I dag skal eg berre tussle rundt, plante litt ute og kanskje kose meg med ei bok...Har også plan om å ta med meg mine p&p dummyer ut å kaste litt til "Sky" og samle inn nåkken kroner til Kreftforeninga ♥
Men etter ein rolig morgon har eg vore i hagen å henta inn epler og bakt eplekake...Laga ei stor i langpanne i tilfelle eg skulle få besøk
Eplekake i langpanne
500 gr. smør
350 gr. sukker
8 egg
500 gr. kveitemjøl
3 ts. bakepulver
3 ts. vaniljesukker
Smør og sukker rørast kvitt og luftig, tilsett 1 og 1 egg om gangen, ha så i alt det tørre og rør godt...
Røra has i ei langpanne med bakepapir og er klar til at du skrella og dele epler og har på...
Epler akkurat passe nedtrykt slik at dei som ikkje lika eple kan pirke dei vekk...akkurat slik eg sjølv gjorde då eg var lita ;)
På toppen
9 epler i litt forskjellig størrelse
Passe mengdre kanel og sukker, har ei ferdig blanding som eg bruka til barnas graut etc. Strødde eit passelig lag og tok litt ekstra kun med kanel...
Kaka sette eg midt i forvarma ovnen på 190 grader i ca 45 minutt...
☆☆☆☆☆☆☆☆☆☆☆☆
Tim Are har besøk og no skal barna få seg ein god smoothie - Katja har tatt fram det vi treng og vil gjere det meste sjølv :)
Kaka dufta herlig og vi gleda oss til å smake...
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar