onsdag 27. september 2023

Melkefri Eplekake

Digg og knasande god eplekake...
Server den gjerne med vaniljeis (for dei som kan spise det) eller piska krem, eg skal prøve baniljesaus neste gong!

Hausten er så bra på mange mnåtar, og den er sjølvsagt den aller beste tida for ei god og lun eplekake, og her vil eg gi dåkke oppskrifta på den eg har miksa saman sjølv...

Det du treng til denne kaka er:

4 store egg
3 dl sukker
2 dl nøytral matolje
4 dl mel
2,5 ts bakepulver
1-2 ts vaniljesukker
4-5 epler (helst frå eige tre i hagen)
Kanel
Sukker

Mandler
Valnøtter
Honning

Del epla opp i passe båta og skrell dei, ha dei i ein pose med litt sukker og ei passe mengde med kanel...rist det godt.

Hakk mandla og valnøtter, varm dei i ei panne med bittelitt olje og tilsett honning. La det stå ei god stund og dryss på litt flaksalt om du ønska det.

Pisk eggedosis av egg og sukker. Rør inn det tørre før du til slutt røra inn oljen...

Ha halve røra i ei springform, dryss over litt av nøttecrunchen før du tek over resten av røra.
Ha så på eit generøst lag med eplebåtar og til slutt drysse du over resten av nøttecrunchen.

Mykje god smak med kanel på dei friske epla og ikkje minst digg nøttecrunch med honning... 
 

Kaka steikast på nest nederste rille med varmluft ca 185 grader i 55-60 minutt. Dekk gjerne til kaka mot slutten om den blir godt stekt.
Steiketida er avhengig av bredda på forma og kor effektiv omn du har...


...for tida skal eg ha melkefri kost og då må det sjølvsagt gjerast ein liten vri på det som før har vore vanleg. Det er vekk med digg bakeverk med heilmjølk for så finne fram til andre alternativer som er like god!!

Å akkurat noko digg, det syntes eg at vi fekk til med denne miks oppskrifta..

Kan godt etast av alle som digga eplekaker, ja både dei som lika kaka med eller utan eple 

Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...