søndag 31. august 2014

Spektakulære Molladalen

Tenke seg til å gå oppover i fint og lett terreng gjennom skogen, så i litt åpnere landskap og ikkje nåkke meir spesielt enn stor gråstein dekt med litt mose, gras og lauv...nja, kan ein tenke, kva er så spesielt!? Så går du litt til og det blir brattere, smalere og steike langt ned, så ser du oppover og der framme så begynne tindane å vise seg, solkledde tindar som byr seg fram frå si aller beste side...over den digre gråsteinene med litt gras i forskjellige nyansar dansa tindane litt ujevnt og perfekt på rekke og rad!!...

Å då kan du berre gå der å nyte tindane for kvart steg du tek og du ser dei litt anleis for kvar gang du ser opp, og etterkvart dukka fleire og fleire opp...SPEKTAKULÆRT er det eg kan sei når du kjem opp på kanten og heile dalen åpna seg for mine føtter!! Ååååååååååå...fantastisk, magisk, ja akkurat der kan eg ikkje skjønne at ein kan ha det betre!!

No har eg berre gått kjapt gjennom nåkken bilde frå dagen...og vil sjølvsagt dele med dåkke :) Blei ein del, men hellandussan den plassen er magisk og skulle gjerne delt enda fleire ☆☆☆ fortsettelse følger etter alle bilda...For kvar tur denne skrotten klare er det meir og meir som eit lite eventyr
 Vi nærma oss og her stoppa vi for å suge inntrykket av tindane, ja åsså få oss ein dråpe eller to med vatn...
 
Vel framme kosa vi oss med trening, kaffi og matpakke, hundane bada og vi sugde berre inn det vi kunne av inntrykk og energi som fjella og tindane strålte utav seg...
Hadde tatt med ein rosa dummy og trena litt med hundane, trykk på linkenher for å sjå bilder - FUCK CANCER!!
Det er fleire av toppane eg kunne tenke meg å bestig, sjølvsagt ikkje uoverkommelig men når ein slite sykt med å berre komme meg ned igjen frå Molladalen, vil eg ikkje med det første kjenne korleis det vil vere frå mellom andre Jønshornet eller Randers Topp! Men eg har som alltid ein draum ;)
 "Mille" tek imot "Pekka" etter ein svømmetur...
 Papsen rett over oss nede ved vatnet...
 "Sky" med "Mille" i bakgrunnen...
 "Sky" så fint med tindane bak...
 Her er det "Tutta" som posera så fint... 
 Åj...så blei eg også med på eit bilde ;)
 Spektakulære Molladalen med sine vakre Molladalstindane...
 Vi var alle samde at det var ein gilde tur... 
 Skiten vise på lyse bikkjer... :)
 Takk for denne gang
Her er det greit å gå over elva og på stien under her, eller som pappa og "Pekka" gjekk over åsen der...Her er ein kjetting så du bør halde deg i, men for bratt for store hunda, papissane kunne ein berre tatt under arma ;)
 Nåkken nysgjerrige ulldotta...

Har hatt ein fantastisk tur med super følge!! Tusen takk til mamma og pappa, "Tutta", "Pekka", "Sky" og "Mille" ♥ med det har eg fantastiske bilder og ein god oppleving lagra i minnebanken...
Klem -Anja-


NB! Veldig fint å kunne campe der oppe ei helg......men eg ber dåkke alle enten om dåkke campa eller berre på dagstur; Må dåkke gjere dåkka fornødne så for all del grav det ned, og ikkje drit inn til kvar ein stein der som det er så fint for folk å sitte å raste!!!.......Skjønna at det er geit å ha ryggstøtte under arbeidet, men tenk litt på andre også og ikkje berre deg sjølv!! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Gaustatoppen 1883moh

Tilbakeblikk på oktober så har eg litt lagra i minnebanken...Det vart nok ikkje heilt den hausten eg såg fram til i fjella og som eg alltid...