tirsdag 2. september 2014

Prosjekt uterom - på hytta

Uteplassen med pallekarma med roser foran...

Vi har lenge hatt lyst å gjere nåkke meir ut av plassen ute på hytta...Det har vore veldig "enkelt" der og det er eit must når vi bor så langt vekke. Men, det var så herlig å komme tilbake første helga i juni då det første som møtte oss var ei "blomstrande kasse" full med stemor ♥ den og det nye bedet som blei laga i påska var godteri for auget og meir ville eg ha :)
Det blir litt å passe på, men det er jo litt av kosen og sjarmen oppi skauen at vi skal tussle med litt småtteri og ikkje berre farte på utflukter :)

Då vi kom heim i juni og Tom fekk lyst på utegrill ingen utegrill utan skikkelig uteplass måtte det planleggast kvar vi skulle ha den og "enkel tegning" etc. måtte til, under 15 kvadratmeter og sende det inn for godkjenning...

Så etter ei tid og litt andre prosjekt på hytta som mellom anna litt fornying av toalettrom - Crazy!! og eit mindre feminint prosjekt - bedre hundegårdsunderlag kom vi oss i gang...
 Leigde mingraver...dei to dagane måtte eg halde senga, greit når eg først måtte til sengs at det var akkurat dei to dagaen...Ut på andre dagen kom sola tilbake og eg tussla meg ut iført shorts, singlet og rosa ullragga ;)
Eg har vore "tørrmurar" igjen...men ikkje heilt ferdig då vi må leite opp litt meir stein...men, greit å ha litt å gjer til neste sommar også :)

 På ve heim frå Sverige handla vi litt på grensa, og mellom anna disse biffane her som Tom grilla...heilt fantastisk, verdt å ta turen til grensa berre for å kjøpe slike...
Veldig godt nøgde!!...Dei Happy Light som henge i trollhasselen skal ikkje vere der, kjøpte dei på Blaafarveverket for "julelysa" ville ikkje funke så det må det nye av...Så får dinne HL klasen komme inn på hytta ;) Men det var koselig når mørket kom...

Til neste år må vi berre lage ein halvvegg inn til peisen og vil gjerne finne nåkke gammal teglstein eller anna mur...eit gammalt vindu etc. Så blir det ein liten trevegg på andre sida og eg er i bokas :)

Så mangla eg eit gammalt kjerrehjul som eg ser for meg blir eldig så fint på bakveggen...

Ha ein fargerik dag ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...