onsdag 27. august 2014

Lun plommepai

Søndag kveld kom Janita på døra med to SVÆRE posa med plommer!!...Hmmm sendte med ei lita gave tilbake og lovnad om å lage nåkke ho fikk smake ;)
Mandag tok eg med meg ein plommepai inn til mamma og pappa, var ikkje heilt fornøgd med sammensetninga, så prøvde på nytt tirsdag kveld. Pai er heldigvis veldig kjapt å lage og kan passe med masse forskjellig fyll :)

Paien kom i ovnen og eg kunne sende melding til Janita og mi søster Eirin om at det blei pai og te til kvelden...
Paibotn:

- 100 gr. smør
- 1/2 kopp sukker
- 2 koppa kveitemjøl
- 2 ts bakepulver
- 1 egg

Dette rører eg godt samman med mikseren, tek først smør og sukker, tilset så det andre. Dette skal trykkast ut i ei smurt paiform eller liknande.

Fyll:

- Ca. 1 liter plommer
- 1/2 dl. sukker
- 2 egg
- 1 1/2 dl matfløte
- 2 ts vaniljesukker

Delte plommer i fire og tek sjølvsagt ut steinen, fylte godt på med plommer vil tru litt over ein liter. Egg og sukker til eggedosis og ha så i fløte og vaniljesukker, rører godt og heller over plommene.
Set paien i forvarma ovn på 180 grader og steike den i ca. 45 minutter.

Server med vaniljeis og ein god kopp te...herlig kos ilag med fine og gode venninner ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal...