Ein får skvisa inn litt i løpet av ein dag - sjukehustime, lang lunsj med mamma og lillesøster, ein tur i skauen, besøk, matlaging og så klar for klubbvenninner :) puh...sliten men utrulig kjekt med "sosialisering"!
Når hausten er her er det herlig med masse levende lys rund om...mamma hadde fyrt i peisen i dag og det var så lun deilig varme, men utpå dagen kom sola og varma opp, så fyre kunne eg ikkje, heller ikkje tenne alle lysa eg ville, men ein del måtte til ;)
Når hausten også kjem er det kjekt å ta litt av den inn på bordet, sist innlegg eg hadde ein klubbhaust var det rognebæra og no vart det lyng...
Enkel og kjapp hauststemning til bordet...tja gjort på 10 minutter og i tillegg får du deg ein tur ur i naturen, bonus x2 ;)
Hampetau pass inn for å få eit rustikk preg og passa godt til dagens bordbrikker...Her er det fint, groft og søtt satt sammen til eit lunt haustbord...
Champagnekjøler med Calocephalus og litt lyng hist og pist...
Kveldens suppe har eg laga mange ganga til forskjellige anledninga og den fell ofte i smak...
Varm ostesuppe
1 liter vatn
1 kjøttbuljong
2 grønnsaksbuljong
1 pk. kremost krydder
2 pk. kremost naturell
1 pk. kjøttdeig
1 purreløk
1 paprika
Du koka opp 1 liter vatn med buljong, rør inn kremosten...Steike kjøttdeig, paprika og purreløk og tilset det...Varm suppe serverast med rundstykke eller godt brød :)
Etter ein ny sjukehustime onsdag blei det oppvarma suppe til lunsj ilag med mamma...
God hauststemningskos...
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar