innigranskauen så låkt!!...Du og du det verke enda, ja det er så dritvondt at eg lure på om eg har klart å bryte det igjen!!...Jaja, det går nå veffal overmed tida da ;)
Verke så innihampen no og veit ikkje kva som er verst, men akkurat no trur eg det omkringliggande rundt halebeinet skal få skulda...
 
Elles har eg alltid likt å gå i fjellet både små og litt større tura, men dei siste åra etter operasjon har det vore så vondt at eg ikkje har klart det...men, i år makta eg ikkje berre sjå på fjella lenger. Det var skriking dei 10-15 første turane og etter det venne ein seg til smertene på ein annan måte og klare det tross alt...det er fortsatt låkt oppover og eit helsikke nedover, men det er så verdt det og berre det å vere ute i naturen er så viktig for det mentale, alt blir så mykje verre om eg hadde blitt "liggande" inne... 
For alle som kanskje streva litt med å komme seg ut...ikkje gi opp, begynn i det små og ta ein dag av dagen! Til slutt kan dei fleste mål nås der framme ♥ husk også sett deg små mål som du kan nå og sett deg nye etterkvart...
Merk deg - mål er til for å nås...
Klem -Anja-


Tur mot Langenestinden...

Heilt under tekst g bilde kjem bilda eg tok med mobilen og brukt på instagram på #anjasskatter og #kvasneset ... ...skodda har lagt gra...