fredag 24. januar 2014

Timmen du Timmen...

...Trur eg kunne skreve ei bok om den guten og alt han sei!! Jaja, hadde eg berre huska å skreve ned alt da ;)
I dag var vi innom Gavehuset og her ville han ha ein ny pakke med Lego, men mora stod på sitt og sa han fekk fleire då han hadde barneselskap  i går. "Men mamma vi har råa asså for ej har penga i bilen sjølv"... "Ja, men ditta er frå 7 til 12 år og du er jo bere 6 år" Yess...der hadde eg eit ess i ermet :)) Trudde eg i det sekundet før guten åpna munnen! "Meeeeen, mamma...du veit ej he drømmefangeeeeer!!" :)
Det var nok ikkje berre med meg latteren satt laust, ogdå Monica flirte godt og meinte på at han alltid har ein replikk på lur...
Eine skatten vår...ein skikkelig sjarmør ♥
Eg går liksom innimellom å humra for meg sjølv og kosa meg med små gullkorn frå både Tim Are og ikkje minst har Katja hatt sine opp gjennom åra og der vanka litt enda :)

No i kveld såg eg at han hadde ein stor og kraftig blåkul på skuldra skjønna ikkje at eg ikkje såg den i dag tidlig og spør han kva han har gjort seg?... "Nope, det tør ej ikkje å sei!" Eg ser undrande på han og spør koffor ikkje det... "Nei for då berre ringe du sjukehuset". Hmmmmm...til sluttt gjekk vi inn ein avtale om at eg ikkje skulle ringe nåkken og tok han i handa på det ;)
Han hadde asså klart å smelt skuldra opp i døra nedi trappa og i tillegg døtte ned trappa etterpå, kunne sjølvsagt ikkje skrike - for dei andre kunne jo ikkje vere i hanna selskap også skulle han grine da!!...
Han hadde gått å sagt det til papsen og han spurte om han hadde låkt, nei det gjekk sjølvsagt bra då, no i kveld litt verre...så vi får nok berre sjå det an, ein kul på underarma også, men det går nok fort over får vi håpe. Hoppa til køys gjorde han så då var det sikkert ikkje så gale lell...


Skulla nok vore flinkare å skreve ned alle gullkorn...
Ha ein fallfri fredagskveld...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...