tirsdag 28. januar 2014

Ja takk!!...til spikerfrie uteområder!

Nåkken har kanskje fått det med seg, men eg og mange med meg er litt fortvilt over at folk kan legge spikerlanka i vegen sin for å sleppe innkjøring/snuing der. Greit å sperre av området sitt, men dette er vel ikkje måten vi kan gå fra på!??
I dag på lyse dagen låg planken der igjen og eg knipsa eit par bilder og ville sjekke om dette er lovlig, ikkje det at eg skal gå rundt som ei sur kjerring, men det bekymra meg med tanke på barn og dyr som kan skade seg...


Blir litt frustrert over å bli utskjelt på telefon utan å få sagt kva eg sjølv meina om saka, så derfor forklaring her for først var eg tenkt Sulaposten, men kanskje er det mange som titta inn her også ;)...men sur telefon kunne eg vel berre rekne med då eg på høglys dag tok bilde av sperringane som var lagt i vegen til ein innkjørsel i Langevåg, og eg meiner og står fast ved det at det er «galskap» å legge spikerfjøler i vegen sin sjølv om det er 60 cm frå bilvegen. Derfor vil eg skrive dette slik at det ikkje berre er dei som hyle høgst som bli hørt - veit ikkje om dei hyle rundt med det, men etter telefonsamtalen å bedømme vil eg tru det
Sjølv er eg no litt bekymra for meg sjølv...har eg blitt ein «gretten gammal gubbe» som ikkje har anna å bruke tida på enn «bagatella»!? Men, dette er vel meir enn ein bagatell...
Mitt første møte med spikrane var ein mørk kveld eg var ute å gjekk med dei firbeinte og då den eine holdt på å trakke på fjøla…Det eg gjorde på denne eigedommen var at det kom ein bil bak å eg måtte då gå ut av vegen!
Ho blei litt sint når eg sa at eg hadde tråkka på «vegen henna» - men kor skal vi gå på bygdevegar når det kjem bil og vi må ut av vegen?? Trudde eg kunne gå i ein innkjørsel, litt betre enn i kantbedda til folk ;) Heldigvis mest marker rundt her da, men kan jo ikkje få dårlig samvittighet for at eg trakka på ei mark…kanskje betre om eg vart påkjørt!?...

Den kvelden hadde eg ganske så høgt blodtrykk på turen etter at ein hund holdt på å bli skada…Eg la då ut det på facebook som status, ingen namn eller kor det var og folk var rett rysta over at nåkken kan legge ut slikt. Er fleire som har nemnd denne fjøla og dei stille seg heilt uforståande til at folk kan sette ut slikt. Men, prate om det kan alle, men ingen tør gjer noko med det! Eg skulle oppom på tur heim i dag å ta ein prat med vedkommande, men måtte gå anna veg heim for eg hadde ein halt hund og turen måtte avsluttast. Vel heime og etter mine faste øvingar, prøvde eg meg for første gang på meditasjon...pokker ta, fin meditasjon når det dura og eg blei avbrutt av telefonen…Men, eg fekk ikkje ein gong sagt at eg hadde ringt politiet for at dei skulle sjekke om det var lovlig.
No har
eg altså ringt politiet for å sjekke om dette er lovlig!! Jøsses…Men, eg står inne for det, eg kan ikkje vente heilt til nokon skada seg før eg gjer nåkke. OM planken blir liggande har eg veffal prøvd å få den vekk før eventuell skade...

Eg kan også forstå frustrasjonen til desse folka då det har vore kaotiske tilstanda rundt gamle Langevåg skule i mange år!! Sjølv måtte vi følgje barn til skulen ei strekning dei kunne gå sjølve, men vegen var så hardt trafikkert og fort har det også blitt kjørt…
Uansett meiner eg at vi ikkje kan lage hinder som kan skade barn ja vaksne folk også og dyr, det vere seg husdyr og ville dyr!! Beklageligvis veit verken dyr eller barn kor eigedomsgrensene går og kvar dei skal halde seg vekke…Vi vaksne derimot veit nåkken lunde kvar grensene går og dei fleste av oss hadde misslikt at vegen foran huset og innkjørselen vår var som reine E6 å betrakte…
Eg prøvde å sei at eg hadde full forståing for situasjonen, men eg har ikkje forståing for verkemidla som vart nytta!! Eg skulla kanskje likt å hatt piggtråd rundt heile eigendommen, så slapp eg å få folk gjennom her og ikkje minst kattar som pissar rundt husa, men slik er det beklageligvis ikkje måten å gjer det på. 

Det var masse som kom «imot meg» på dei nesten 11 minutta eg satt med telefonen til øyret…Både at eg for ut å laga faenskap om dette og om alle rykta som går om meg!! Meg kjente ho ikkje, men visste kven eg var gift med og han er no veffal kjekk sa ho så godt her er ein kjekke vaksen i huset da!
For det første vil eg ikkje lage meir røre enn at spikrane blir skifta ut med nåkke meir humant, bruk kva det måtte vere, men ikkje ting som kan skade barn og dyr!!.
For det andre, om eg kan glede bygdefolk for sniksnakk og drittslenging så heng i!! Ta det face to face om du tør så skal du jaggu få svar om det rett eller ei, og ja du skal få heilt korrekt svar som du eventuelt kan ta med vidare!!...
NSå litt uttafor saka men tenkte det passa inn med tanke på at rykter som går...no må vel vi her på Sula og ja andre plassar også ta handa i ræva å slutte med baksnakking og drittslenging!!!!! Av og til har eg ei kjensle av at det er ingen som unner nåkken det slag, då er det best å snakke nedlatende istaden for positivt!...Jantelova leve i beste velgåande og vi burde skamme oss litt alle og einkvar ;)
Prøvar heile tida å gjer som eg sjølv meiner er riktig for meg og mine, men også andre rundt meg. No ferdes ikkje akkurat mine barn og dyr så masse der…men då tenkte eg litt på andre også, greitt det også vel!? ;)

Ha ein spikerfri kveld!!
Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Stå på Anja. Det viser at du tørr og det har du alltid gjort. Ha en fin dag.

    SvarSlett
  2. Tusen takk for fin hilsen!! Ønsker deg også ein herlig dag!! :))
    (Sjølv om eg ikkje heilt veit ken du er...) ;)

    SvarSlett

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...