onsdag 29. januar 2014

Kontrastar...

I går kunne vi feire Mille sin 2 årsdag og i dag tenke eg meir på Lisa enn kva eg har gjort tidligare...i dag er det eit år sidan vi måtte la deg få slippe.
Åååååå kor eg har tenkt på og ikkje minst savna dinne hunden her ♥
Men, vi skal vel berre være takknemlig for at vi har hatt ein slik herlig hund og gode minne etter ho...

Always in my ♥ miss you so...
Klem -Anja-

tirsdag 28. januar 2014

Mille og Dennis 2 år ♥

Litt over til det som er litt hyggeligere ;) I dag er dei to frå B-kullet våra 2 år!!

Dennis og Mille 7-8 veker...

Det har som mange har fått med seg lite tid til hund dei siste åra, så det meste av aktivitet og sosialt samver har vore lagt på hylla...
Men, endringar er i gjerdet :)) Eg håpar eg skal få bruke mine firbeinte venner og herlige hundefolk til å samle nye krefter, få det viktige lykkepåfyllet...

Gleder meg til at vi skal få meir tid til hundeaktivitetar jadda eg skal prøve å starte i det små og ikkje ta meg vatn over haude, så då håpa eg at folk har forståing om at det ikkje er full guffe og at eg må sei nei innimellom...Men du og du kor kjekt eg håpa eg skal få det med tur og kanskje litt trening med hundefolket :)) 

Ikkje minst må disse to herlige søskena få sjå litt oftere til kvarandre når dei ikkje bor så langt unna kvarandre!...

Hundehelsing frå stua ♥♥♥
Klem -Anja-

Ja takk!!...til spikerfrie uteområder!

Nåkken har kanskje fått det med seg, men eg og mange med meg er litt fortvilt over at folk kan legge spikerlanka i vegen sin for å sleppe innkjøring/snuing der. Greit å sperre av området sitt, men dette er vel ikkje måten vi kan gå fra på!??
I dag på lyse dagen låg planken der igjen og eg knipsa eit par bilder og ville sjekke om dette er lovlig, ikkje det at eg skal gå rundt som ei sur kjerring, men det bekymra meg med tanke på barn og dyr som kan skade seg...


Blir litt frustrert over å bli utskjelt på telefon utan å få sagt kva eg sjølv meina om saka, så derfor forklaring her for først var eg tenkt Sulaposten, men kanskje er det mange som titta inn her også ;)...men sur telefon kunne eg vel berre rekne med då eg på høglys dag tok bilde av sperringane som var lagt i vegen til ein innkjørsel i Langevåg, og eg meiner og står fast ved det at det er «galskap» å legge spikerfjøler i vegen sin sjølv om det er 60 cm frå bilvegen. Derfor vil eg skrive dette slik at det ikkje berre er dei som hyle høgst som bli hørt - veit ikkje om dei hyle rundt med det, men etter telefonsamtalen å bedømme vil eg tru det
Sjølv er eg no litt bekymra for meg sjølv...har eg blitt ein «gretten gammal gubbe» som ikkje har anna å bruke tida på enn «bagatella»!? Men, dette er vel meir enn ein bagatell...
Mitt første møte med spikrane var ein mørk kveld eg var ute å gjekk med dei firbeinte og då den eine holdt på å trakke på fjøla…Det eg gjorde på denne eigedommen var at det kom ein bil bak å eg måtte då gå ut av vegen!
Ho blei litt sint når eg sa at eg hadde tråkka på «vegen henna» - men kor skal vi gå på bygdevegar når det kjem bil og vi må ut av vegen?? Trudde eg kunne gå i ein innkjørsel, litt betre enn i kantbedda til folk ;) Heldigvis mest marker rundt her da, men kan jo ikkje få dårlig samvittighet for at eg trakka på ei mark…kanskje betre om eg vart påkjørt!?...

Den kvelden hadde eg ganske så høgt blodtrykk på turen etter at ein hund holdt på å bli skada…Eg la då ut det på facebook som status, ingen namn eller kor det var og folk var rett rysta over at nåkken kan legge ut slikt. Er fleire som har nemnd denne fjøla og dei stille seg heilt uforståande til at folk kan sette ut slikt. Men, prate om det kan alle, men ingen tør gjer noko med det! Eg skulle oppom på tur heim i dag å ta ein prat med vedkommande, men måtte gå anna veg heim for eg hadde ein halt hund og turen måtte avsluttast. Vel heime og etter mine faste øvingar, prøvde eg meg for første gang på meditasjon...pokker ta, fin meditasjon når det dura og eg blei avbrutt av telefonen…Men, eg fekk ikkje ein gong sagt at eg hadde ringt politiet for at dei skulle sjekke om det var lovlig.
No har
eg altså ringt politiet for å sjekke om dette er lovlig!! Jøsses…Men, eg står inne for det, eg kan ikkje vente heilt til nokon skada seg før eg gjer nåkke. OM planken blir liggande har eg veffal prøvd å få den vekk før eventuell skade...

Eg kan også forstå frustrasjonen til desse folka då det har vore kaotiske tilstanda rundt gamle Langevåg skule i mange år!! Sjølv måtte vi følgje barn til skulen ei strekning dei kunne gå sjølve, men vegen var så hardt trafikkert og fort har det også blitt kjørt…
Uansett meiner eg at vi ikkje kan lage hinder som kan skade barn ja vaksne folk også og dyr, det vere seg husdyr og ville dyr!! Beklageligvis veit verken dyr eller barn kor eigedomsgrensene går og kvar dei skal halde seg vekke…Vi vaksne derimot veit nåkken lunde kvar grensene går og dei fleste av oss hadde misslikt at vegen foran huset og innkjørselen vår var som reine E6 å betrakte…
Eg prøvde å sei at eg hadde full forståing for situasjonen, men eg har ikkje forståing for verkemidla som vart nytta!! Eg skulla kanskje likt å hatt piggtråd rundt heile eigendommen, så slapp eg å få folk gjennom her og ikkje minst kattar som pissar rundt husa, men slik er det beklageligvis ikkje måten å gjer det på. 

Det var masse som kom «imot meg» på dei nesten 11 minutta eg satt med telefonen til øyret…Både at eg for ut å laga faenskap om dette og om alle rykta som går om meg!! Meg kjente ho ikkje, men visste kven eg var gift med og han er no veffal kjekk sa ho så godt her er ein kjekke vaksen i huset da!
For det første vil eg ikkje lage meir røre enn at spikrane blir skifta ut med nåkke meir humant, bruk kva det måtte vere, men ikkje ting som kan skade barn og dyr!!.
For det andre, om eg kan glede bygdefolk for sniksnakk og drittslenging så heng i!! Ta det face to face om du tør så skal du jaggu få svar om det rett eller ei, og ja du skal få heilt korrekt svar som du eventuelt kan ta med vidare!!...
NSå litt uttafor saka men tenkte det passa inn med tanke på at rykter som går...no må vel vi her på Sula og ja andre plassar også ta handa i ræva å slutte med baksnakking og drittslenging!!!!! Av og til har eg ei kjensle av at det er ingen som unner nåkken det slag, då er det best å snakke nedlatende istaden for positivt!...Jantelova leve i beste velgåande og vi burde skamme oss litt alle og einkvar ;)
Prøvar heile tida å gjer som eg sjølv meiner er riktig for meg og mine, men også andre rundt meg. No ferdes ikkje akkurat mine barn og dyr så masse der…men då tenkte eg litt på andre også, greitt det også vel!? ;)

Ha ein spikerfri kveld!!
Klem -Anja-

mandag 27. januar 2014

Andre del "før og etter"...

Her er hylla som vi har på veggen over soffan...
 
...Er litt lei for det å vise bilder av så dårlig kvalitet, men ver snill og ber over med meg ;)
Men,
etter helgas "jammer og klag" vil eg vise litt bilder frå kjellaren :)))
Har litt bilder frå før vi begynte å pusse opp kjellerstua, den stua som tilhører leiligheta som vi no nytta sjølve. Dei bilda av "etter" blei tatt heilt med ein gang vi var ferdige så det har komt litt meir til etc. skal kome tilbake med fleire bilder etterkvart, men her er veffal litt...
 Her har det blitt mala ein del trekvitt...lister, vinduskarma, dører og litt ymse...
 
Her står eg i opninga inn til kjøkkenet og ser "heile" stua...
Det har komt til masse meir og fleire detaljar kjem eg snart med ;)
Her er eine delen av stua og opninga inn til kjøkkenet...Bildet under viser litt av den som er på skjenken som står på veggen til høgre på bildet over...På veggen rett fram til venstre ved sidan inngangen til kjøkkenet står tvbenken som eg pussa opp i første del! - rkk her om du vil sjå det...

Her foran tvbenken er nok "sjefsplassen" til min kjære...Hit ned luska han seg når han skal sjå alle MAXprogramma sine...

Må sei det har vore herlig å innrede ei kjellerstue med kun møblar, ting og tang som vi har hatt ståande litt her og der, nåkken ting har eg "gravd etter" då vi har hatt litt vekkstua...Detalja kjem litt etter litt ;)
Så då håpa eg virkelig du vil ta deg ein tur innom når bilda har litt betre kvalitet...
Så vil eg håpe du har betre kvalitet på kvelden enn det er på disse bilda her ♡♡♡
Klem -Anja-

Livsdraumen opp i intet...

...Ein liten draum om "det normal liv" og ein vanlig og hektisk kvardag...Kvifor kan eg spørre meg!??? Men, det hjelpe så lite å kanskje vere etterpåklok og skulla innsett før at med dei plagene eg hadde kunne eg gått litt ned i jobbmengde og fortsatt hatt livskvalitet :))) Men, eg gjorde som eg blei anbefalt, den "raske" løysinga til den perfekte rygg..................ja, det skulle vere det da!! Men akkurat når det står på som verst blir eg lei, men det har faktisk inga hensikt...
Begynte å skrive på fredag, men kroppen verka, hovedsakelig er det som eg ha skeve tidligare den "tragiske" ryggen som er problemet og spesielt etter først operasjon i januar 2011. Men, no har eg erfaringar med at smertene forplantar seg, eg har og er innom nervesmerter i hovudet, smerter i bein ja i tillegg til den foten som blei nerveskada under operasjon, nakke, skuldre og no i det siste har det også slått seg på armane og fingrane...Det er derfor eg ikkje kjem med dette før i dag for eg har brukt litt tid på å klare å skrive "ferdig" og ikkje minst prøve å rette opp i dei fleste trykkfeila eg har no...
 
...Kanskje ikkje alltid så lett å sjå, men det er for meg trist og tragisk, nåkken av dåkke har hørt eller lest om det før, men sjølv min "tilstand" prøver eg så godt som mulig å halde humøret oppe og kvardagen gåande!...
Eg står opp til dei samme intense og grufulle smertene kvar dag, eg har barn som skal avgårde og må opp sjølv kor lyst eg har å slippe å jamre meg gjennom dei skjerande smertene. Eg hører om draumar og lyster ja, eg kan skrive under på at eg har mange av dei!! Det har eg alltid hatt, noko å strekke seg etter det er mange som har draumar dei må gi slepp på av forskjellige årsaker...Materalistiske draumar er det ein ofte har, kanskje er det det eg har når eg sit å tenkje på alt eg skal få gjort ute til våren. Etter Dagmar herja blei heile uteområdet rassert og eg har verken hatt energi eller krefter til å begynne på det, men lysta ja den lysta og dei små draumane om korleis det kan bli er der.

Om du står midt oppi det, hage eller hus rassert av naturkrefter er det ting som kan gjerast, kanskje er uerstattelige ting gått tapt og eg føle då med dåkke!! Eg har også nåkken få ting som er uerstattelige, men heldigvis kan det meste skaffast...Om du er råka så må trøsta når det e som svartast vere at livet er "på vent" i toppen eit til to år og du klarer å få samla ting slik du får ein kvardag i mellomtida...verre trur eg det er for eg har kun opplevd rasering utvendig og det er til å leve med for dei som av helsemessige årsaker har livet på vent!!...

Eg kjenner på den følelsen kvar dag, eg legge den til sides og tenker at slik er ståa og eg klarer ikkje gjer noko meir med den aleine...Nei aleine???!!...Så var eg med lege i januar i fjor, blei henvist til ny spesialist til "second upinion". Eg fann etter lang tid ut at her måtte eg dekke ALT reise, opphald, undersøkingar, treningar og eventuelle operasjonar, skulle eg ta dei operasjonane det har vore snakka om er vi trulig rundt ein sum på kr. 500.000,- jaja pytt sann for folk med masse penge, men eg kan ikkje hoste opp ein halv million "sånn der".
Etter ei tid blir eg henvist til nytt sjukehus og fekk ikkje mindre enn to brev i løpet av hausten at eg var prioritert pasient og ville få innkalling i eige brev!! JOHO!!...
Eg ringer først ein gang å får høre at eg får time innan 11. april, ville sjekke no så eg ikkje blir innkalla når eg er ute å reiser, får då ny beskjed at eg er garantert time innan 18. november 2014!! Fortvilande for meg men ikkje minst resten av familien at det tek så lang tid...

Det hjelpe liksom ikkje å "legge seg føre" kjente i jula med to dager til kos, familietid og sløvings at kroppen var satt enda eit par hakk tilbake!!...Så mitt råd til alle dåkke som ikkje er heilt i form der ute: Ikkje legg dåkke ned missforstå meg rett, det er viktig å kvile innimellom men ikkje ligg heile dagane, det er det første som bryte ned kroppen, jo meir du ligge jo dårligare blir du, så kom deg ein tur ut i friluft, om du ikkje klare gå så langt, gå dit du klare og stopp opp, sett deg ned, sjå rundt deg og dra det inn - her kan du hente nye krefter!!
Eg får vondt når eg går, kanskje derfor eg går så fort for å kutte ned tida på "gåplagene" ;) gjer øvingar etc. det er vondt og til tider kan ei tåre trille, om den trilla for at det er vondt eller rett og slett pur forbannelse over smertene skal ikkje vere sagt...

Spesielt fredag og lørdag har eg hatt uuthaldelige smerter, kvalm og ingenting som har hjelpe, fredag kveld kravla eg meg på beina for ein tur...lørdag formiddag gjor eg det samme, med det resultatet at eg kolapsa med så store smerter når eg kom heim, veit jo at tur ut i frisk luft hjelpe på sinnet, men tydeligvis ikkje alltid på smertene. Men, ikkje gi deg av den grunn!!! "Vinne smertene har DU tapt, så gi dei kamp til siste slutt...
Små ting kan hjelpe på vegen gjennom ein lang og tung dag...fredag var eg ein kjapp tur innom Gavehuset og der fekk eg lage nåkken bukettar - det er nesten som medisin for sjela dog kroppen lika det ikkje, men det er så utrulig viktig å finne ut kva som kan hjelpe for at sjela skal få positiv "mat"...Eg gjer mange ting som tæra på kroppen og gir meg i periodar enda kraftigere smerter, men om dette er ting som gir sjela og sinnet godt påfyll...ja så meina eg at det er verdt dei smertene for at haude ikkje skal bukke under ;)
Lørdag kveld var første gang på lenge at eg har vore fortvilt, fortvilt over at smertene har båra seg gjennom kvar ein nerve i kroppen og eg har no ingenting som klare å lette litt på trykket. Slike daga kjem nok for alle som er i ein "tilstand" med smerter og utmattelse, men det viktige er å la disse dagane drukne i alle der du klare å holde haude over vannkanten...

Eg sa til meg sjølv når eg gjekk til sengs kl. 21.02 lørdag at i morra kjem det ein ny dag med nye muligheter og eg må gjere det beste ut av det dagen har å gi meg...

Eg får så mange tilbakemeldingar på at eg må beholde humøret og på samme tid får eg høre frå andre som lurer på korleis eg klarer det...det er ikkje alltid like lett, men å vere sure og negativ til sin "tilstand" hjelpe lite og eg vil sei det er med på å drege deg enda lenger ned. Ver positiv, fokuser på livets lyspunkt og ikkje heng deg opp i dei negative "småtinga"...Du må gripe livet mens du har det og gjer det beste utav det. Eg håper at livet vårt kan få starte på nytt no når det kun er vi fire å fokusere på, la eg få "dommen" på kva som vil skje videre med dinne skrotten her slik at livet kan få veilede oss i riktig retning med opp- og nedturar, godhet og kjærlighet og eg veit, ja eg veit at uansett smertehelvete så skal det fortsatt få motstand frå meg, det positive skal herske over det negative og livet våra skal fortsette å fyllast med latter!!!...
Så alle der ute som slite i større eller mindre grad, eg føle med dåkke...men, husk å møt kvardagen med eit smil om munnen for då blir dagen uansett bedre enn det motsatte!...

I går søndag hadde eg ei herlig avslutning på ei laber helg...Ut på dagen klarte eg å kare meg i gang etter mange forsøk og tok med dei firbeinte og gofamilien på tur i vakraste omgivelsar i Solavågen, tur til endes forbi blåfjell utan å sjå ei einaste ørn ;) og ned til kvitberga...
For alle dåkke som treng påfyll, som kanskje har bukka litt under, røys dåkke, prøv å kom dåkke ut, ut å lad batteria få meir overskudd, det er hardt i begynnelsen men til slutt blir du avhengig og du er på veg opp!!!...Om du syns det er vanskelig å halde motet oppe aleine så få med deg ein venn som hjelper deg, løfter deg opp slik at du ein dag føle deg topp!!...

Det er viktig å ha høgdepunkt å sjå fram imot, denne gangen er det Thailand, neste gang kan det vere ein skogstur med mine kjære eller kanskje ein tur til hytta ♡♡♡
 
Kjem snart sterkare tilbake ♡
Klem -Anja-

fredag 24. januar 2014

"Farmor" ♡

"Farmor" sitt favorittbilde...Ho sei det er det fineste bilde ho har og er så glad i det at ho har hatt det med på korttidsopphald tidligare ♥♥♥ Bildet av dei to aller største og mest dyrebare skattane mine tok eg i hagen til tante Elsa på Vikersund i påska for snart to år sidan...
 
Katja, Tim Are og eg har vore på koselig besøk med farmor ♡ Ho gleda seg slik til å komme heim til huset å sjå.
Fikk sjå eit lite bilde av Timmen sitt rom og ho likte det så godt! Ej sa at det var litt lite, men ho meinte det ikkje spilla nåkken rolle når dei har ei så stor stue å bruke vegg i vegg, og det er heilt sant :)
Ho gleda seg til å sjå rommet som Katja skal få, så ej må vel hive meg rundt å ho får sjå det ;)

Kjekt at ho i dag er heilt klar og i super form ♡ innimellom har ho vore litt småsjuke og då er det ikkje så lett å vite at ho har flytta ut, men i dag var det berre så kooooos å vere der :))))

Snart tilbake med litt "før og etter"!!
Klem -Anja-

Timmen du Timmen...

...Trur eg kunne skreve ei bok om den guten og alt han sei!! Jaja, hadde eg berre huska å skreve ned alt da ;)
I dag var vi innom Gavehuset og her ville han ha ein ny pakke med Lego, men mora stod på sitt og sa han fekk fleire då han hadde barneselskap  i går. "Men mamma vi har råa asså for ej har penga i bilen sjølv"... "Ja, men ditta er frå 7 til 12 år og du er jo bere 6 år" Yess...der hadde eg eit ess i ermet :)) Trudde eg i det sekundet før guten åpna munnen! "Meeeeen, mamma...du veit ej he drømmefangeeeeer!!" :)
Det var nok ikkje berre med meg latteren satt laust, ogdå Monica flirte godt og meinte på at han alltid har ein replikk på lur...
Eine skatten vår...ein skikkelig sjarmør ♥
Eg går liksom innimellom å humra for meg sjølv og kosa meg med små gullkorn frå både Tim Are og ikkje minst har Katja hatt sine opp gjennom åra og der vanka litt enda :)

No i kveld såg eg at han hadde ein stor og kraftig blåkul på skuldra skjønna ikkje at eg ikkje såg den i dag tidlig og spør han kva han har gjort seg?... "Nope, det tør ej ikkje å sei!" Eg ser undrande på han og spør koffor ikkje det... "Nei for då berre ringe du sjukehuset". Hmmmmm...til sluttt gjekk vi inn ein avtale om at eg ikkje skulle ringe nåkken og tok han i handa på det ;)
Han hadde asså klart å smelt skuldra opp i døra nedi trappa og i tillegg døtte ned trappa etterpå, kunne sjølvsagt ikkje skrike - for dei andre kunne jo ikkje vere i hanna selskap også skulle han grine da!!...
Han hadde gått å sagt det til papsen og han spurte om han hadde låkt, nei det gjekk sjølvsagt bra då, no i kveld litt verre...så vi får nok berre sjå det an, ein kul på underarma også, men det går nok fort over får vi håpe. Hoppa til køys gjorde han så då var det sikkert ikkje så gale lell...


Skulla nok vore flinkare å skreve ned alle gullkorn...
Ha ein fallfri fredagskveld...
Klem -Anja-

lørdag 18. januar 2014

Første del "før og etter"...

...Har ein del før etter no når vi er i ei lita oppussingsfase ;)
Vi er jo ferdig med kjellerstua, men møblering og dekorering er vi ikkje heilt i mål med. Småting som måtte malast før vi kunne henge opp på veggen. Det største "diskusjonsemnet" var kva tv'n skulle stå på for her ville gubben ha litt å sei medan eg ville vere litt kreativ ;) Men jaggu var det gubben som vann denne gangen!!...For hans kjære svigerfar kom han til unnsetning då han hadde ein diger tvbenk ståande. Greit å bruke ting som er stabla vekk og gamle furumøbla blir ikkje så verst med litt maling...
Målte ut og den passa perfekt på veggen, så her måtte det berre til med litt kosmetiske småting før eg kunne sei meg fornøgd med valget. 
Litt arbeid er det når man skal fornye ein lakkert furubenk ;) Vask med salmiakk, lett pussing, få vekk støvet med microfiberklut, heftgrunning og til slutt x antal lag med maling...Phuuuu... FERDIG :)) 
Liksom litt enklere å male alt det som ikkje er behandla frå før, men la gå.
Veldig god fornøg med mine fine vindusrammer som eg og Katja kjøpte på loppemarked på gamle Langevåg skule...viser ei av to, den andre er ikkje heilt ferdig fylt enda ;)
Trur vi vil trivst i kjellaren...
Kjem snart med meir!!
Klem -Anja-

onsdag 15. januar 2014

Ikkje prøv det heime...


...Eller nåkken anna plass ;)  Når eg er "ekstra låke" får eg aldri varmen i meg kulda sit liksom i ryggmargen og slepp aldri heilt taket, fryser og det er ganske så ufyselig. I dag stod eg i kjent positur foran vedomnen og varma meg i det genseren var litt over buksekanten og eg sjølvsagt alt for nærgåande på akkurat vedomnen! Årresteike det blei hett der og då og eit merke til på ryggen. Jaja sånn kan det gå og håpe eg har lært til imorra :)))

Så tok eg eit bilde av meg sjølv liggande å huttre oppå lammeskinnet under dyna!! så fann eg kjapt er faktisk svært så lite å velge i då eg "aldri" er på bilde eit bilde av meg frå dei tre siste åra ;)  Uansett kor "skummelt" det er, her er eg!!🙀 Kan med handa på hjertet sei det ikkje fins så alt for mange bilder av meg 😉 #meg #selfie 🙀 Årresteike eg eldast!! :))) 
Fann bilder av meg sjølv fotograf Paul i 2011, fotograf Timmen 2012, meg sjølv 17. Mai 2013 og 14.01.2014 😉
Tidlig i seng under ei stoooor dyne, så på tide å få sove snart no...
Klem -Anja-

mandag 13. januar 2014

Ikkje akkurat A4...

Skikkelig sløvestol...
 
...Nei, nåkke A4 har eg nok aldri vore og har heller ikkje blitt det med åra heller!. 
Min instagramkonto Anjasskatter vil du finne litt av kvart på - interiør, barn, hund, natur, blomster, mat etc. kanskje finn du litt inspirasjon eller kanskje litt frustrasjon ;)  Her ser du litt bilde av det som er lagt på instagram...
Litt blomsterpynt i stua...
Eit lite hjørne i soverommet...
Frå hyttekjelleren...
Herlige roser ute...gleder meg til sommeren, vi har så store planer om å få det enda bedre rundt dørene...
Ein haustmorgon på tur rundt Vassetvatnet...Håper på mange flotte turar i løpet av 2014 kanskje få nåkken skikkelig fine bilder også ;)
Litt av det heimesnikra kjøkkenet på hytta ved Vikersund...
 Herlig bad når ein treng det som mest...
Har alltid mange balla i lufta og for tida har vi litt prosjekt pågåande i heimen...så massevis av bilder under og etter oppussing vil komme ;) Men som den personen eg er vil det nok gjenspeile seg i interiøret, her er det nok ikkje den typiske "kataloghuset" men rett og slett min stil og den passa meg heilt perfekt!! 💜 Håper likevel at her kan vere ting nåkken lika og ikkje minst kanskje litt inspirasjon, gjerne til gjenbruk!!... Eg har heile tida likt å bytte litt om på og skifte ut litt interiør og gjerne bytte frå "nytt" til gammelt...no når vi har innreda kjelletstua vår i helga var det kun med "gamle" ting vi hadde ståande, nåkke vekkstua og litt for å lette på trykket i overetasjen ;) Gubben måtte innrømme at det var greit eg samla på masse brukelig og ubrukelig "dritt" :))) Kjem snart med bilde frå stua både på instagram og her på bloggen.
Er no klar for ei ny veke...
Klem -Anja-

 

 
 

lørdag 11. januar 2014

Kjellerstue :)

Her skjer det!...Vi har no fått oss kjellerstue til glede for både store og små. Ting skjer fort når vi plutselig får eit lite innfall og det blei no å utvide boområdet våra. Vi har jo hatt svigerforeldra mine i kjellerleilighet og når svigermor skulle flytte tenkte vi å leige ut, men så var spørsmålet til kven? Vi veit jo aldri kven vi kan få inn og vi fann ut at vi like godt kunne bruke heile huset sjølv ;)
Vi tømte, vaska ned og begynte å male...male, male og atter male vegga, lister, dører og karma. No er vi ferdig med stua og så står gangen for tur vi har begynt "så smått" men åjåjåj for eit prosjekt! men vi kjem nok i mål der også snart...
Tom har i dag opna opp trappa igjen og det var stor glede når Timmen kunne stå oppe og sjå ned på meg i gangen :)) Det har han ønska ei stund, ikkje minst var det eit stort ønske til svigermor som har hatt ønske om å ha open trapp i fleire år, hadde det vore opp til ho hadde det vore open trapp og påbygd gang for to- tre år sidan...
Gleda meg til å ta ho heim å vise kva vi har gjort, men må vente til Katja sitt rom er ferdig for ho vil så gjerne at Katja skal ha deira gamle rom...
Fått på plass skjenken med litt oppå..more to come :)

Det var så fint i går med lite og enkelt interiør, men no har bomba slått ned og litt kaotisk etter at vi har funne fram mange vekkgjømte skatta!!... Mamma og pappa var så snille å kom fykande berre for å hjelpe oss litt, så snilt det er av dei å stilte opp å hjelpe oss med bering for masse skulle ut og ein del inn...
Har eg sagt at ej er steike flinke med dinne!?..Om ej har vore det før har eg blitt ein jækel på den no ;)
No har eg tatt meg eit glass med rødvin og slappa av med Hangover :)))
I morra får vi prøve å rydde litt og sjå om vi får det lunt og fint...
Klem -Anja-

torsdag 9. januar 2014

Litt jobb eller??

Ja kan jo kanskje spørre om det, men når man har gått til innkjøp av 21 liter med maling veit en vel egentlig at det er ein jobb som venta!..
Men hadde det berre vore malinga da, men først kjem jo alt grunnarbeid som en ikkje ser nåkke igjen ta. Først må det vaskast ned det gjer seg visst ikkje sjølv og når ingen andre gjer det må ej gjer det sjølv. Så må vi ha litt maskering, men berre litt!! Så kan en egentlig berre gå i gang. 
 
Her må det takast i eige tempo når skrotten er som den er, men mest mulig på ein dag slik at det går kjapt, så får en kortere tid å vere ekstra låke på :)))

Sperregrunning og maling, maling og atter maling...syns det var kjekt å komme i gang med litt innendørs oppussing igjen, men dissa listene og vindua dei kunna eg spart meg, men la gå det blir jo så masse lysere og finere!!...Det med å rulle veggane er jo lett som ein plett og ganske så kjekt :))

Litt forarbeid må som sagt til, gammalt hus er gammalt hus og då kan ein ikkje vente at ting er 100% så lenge ein har det  gamle og ikkje skifta til nye ting som for eksempel trapp...Litt pussing berre litt for sjølv med bind for maunn og nase blei nasen støvlagt og akrylering må til!.
Ha ein fin dag rundt om!!
Eg skal kose meg vidare med litt småpussling...

Klem -Anja-

søndag 5. januar 2014

Tim Are 6 år ♥

Bursdag i huset i dag!!
Vår herlige lille skatt, ein liten sjarmør med alltid eit smil på lur og ikkje minst er han godheten sjølv ♥

Tim Are og Katja storkosa seg i boblende varme...
Vi starta dagen med nystekte rundstykker, litt kos før vi gjekk ut i badestampen...der blei vi veldig lenge før ho mor måtte opp og la barna kose seg vidare. Eg gjekk litt rundt å lurte på når tid det var klart til å begynne på "vårhagen", det er jo alt for tidelig men her spira og gror det så ikkje rart eg vil begynne så smått å grave  jorda...
Dei første vårtegna her i hagen vår...

Koselig og kjekt å få feire bursdag med dei aller næraste vi mangla jo "alltid" nåkken som vi skulla hatt her da, men jobb og langt unna kan vi ikkje gjere så masse med. Men vi som var her kosa oss og stas at farmor kom heim også :)
Timmen fekk som alltid mange fine gaver, så mange fine nye klede som blir kjekt å bruke og ikkje minst den fine Marius genseren som ho besta har strikka og det i garn som ikkje klør ♥
Ein fin dag med familien er over og så bra at bursdagsguten sjølv var fornøgd med dagen og klar for senga i kveld der Katja leste for han
I morra er det påan med skule og barnehage for barna etter ein lang og fin juleferie...
Er så ufattelig glad i disse skattane mine...
Klem -Anja-
 

 
 

lørdag 4. januar 2014

Smoothie

Smoothie er vel alltid godt, men spesielt godt etter ein lang tur, ei treningsøkt og ikkje minst før skule og barnehage...
I dag etter nåkken tima i fjellet var det supergodt med ein god og kald smoothie. I dag ville eg lage ein grønn...ikkje akkurat barnas favoritt med tanke på fargen, Timmen smakte og syns den var god men ville ikkje ha eit heilt glass. Katja syns det minte om snørr og takka nei.
Då blei det helt litt i eit glass og fylte på med blåbær, jorbær og banan, så lurte eg oppi litt meir spinat ;) Barna drakk og koste seg og merka ingenting av "det grønne"!!
Deilig grønn smoothie...
Godt med appelsinjuice, isbita, banan, avokado og spinat!! Herlig god og du kan gjerne ta i litt sitron eller lime...
Bilde viser både grønn og rød smoothie, både store og små fornøgd med dagens lunsj ;)
Ikkje minst bilde av herlige "Sky" som var med på tre timers tur i fjellet i dag. Ho fikk gå med sele og lang line då vi såg om vi kunne finne nåkke spor etter lille "Scott" som er savna her i Langevågen. Beklageligvis såg vi ingen tegn...håper virkelig dei finn den lille hunden!!

Etter formiddagsturen og lunsjen blei det meir pakking og innredning i leiligheta til svigermor.
Etter eit par avslappingsglass med raudt i er eg no klar for senga...
I morra er her ein bursdagsgut i huset som har bestilt "fried rice chicken" og tropisk aroma, ikkje så store og mange krav, så då berre håpa eg det vil bli vellykka :)))
Klem -Anja-



fredag 3. januar 2014

Kjærligheten...

...Er den så enkel at vi berre kan bruke riktig mål så har vi den!?
Ikkje veit eg, men når sant skal seiast så henge den på kjøkkenet i tilfelle vi skal bli litt "feilbalansert" så kan vi prøve å komme tilbake til rette oppskrifta ;)
I dag har minsten vore på politistasjonen å fornya passet sitt, etter det koselig bytur med mamsen, lillesøster Eirin og tantebarn Ferdinand...Katja og Tim Are syns det var stas å gå rundt med han ;)
Etter det var det å finne seng til svigermor, for så heim å starte pakkinga...


Fredagspizzaen vi tviheld på den vi asså blei bra i dag også, barna i seng og no syssla eg i heimen med selskap av dei firbeinte, ein kaffikopp og radioen :)
Tom er i modus nede,så han får berre styre så lenge det er guffe i han...syns badet ute allereie har begynt å rope på oss, så i morra håpe eg det blir eit velfortjent bad med god drikke før vi på søndag skal feire husets lille sjarmør ♥♥♥

Klem -Anja-

onsdag 1. januar 2014

Nytt år og mange.......

...nye opplevingar, utfordringar og uforglømmelige augeblikk...

Vi tar fatt på det nye året med godt mot og har lenge sagt at 2014 har lagt å venta på oss og no er vi her!!
Det var mange opp og ikkje minst nedturar i 2013, men vi har kome samla utav det og det er tross alt det viktigste. Ei fantastisk veninne har sagt til meg at ho ikkje skjønna koleis eg og min kjære fortsatt kan vere kjæresta med alle dei utfordringane vi har hatt!?...Eg trur vi berre har blitt strekare av det og håper vi fortsette om det skulle roe seg rundt oss ;)  I å har vi faktisk vore kjæresta i 20 år!!! Er jo litt lenge det da, så har vi ut på sommaren 15 års bryllupsdag ♥♥♥ det er også 10 år sidan vi blei foreldre ♥ så vi har litt å feire og vere takknemlig for!...
I år har vi ønske om å få lov å bli meir aktiv med hund igjen og sjølvsagt mange små ønske for vår lille familie som vi skal ta godt vare på...

Vi starta året med å flytte svigermor frå leiligheta her i huset til Kveldsro, tida er inne for at ho skal få ha folk rundt seg 24 timar, med ei leilighet som vi skal få laga koselig til og håper ho vil trivst der ♥

Det første på agendaen "den lille familien vår" skal gjer er å få kvalitetstid, "behandling" og ikkje minst samle nye krefter i februar med tur til Thailand!!...Det skal bli godt for bana å ha oss 100% i litt bedre form, for den gode varmen er godt for ryggen min og ikkje minst bedring for Tom som har psoriasisartritt...
Tilbakeblikk og vi ser fram til ein rekovalenstur no i februar...

Vi skal kome sterk tilbake og bli virkelig klar for vår og alt det året har å by på!!...

Om det er nåkken av våre venner som kunne tenke seg å passe ein hund blir vi glade for det!! Vi har no tre hundar ein papilon og to flatta, det er lille "Millemus" på snart to år, flatten "Sky" på to år og gamle gromgutten "Bajas"...Veldig takknemelig om vi kunne slippe å ha dei på kennel, men veit det blir ekstra med ein hund i huset, men det er glede også asså ;)
Her eit lite "julebilde" av flattane som var i huset i romjula, ikkje så lett å skulle få eit skikkelig bilde aleine, men det var heilt greit...Her ser du "Sky" til venstre, "Pekka" som var på besøk i jula, "Bajas" og "Nora" som også var her nåkken daga i jula...

Her er lille "Mille"...
 
Gleder oss til 2014!! Måtte det smile til oss alle!! :))))
Klem -Anja-

Fin avslutning på 2013...

...Fin avslutning på eit "spesielt" år!...
Familiemiddag på Sunde med mine kjæraste ♥ vi savna sjølvsagt ein som måtte reise på jobb og dei fem skatta frå Bergen, men dei er med oss i tankane og hjerta våre så gleda vi oss berre til neste gang vi alle er samla...
Avslutta kvelden på Sunde med Kongens tale, onkel Narve som skaut opp flotte raketter for barna og koselig prat før vi bevega oss heimover.
Når eg var ute å lufta hundar Sky var så nysgjerrig på naboens store flotte raketter at ho måtte få med seg alt før tissing kunne utføres :) tente barna lys inne, laga til kos på bordet og var klar med spill - Jakten på den forvunnede diamat som Tim Are vant slaget om og ikkje minst festelig med junior Alias :))

Ut å såg på raketter og litt kos igjen med både to- og firbeinte.
Nabolaget først mot nord og så mot syd...
Timmen får med seg ein del av dei flotte rakettene, men han lika ikkje at det blir for høgt og passa på at det blir brukt vernebriller og høre korleis vi kan gjer det om ei rakett treff der den ikkje skal med tanke på brann og skadar...
Katja beundra alle dei flotte fargane rundt om...Heile ti nødbluss på ein gang!!...
Etter min tur rundt på verandaen sg eg inn stuevinduet og såg disse to gode vennane her ♥ Timmen i kjent stil med fingrane for øyrene sjølv når han såg film på Ipaden...

Alt for dårlig bilde av det vakre og tradisjonsrike fakkelkorset på Sulafjellet ♥ Det er berre så ufattelig vakkert...
 

Eg og Tim Are gjekk til sengs med ein liten familiefilm...veit ikkje heilt kva det var, men hørte han sa "du må følge med" i det eg sovna...
 
Det er stille og rolig her etter ei koselig romjul med eit par "passhundar" kjekt med litt meir hundeliv og ikkje minst herlig besøk og overnatting av Ferdinand. Vi har også fått besøkt og hatt besøk av familie og venner, koselig å avslutte året med besøk hos gode venner i romjula der kosa vi oss både store og små, takk for koselig kveld i romjula Cathrin og Kenneth!! - måtte det bli meir av det i 2014!!...

Måtte det beste møte oss og alle i 2014...veit det uansett blir gleder, motgang, latter og tårer, men måtte vi uansett vere rusta for det som kjem på godt og vondt ♥♥♥
Ønska alle eit GODT NTT ÅR!!
Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...