lørdag 4. januar 2014

Smoothie

Smoothie er vel alltid godt, men spesielt godt etter ein lang tur, ei treningsøkt og ikkje minst før skule og barnehage...
I dag etter nåkken tima i fjellet var det supergodt med ein god og kald smoothie. I dag ville eg lage ein grønn...ikkje akkurat barnas favoritt med tanke på fargen, Timmen smakte og syns den var god men ville ikkje ha eit heilt glass. Katja syns det minte om snørr og takka nei.
Då blei det helt litt i eit glass og fylte på med blåbær, jorbær og banan, så lurte eg oppi litt meir spinat ;) Barna drakk og koste seg og merka ingenting av "det grønne"!!
Deilig grønn smoothie...
Godt med appelsinjuice, isbita, banan, avokado og spinat!! Herlig god og du kan gjerne ta i litt sitron eller lime...
Bilde viser både grønn og rød smoothie, både store og små fornøgd med dagens lunsj ;)
Ikkje minst bilde av herlige "Sky" som var med på tre timers tur i fjellet i dag. Ho fikk gå med sele og lang line då vi såg om vi kunne finne nåkke spor etter lille "Scott" som er savna her i Langevågen. Beklageligvis såg vi ingen tegn...håper virkelig dei finn den lille hunden!!

Etter formiddagsturen og lunsjen blei det meir pakking og innredning i leiligheta til svigermor.
Etter eit par avslappingsglass med raudt i er eg no klar for senga...
I morra er her ein bursdagsgut i huset som har bestilt "fried rice chicken" og tropisk aroma, ikkje så store og mange krav, så då berre håpa eg det vil bli vellykka :)))
Klem -Anja-



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal...