torsdag 14. august 2014

Surprise ☆ High Chaparral

Eg kan trygt sei vi venta litt av kvart når vi for andre gang inntok campingen ved High Chaparral, likevel blei vi overraska!! Sist var i 2006 med to digre campingvogner...i år mamma og pappa si lille dravogn og firerbanden vår i telt!! Var jo litt morsomt sia vi ikkje hadde prøvd å slå det opp før vi begynte sånn ca. rundt klokka ti på kvelden, men det gikk jo nesten "lett som ein plett"...verre var det når vi begynte bråket med kompressoren og ei diger luftmadrass som ikkje bevega på seg!!
Herremin for ei natt med fyrverkeri i firtida heldigvis ingen av våre hunda som reagerte fulle folk som styra rundt ein buss i ein time rett ved oss...syns det var herlig då klokka blei sju og eg kunne komme meg ut av teltet ja etter litt uplanlagt underlag få meg i orden og lufte hunder etc.
Etterkvart blei det frukost og nedpakking for så sjekke ut og gå i parken.........jaja, det blei eg, mamma og barna for vår kjære bil hadde gått seg tom for straum etter kompressor og kjøleboks bruk :)

Vi luffa rundt i parken der Katja og Tim Are fikk tak i nødvendig utstyr...pappa og Tom kom så vi kunne gå på show og ta toget der det både blei rana etc. Eg og mamma utforska meir av parken då vi gjekk med hundane. Som de kanskje ser på bilda har to av hundane haltigrime og det er det mest fantasiske utstyret eg har hatt til hundane etter eg blei så dårlig i ryggen...det har hjelpt meg til å gå tur med alle hundane ilag!
 A cowgirl and a Cowboy...
 Søtnosa ☆
 Gjengen samla...
 Meg med hundane Pekka, Nora, Sky og Mille...

 Det regna og hagla og minte meir om...ja nåkke eg nesten ikkje he sett makan til ;)
Skjønneste jentene

Her var det gjestfrihet og hundane var varmt velkommen, det stod massevis av skåler rundt om med vatn og folk var hyggelige.
Utrulig kor rolige og flinke dei var i parken med så masse lyd, dei la seg ned å slappa av og brydde seg lite med barna som spang rundt med knallpistola...

Vi hørte lenge tora buldre rundt og til slutt nådde den oss, vi tok restane av maten med under tak, og fikk der oppleve eit ver vi ikkje har sett makan til!!...Det regna, hagla og blåste så innmarig.
Vi fekk underholdning av Lucky Luke og Dalton Brødrene medan veret stod på...
Vi trudde det roa seg litt og sprang mot bilen, ja så feil kan ein ta, men ut av parken måtte vi uansett i løpet av dagen.
video

Jaja, moder jord ordna det slik at vi inntok ny campngplass litt tidligare i dag...telte vips oppe og kompressoren fekk jobbe seg ferdig og endelig kunne eg kjenne på godfølelsen då eg la meg...Camping i telt er jaggu ikkje ille sjølv om Tom no trygla meg om å kjøpe ei lita vogn, syns eg det var heilt greit meg tel :)

No venta berre dagen i Astrid Lindgrens verden...det kjem i neste innlegg ☆
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tur mot Langenestinden...

Heilt under tekst g bilde kjem bilda eg tok med mobilen og brukt på instagram på #anjasskatter og #kvasneset ... ...skodda har lagt gra...